Eg ønskjer lesarane av bloggen god pinse! Og peiker samtidig vidare til pinsesidene på Israelsmisjonen si nettside:
God påske
31/03/2013Me har god grunn til å ønska kvarandre “God påske”: Kristus er oppstaden! Ja, han er sanneleg oppstaden!
Skjærtorsdag og langfredag
28/03/2013Skjærtorsdag og langfredag er viktige dagar i påsken, den grunnleggjande kristne høgtida. Me minnest Jesu liding og død. Kvar dag i påsken har sitt preg og sitt bodskap til oss. Veka frå palmesøndag til påskedag heiter Den stille veka. Festen og gleda over Jesu oppstode begynner først påskenatta, natta frå laurdag til søndag (påskedag).
For meg er det viktig å delta i gudstenestelivet i kyrkja desse dagane, anten eg er i teneste som prest sjølve eller eg er der som deltakar i gudstenestene. Salmane, bibeltekstane og heilskapen har ein sterk og god bodskap til oss. Her får me verkeleg leva med i påskedramaet og opplever til fulle at kvar dag har sitt spesielle preg.
Skjærtorsdag markerer me til minne om at Jesus innstifta nattverden då han spiste påskemåltidet saman med disiplane. Dette er min kropp. Dette er mitt blod. Han innleia måltidet med å vaska disiplane sine føter. Han ville visa at han, Guds Son, var ein tenar. og han ville utfordra alle som følgjer han, til å vera tenarar for kvarandre. Etter påskemåltidet gjekk Jesus og disiplane ut i den seine kvelden til Getsemane. Der bad Jesus i fortviling og redsel, og der blei han arrestert.
Les tidlegare bloggnotat: Getsemane og Oljeberget, Påskemåltid med djupe røter.
Langfredag markerer me til minne om at Jesus blei dømt til døden, og blei korsfesta på Golgata. Han gjekk Via Dolorosa, smertevegen, frå han blei dømt til staden der han døydde.
Les tidlegare bloggnotat: Langfredag, Jesu bønerop på korset, Detaljar i Jesu lidingshistorie.
God jul 2012
25/12/2012
Eg ønskjer alle lesarar av bloggen god jul!
Biletet er eit motiv frå ein freske i kapellet ved Hyrdemarkene utanfor Betlehem.
Eg helsar med engelen sine ord til gjetarane:
«Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» (Luk 2,10-12)
Notat relatert til jula
20/12/2012I desse førjulstider viser eg til eit utval tidlegare notat relatert til jula:
- God jul 2010! (2010)
- Ramma rundt juleevangeliet (2009)
- Men okse der og asen stod (2009)
- Flukta til Egypt (2008)
- Paulus sitt juleevangelium (2008)
- Om Betlehemsstjerna (2008)
- Den sjuarma lysestaken (2008)
- Å kom, blir med til Davids by, del 1 om Hyrdemarkene (2007)
- Å kom, blir med til Davids by, del 2 om Fødselskyrkja (2007)
- Å kom, blir med til Davids by, del 3 om kristne palestinarar i dag (2007)
- Hieronymus om Jesu fødestad (2007)
- Krubba i juleevangeliet (2006)
- Deilig er jorden! (2005)
- Julebudskapet fascinerer (2005)
- Julefeiring som ei pilegrimsreise (2005)
Sinte vaksne og glade barn
01/12/2012Søndag 2. des 2012 / Første søndag i adventstida
Bibeltekst: Matt 21,10-17
Adventstida og det nye kyrkjeåret begynner i år med sinte vaksne og glade barn. Bibelteksten fortel at barna syng jubelsongar om Jesus. Dei vaksne religiøse leiarane er sinte fordi Jesus helbreda nokre blinde og lamme. Men jammen er visst også Jesus sint i denne teksten. Han veltar bord og kjem med relativt skarpe ord til dei som dreiv handel på tempelplassen. Desse siste, altså handelsmennene og pengevekslarane, er sikkert også sinte. Men det seier ikkje teksten noko om. Teksten sluttar med Jesu legitimering av barna sin jubelsong og deretter med ein kvardagsleg notis om kor han budde då han var i Jerusalem.
Dette er altså ein av dei bibeltekstane som viser at Jesus viste følelser. Han kom i affekt over handelsverksemda på tempelplassen. Han likte barna sine hosiannarop. Og han har sikkert ingenting i mot at barn og vaksne i dag kan vera både sinte og glade!
Kven er Jesus? Matteus fortel at folk i Jerusalem stilte dette spørsmålet då han kom til byen palmesøndag. Jesus svarte blant anna med å utføra ei dramatisk handling på sjølvaste tempelplassen i byen. Men kva betydde det han gjorde? Var han først og fremst ein opprørar? Eller var han ein profet som ved sine ord og handlingar brakte Guds rike nær? Eg trur det siste er nærast sanninga. Men eg trur han er meir enn ein profet.
Ordet advent handlar eigentleg om det å komma, ikkje om å venta. Sjølv om bibelteksten handlar om palmesøndags-inntoget i Jerusalem, har kyrkja sidan også brukt denne historia i forkynninga i adventstida.
I adventstida er eg opptatt av ulike sider ved det at Jesus kjem til oss. Han kom ein gong som barnet i Betlehem. Han kjem til oss i dag og er nær i kvardag og fest. Og han skal ein gong koma igjen i herlegdom, for å bruka eit typisk bibelsk ord. I tillegg vil eg ganske sikkert dei neste vekene vera opptatt av juleførebuing, julehandel, julereingjering, julegudstenester, juleavslutningar, julesongar osv. Så får eg bruka adventstida til å få alt dette til å henga saman i mitt liv.
Her er søndagens tekst frå Evangeliet etter Matteus:
10 Då han drog inn i Jerusalem, vart det uro i heile byen, og dei spurde: «Kven er dette?» 11 Og folkehopen svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.» 12 Så gjekk Jesus inn på tempelplassen og dreiv ut alle som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer 13 og sa til dei: «Det står skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus. Men de gjer det til ei røvarhòle.»
14 På tempelplassen kom nokre blinde og lamme til han, og han lækte dei. 15 Men då overprestane og dei skriftlærde såg undera han gjorde og høyrde borna som ropa i heilagdomen: «Hosianna, Davids son!» vart dei arge 16 og sa til han: «Høyrer du kva dei seier?» «Ja», svara Jesus. «Har de aldri lese dette ordet:
Frå munnen på småborn og spedborn
har du late lovsong lyda!»
17 Så gjekk han frå dei og ut av byen, til Betania. Der var han om natta.
Eg vil slutta dette notatet med nokre vers frå adventssalmen Veni, redemptor gentium, her i Norge kjent som Folkefrelsar, til oss kom. Dette er den eldste salmeteksten som står i Norsk Salmebok (utanom dei salmane som er reine bibeltekstar). Den er skriven av biskop Ambrosius på 300-talet. Sjølv om eg først og fremst er glad i moderne nynorsk, lar eg meg også fascinera av den gamle omsetjinga frå 1905. Men innhaldet er det viktigaste. Orda held meg fast i undring og tru i adventstida.
- Folkefrelsar, til oss kom,
- fødd av møy i armodsdom!
- Heile verdi undrast på
- kvi du soleîs koma må.
- Herrens under her me ser,
- ved Guds Ande dette skjer.
- Livsens ord frå himmerik
- vert i kjøt og blod oss lik.
- Utan synd han boren er
- Som all synd for verdi ber.
- Han er både Gud og mann,
- alle folk han frelsa kann.
Guds son og vår bror
23/11/20123. søndag i adventstida 2012: Joh 5,31-36
Eg har skrive notatet Guds son og vår bror til Israelsmisjonen sin tekstverkstad for tredje søndag i adventstida, tredje tekstrekke.
Denne teksten var tidlegare tilleggstekst til 4. søndag i advent, men har neppe vore mykje nytta som preiketekst. Då var perikopen noko større; vers 31-39. Eg ville likt betre om me framleis hadde hatt den avgrensinga.
Meir enn ein engleflokk!
27/05/2012Eg ønskjer lesarane av bloggen god pinse, og helsar med originalversjonen av salmen Apostlene satt i Jerusalem. Dette er Grundtvig si gjendikting av forteljinga om då Den heilage ande kom på pinsedagen.
Det som ikkje kjem fram i den norske salmeutgåva, er Grundtvig sitt spenstige grep der han i forkant av pinseunderet lar det vera ein himmelsk dialog mellom Faderen og Sonen om sendinga av Anden. Gud Fader meiner først at det må halda å senda ein engleflokk, men blir i løpet av dialogen overbevist om å senda Den heilage anden til kyrkja!
Her er den danske originalversjonen frå 1843:
Apostlerne sad i Jerusalem
Og bied paa Herrens Time,
For Øren da brat det ringed dem,
Som tusinde Klokker kime.Det rørde dem alle saa underlig,
Det var ikke før oplevet,
Der taldes om dem i Himmerig,
Der blev deres Navne skrevet.Der taldes om dem, som Livets Ord
Nu skulde med Kraft forkynde,
Om Himmel-Glæden ved Herrens Bord,
Som skulde paa Jord begynde.Gud-Fader, Han sagde: er det ei Nok
Til Fred og Fryd dernede,
Jeg sender din Kirke en Engleflok
At synge med Folk og bede!Vor Frelser, Han svared: Du veed det bedst,
Hvorfor jeg paa Korset døde,
Det var for en glædelig Pindsefest,
Saa Hjerter og Tunger gløde!Gud-Fader, Han sagde: velan, min Søn!
Skal Hjertet for Himlen brænde,
Livsaanden, som luer hos os iløn,
Maa Ilden paa Jord optænde;Den Aand, som nu kun er min og din,
Vi maae da med Smaafolk dele,
Ug skiænke dem lidt at den søde Vin,
Som fryder os i det Hele!Da hørdes paa Sion der Sus og Brus,
Det bølgede som et Lagen,
Med Kraft fra det Høie det lave Huus
Opfyldtes paa Pindsedagen!Da saaes der Tunger som Ild og Glød,
Guds Venner de fløi i Munden,
Paa alle Folks Tunger Guds Ord gienlød,
Mangfoldig, men eens i Grunden.Saa tændtes paa Jorden det Lys fra Gud,
Der haver som Solen straalet,
Hvor levende Røster Guds Julebud
Forkyndte paa Modersmaalet.Og har vi til nu paa det store Ord
Som Børnene smaa kun stammet,
Af Himmelens Ild, som kom til Jord,
Vi har dog en Gnist annammet.Den Gnist, den ulmer hos os endnu,
Opblusser og i Guds Time,
Saa gladelig rinder det os ihu,
At Himmerigs Klokker kime!
Det var Leif Haugen’s sang- og salmeblogg som sette meg på sporet av det som var gått tapt av Grundtvigs opphavlege dikt i vår norske salmebok.
Du finn salmen i Norsk Salmebok nr 221 og bibelteksten i Apostelgjerningane kap 2.
Lukas om himmelfarten
17/05/2012Det er først og fremst forfattaren av Evangeliet etter Lukas og Apostelgjerningane som skriv om Jesu himmelfart.
Larry Hurtado refererer i dag på Kristi Himmelfartsdag på bloggen sin til eit større arbeid om himmelfarten:
(…)
For seriously interested people, I’ll recommend a fine study by Arie Zwiep: The Ascension of the Messiah in Lukan Christology, NovTSup, no. 87 (Leiden: Brill, 1997). Zwiep reviews prior scholarly work and offers his own intelligent and careful engagement with the textual data.
He notes that in Luke-Acts the author seems to distinguish between Jesus’ resurrection/exaltation on the one hand and the ascension on the other. He also rightly observes that the likely background for the idea of ascension is in OT/Jewish ideas of biblical figures being taken up into heaven (e.g., Elijah). Zwiep proposes that the point of the ascension-story in Luke-Acts was to encourage readers to cope with parousia delay by thinking in terms of a Jesus returning at an undefined future time.
Clearly, Luke-Acts does not portray an inactive Jesus, who has abandoned his disciples to their own devices. The exalted Jesus is pictured as dispensing Holy Spirit, directing apostles, revealing himself (esp. to Saul/Paul), etc. But, certainly, in Luke-Acts “the ascension marks the transition from the period of Jesus to the period of the church” (196). But it is also connected with the emphasis on Jesus’ return (Greek: “parousia”), framing the period between Jesus’ exaltation and that event.
Den jødiske bakgrunnen det blir referert til, er forteljinga om då Elia blei tatt opp til himmelen i 2. Kongebok 2,1-18.
Påskemorgon
08/04/2012Kristus er oppstaden! Han er sanneleg oppstaden!
Eg ønskjer alle lesarar av bloggen god påske, og helsar med nokre vers frå Grundtvig sin flotte påskesalme:
Påskemorgen slukker sorgen,
slukker sorgen til evig tid;
den har oss givet lyset og livet,
lyset og livet i dagning blid.
Påskemorgen slukker sorgen,
slukker sorgen til evig tid.
Redningsmannen er oppstanden,
er oppstanden i morgengry!
Helvede greder, himlen seg gleder,
himlen seg gleder med lovsang ny.
Redningsmannen er oppstanden,
er oppstanden i morgengry!
Sangen toner. vår forsoner,
vår forsoner til evig pris;
han ville bløde for oss å møte,
for oss å møte i paradis.
Sangen toner, vår forsoner,
vår forsoner til evig pris.
Tekst: N. F. S. Grundtvig (1843)
Fastetid 2012
22/02/2012Fastetida begynner i dag på askeonsdag (22.02.2012) og varer i 40 dagar fram til påske. Fastetida utfordrar meg til å forsaka noko eg normalt prioriterer. Gjer eg det, kan eg leggja større vekt på verdiar som å søkja Jesus Kristus, byggja fellesskap, leva enklare og fremma rettferd.
Her forklarer sokneprest Synniva Gylver kort kva faste er:
Eit opplegg for pinsefeiring
08/06/2011Pinse – Guds folks fornyingsdag
Israelsmisjonen presenterer i år eit opplegg for pinsefeiring for storfamilien, utvikla av Torkild Masvie (tidlegare leiar av Caspari Center i Jerusalem). Opplegget gjev bakgrunnsstoff for forkynning over Apg 2,1-10 (preiketekst for pinsedag 2011) og eit kreativt forslag til korleis ein saman med barn kan “byggja” Jerusalem og samtidig forklara kva som skjedde der på pinsedagen.
Dette er eit originalt opplegg som eg trur mange prestar, predikantar og trusopplæringsmedarbeidarar vil ha glede av å setja seg inn i. Opplegget byggjer på ei forståing av at pinsen var og er ein jødisk fest som har ei unik tyding for messianske jødar og for kristne. I staden for å presentera pinsedagen som kyrkja sin fødselsdag, vil Torkild heller nytta uttrykket Guds folks fornyingsdag:
Pinsen blir av mange kalt “kirkens fødselsdag”, men det er bedre å kalle pinsen for Guds folks fornyelsesdag. Når vi sier “kirkens fødselsdag” så får vi inntrykk av at en ny gruppe har startet. Men det er egentlig fortsettelsen av det sanne Israel, Guds folk, som blir fornyet på pinsedag. Guds folk i Jerusalem er den dagen bare 120 stk, men de 3000 som blir døpt, opplever en omvendelse tilbake til Han de var omskåret til å tilhøre, og de opplever Den Hellige Ånd som var lovet alt Guds folk i endetiden. (Les meir)
Sjå også tidlegare notat her på bloggen: Jødisk bakgrunn for pinsen
Kristi Himmelfartsdag
21/05/2011Kristi Himmelfartsdag er ein kristen heilagdag til minne om at Jesus blei tatt opp til himmelen førti dagar etter at han stod opp frå dei døde. Dagen blir derfor alltid markert den torsdagen som kjem førti dagar etter påskedag.
I år (2011) blir dagen feira torsdag 2. juni.
Det er mange som knapt nok kjenner bakgrunnen for at denne torsdagen er ein fridag, og for svært mange er dette først og fremst ein god mulighet til å ha ei ekstra lang helg på ei fin tid av året. Det er sjølvsagt heilt i orden at folk utnyttar fridagane sine. Det har eg ingenting imot. Men eg ønskjer likevel å peika på Himmelfartsdagen sitt innhald. Det er det viktig å halda fast på når me lever i ein kristen samanheng.
Les meir om Kristi Himmelfart.
Les også om Himmelfartskapellet på Oljeberget i Jerusalem.
Kyrkja si fredsbøn
17/05/2011Allmektige, evige Gud, du som kan leia og bøya menneskehjarte, vi bed deg: Hjelp og styrk alle dei som i dag har det store ansvaret for fredssaka i verda. Ta i di mektige hand leiarane i nasjonane, vend hjarta deira til deg og gjev dei kraft i striden mot alt som vil forføra oss til det som vondt er.
Gjev fred på jorda, og hjelp di kyrkje til å fremja freden mellom folka. Vern vårt folk og våre heimar mot krig og splid, og lat oss byggja og bu i fridom og fred i dette kjære fedrelandet vårt som du har gjeve oss. Hjelp oss å tena deg med truskap og saman med alle folk på jorda å stå faste i striden mot det vonde, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve.
Nytt kyrkjeår
28/11/2010Det er første søndag i advent i dag. Det betyr at me i dag har begynt på eit nytt kyrkjeår. Eg ønskjer lesarane av bloggen eit godt nytt år!
Sjå tidlegare notat her på bloggen om kyrkjeåret:
Har du tenkt over at me som lever i ein kultur prega av kristendomen, har to kalendrar som går parallellt? I tillegg til kalenderåret, følgjer me også kyrkjeåret med sine høgtider og årstider. Det er i denne samanhengen ord som advent og jul høyrer heime.
Jødisk bakgrunn for pinsen
18/05/2010I kveld (18.05.2010) begynner den jødiske pinsefesten shavuot. Den komande helga blir pinsehøgtida markert i dei kristne kyrkjene. Men kva er samanhengen mellom den jødiske og den kristne pinsen?
Den enkle samanhengen kan forklarast slik: Den kristne kyrkja feirar pinse på grunn av ei konkret hending som skjedde under feiringa av den jødiske pinsen i Jerusalem få veker etter Jesu død og oppstode der i byen. Eg tenkjer her på det som skjedde då disiplane fekk Den heilage ande frå Gud. Samanhengen mellom den jødiske og den kristne påskehøgtida har altså ei historisk side, som handlar om samanfall i tid. Men det er også ei innhaldsmessig side, som er vel så interessant.
Den som vil gå grundigare inn i den innhaldsmessige sida, kan lesa artikkelen Toraåpenbaring og ostekake: Mer utførlig om jødisk pinsefeiring av Gunnar Haaland, Høgskolen i Oslo (oppdatering 28.05.2012: lenka til denne artikkelen på http://www.prest.no er dessverre ikkje lenger i funksjon).
Gunnar Haaland går grundig inn i temaet. Her tar eg bare med eit lite utdrag som poengterer at det faktisk ikkje er heilt sakssvarande å omtala pinsen som kyrkja sin bursdag. Denne vanlege uttrykksmåten legg nemleg meir vekt på brotet enn på kontinuiteten i forholdet mellom den første kyrkja og denne kyrkja sine jødiske røter:
Her kan vi oppdage et gammeltestamentlig forbilde for omtalen av pinsen (gjerne i kateketisk sammenheng) som “kirkens bursdag”. For på pinsedag lyder ordet om den oppstandne Jesus Kristus, den skremte disippelflokken kommer ut av skapet, og den kristne kirke etableres gjennom dåp av tre tusen troende.
Omtalen av pinsen som kirkens bursdag har imidlertid en slagside: Den betoner bruddet på bekostningen av kontinuiteten. Vi risikerer å gjøre Jesus og hans apostler primært til stiftere av et nytt trossamfunn og en ny religion, mens det teologisk sett snarere forholder seg slik at Jesus oppfyller GTs løfter og apostlene forkynner starten på en ny tidsepoke. Mye kunne vært skrevet om dette; her får vi konsentrere oss om å se på noen paralleller og sammenhenger mellom toraåpenbaringen på Sinai og åndsutgytelsen i Jerusalem.
Eg anbefalar gjerne heile artikkelen for den teologisk interesserte lesar!
God påske!
04/04/2010Eg ønskjer alle lesarar av bloggen god påske med den enkle og grunnleggjande kristne vedkjenninga at Jesus lever!
Nordafrikansk daddelpalme?
27/03/2010Det var mest truleg greiner frå nordafrikanske daddelpalmar som blei brukt, då Jesus blei hylla på veg inn i Jerusalem. Det uttaler Brita Stedje, professor i botanikk ved Universitetet i Oslo, til Vårt Land i ein artikkel om palmar. Det finst 2700 ulike artar palmar, fortel avisa vidare.
Men kven var “den store folkemengda” som i følgje Joh 12,12-13 møtte Jesus med palmegreiner og hosiannarop? Dette har eg skrive om tidlegare i notatet Palmesøndag.
Her er det aktuelle avsnittet frå avisartikkelen om palmar (Vårt Land papirutgåva 26.03.2010):
Palme ved reisens slutt
(…)
- I påskefortellingen hylles og hilses Jesus velkommen med palmeblader idet han rir inn i Jerusalem. Hva slags palmer var dette?
- Det er umulig å si med sikkerhet. Mest sannsynlig var det nordafrikanske daddelpalmer.
Historien viser at palmegrenen var et symbol på seier. Og når det i Bibelen tales om honning, gjelder det ikke honning fra bier, men en slags sirup som ble presset fra modne palmedadler. En drikk som var populær i en tid hvor sukker var ukjent. Palmen ble ellers brukt på mange vis: Daddelfrø var god mat for husdyr, grenene var fine til å lage hytter av, og fibrene fra stammen kunne veves inn i tau, korger og sandaler.
Nå er dette eigentleg eit oppslag om palmar, men sidan dette førte til omtale av honning, vil eg nemna at arkeologar for 3 år sidan fann restar etter bikuber frå ca 900 f. Kr. i Jordandalen (les meir). Dette funnet syner at honning frå biar var kjent, sjølv om det har vore vanleg å tenkja seg at honning på denne tida var honning frå planteriket.
Ordboka skriv at palmen er ein “einfrøblada plante i familien Palmae; ugreina tre med store blad i vifteform i toppen”.
Vårt Land skriv i ein faktaboks at palmen er ei “Plantegruppe som kjennetegnes av en slank stamme med en tett samling av blader i toppen. Disse er ofte enormt store, har lang stilk og er fjærformet eller vifteformet. Anlegget til palmens stamme ligger i jordskorpa og vokser til den når en viss bredde. Når maks bredde er nådd, skyter palmen i høyden. Etter dette kan den ikke vokse videre i bredden. Slik skiller den seg fra voksemåten til andre trær.”
Når eg først skriv om palmar, tar eg som eit apropos med det som står i Sal 92,13: “den rettferdige gror som palmer”. Frank, ein god venn som også er begeistra for dei bibelske landskapa, har gjort meg merksam på ein andakt med utgangspunkt i dette bibelverset:
Palmen er det eneste treet der veksten foregår fra hjertet og utover. Den ytre stammen er det eldste og hardeste treet, mens kjernen er nyest og mykest. Mange trær kan se frodige ut selv om treet er råttent i margen, men slik er det ikke med palmen. Og den rettferdige spirer i forhold til hjertets sunnhet. “Bevar ditt hjerte framfor alt du bevarer, for livet utgår fra det” Ord 4,23.
(Robert G. Lee i 366 klassiske andakter, s. 41).
Påskemåltid med djupe røter
20/03/2010I kveld skal eg vera med og feira eit kristent påskemåltid i bibelsk-jødisk tradisjon. Måltidet inneheld mange symbolske rettar i tillegg til eit godt og sosialt middagsmåltid. Me les tekstar, høyrer historier, syng salmar og feirar nattverd saman.
Eg har vore med og feira dette måltidet tidlegare og ser fram til kvelden som ein viktig del av påskeførebuinga mi. Påskemåltidet er også viktig for meg fordi det formidlar bibelske samanhengar som ikkje er så godt kjent, heller ikkje blant aktive bibellesarar.
Jesus og disiplane var samla til påskemåltid i Jerusalem. Dei feira måltidet etter den orden som det jødiske folket gjennom generasjonar før dei hadde følgt. I dette måltidet var det Jesus tok brødet og vinen og innstifta nattverden. Når me kristne feirar påskemåltid med utgangspunkt i dette bibelsk-jødiske måltidet, er det to store forteljingar som pregar innhaldet i kvelden; både den grunnleggjande påskeforteljinga om då Moses leia israelsfolket ut av Egypt og den grunnleggjande kristne forteljinga om då Jesus sona synda i verda gjennom sin død og si oppstode i påsken.
Måltidet blir også kalla sedermåltidet (hebraisk: seder = orden). Sentralt i måltidet er sju symbolske rettar. Programmet for måltidet følgjer hagaddah (hebraisk: hagaddah = forteljinga, dvs påskeforteljinga) og er bygd opp omkring fire beger vin knytt til livet, frelsa, velsigninga og håpet. Hovudmåltidet kjem mellom andre og tredje beger. Det var det tredje begeret, velsigningsbegeret, Jesus nytta då han innstifta nattverden: Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: Dette begeret er den nye pakta i mitt blod (1. kor 10,25).
Påskemåltidet i kveld skal vera i kyrkja vår her på Bryne. Det er ca 45 påmeldte til kvelden. Eg skal leia måltidet, som blir arrangert av misjonsutvalet i kyrkjelyden. Bryne kyrkjelyd har eit misjonsprosjekt knytt til Den Norske Israelsmisjon og overskotet etter kvelden går sjølvsagt til dette prosjektet. Eit påskemåltid kan feirast i kyrkjelyden eller i heimen, med eller utan nattverd og med få eller mange deltakarar.
Den som vil setja seg inn i feiringa av påskemåltidet, kan finna konkret hjelp her. Du kan gå enda grundigare inn i saka ved å gå til biblioteket og låna boka Åtte dager i Jerusalem av Ole Christian Kvarme.
Relatert stoff her på bloggen: Jødisk og kristen påske.
Heilage tre kongars dag
06/01/2010Det er Heilage tre kongars dag i dag. I store delar av den ortodokse verda, blant anna i Egypt, blir det feira jul nå i dag (6.-7. januar).
Vårt Land har i år skrive om musikk knytt til Heilage tre kongars dag:
Den mest kjente salmen som er skriven til temaet, er Grundvigs Deilig er den himmel blå frå 1810:
Dejlig er den himmel blå,
lyst det er at se derpå,
hvor de gyldne stjerner blinke,
hvor de smile, hvor de vinke
os fra jorden op til sig,
os fra jorden op til sig.Det var midt i julenat,
hver en stjerne glimted mat,
men med et der blev at skue
en så klar på himlens bue
som en lille stjernesol,
som en lille stjernesol.Når den stjerne lys og blid
sig lod se ved midnatstid,
var det sagn fra gamle dage,
at en konge uden mage
skulle fødes på vor jord,
skulle fødes på vor jord.Vise mænd fra Østerland
drog i verden ud på stand
for den konge at oplede,
for den konge at tilbede,
som var født i samme stund,
som var født i samme stund.De ham fandt i Davids hjem,
de ham fandt i Betlehem,
uden spir og kongetrone,
der kun sad en fattig kone,
vugged barnet i sit skød,
vugged barnet i sit skød.Stjernen ledte vise mænd
til vor Herre Kristus hen;
vi har og en ledestjerne,
og når vi den følger gerne,
kommer vi til Jesus Krist,
kommer vi til Jesus Krist.Denne stjerne lys og mild,
som kan aldrig lede vild,
er hans guddoms-ord det klare,
som han os lod åbenbare
til at lyse for vor fod,
til at lyse for vor fod.
Den norske utgåva finn du i Norsk Salmebok på nr 93. Er det nokon som har lenke til originalteksten på 19 vers?
Oppdatering: Harald Sætre svara på utfordringa og gav meg lenke til den fullstendige teksten med 19 dejlige danske vers; les salmen her. På denne nettsida får me også vita at det var Grundvig som i 1853, altså 43 år etter at han skreiv salmen, sjølv forkorta teksten til sju vers.
God pinse!
30/05/2009Det er pinse denne helga. Dette er ei kristen høgtid som blir feira til minne om at Gud sendte sin Ande til Jesu disiplar. Dette skjedde fem veker etter Jesu død og oppstode i Jerusalem, og det markerte startpunktet for den kristne kyrkja sin misjon i verda.
(Les meir)
Påskehelsing frå Egypt
19/04/2009
Dei ortodokse og dei koptiske kristne feirar påske denne helga, – ei veke etter vår vestlege påskefeiring.
Dei protestantiske kristne i Egypt følgjer den koptiske kalenderen. Derfor passar det i dag godt å formidla vidare denne påskehelsinga frå Det evangeliske teologiske seminaret i Kairo:
Dear friends of ETSC,
We hope you enjoy the attached Easter greetings from our president, Dr. Atef Gendy. Easter is celebrated in Egypt on the 19th of April this year, so please keep us all in your prayers that day. He is risen, indeed!
While he hung on the cross …
… some thought him to be a criminal paying the price of the mistakes he committed. Others believed that he was a political rebel punished for challenging Caesar’s authority. Some held that his blasphemy against the Law of Moses was the reason for his crucifixion.Nevertheless, his rising from the death the third day opened our eyes to understand that he was none other than the very God who humbled himself, taking the form of a human. He was indeed bearing our grief and carrying our sorrows. His wounds and bruises were nothing but the price of our transgression and inequity.
Happy Easter dear friends. May we all be blessed as we renew the meaning of Jesus’ death and resurrection on our behalf!
Atef Gendy (Ph.D)
ETSC President
Verdt å vite om påsken
12/04/2009Aftenbladet har i år hatt ein faktaserie om påsken. Mykje av stoffet er skrive av Torrey Seland, professor i Det nye testamentet ved MHS, så dette skulle fagleg halda ein god standard. Det er informative oppslag om historia knytt til palmesøndag, skjærtorsdag, langfredag og påskedag.
Jesus lever!
12/04/2009Med denne enkle, men grunnleggjande vedkjenninga ønskjer eg alle lesarar av bloggen God påske!
Her er evangeliet for påskedagen:
Då sabbaten var til ende og det tok til å lysna første dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria for å sjå til grava. Då kom det brått eit kraftig jordskjelv, for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava, rulla steinen ifrå og sette seg på han. Han var som eit lyn å sjå til, og kleda hans var kvite som snø. Vaktmennene skalv av redsle for han og vart liggjande som døde. Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, han som vart krossfest. Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg! Skund dykk av stad og sei til disiplane hans: ‘Han er stått opp frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han.’ – No har eg sagt det til dykk.»
Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad for å fortelja det til disiplane. (Matt 28,1-8)
14 stasjonar på korsvegen
10/04/2009Korsvegen (Via Crucis) er ei vandring eller ein andaktsform med 14 stasjonar knytt til Jesu lidingshistorie. Korsvegen kan vera knytt til 14 bilete med motiv frå lidingshistoria eller den kan vera ei vandring i meir overført tyding ved at ein les og tenkjer og på den måten følgjer Jesus på lidingsvegen. (Les meir)
Jødisk og kristen påske
08/04/2009Etter jødisk kalender er det 14. Nisan i dag, og frå solnedgang i kveld er det 15. Nisan. Det betyr at denne kvelden er påskeaftan i jødisk samanheng og at påskemåltidet (her) blir feira i jødiske heimar i kveld. Pesach, den jødiske påsken, er først og fremst ei feiring av Exodus, utgangen av Egypt, slik den er skildra i 2. Mosebok. Men det er også ei feiring som inneheld håp om ei komande messiansk tidsalder.
Eg har påskeferie og skal dei neste dagane feira kristen påske. Den kristne påskehøgtida har djupe jødiske røter, samtidig som Jesu død og oppstode i påsken gav høgtida eit nytt innhald. Eg feirar påske med å delta i gudstenester dei ulike heilagdagane og med å fordjupa meg i påsken sitt innhald. Samtidig er fellesskapet i familien viktig desse dagane. Påskedagen (søndag) då me feirar at Jesus er stått opp, er høgdepunktet i den kristne påsken. Men påskedagen begynner med feiringa av påskenattmessa seint på kvelden påskeaftan (laurdag).
Før påske har eg i år vore med og feira kristent påskemåltid i bibelsk/jødisk tradisjon. Dette er ein relativt ny tradisjon som kjem frå messiansk-jødisk miljø (dei Jesustruande jødane) og som også er tatt i bruk av andre kristne som er opptatt av trua sine jødiske røter. Eg syns dette påskemåltidet er ein fin skikk som får fram fleire sider ved den kristne påskefeiringa. (Her kan du lesa det eg tidlegare har skrive om påskemåltidet på bloggen).
Eg les for tida Meliton av Sardes: Om påsken. Meliton var biskop i Sardes (i dagens Tyrkia) i det 2. hundreåret e. Kr. Påskeboka hans frå 170-talet gir eit innblikk i påskeforkynninga i oldkyrkja. Oskar Skarsaune har omsett boka og skrive ei interessant innleiing om Meliton og boka hans. I den samanhengen skriv han også om Meliton sitt forhold til dei jødiske røtene for påskefeiringa.
Her er eit avsnitt der Skarsaune skriv litt bakgrunnsstoff om den jødiske påsken:
Men aller først må vi minne om noen viktige data med hensyn til den jødiske påsken. Den jødiske påskefesten bestod helt fra gammeltestamentlig tid av to komponenter (som muligens en gang var to forskjellige fester; det tror i hvert fall mange forskere). For det første er det påsken i streng forstand (hebraisk: pesach, aramaisk: pascha), festen omkring ofringen av påskelammet. Ifølge forskriftene i 2 Mos 12, kapitlet om den første påsken, skal påskelammet ofres på ettermiddagen den 14. dag i den måneden som senere fikk navnet Nisan. Etter solnedgang samme dag skal lammet spises i et familiemåltid. Siden jødene alltid regnet en ny dags begynnelse fra solnedgang, var da neste dag, den 15. Nisan, allerede begynt. Samtidig var 15. Nisan første dag i den andre komponenten i påskefesten, de usyrede brøds høytid, som varte én uke (15.-22. Nisan). Påskelammet kunne bare ofres i tempelet i Jerusalem; når jøder andre steder feiret påske, falt ofringen av påskelammet bort. Det gjorde den også i Jerusalem etter at templet ble ødelagt av romerne i 70 e. Kr. Påskefesten uten slakting av påskelam begynte derfor strengt tatt først etter at 14. Nisan var slutt, med et påskemåltid uten lam. Denne aftenen har siden vært kalt “påskeaften” blant jødene.
Eg syns dette avsnittet om dei to komponentane, var avklarande. Likevel må ikkje dette få oss til å tru at det er to jødiske fester, verken i gamaltestamentleg tid, på Jesu tid eller i vår tid. Det er nettopp komponentar, altså delar av ein heilskap, det dreier seg om. Evangelistane bak dei tre synoptiske evangelia skriv at påskelammet blei slakta den første dagen i høgtida med usyra brød (Matt 26,17, Mark 14,12 og Luk 22,7). Det verkar då som om dei nyttar dette namnet om heile høgtida, frå og med 14. Nisan. Eller at dei i alle høve inkludererer avslutninga av denne dagen (dvs ettermiddagen), då påskelammet skulle slaktast, i høgtida med usyrt brød. Elles pirkar eg her borti eit anna interessant tema, nemleg kva dag i påskehøgtida Jesus døydde. Men det let eg liggja i denne omgangen.
Eg avsluttar med ei av skildringane i NT av Jesu påskemåltid med disiplane, der han gjer noko overraskande og innstiftar eit nytt måltid i ramma av det jødiske påskemåltidet:
Då tida kom, gjekk Jesus til bords og apostlane med han. Og han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemåltidet i lag med dykk før eg skal lida. For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta påskemåltidet før det har fått si fullending i Guds rike.» Så tok han eit beger, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk. For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.» Så tok han eit brød, takka og braut det, gav dei og sa: «Dette er min kropp, som blir gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.» Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: «Dette begeret er den nye pakt i mitt blod, som blir aust ut for dykk. (Luk 22,14-20)
Og slik skriv Paulus om kva nattverdmåltidet betyr:
Velsigningsbegeret som vi velsignar, gjev det ikkje del i Kristi blod? Brødet som vi bryt, gjev det ikkje del i Kristi kropp? Fordi det er eitt brød, er vi alle éin kropp. For vi har alle del i det eine brødet. (1. Kor 10,16-17)
Palmesøndag
04/04/2009Eg har ofte høyrt forkynt at dei same menneska som ropte “hosianna” på palmesøndag, få dagar seinare var med og ropte “korsfest han”. Altså at stemninga blant folk flest i Jerusalem skifta totalt frå palmesøndag til langfredag.
Eg trur ikkje det stemmer. Me skal huska at Jerusalem var ein stor by. Og i påsken vaks den med utruleg store mengder pilegrimar som kom til byen. Det er meir sannsynleg at palmesøndagens hosiannarop og langfredagens rop om korsfesting er henta frå totalt ulike miljø i Jerusalem. Palmesøndag var han omgitt av tilreisande pilegrimsflokkar, av venner og disiplar. Under prosessen seinare i veka var det øvstepresten, det høge råd og deira medløparar i ein annan del av Jerusalem som pressa på for å få han dømt. (Les meir)
Maria bodskapsdag
22/03/2009I dag, på Maria Bodskapsdag, vil eg minna lesarane på at Maria har ein viktig plass i vår kristne tru, også i ei luthersk kyrkje. For det første er Maria Jesu mor og derfor nemnt i truvedkjenninga vår. Og så er ho eit eksempel på eit fromt menneske som ikkje ville framheva seg sjølv, men heller vera ein tenar for Herren då han kalla henne til ei heilt usannsynleg teneste.
Feiringa av Maria Bodskapsdag ni månadar før jul har ein lang tradisjon i den kristne kyrkja. For fleire hundre år sidan var 25. mars ein eigen heilagdag, nå markerer Den norske kyrkja dagen på den søndagen som kjem nærast 25. mars.
Sjå og tidlegare notat om Nasaret.
Fastetid 2009
25/02/2009Fastetida begynner i dag på askeonsdag (25.02.2009) og varer i 40 dagar fram til påske. Fastetida utfordrar meg til å forsaka noko eg normalt prioriterer. Gjer eg det, kan eg leggja større vekt på verdiar som å søkja Jesus Kristus, byggja fellesskap, leva enklare og fremma rettferd.
Eg er usikker på kor mykje denne utfordringa vil få styra prioriteringane mine dei komande vekene. Eg skal blant anna inn i ein periode med mykje uregelmessig arbeidstid. Men eg tar likevel med meg dette perspektivet inn i fastetida. Kanskje det er fleire enn meg som tenkjer slik, og som vil la seg utfordra?
Du lurar kanskje på dette med dei 40 dagane? Dette går tilbake til Jesu faste i ørkenen (Matt 4,1 ff). På kalenderen for 2009 er forklaringa at det er 40 dagar frå askeonsdag (25.02) til påskedag (12.04) når du ikkje reknar med søndagane, som ikkje er fastedagar.
Her er nokre aktuelle lenker for fastetida:
- Fasteblogg 2009
- Fastetiden – som skapt for ettertanke
- Bibelleseplan for fastetida 2009, basert på dei fire nemnte verdiane (Korsvei sine vegvisarar)
Posta av Arne Berge 


