Respekt for heilage stadar

29/07/2009

Heilage stadar har krav på respekt. Dette er, etter mitt skjøn, heilt grunnleggjande, og faktisk også heilt opplagt. Eg ønskjer at slike stadar skal bli respekterte av alle menneske, uavhengig av religion. Derfor er det også naturleg for meg å respektera andre religionar sine heilage stadar.

For meg som er kristen, dreier dette seg først og fremst om vigsla kyrkjebygg og kyrkjegardar og om geografiske stadar som er knytt til Jesu liv og andre viktige bibelforteljingar. Dessutan kan og bør sikkert ein del stadar av kyrkjehistorisk interesse, også reknast som heilage. Det har ikkje minst fornyinga av pilegrimstradisjonen vist oss.

På denne bakgrunn er eg glad for det arbeidet som nå pågår for å få formulert A code on holy sites. Denne veka har konferansen Hellige steder – plasser for konflikt og dialog blitt halden i Trondheim. I dag har deltakarane, i følgje NTB, lagt fram eit sluttdokument som dei håper kan bli utgangspunkt for ein framtidig FN-konvensjon. Dessverre er ikkje teksten i dokumentet gjengjeven i Vårt Land sin omtale av saka.

Det var En verden i dialog (ENVID) og Oslosenteret for fred og menneskerettigheter som stod bak konferansen. Her er eit utdrag frå omtalen på Oslosenteret si heimeside:

Historien er full av eksempler på at kirker, moskeer og synagoger blir misbrukt av politiske ledere for å spre hat i krig og konflikt. Mandag 27. juli samles politiske og religiøse ledere i Trondheim for å lage felles retningslinjer som skal beskytte hellige steder og gjøre dem til verktøy for fred. – Konflikter rundt hellige steder må inkluderes i fredsdialoger, sier lederen for Oslosenteret for fred og menneskerettigheter, Kjell Magne Bondevik.

Religiøse ledere, akademikere, internasjonale organisasjoner og politikere fra Midtøsten, Balkan og Tyrkia møtes i Trondheim 27. og 28. juli for å diskutere hellige steders rolle i konflikt.

(…)

– Midtøsten-konflikten viser viktigheten av hellige steder. Det er åpenbart at en løsning på Israel-Palestina-konflikten må inkludere spørsmål om eierskap og bruk av de hellige stedene i Jerusalem. Denne dimensjonen har ikke blitt ivaretatt på en god nok måte i tidligere forhandlinger. Konflikten om Jerusalem viser at politiske prosesser i mange tilfeller ikke kan løsrives fra religion, selv om det ikke dreier seg om en religionskonflikt, sier Oslosenterets leder Kjell Magne Bondevik.

(Les meir)

(Notatet er oppdatert 31.07.2009)


Om tidebøn

08/03/2009

Efrem forlag sin omtale av ei bok med tidebøner:

Tidebønn har sin opprinnelse i den jødiske tradisjons bønnetider og ble videreført av den tidlige kirke. Både Jesus og disiplene ba de gammeltestamentlige bønnene fra Salmenes bok. Apostlenes gjerninger, skriftet i Det nye testamentet som omhandler den første menighet, vitner om hvordan de første kristne, i fellesskap eller hver for seg, ba ved bestemte tider.

Bønnene er hentet fra Bibelen. Å be Guds ord er tidløst og slitesterkt. Hele spekteret av menneskelige føleleser og erfaringer får rom. Dybdene i Gud – og i oss selv – blir utforsket. Bønnen for verden blir utvidet. Vår kristne enhet fordypes.

Når vi ber tidebønn kommer vi ikke bare i forbindelse med den levende Gud, men også med alt Guds folk som over hele jorden ber de samme bønnene. (Les meir)

Boka kom i fjor haust. Nå kjem snart nynorsk-utgåva, melder forlaget.


Bøn om fred

29/12/2008

I samband med aktuelle situasjonen på Gazastripa denne helga, har Norges Kristne Råd sendt ut følgjande oppfordring til bøn om fred. Eg sender den gjerne vidare til lesarane av bloggen.

Israel og Palestina – bønn om fred

Brutale krigshandlinger rammer igjen sivile på Gazastripen. Som kristne i Norge og som fellesskap av kirker vil Norges Kristne Råd oppfordre til bønn for alle de som er rammet av de senere dagers krigshandlinger. La oss be om slutt på krigen når vi samles til gudstjenester i nyttårshelgen. La oss be for alle de som rammes og lider, både barn og voksne. Uansett oppfatning av forholdet mellom Israel og Palestina ber vi om at spiralen av hat og gjengjeldelse må vike plass for fred med rettferdighet. I denne vanskelige tiden ber vi også for kirkene og deres ledere, om at de kan være brobyggere og troverdige vitner om fred.

Svein Jacobsen Veland
Styreleder i Norges Kristne Råd

Ørnulf Steen
Generalsekretær i Norges Kristne Råd


Den treeine Gud

18/05/2008

Det er Treeiningssøndag (bokmål: treenighetssøndag) i dag. Eg markerer dette, også dette året, med å gjengje den nikenske truvedkjenninga, ein svært viktig tekst med tanke på den felles kristne trua på den treeine Gud: Far, Son og Heilagande.

Vi trur på éin Gud, den allmektige Far, som har skapt himmel og jord, alt synleg og usynleg.

Vi trur på éin Herre, Jesus Kristus, Guds einborne Son, fødd av Faderen før alle tider, Gud av Gud, ljos av ljos, sann Gud av sann Gud, fødd, ikkje skapt, av same vesen som Faderen. Ved han er alt skapt. For oss menneske og til vår frelse steig han ned frå himmelen, og ved Den Heilage Ande og av Maria møy vart han menneske av kjøt og blod. Han vart krossfest for oss under Pontius Pilatus, Leid og vart gravlagd, stod opp tredje dagen etter Skriftene og fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Faderen, skal koma att i herlegdom og døma levande og døde, og hans rike skal vera utan ende.

Vi trur på Den Heilage Ande, som er Herre og gjer levande, som går ut frå Faderen og Sonen, som vert tilbeden og æra saman med Faderen og Sonen, og som har tala gjennomprofetane. Vi trur på éi heilag, allmenn og apostolisk kyrkje. Vi vedkjennest éin dåp til forlating for syndene og ser fram til oppstoda av dei døde og eit liv i den komande verda.

Det er mange tekstar frå Bibelen som har det trinitariske perspektivet med. Eg syns den paulinske velsigninga er flott:

Herren Jesu Kristi nåde, Guds kjærleik og Den heilage andens samfunn vere med dykk alle! (2. Kor 13,13)


Gjev fred på jorda

17/05/2008

Fredsbøna til kyrkja

Allmektige, evige Gud, du som kan leia og bøya menneskehjarte, vi bed deg: Hjelp og styrk alle dei som i dag har det store ansvaret for fredssaka i verda. Ta i di mektige hand leiarane i nasjonane, vend hjarta deira til deg og gjev dei kraft i striden mot alt det som vil forføra oss til det som vondt er.

Gjev fred på jorda, og hjelp di kyrkje til å fremja freden mellom folka. Vern vårt folk og våre heimar mot krig og splid, og lat oss byggja og bu i fridom og fred i dette kjære fedrelandet vårt som du har gjeve oss. Hjelp oss å tena deg med truskap og saman med alle folk på jorda å stå faste i striden mot det vonde, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.


Det felleskristne

09/05/2008

Fr Arnfinn Haram har lagt ut eit interessant manus på bloggen sin. Tittelen er Kva er det felleskristne? Dette er manus frå eit foredrag han nyleg har halde på Blå Kors sin årskonferanse. Den katolske bror Arnfinn skriv som vanleg godt. Her er eit lite utdrag:

I eit protestantisk dominert miljø som det norske, har ’det felleskristne’ lett blir konsentrert –eller redusert – til nokre enkle parolar: -Bibelen! Jesus! Nåden!

JA til alt dette – men vi lever i ei tid der fornkla slagord/honnørord ikkje er nok. Dei kunne fungere så lenge den den overleverte, vanlege kristendomen og kristendomskunnskapen låg som eit grunn-nivå i landet/kulturen, innmura i sjølve det norske byggverket – av den historiske kyrkja både før og etter Reformasjonen.

Den tida er no forbi – både i samfunnet og i kyrkjelivet.
Vi treng tjukkare og djupare/lengre røter!

Når han skriv om tjukkare røter, skriv han om treeiningslæra og kristologien. Når han skriv om lengre røter, skriv han om tradisjonen positivt forstått som overlevering frå NT og oldkyrkja. Sjølv om noko av det han skriv her først og fremst vil bli applaudert av katolikkar, er det meste nettopp felleskristent!

Les heile foredraget her.


Leve langsomheten

08/04/2008

Denne veka har eg funne fram boka Leve langsomheten av Owe Wikström frå bokhylla mi. Eg har bladd i den og lese litt her og der. Eg huskar at eg likte boka godt, då eg las den for fem år sidan, samtidig som eg innser at eg framleis har mykje å læra på dette området. Grunnen til at eg har tatt boka fram akkurat nå, er at eg om eit par dagar har ansvar for eit arrangement der forfattaren skal ha foredrag over dette temaet.

Owe Wikström er svensk forfattar og religionspsykolog. Han har skrive mange bøker, og fleire av dei er omsette til norsk. Her er forlaget sin omtale av Leve langsomheten:

Hvem rekker å nyte livet? Hva skjer med den som tvinges til å være effektiv hele tiden? Hvorfor er det så mange som snakker om lengselen etter langsomhet – for så å jage videre i neste sekund? Kanskje fordi selve nedbremsingen er problematisk. Svarte tanker stiger mot overflaten. Den etterlengtede stillheten har mange lag.

Owe Wikström maner til motstand mot samtidens jag. Følg ikke alltid med i tiden! Finn tilbake til den gode ensomheten! Han resonnerer omkring de store mangelvarene i vår tid: den gode stillheten og det dype alvoret. Han reflekterer over behovet for å være lat og å føre lange samtaler, mystikkens tiltrekning og menneskets redsel for å begynne på reisen til sitt indre. Noen ganger er den indre og den ytre reisen sammenfallende. Forfatteren skriver om reiser til Budapest, Sankt Petersburg og Assisi, pilegrimsreiser for eksistensiell ettertanke.

Leve langsomheten er lettlest og lærd, alvorlig og drastisk. Den kan med fordel leses på et behagelig sted, for eksempel på kafé eller i en deilig lenestol.

For å seia det sånn: eg gleder meg til torsdag kl 19.00. Det blir ein kveld som utfordrar til refleksjon og ettertanke. I tillegg til foredragshaldaren blir det ein heil del musikk ved musikarane Magnhild Mo, Olav Mo og Ola Ohm. Kvar det skjer? I Stavanger domkyrkje.


Varhaug gamle kyrkjegard

28/03/2008

Varhaug_gamle_kyrkjegard
I påsken var eg ein tur i flott vinterver på Varhaug gamle kyrkjegard, heilt ute ved kysten her på Jæren. Kyrkjegarden har vore i bruk sidan mellomalderen. Her låg kyrkja for Varhaug sokn gjennom mange hundre år. Den første kyrkja på staden blei truleg bygd på 1300-talet, seinare blei det bygd nye kyrkjer på 1600-talet og 1800-talet. Den siste blei riven i 1905 då den nye Varhaugkyrkja var bygd på Odland. I dag står det eit lite kapell på staden.

“Det er sjelden vi ser evigheten. På Varhaug gamle kirkegård ser vi den.” Slik skreiv journalist og forfattar Per Thomsen etter ei gravferd på staden i 1968. Eg trur eg skjønner opplevinga hans. Dette er ein fascinerande og veldig spesiell stad!

Eg føyer staden til lista over thin places.


Grunnleggjande einskap

08/03/2008

Fr Arnfinn Haram, ein av dei to norske katolske bloggarprestane (her og her), er for tida i Roma og skriv i dag om betydninga av økumenisk tilnærming mellom katolske og ortodokse kristne:

Det er verdt å merke seg at den ortodokse, ekumeniske patriarken i
Konstantinopel/Istanbul, Bartolomeos, er i byen! For å treffe pave
Benedikt. Det er eit svært god tilhøve mellom dei, noko som i høg grad
påverkar det ekumeniske arbeidet. Bartolomeos er svært positiv til
tilnærminga mellom den katolske og den ortodokse kyrkja. Ikkje alle
ortodokse er samde med han i dette, men eg trur det går den rette vegen
– for den katolske kyrkja, er relasjonen til dei ortodokse høgste
ekumeniske prioritet. Sett frå katolsk synsstad, er det ein
grunnleggjande einskap mellom desse systerkyrkjene, trass det som er
ulikt, og trass at den fulle fellesskapen ikkje er på plass. ”Katolsk”
og ”ortodoks” er jo på sett og vis to ord for det same. Kyrkja kan
eigentleg ikkje vere anten ‘katolsk’ eller ‘ortodoks’ – ho må vere
begge deler. (les meir)

I 2003 var patriark Bartolomeus i Norge, på generalforsamling i Konferansen av Europeiske Kirker. Han talte då i Nidarosdomen. Den økumeniske patriarken har altså kontaktar i mange samanhengar:

I dagene 25. juni – 2. juli kommer over 700 utsendinger fra hela Europa til Trondheim. Konferansen av Europeiske Kirker (KEK) arrangerer sin 12. generalforsamling med temaet "Jesus Kristus helbreder og forsoner – Vårt vitnesbyrd i Europa".

Nidarosdomen er stedet for den innledende gudstjenesten torsdag 26. juni. Der deltar Hans Majestet Kong Harald V sammen med statsminister Kjell Magne Bondevik. Predikant er den økumeniske patriarken av Konstantinopel, Bartholomeos.
(les meir)

Det er flott å lesa at den katolske Fr Arnfinn Haram, som tidlegare var luthersk prest, reknar med ein grunnleggjande einskap mellom kristne sysken i ulike kyrkjesamfunn. For å seia det med den nikenske truvedkjenninga: Vi trur på éi heilag, allmenn og apostolisk kyrkje!


Liturgisk skattejakt

28/01/2008

Heidi er denne veka så raus at ho tar oss inn i den liturgiske verkstaden sin:

Men nå sit eg nå her og leiker meg med å formulera nye bøner. Det er
ei stor utfordring å bevara formen og samtidig utfordra formen. Det er
reine skattejakta å prøva å finna formuleringar som er gode, og som har
spenst, samtidig som dei skal vera slitesterke nok til å kunna brukast
over tid. Dei skal vera så personlege at dei kjennest personlege, og
samtidig så allmenne at folk kan leggja sitt eige liv og sine eigne
erfaringar inn i dei.

Dei må heller ikkje vera så runde at dei ikkje lenger utfordrar oss, språket og trua vår.

So help me God… (les meir)


Knud Jørgensen om misjon

20/11/2007

Smm_logos_07_web2
Knud Jørgensen er ein interessant dansk-norsk misjonsleiar. Den danske Folkekirkens Mission har samla ein del lenker til artiklar og foredrag om og av han her. Knud Jørgensen er leiar for  Areopagos som igjen er del av nettverket Samarbeidsråd for Menighet og Misjon.

Her er eit utdrag frå eit intervju med Knud Jørgensen:

- Kirken driver ikke misjon. Den er misjon, i ord og gjerning, i
livsstil og tiltrekningskraft. Kirken og menigheten er evangeliets
middel for at den treenige Gud kan bli kjent, tolket og vitnet om i den
verden hvor han allerede finns, noen ganger som en ukjent Gud.

For
Gud er ukjent for stadig flere i den vestlige verden, er Knud
Jørgensens erfaring. Vi befinner oss i et paradigmeskifte der de gamle
velbrukte svarene ikke lenger er gangbare. Dette skyldes sekularisering
og økende pluralisme, en grenseløs religiøsitet på vandring i en
folkereligiøs forbrukerkultur. I dette samfunnet skal vi være kirke.

-
Vi utfordres til å være det kirken alltid har vært: mennesker av kjøtt
og blod som bærer evangeliet i seg og formidler det gjennom sitt liv.
Det er sannsynlig at det berømte, men sjelden realiserte ”almene
prestedømme” vil bli den grunnleggende kirke- og misjonsstruktur, sier
Knud Jørgensen.

Areopagos har tatt initiativ for å skape
misjonerende menigheter i Norge og Danmark. I Danmark skjer det i
samarbeid med Folkekirkens Mission, mens man i Norge er blitt en aktiv
partner i et prosjekt som kalles Menighet i bevegelse, i regi av
Samarbeidsråd for Menighet og Misjon. Målet her er å bidra til å forstå
og svare på de utfordringer det er å være misjonerende kirke i en ny
tid. Menighet i bevegelse spiller på en dobbelthet: en menighet må
etter sitt vesen være i aktiv, misjonerende bevegelse og må, ettersom
samfunnet endrer seg, bevege seg i forhold til tidligere tiders
tenkning, praksis og organisering.

- Prosjektet ønsker å bære med
seg og formidle sentrale verdier som medvandring, og dialog, bevissthet
om kontekstualitet, ungt engasjement, det almene prestedømme og Sør som
kilde og kraft, avslutter han. (les meir)


Pilegrimsseminar

03/09/2007

I morgon skal eg delta på eit kveldsseminar om pilegrimsvandring, arrangert av Frøyland og Orstad kyrkjelyd. Eg skal presentera bakgrunn og erfaringar frå pilegrimsprosjektet i Jæren prosti, elles er det andre som skal ha innlegg med andre vinklingar.

Her er programmet for kvelden:

  • Arkeolog Margareth Buer Søiland – Perspektiv på pilegrimsvandringar i fortid – kva innebar det å vera pilegrim?
  • Musikalsk leiar Hilde Svela – ”Må din vei komme deg i møte …” – keltisk songtradisjon, også ein pilegrimstradisjon for i dag?
  • Rådgjevar Asbjørn Finnbakk – Om å ta i bruk pilegrimsvandring i formidlinga av evangeliet til menneske i vår tid
  • Sokneprest Arne Berge – "Pilegrimsvandring langs Kongevegen på Jæren” – om pilegrimsprosjektet i Jæren prosti

Etter innleiingar og orienteringar blir det samtale om pilegrimsvandring og korleis dette eventuelt kan og bør arbeidast vidare med i Frøyland og Orstad kyrkjelyd.


Ord

31/08/2007

"- Det er ingen som skriv som Heidi!"

Det var konklusjonen her i stova då Inger og eg las hennar siste innlegg på Andedräkt. Og det er vel nettopp derfor Heidi er henta inn som språkleg medarbeidar i gudstenestereforma i kyrkja.

Eg tillet meg å sitera noko av det ho skriv:

Nå sit eg her og prøvar å laga liturgiske bøner. Det er vanskeleg og arbeidskrevjande. Eg filer på orda. Eg stryk ut og skriv på ny. Eg flytter på eit ord og les det hundre gonger før eg skiftar det ut med eit heilt anna ord.

Orda blir så tunge når dei skal stå i ein slik samanhang. Dei blir så annleis enn dei fjørlette orda eg slynger ut frå andedrakt i store mengdar i løpet av nokre minutt.

Ord som skal talast på vegne av mange andre, og vurderast eitt for eitt av ein gjeng eksperter. Det er litt skremmande. Samtidig som det er heilt ufarleg for ord er jo til sjuande og sist ikkje meir enn ord. Og får eg ikkje til det eg prøver å få til så har eg likevel prøvd og lært… (les meir)


Pilegrimsvandring

29/07/2007

I dag skal eg leia ei pilegrimsvandring langs Kongevegen på Jæren. Det er eit enkelt og lite krevjande opplegg. Eit par timars vandring langs strendene, med fleire små stopp. Når me stoppar opp, samlar me oss om eit salmevers, ein bibeltekst, tid for stillhet og ei bøn. Undervegs går gjerne folk i smågrupper og slepp den gode praten laus. Eller ein kan velja å gå stille for seg sjølv.

Turen går frå Tusenårsstaden ved Obrestad hamn til Varhaug gamle kyrkjegard. Når me kjem fram, blir me med på Olsokgudstenesta ute på kyrkjegarden, som ligg heilt ute i havgapet.

Frammøte ved Tusenårsstaden søndag kl 16. Gudstenesta på Varhaug begynner kl 19. Turen går sjølvsagt uansett ver, så sant det møter fram folk som vil vera med. Kjem du?

Eg syns naturen er flott langs jærkysten. Her er det mykje hav og mykje himmel. Og det er flott å bruka naturen som samlingsstad i ein kristen samanheng.

Oppdatering søndag kveld: Joda, det blei pilegrimsvandring. Me var 20 personar som trassa vind og kraftige regnbyger, – og som fekk ein fin tur saman.


Eyvind Skeie gir ut salmebok

29/06/2007

Salmediktar, forfattar, prest og bloggar Eyvind Skeie er i gang med å gje ut si eiga salmebok: 316 salmer og sanger. Eg ser fram til å kunna skaffa meg den boka. Han har skrive mange flotte salmetekstar og det skal bli spennande å sjå samlinga han har sett saman.

Produksjonen av boka har kome langt, og han omtaler prosjektet sitt slik på bloggen:

Det er jo galskap å utgi sin egen salmebok i vår tid. Men i eldre tider var det ikke så uvanlig. Både Dass, Kingo, Brorson, Gundtvig og andre av de store salmehelter utga egne salmebøker, som de delvis bekostet selv. Også prost Hauge (sønn av legmannshøvdingen), Wexels og de nynorske salmedikterne med Blix i spissen publiserte egne salmesamlinger eller bøker. Cathinka Guldberg har også navnet sitt på en salmebok. Med andre ord: jeg er i meget godt selskap. Så godt at det er litt skremmende og skummelt. (les meir)


Sommartips

19/06/2007

Eg er i ferd med å gå inn i sommarmodus. Det vil også bloggen bera preg av i tida framover. Kanskje vil eg skriva ting i seine kveldsstundar, kanskje ikkje. Time will show.

I mellomtida kan eg jo bringa vidare nokre sommartips frå den danske sida kristendom.dk.

"De fleste mennesker har en indre liste over ting, de gerne vil nå, steder, de gerne vil besøge og horisonter, de gerne vil have udvidet. Men i en travl og fyldt hverdag kan det være svært at få afprøvet nye oplevelser, tillagt sig nye vaner, læse meningsfyldte bøger eller dyrke naturen på nye måder. Dette er der i højere grad tid til i ferien, og for de fleste står afslapning, oplevelser og fællesskab øverst på listen over sommerferieønskerne.

Kristendom.dk har indsamlet ti gode sommertips til en inspirerende, udfordrende og horisontudvidende ferie. Læs listen som inspiration og vælg eventuelt én eller to idéer, som du vil fokusere på i din ferie. Klik videre på artiklens mange hyperlinks for uddybende inspiration. Du kan også finde på din helt egen overskrift for sommeren 2007."

Her er dei 10 tipsa til ein inspirerande sommar:

  1. Slap helt af
  2. Ud i naturen
  3. Nye toner
  4. Fokuser på Gud
  5. Gå off-line
  6. Dyr og annet kravl
  7. Opmuntringer
  8. Gode bøger til kufferten
  9. Turist i kirkelandskabet
  10. Under åben himmel

Den som vil ta med seg dei danske tipsa i fullstendig form, kan lesa meir her.


Skaparverkets dag

10/06/2007

I dag har me markert Skaparverkets dag i kyrkjelyden vår, i tilknyting til FN sin miljøverndag som var tidlegare denne veka. Me let trua på at Gud er skaparen stå i sentrum og kom også inn på kva konsekvensar denne trua får når skaparverket er truga.

Me markerte dagen med å ha kyrkjelydstur til Friluftstunet Brekko, der Jæren Friluftsråd faktisk har bygd eit nydeleg kapell. Men denne gongen valde me å ha friluftsgudsteneste i tunet utanfor kapellet, med påfølgjande grilling, leik og god tid til drøs.

Me nytta mellom anna ei forbøn som er formulert av Ray Simpson. Han er leiar for det keltiske pilegrimsfellesskapet på Lindisfarne. Den keltiske tradisjonen legg stor vekt på skapartrua, og omsorg for skaparverket er eit av vegmerkene for det kristne livet i følgje Ray Simpson (les meir).

Her er forbøna:

Gud, du sår dine gåver over skaparverket med raus hand. Takk for blomstrane og det vedunderlege planteriket, for dyra med sitt rikelege mangfald, for sjøane, årstidene og alle dufter. La også oss med livet vårt få spegle noko av din herlegdom og di gåvmilde hand.

Vi ber at skaparverket blir halde oppe, at lufta får vere frisk og rein, at rikdommane på jorda ikkje blir øydelagde, og at heile verda framleis får vere vakker.

Evige Skapar, gjer oss til dine medarbeidarar, så jorda kan blomstre og alle som bur her, får hauste rikeleg. Vis oss korleis vi skal følgje din rytme i liv og arbeid, så vi tek vare på dei rike ressursane jorda eig. Hjelp oss å vise respekt for all skapning, behandle buskap og avling med varsemd.

Gi visdom og råd til alle som styrer og må ta viktige avgjerder, så vi tek vare på det sårbare miljøet.

Gode Skapar, høyr oss i din nåde.

Fred til landjorda og alt som veks der. Fred til havet og alt som sym der. Fred til lufta og alt som flyg der. Fred med Gud, han som kallar oss til teneste.

Gud og Skapar, du som lagar orden av kaos, gi oss fred. Frelsar, du som stilte stormen på sjøen, gi oss fred. Ande, du som sveiv over djupa, gi oss fred.

(Ray Simpson, Din rytme, di bøn, omsett av O.S. Bjørlykke, Verbum 2007. Omsett til nynorsk av Norunn Stendal Aksnes 2007)

Du finn meir stoff om Skaparverkets dag her.


Den heilage ande

26/05/2007

Due Det er pinse denne helga. Dette er ei kristen høgtid som blir feira til minne om at Gud sendte sin Ande til Jesu disiplar. Dette skjedde fem veker etter Jesu død og oppstode i Jerusalem, og det markerte startpunktet for den kristne kyrkja sin misjon i verda.

På same måte som jul og påske blir feira til minne om historiske hendingar som var heilt grunnleggjande og som ikkje blir gjentatt, var også pinsehendinga i Jerusalem ei historisk hending som skjedde éin gong og som var heilt grunnleggjande. Dette gir grunnlaget for kristne si tru på Den heilage ande.

Før sin død og oppstode lova Jesus disiplane at dei ein gong skulle bli fylt av Guds Ande:

Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tørstar, skal koma til meg og drikka. Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, for Jesus var endå ikkje herleggjord. (Joh 7,37-39)

Eg har i kveld på pinseaftan funne fram meir av det Bibelen seier om Den heilage ande. Tekstutvalet har eg henta frå Bibelvegvisaren bak i Konfirmantbibelen, ei bibelutgåve som inneheld mykje bra oppslagsstoff og bakgrunnsinformasjon. Illustrasjonen av dua med den korsforma glorien har eg også henta frå denne bibelutgåva. Dua er eit symbol for Den heilage ande.

Kven er eigentleg Den heilage ande?

Guds Ande og Kristi Ande:

Men det er ikkje kjøtet som har makta over dykk, det er Anden – så sant Guds Ande bur i dykk. Den som ikkje har Kristi Ande, høyrer ikkje Kristus til. (Rom 8,9)

Gud i våre hjarte:

Og håpet gjer ikkje til skamme, for Guds kjærleik er aust ut i hjarta våre ved Den heilage ande som han har gjeve oss.  (Rom 5,5)

Jesus hos oss:

Elskar de meg, så held de boda mine. Då vil eg be Far, og han skal gje dykk ein annan talsmann, og han skal vera hos dykk alltid: Sanningsanden, som verda ikkje kan ta imot. For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera i dykk. Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born. Eg kjem til dykk. (Joh 14,15-18)

Kva gjer Den heilage ande?

Skaper og held i live:

Det er Guds Ande som har skapt meg, anden frå Den Allmektige held meg i live.  (Job 33,4)

Talar gjennom profetane:

«Brør,» sa han, «det måtte oppfyllast, det skriftordet som Den heilage ande lét David seia om Judas, han som vart vegvisar for dei som greip Jesus. (Apg 1,16)

Dei freista å finna ut kva tid Kristi Ande, som var i dei, viste fram til, og korleis den tida skulle vera. For Anden vitna om Kristi lidingar og den herlegdomen som sidan skulle koma. (1. Pet 1,11)

Vitnar om Jesus:

Når Talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Far, Sanningsanden som går ut frå Far, då skal han vitna om meg. (Joh 15,26)

Bur i dei som trur:

Sanningsanden, som verda ikkje kan ta imot. For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera i dykk. (Joh 14,17)

Lærer og påminner:

Men Talsmannen, Den heilage ande, som Far skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk på alt det eg har sagt dykk. (Joh 14,26)

Kallar og sender ut:

Ein gong medan dei heldt gudsteneste og fasta, sa Den heilage ande: «Ta no ut Barnabas og Saulus for meg til den gjerning eg har kalla dei til!» (Apg 13,2)

Ta vare på dykk sjølve og på heile den flokken som Den heilage ande har sett dykk til å vera tilsynsmenn for! Ver hyrdingar for Guds forsamling, som han vann med sitt eige blod. (Apg 20,28)

Gjev Andens gåver:

Alt dette er eit verk av den eine og same Anden, som deler ut sine gåver til kvar einskild som han vil. (1. kor 12,11)

Gjev Andens frukter:

Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin. Slike ting er ikkje lova imot! (Gal 5,22-23)


Kristent ungdomsarbeid for 80 år sidan

20/05/2007

Gabriel_olsens_bibelklasse_ca_1927 Dette biletet fortel ei historie som eg syns fortener å koma fram. Me ser her “Gabriel Olsens bibelklasse” på Storhaug i Stavanger ca 1927. Gabriel Olsen, som sit midt i biletet på fremste rad, samla denne ungdomsgruppa i heimen sin kvar laurdag kveld!

Faren min, Trygve Berge (1912-2001), gjekk i bibelklassen. Han står lengst til venstre i den midterste rekka. Han fortalde meg fleire gonger om at han hadde gått i bibelklassen då han var ungdom, og han omtalte alltid Gabriel Olsen med stor respekt.

Viss du klikker på biletet, får du sjå det i større format. Biletet har kome fram fordi eg denne våren har vore med og rydda i papir, bilete og mykje anna etter at mor døydde i vinter.


Fred

17/05/2007

I dag feirar me nasjonaldagen vår. Me feirar at me lever i fridom og fred her i landet. Det er vanleg å tenkja at fred betyr fråver av strid og krig. Men det betyr også meir enn det. Eg tenkjer at me kan fylla ordet med eit positivt innhald og seia at det dreier seg om å byggja gode relasjonar mellom menneske, både i familie, lokalmiljø og i større samanhengar i samfunnet, nasjonalt og internasjonalt.

Eg har bladd litt i Bøneboka og vil gjerne dela noko av det eg fann med deg:

Flyktningar og heimlause

Kjære Herre, forbarm deg over alle flyktningar og heimlause. Gjer oss takksame for det landet du har gjeve oss. Gjer oss klar til å gje plass for dei som søkjer seg hit. Fri oss frå fordomar og nasjonalt hovmot. Når du vil gjera oss rikare i møte med utlendingar, hjelp oss då til å ta imot dei med eit ope sinn. (Britt G. Hallqvist)

Hjelp oss å skapa fred

Herre, hjelp oss å skapa fred
ved å gje menneske det dei treng for å leva,
ved å jamna ut kløfta mellom fattige og rike,
ved å løysa konfliktar utan å bruke vald,
ved å verna om ditt skaparverk
og ta vare på ditt heilage ord.
Lat kjærleik og rettferd vella fram blant oss
lik bekker som aldri vert tørre. (Gerd Grønvold Saue)

Fred over all forstand

Fred mellom grannar,
fred mellom slektningar,
fred mellom elskande,
i kjærleik til Livsens konge.

Fred mellom vener,
fred mellom mann og hustru,
fred mellom vaksne og born,
Kristi fred over all forstand.

Velsign, Kristus, andletet mitt.
Og lat andletet mitt velsigna det eg møter.
Velsign, Kristus, augo mine.
Og lat augo mine velsigna det eg ser. (Keltisk bøn, frå Carmina Gadelica)

Gjev fred på jorda

Allmektige, evige Gud, du som kan leia og bøya menneskehjarte, vi bed deg: Hjelp og styrk alle dei som i dag har det store ansvaret for fredssaka i verda. Ta i di mektige hand leiarane i nasjonane, vend hjarta deira til deg og gjev dei kraft i striden mot alt det som vil forføra oss til det som vondt er.

Gjev fred på jorda, og hjelp di kyrkje til å fremja freden mellom folka. Vern vårt folk og våre heimar mot krig og splid, og lat oss byggja og bu i fridom og fred i dette kjære fedrelandet vårt som du har gjeve oss. Hjelp oss å tena deg med truskap og saman med alle folk på jorda å stå faste i striden mot det vonde, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. (Fredsbøna til kyrkja)

Fred for Jerusalem

Evige Gud, vi bed om fred for Jerusalem og for alle folkeslag som knyter håpet og lengslene sine til denne byen. (Etter Sal 122,6 i Bibelen)


Konfirmasjon

06/05/2007

Bilete_april_2007_093 "Kjære konfirmantar. Til den kristne trua er de døypte. I den kristne trua er de opplærte. Kom no fram til Herrens altar, så vi kan be for kvar einskild av dykk i Jesu namn."

Dette er høgdepunktet i konfirmasjons-gudstenesta. Nå kjem ein og ein av konfirmantane fram til altaret og kneler, namnet deira blir nemnt og me ber for livet deira og for framtida deira.

Det er konfirmasjonsdag på Bryne i dag. Eg syns kvart år at konfirmasjonen er ei flott og sterk oppleving.

Selve konfirmasjonen er en forbønnshandling som ikke forutsetter noen bekjennelse fra konfirmantens side. Ordet "konfirmere" betyr "bekrefte". I Den norske kirke understrekes at det er Gud som bekrefter sine løfter. (her)

Her på Bryne blir ca 80-90 % av dei ungdomane som er medlemer i Den norske kyrkja, konfirmert i kyrkja. Konfirmasjonsarbeidet er ein naturleg og viktig del av den trusopplæringa som døypte barn og unge har rett på å få.

Konfirmantane lovar ikkje noko. Men sjølv om me "ikke forutsetter noen bekjennelse fra konfirmantens side", seier eg noko i preika om kva me kvar for oss kan gjera denne dagen. Det er Gud som bekrefter løftene, me kan bekrefta trua. Dette gjeld både konfirmantane og alle oss andre. Og eg seier at eg syns det er flott om konfirmantane gjer dette stille for seg sjølv, mens dei er framme ved altaret.

Me som har vore leiarar for konfirmantane, har hatt gleda over å vera mykje saman med desse ungdomane det siste året. Som Ingfrid (kateketen) sa det i si avsluttande helsing i dag: Me har ledd, me har vore på grininga, me har sett film, me har vore på tur, me har lese i Bibelen, me har bede, me har vore på konsert, me har snakka om livet, me har snakka om døden, me har gått med bind for auga rundt i kyrkja, me har sunge, me har snakka om Jesus.

Biletet er frå ein av turane eg i vår har hatt saman med pilegrims- og friluftsgruppa i konfirmantarbeidet. Me er på Mastravarden på Mosterøy, på veg til Utstein kloster.


Konfirmasjonssalme

06/05/2007

Heidi Strand Harboe har skrive ein flott konfirmasjonssalme. Her på Bryne har me den med som solosong kvar gong me har konfirmasjonsgudsteneste. Kanskje er det snart så mange som kan den, at me kan bruka den som salme i gudstenesta? Melodien er skriven av Johanne Ur Sæbø. Eg tillet meg å sitera salmen din, Heidi, på denne konfirmasjonssøndagen!

Glade samlast me i kyrkja for å vera i din nærleik

Her er våre konfirmantar, Herre signa dei med kjærleik

For dei unge vil me be

Signa dei med mot og fred

Herre gje dei kraft og tru

Signa dei du.

Stolte bar me dei til dåpen, og nå samlast me i glede

Nå er dåpsbarna blitt store, dei står her i kvite klede

Sjå til alle som er her

Signa oss og ver oss nær

Ver hos oss i tvil og tru.

Signa oss du.

Gje dei unge mot og vilje, vakne sinn, og sterke røter

Så dei vågar sjå og høyra, vera midt i alt dei møter

Kunna tola slit og strid

Halda fast og vera fri

Signa dei med mot og tru

Signa dei du.

Signa alle deira dagar, dei som gret og dei som smiler

Ver du nær dei alle  timar, når dei trur og når dei tvilar

Herre signa deira liv

Gje dei håp og perspektiv

Signa dei med song og tru

Signa dei du.


Påskehelg

07/04/2007

Nå er det påskehelg. Me feirar at Jesus har stått opp frå dei døde. Høgtida blir ringt inn med kyrkjeklokkene nå kl 17 – 18 på påskeaftan. Min kalender som prest, ser slik ut denne helga:

  • Laurdag kveld kl 23: Påskenattmesse i Time kyrkje (les meir)
  • Påskedag kl 11: Høgtidsgudsteneste i Bryne kyrkje (les meir)
  • Andre påskedag kl 13: Pilegrimsvandring langs Jærkysten (les meir)

God påske!


Palmesøndag verda rundt

02/04/2007

Palmesndag_i_jerusalem Her er ein link til ei samling bilete frå feiringa av palmesøndag rundt omkring i verda.

Eksempelet er henta frå prosesjonen over Oljeberget i Jerusalem.

(via En katolsk weblog)


Ein tynn stad

08/03/2007

Jorda kan bli ødelagt i dette århundret om vi ikke endrer vår holdning til den, sier Ray Simpson.

(…)

I Utstein kloster har Ray Simpson snakket om «hvordan den keltiske formhetstradisjonen har fått en fornyet aktualitet i dag».
– Hvordan gjør du det? Simpson tenker litt før han svarer.
– Kirka har ikke fire vegger, men er Guds landsby. Flere folk finner at kristenlivet er blitt for etablert og ser etter en ny vind som kan endre på det. Vi oppdager at menneskers liv er som en vandring og at det er godt å gå sammen med noen. Jesus må gjenoppdages i en skapende verden med natur, sier Simpson, og utsagnet om jordas ødeleggelse kommer.
– Hvordan unngå det da?
– Vi må lytte til jorda ved å være til stede. Det vil åpne muligheter mellom mennesker som vil lære hvordan en kan være fri. Folk vil i større grad bort fra stress og grådighet som preger verden.

(…)

– Det er første gangen vi møtes, sier leder ved pilegrimsgarden, Reidun Kyllingstad, om retreatsamarbeidet mellom Utstein Pilegrimsgard og Community of Aidan og Hilda.
– Jeg håper ikke det blir siste, smiler Ray. Han forteller at han selv bor på Lindisfarne i England, ei øy der floa på det høyeste er fire meter, og gjør at Lindisfarne ikke blir landfast. Men den blir det igjen når fjæra kommer.
130 mennesker bor på øya, men gjennom året strømmer det en halv millioner besøkende innom. På Lindisfarne lever de av fiske, to gardsbruk er her i tillegg til to hoteller. Landskapet er noe annerledes enn på klosterøya i Rennesøy.
– Det er veldig flatt her, ingen fjell, men øya blir kalt «kristendommens vugge i England. Og vi kaller stedet «a thin place».
– Hvorfor?
– På grunn av opplevelsen av at det er kort vei mellom jorda og Gud. Etter å ha hørt stillheten ved Utstein kloster og sett området her vil jeg påstå at også dette er en «thin place».

(Utdrag frå artikkel i Bygdebladet – lokalavis for Randaberg, Rennesøy og Kvitsøy. Les heile artikkelen her.)

Sjå tidlegare artikkel her på bloggen om retreat på Utstein kloster her.


Anam Cara Medvandrer

06/03/2007

Eg gjekk i kloster denne helga! Det blei ei fin og stille retreat-helg med god tid til samtalar med meg sjølv og med min himmelske Far. Men denne keltiske retreaten på Utstein kloster skilte seg ut frå tidlegare retreatar eg har vore på, både ved at den bare varte to døgn og at den ikkje var heilt taus. Laurdag kveld "gjekk me ut av stilla" eit par timar og prata saman. Dessutan var det ganske mykje input, det nærma seg nesten eit kurs.

Utstein Pilegrimsgard, som arrangerte retreaten på klosteret, hadde besøk av den engelske presten Rev Ray Simpson frå Lindisfarne. Han hadde fleire små undervisningsøkter om keltisk inspirert kristenliv i løpet av helga. For å seia det slik: det gjorde ikkje noko! Det var heller slik at det var på grunn av dette eg reiste dit.

Ray Simpson er leiar for The Community of Aidan and Hilda. Fellesskapet har nå starta ei norsk avdeling med namnet Anam Cara – Medvandrer (ACM). Eg har ikkje meldt meg inn som utforskar (ennå), men har kjøpt eit par av bøkene hans og er i gang med å lesa dei. Interessant!

ACM vil vera eit "økumenisk fellesskap til å fremme åndelig og menneskelig utvikling i trosliv og tjeneste, inspirere til pilgrimsvandringer, gi impulser til kirkens vekst og skape forsoning."

Fellesskapet har sett opp følgjande ti vegmerke for det kristne livet:

  1. Livslang læring
  2. Den åndelege reisa
  3. Balanse mellom bøn, arbeid og re-kreasjon
  4. Forbøna si teneste
  5. Enkel livsstil
  6. Omsorg for skaparverket
  7. Helbredinga si teneste
  8. Å vera open for Guds Ånd
  9. Einskap
  10. Misjon

Nettsida Keltisk fromhet har ein del stoff knytt til Lindisfarne, blant anna ei fin biletserie. Sjå også det eg tidlegare har skrive om temaet.


Eit liv med djupe røter

27/02/2007

Denne veka ser eg fram til at den engelske presten Rev. Ray Simpson frå Lindisfarne kjem til distriktet vårt. Han er opptatt av å formidla impulsar frå keltisk kristendom. Det er Utstein Pilegrimsgard som har henta han hit. Eg kjem til å delta både på det opne møtet som pilegrimsgarden arrangerer i Bryne kyrkje onsdag og på retreat som han skal leia på Utstein kloster komande helg.

Jærbladet (papirutgåva) skriv i dag:

Keltisk kveld i Bryne kyrkje

Onsdag 28. februar vert det kveldssamling i Bryne kyrkje der presten Ray Simpson frå Lindisfarne kjem på besøk. Gjennom temaet "Vestavind til fornying" vil han formidla impulsar frå keltisk tradisjon i ord, tonar og bilete. Hilde Svela vert med og syng sangar frå den keltiske sangskattn.

Utstein Pilegrimsgard har no besøk av Ray Simpson som har skrive eit titals bøker om keltisk historie og fromhet. Han er leiar av retreatsenteret Open Gate. Arbeidet hans siktar på at keltiske fromhetsideal kan få prega tru, liv og teneste.

Stiftelsen Utstein Pilegrimsgard har dette året fokus på keltisk fromhetsliv og retreattradisjon. Dette er eit stort tema med ei lang historie. Kristninga av Norge har røter på "Holy Island of Lindisfarne". Dit kom dei kristne impulsane og misjonærane frå Iona, ei øy på vestkysten av Skottland. Alt på 400-talet hadde Iona eit stort kristent fellesskap med mange kloster. Også norske vikingar fann vegen til desse heilage øyane.

Lindisfarne og Iona er framleis pilegrimsmål for menneske som søkjer stille i klosterfellesskapet. Ein gong var den keltiske tradisjonen fellesgods for Norden. Steinkrossane langs Vestlandskysten var keltiske.

Keltarane såg og opplevde samanhengen mellom dagleglivet og det guddommelege. Dei opplevde Guds storhet i skaparverket.


Fastetida

21/02/2007

I dag er det Askeonsdag og starten på fastetida i kyrkjeåret.

Les om fastetida her.


KristenBryne

04/02/2007

Kristenbrynelogo_2 Denne helga har me hatt felles-kristen møtehelg her på Bryne. Det er viktig at kristne som høyrer til i ulike kyrkjelydar og organisasjonar, har kontakt med kvarandre og kan samarbeida. Me har mykje meir som bind oss saman enn som skil oss. Derfor vil eg seia at denne helga har vore ei svært viktig helg for det kristne fellesskapet her på Bryne.

Temaet har vore Israel – Guds folk og misjonsmark. Dette var ikkje i utgangspunktet eit opplagt tema for eit fellesarrangement. For faktisk er det mange forskjellige syn på Israel blant kristne i dag. Når eg seier Israel i denne samanhengen, er det ikkje først og fremst snakk om politiske syn på staten Israel, men meir den teologiske forståinga av forholdet mellom det jødiske folket og den kristne kyrkja. Trass i ulik tilnærming, var me einige om å fokusera på dette temaet i helga, og me var også einige om at misjonsperspektivet var viktig.

Derfor inviterte me generalsekretær Rolf Gunnar Heitmann frå Den Norske Israelsmisjon. Han har hatt ansvaret for forkynning og undervisning på samlingane. Dette var etter mi vurdering svært vellukka. Nå må det jo seiast at eg sjølv er aktiv i denne misjonsorganisasjonen, og at det derfor kanskje hadde vore vel så interessant å få ei vurdering av innhaldet i forkynninga frå ein med eit anna utgangspunkt! Men førsteinntrykket eg har fått, er at også syskena mine i dei andre kyrkjelydane i dag er begeistra og syns at dette var interessant.

Me avslutta møtehelga med ei tverrkyrkjeleg gudsteneste med mange folk samla, inspirerande forkynning, eit stort spekter av musikalske uttrykk og felles nattverd. Det var ei god oppleving. Det gjer noko med oss å vera saman på tvers av dei grensene som me til vanleg opererer med, og dette håper eg me skal ta vare på i tida som kjem!

KristenBryne er eit samarbeidsorgan for dei kristne kyrkjelydane og organisasjonane på Bryne:  Pinsemenigheten Zion, Bryne Misjonskyrkje, Frelsesarmeen, Bryne frikyrkje, Bryne kyrkje og organisasjonane på bedehuset Saron. Eit anna ord for felleskristent eller tverrkyrkjeleg arbeid, er økumenikk. Les artikkelen eg skreiv om dette i samband med den tilsvarande møtehelga ifjor her.


retreater.no

04/12/2006

Eg har kome over (den nye?) nettsida retreater.no som er eit samarbeid mellom ulike retreatstadar i Norge. Her er det info om komande retreatar og mykje interessant stoff. Sjå t.d. artikkelen Kort om Jesusmeditasjon.