Pitabrød

25/11/2005

I dag hadde me pitabrød til middagen vår. Det er i og for seg ikkje noko uvanleg i det berg’ske hus. Etter at familien budde i Jerusalem eit par månadar for nokre år sidan, har både unge og gamle eit spesielt og godt forhold til desse brøda.

Det som fanga interessa mi spesielt då eg laga middagen i dag, var teksten som stod på Pitabrød-pakken Eldorado* frå NorgesGruppen:

"Vi må til det gamle Midt-Østen for mer enn 3000 år tilbake for å finne pitabrødets opprinnelse. Gjennom århundrer har pitabrødet blitt spist på kontinent etter kontinent, for så å ende opp slik vi kjenner det i dag."

3000 år tilbake i tida i Midt-Austen. Kor er me då i historia? Jo, det var tida då kongane David og Salomo regjerte i Jerusalem. David regjerte ca 1000-965 f. Kr. og Salomo ca 965-926 f. Kr.

Pitabrøda fører oss altså tilbake til den bibelske historie, for ikkje å seia til den bibelske kvardag. Desse brødet er nok det næraste me i dag kjem dei brøda dei åt, dei personane som me kjenner frå GT og NT. Ja, for dette var nok også brødet på Jesu og dei første kristne si tid.

(* Med tanke på at gamle speidarkameratar frå 25. Stavanger KFUM si glanstid på 1970-talet kan koma til å lesa dette, kan eg ikkje unnlata å presisera at eg godt huskar kva ordet Eldorado betydde for oss: Den gedigne to-seters utedoen på speidarhytta Baroniet, der den eine dotønna heitte Eldo og den andre heitte Rado)


Sandvolley og St. Hans – bål

24/06/2005

Det er ikkje grunnlag for å seia at eg er ein erfaren sandvolley-spelar. Men i kveld har eg gjort meg nokre erfaringar på dette området. Eg blei spurt om å stilla opp til ein sandvollykamp mellom eit prestelag og eit politikarlag på eit stort St. Hans-arrangement ved Stemmen på Kvernaland.

Eg skal passa meg for å kommentera kampen sjølv, det får andre gjera. Men resultatet må jo vera med; domaren (ordføraren i Klepp) blåste overraskande nok av kampen etter to sett. Då var stillinga 1 – 1 og han syntest sikkert det var eit greitt resultat!

Det var masse folk på arrangementet og veret kunne knapt vore betre. Arrangørar var Frøyland-Orstad kyrkjelyd og speidargruppene på Kvernaland og Orstad. Dei som er lokalkjende, veit at det går ei kommunegrense tvers gjennom dette bustadområdet, og at kyrkja nå er med og gjer noko nytt ved å oppretta eit sokn på tvers av denne grensa. Denne veka har forresten begge kommunestyrene endeleg vedteke finansieringa av kyrkja som skal byggjast. Bra!

Etter kampen reiste eg heim og tok ein dusj og gjekk etter kvart ned på arrangementet i Heiakrånå Vel. Gildt å vera saman med naboane våre og å sitja og prata ved bålet. Eg er heldig som bur i eit nabolag der folk kjenner kvarandre og bryr seg om kvarandre.


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 205 other followers