Altartavla i Time kyrkje

31/05/2012

Krucifikset er et merkelig og skjønt arbeide – i særdeleshed benene og de vidunderlig behandlede føtter – de hører til de mest plastiske detaljer vi har av den slags.

Slik skreiv Dominico Erdmann, representant for Riksantikvaren, som restaurerte altartavla i Time kyrkje i 1921.

Denne altartavla er eigentleg sett saman av fleire delar eldre kyrkjekunst som i dag utgjer ein heilskap. Hovuddelane er krusifikset frå 1300/1400-talet og ulike element kyrkjekunst frå 1600-talet.

Foto: Time kyrkjelege fellesråd

Den nåverande Time kyrkje er den fjerde kyrkja som står på staden. Den første kyrkja blei riven i 1627. Den andre kyrkja blei bygd ca 1630 og riven i 1829. Den tredje kyrkja stod ferdig i 1830 og brann etter lynnedslag i 1858. Den nåverande kyrkja er frå 1859.

Kyrkjekunsten som i dag utgjer altartavla, blei bevart då den gamle 1600-tals kyrkja blei riven i 1829 og då det var kyrkjebrann i 1858.

Den oppstadne Kristus

På toppen av altartavla står den oppstadne Jesus Kristus. Denne figuren var truleg også med på altartavla i 1600-tals kyrkja. Under dette er det eit IHS-symbol, dvs eit Jesus-monogram. IHS kan tolkast både som ei forkorting for den greske namneforma IHSOUS (Jesus) og som ei forkorting for det latinske uttrykket Iesus Hominum Salvator (Jesus, menneska sin frelsar).

Moses og Døyparen Johannes

På sidene står Moses og Døyparen Johannes. Det er gjetta at desse opphavleg var plassert på kvar si side av kordøra. Døyparen ber eit lam og held eit langt kors, slik han ofte er gjengitt i kunsten. Moses er avbilda med horn. Dette går tilbake til ein feillesing av eit hebraisk ord i 2. Mosebok 34,29 der det står: ”det stråla av ansiktet hans”. Desse horna er mest kjent frå Michelangelo sin berømte Mosesskulptur i Roma.

Krusifikset

Krusifikset i Time kyrkje er truleg frå seinmellomalderen (1300/1400-talet). Det er kanskje eit hollandsk arbeid. Det er ikkje usannsynleg at det i ei tidlegare kyrkje var plassert over kordøra eller over altaret.

Det er eit gotisk krusifiks, ein stil som var blitt vanleg på 1200-talet. Dei gotiske krusifiksa viser den lidande Kristus. Her kan me sjå tornekrona, naglane i føter og hender, og eit lidande ansikt.

Inskripsjonen INRI er ei forkorting for den latinske teksten Iesus Nazarenus Rex Iudaeorum, dvs ”Jesus frå Nasaret, kongen over jødane”, jfr Joh 19,19-20.

Lokalhistorikaren Eivind Hognestad skreiv slik om dette krusifikset: “Millom dei gamle krusifiks på kyrkjejubileums-utstellingi i Nidaros 1930 fann eg ikkje noko så fint plastisk utforma som det me hev i Timekyrkja. Det er ei gåte korleis dette kunstverket kunde koma hit til den vesle kyrkja på Jæren.”

Epitafiet

Eit epitafium er ei minnetavle. Opphavleg inneheldt midtfeltet eit portrett av prestefamilien som hadde gjeve det. Dette epitafiet er frå 1666 og er skore av skotten Andrew Smith som budde i Stavanger og som blant anna har utført viktige arbeid i Stavanger domkyrkje.

Det er usikkert kor epitafiet var plassert i 1600-tals kyrkja, men det var i alle høve ikkje nokon altartavle.

Symbolsk sett er åttekanten den mest interessante ved epitafiet. På hjørna i åttekanten sit englar med kvar sin symbolske gjenstand, eit attributt. Dei fleste av desse er henta frå Jesu lidingshistorie. Øvst frå venstre og vidare rundt til høgre finn me:

  1. Nattverdsbegeret (kalken)
  2. Judas-pengane
  3. Hovudet til døyparen (dette er ikkje henta frå lidingshistoria)
  4. Peters sverd med Malkos sitt øyra (Joh 18,10)
  5. Tornekrona
  6. Ein hane (jfr Peter sitt svik)
  7. Veronica sin sveitteduk (frå legenda om Veronica ved Via Dolorosa)
  8. Ein uidentifisert gjenstand

Nedst er det ei allegorisk framstilling av døden, ein engel med timeglas.

Midtfeltet er overmåla fleire gonger. Epitafiet har tydelege bokstavar og årstal, men portrettet er forlengst borte. Det er  inngravert eit rødt skjold med englemaskar rundt. Her er tre rekkjer bokstavar i svart, som er initialene til dei som var avbilda på minnetavla. På skjoldet står desse bokstavane:

M E J A

E T D W

H L B S

Anno 1666

Dette er forkorting for:

Magister, Elias Jakobsson Agricola

Elen Thomasdatter Wegner

Herr, Laurentius Bernhardi Syninvindius

Magister Elias Jakobssøn Agricola var prest i Lye prestegjeld (som bestod av Time og Gjesdal sokn) 1644-1653. Han var gift med Elen Thomasdatter Wegner. Då Jakobsen døydde i 1653, gifta  Lauritz Berntsøn (Laurentius Bernhardi) seg med enka og overtok presteembetet. Han var prest i Lye 1654-1674.

Dei fire evangelistane

Figurane på preikestolen stod fram til restaureringa i 1959 øvst på altartavla, to på kvar side av den oppstadne Kristus. Dette er også kyrkjekunst frå 1600-talet som då truleg stod på preikestolen. Evangelistane er avbilda med dei tradisjonelle attributta: Matteus med engel, Markus med løve, Lukas med okse og Johannes med ørn. Attributta går tilbake til Op 4,7 og Hieronymus si tolking av dette bibelverset.

Det er bra at figurane nå fått tilbake sin opphavlege plassering på preikestolen. Når ein preikestol er utstyrt med desse symbola, er det eit bilete på at heile evangeliet skal forkynnast frå denne staden.

Eg blei nyleg utfordra på om eg kunne skriva noko om symbolikken i altartavla i Time kyrkje. Dette notatet er ei bearbeidd utgåve av manuset frå omvisninga på kulturminnedagen 10. august 1997. Eg var på den tida kapellan i Time prestegjeld.

Litteratur om Time kyrkje:

  • Eivind Hognestad: Time-kyrkja fram gjennom tidene. Særtrykk av Stavanger Aftenblad 1931
  • Eivind Hognestad: Time Herad 1837-1937. Sandnes 1936
  • Lisabet Risa: På kyrkjeveg. Time kyrkje 1859-2009. Time 2009

Rubljov: Treeininga

12/01/2011

Ikonet Den heilage treeininga frå ca 1410 fascinerer også i vår tid. Det er 650 år sidan kunstnaren Andrej Rubljov blei født. Jubileet har ført til fornya fokus på kunsten hans. Eg les for tida ei ny, norsk bok om dette ikonet.

Morgenbladet skriv denne veka (papirutgåva 7.-13. januar 2011) om Rubljov: Ikonmaleren som samlet Russland. Eit lite utdrag er tilgjengeleg på nettet (her).

Stipendiat Caroline Serck-Hanssen (kunsthistorie, UiB) fortel til avisa om korleis ho opplevde å sjå originalen på Tretjakovgalleriet i Moskva:

Den største opplevelsen var at – wow – det er så stort! Mye større enn jeg hadde forestilt meg etter å ha sett avbildninger og kopier. Det andre er at det nærmest lyser av seg selv. Det har en lysintensitet som ingen reproduksjon kan få frem, og virker helt overnaturlig, som om det kommer lys innenfra og ut, sier hun.

Boka eg les er Kjærlighetens hus av biskop Halvor Nordhaug (Verbum 2010). Boka handlar om Rubljov sitt ikon. Nordhaug blir også intervjua av Morgenbladet. På spørsmål om korfor han har skrive bok om biletet, svarar han:

Fordi treenigheten er det sentrale i den kristne tro. Og fordi ikonet til Rubljov gir en vakker, emosjonelt bevegende og intellektuelt innholdsmettet fremstilling av hva det vi [sic!] si å tro på en Gud i tre personer, sier Nordhaug.

Den bibelske bakgrunnen for biletet er forteljinga i 1. Mosebok 18 om då Abraham og Sara fekk besøk av Herren, på ein merkeleg måte omtalt som tre menn (eller englar?):

Sidan synte Herren seg for Abraham i eikelunden i Mamre, ein gong han sat i teltdøra midt på heitaste dagen.  Då han såg opp, fekk han auga på tre menn som stod framfor han. Med det same han vart var dei, sprang han imot dei frå teltdøra, bøygde seg til jorda og sa: «Herre, dersom du har god vilje for meg, så gjer vel og sjå innom til tenaren din! Lat oss få henta litt vatn, så de kan vaska føtene og kvila dykk her under treet! Så skal eg finna ein bete mat, som de kan styrkja dykk med før de fer lenger – sidan de no har lagt vegen om tenaren dykkar.» Dei svara: «Ja, gjer som du seier!» (1. Mos 18,1-5).

Nordhaug skriv litt om denne forteljinga før han går inn i ulike detaljar i ikonet:

Her er det påfallende at Abraham tiltaler de tre mennene som “Herre”. En av dem er altså “Herren”. Eller er “Herren” alle tre, siden de nærmest svarer Abraham i kor? Senere i fortellingen leser vi at en av dem fører ordet, og at denne mannen kalles “Herren”, mens de to andre beskrives som engler. Her synes det å være noe som ikke helt går opp. (Nordhaug: Kjærlighetens hus, s. 6f).

Eg anbefaler med dette både Nordhaug si bok, Morgenbladet sin artikkel og ikkje minst forteljinga i 1. Mosebok.


Apostelportrett frå ca 400

22/06/2010

Det er i dag blitt kjent at det er funne portrett av apostlane Andreas, Johannes, Peter og Paulus i St. Tecla-katakomben nær Pauluskyrkja, like utanfor bymuren i den gamle delen av Roma.

Bileta blir datert til siste del av 300-talet eller første del av 400-talet. Dette er dermed dei eldste kjente bileta av apostlane.

Reuters skriv:

The paintings have the same characteristics as later images, such as St Paul’s rugged, wrinkled and elongated forehead and balding head and pointy beard, indicating they may have been the ones which set the standard.

Likskapen med seinare portrett av apostlane kan vel like gjerne forklarast med at det har eksistert enda eldre maleri som i dag ikkje er kjende og som allereie på 300-talet var modellerande for korleis ein tenkte seg apostlane hadde sett ut?

Les og sjå bilete av funna:


Viktor Sparre (1919-2008)

17/03/2008

Kunstnaren Viktor Sparre er død, 88 år gamal. Eg blei kjent med Viktor Sparre sin kunst då eg var tenåring og gjekk til gudsteneste i Hinna kyrkje. Der er det ein flott altarvegg med store glassmaleri som han har laga.

Seinare har eg blitt kjent med glassmaleria hans i Immanuelskyrkja i Tel Aviv. Der har han laga mange glassmaleri med bibelske tema, fantastiske bilete som fungerer som forkynning for mange israelarar som kjem innom kyrkja.

NTB har sendt ut følgjande melding om dødsfallet:

Victor Sparre er død

Bildekunstneren Victor Sparre er død 88 år gammel. Sparre var født i Bærum i 1919 og var særlig kjent for sine fargesterke malerier og sine glassmalerier.

Hans monumentale glass-utsmykning av østveggen i Jeløy kirke fra 1975
regnes som et av hans hovedverk. Han har også laget glassutsmykninger i
Ishavskatedralen i Tromsø og i Hinna kirke.

Sparres malerier har ofte symbolske og religiøse undertoner. Han var i mange år aktiv i menneskerettsbevegelsen.

Eg kjenner bare kyrkjekunsten hans. Maleria hans har eg ikkje sett. For Viktor Sparres kyrkjekunst vil i alle høve "religiøse undertoner" vera det me kallar eit typisk understatement.


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 205 other followers