16/12/2009
Daily Mail skriv i dag at det er funne eit likklede frå Jesu tid i ei grav i Hinnoms dal i Jerusalem. Det er arkeologen Shimon Gibson som skal ha funne det og som uttalar seg til avisa.
Typisk nok handlar mykje av artikkelen om likkledet i Torino. Likkledet i Jerusalem viser seg å vera vesentleg annleis enn det berømte kledet og det nye funnet blir nå brukt til enda ein gong å fortelja at likkledet i Torino må vera ei forfalsking. Så interessant synest dette vera, at funnet i Jerusalem i dag er omtalt på den norske nettsida ABCnyheter!
Eg har ikkje noko sterkt forhold til likkledet i Torino, så dette er ikkje noko problem for meg. Eg syns faktisk det er meir interessant å lesa om kledet som nå er funne i Jerusalem. Dette funnet kan kasta lys over gravferdsskikkar på Jesu tid.
Daily Mail skriv:
Burial cloth found in Jerusalem cave casts doubt on authenticity of Turin Shroud
Archaeologists have discovered the first known burial shroud in Jerusalem from the time of Christ’s crucifixion – and say it casts serious doubt on the claimed authenticity of the Turin Shroud.
Ancient shrouds from the period have been found before in the Holy Land, but never in Jerusalem.
Researchers say the weave and design of the shroud discovered in a burial cave near Jerusalem’s Old City are completely different to the Turin Shroud.
Radiocarbon tests and artefacts found in the cave prove almost beyond doubt that it was from the same time of Christ’s death.
It was made with a simple two-way weave – not the twill weave used on the Turin Shroud, which textile experts say was introduced more than 1,000 years after Christ lived.
And instead of being a single sheet like the famous item in Turin, the Jerusalem shroud is made up of several sections, with a separate piece for the head.
Professor Shimon Gibson, the archaeologist who discovered the tomb, said ancient writings and contemporary shrouds from other areas had suggested this design, and the Jerusalem shroud finally provided the physical evidence. (Les meir)
Dette får meg til å tenkja på Johannesevangeliet si forteljing om korleis to av disiplane sprang til Jesu grav då dei påskemorgon fekk høyra at den var tom, og såg likkleda liggja der, forlatne:
De løp sammen, men den andre disippelen løp fortere enn Peter og kom først. Han bøyde seg fram og så linklærne ligge der, men gikk ikke inn i graven. Simon Peter kom nå etter, og han gikk inn. Han så linklærne som lå der, og tørkleet som Jesus hadde hatt over hodet. Det lå ikke sammen med linklærne, men sammenrullet på et sted for seg selv. (Joh 20,4-7)
Legg att ein kommentar » |
Bibelsk arkeologi, historie og geografi, Israel og dei palestinske områda, Jerusalem |
Direktelenkje
Posta av Arne
08/11/2009
Denne veka blir det opna ei ny utstilling i Jerusalem Archaeological Garden like sør for tempelplassen. Her blir det vist fram gjenstandar som ikkje tidlegare har vore vist fram for publikum, blant anna eit sarkofaglokk som kan knytast til øvstepresten sin familie i det første hundreåret.
Jerusalem Post skriv:
The Israel Antiquities Authority is presenting a new exhibition which includes ancient coins uncovered at the Temple Mount and a 2,000-year-old sarcophagus lid. The new display will open on November 11 at the Davidson Center and in the Jerusalem Archaeological Garden, just south of the Temple Mount. Many of the artifacts have not previously been shown to the public.
(…)
According to a report released by the Israeli Antiquities Authority, the sarcophagus lid was found just north of Jerusalem. The lid is “engraved with an inscription in square script that is characteristic of the Second Temple period.”
The inscription “Son of the High Priest” most likely refers to a High Priest who officiated at the Temple between 30 and 70 CE.
“This is the first time that we have been able to locate a manor house of the high priest of Judea during the first century, during the time of the Jewish rebellion,” Har-Even told The Jerusalem Post on Thursday. “We found a huge settlement from the Second Temple Period, in which there are a lot of burial caves that were probably used by the family of the High Priest.” (Les meir)
(via PaleoJudaica)
Legg att ein kommentar » |
Arkeologi, Bibelsk arkeologi, historie og geografi, Israel og dei palestinske områda, Jerusalem | Merka som: øverstepresten, øvstepresten |
Direktelenkje
Posta av Arne
18/10/2009
Eg har tidlegare nemnt at ein 2000 år gamal hovudveg som gjekk frå Siloadammen opp til hovudinngangen til tempelplassen i Jerusalem, er i ferd med å bli gravd ut. Nyleg er ein mindre del av vegen opna for publikum. Då eg var ved Siloadammen i forrige veke, var eg innom på staden.
Det var flott å få sjå vegen (trappa) som eg hadde lese om, med eigne auge. Det at denne vegen hovudsakleg er ei trapp, heng saman med at det er relativt stor høgdeforskjell mellom Siloadammen, som ligg på det lågaste punktet i det gamle Jerusalem, og tempelplassen.
Israel Antiquities Authority researchers have re-exposed a stretch of road in Jerusalem dating to the Second Temple period that is believed to have been used by pilgrims on their ascent to the Temple. Existence of the 40-meter segment of road, cleared over the past few months to open it to visitors, has been known of for more than a century.
(…)
“There is practically no doubt that this was the focus of pilgrim traffic. We know this both from Jewish and Christian sources. The Pool of Siloam provided water for hundreds of people simultaneously and could be used for purification before ascending to the Temple Mount.
From the Pool of Siloam, the road continued for 600 meters to the Temple Mount. Although only two meters of the street’s width have so far been excavated, it is believed to have stretched eight meters across.
(Les meir)
Legg att ein kommentar » |
Arkeologi, Bibelsk arkeologi, historie og geografi, Israel og dei palestinske områda, Jerusalem |
Direktelenkje
Posta av Arne
29/09/2009
Eg skal snart på haustferie til Israel og dei palestinske områda. Inger og eg skal vera reiseleiarar for ei gruppe på 35 personar frå Bryne kyrkjelyd. Me har saman med den lokale guiden ansvar for programmet, det sosiale livet i gruppa, forkynninga og for passelege doser med bibel- og kulturhistorie.
Eg lover ikkje oppdatering av bloggen undervegs. Skjer det, så skjer det. Men det kan vel tenkjast at eg i etterkant har med meg historier, opplevingar og bilder som kan bli utgangspunkt for nokre notat på bloggen, om tida strekk til.
Her er nokre stikkord frå programmet:
Torsdag 01.10
Fredag 02.10
- Cæsarea ved havet
- Besøk i Immanuelskyrkja i Tel Aviv/Jaffa
- Gamle Jaffa
Laurdag 03.10
- Messiansk gudsteneste i Immanuelskyrkja
- Besøk i Beit Eliahu (messiansk forsamling) og EbenEzer (aldersheim) i Haifa
- Muhraqa på Karmelfjellet (Elia sitt møte med Baalsprofetane)
Søndag 04.10
- I Jesu fotspor ved Gennesaretsjøen
- Saligprisingsfjellet
- Tabgha (Jesu møte med disiplane etter oppstoda)
- Kapernaum
- Båttur på sjøen
Måndag 05.10
- Betsaida
- Cæsarea Filippi
- Katzrin på Golanhøgdene
Tysdag 06.10
- Nasaret
- Sachne (bading i varme kjelder)
- Jordandalen
- Genesis Land
Onsdag 07.10
- Besøk på Caspari Center (messiansk studiesenter i Jerusalem)
- Betlehem (Fødselskyrkja og Hyrdemarkene)
- Palestinsk luthersk kyrkjelyd i Beit Jala
- Herodion
- Gravhagen
Torsdag 08.10
- Klagemuren / Vestmuren
- Tempelplassen
- Davidsbyen med Hiskias tunnel og Siloadammen
- Yad Vashem (Holocaustmuseum)
Fredag 09.10
- Oljeberget
- Getsemane
- Via Dolorosa
- Gravkyrkja
- Gamlebyen
Laurdag 10.10
- Ein Gedi (oase ved Dødehavet)
- Masada
- Bading i Dødehavet
Søndag 11.10
- Til disposisjon i Jerusalem
Måndag 12.10
2 kommentarar |
Galilea, Israel og dei palestinske områda, Jerusalem, Reiser |
Direktelenkje
Posta av Arne
24/09/2009
A large and Magnificent 2,000 Year Old Miqve was Exposed in the Western Wall Tunnels
A large and impressive ritual bath (miqve) from the end of the Second Temple period was recently uncovered in archaeological excavations the Israel Antiquities Authority is carrying out in the Western Wall tunnels, in cooperation with the Western Wall Heritage Foundation.
The miqve was discovered inside the western hall of a splendid structure that is located just c. 20 meters from the Western Wall. Parts of the building were discovered in the past and the Israel Antiquities Authority is currently exposing another one of the three halls inside it. It is one of the most magnificent structures from the Second Temple period ever to be uncovered. (les meir)
(via PaleoJudaica)
Legg att ein kommentar » |
Arkeologi, Bibelsk arkeologi, historie og geografi, Israel og dei palestinske områda, Jerusalem |
Direktelenkje
Posta av Arne
05/09/2009
Haaretz skriv:
Massive Canaanite walls reveal Jerusalem’s might long before King David was crowned
Extensive fortifications recently discovered in the archaeological excavation in Silwan in East Jerusalem go back about 3,700 years, to the biblical period of the Patriarchs, revealing that Jerusalem at that time was significantly larger and stronger than previously believed.
According to the director of the excavation, Prof. Ronny Reich, the fortifications – the largest ever discovered in this area – were meant to create a protected link between the fortress-city in the area, known as the City of David, and the Siloam Spring. The fact that the spring was located outside the city walls was a major weakness in the city’s ability to defend itself, Reich says.
(Les meir)
Oppdatering 08.09.2009: Dei massive forsvarsverka, som skal vera frå ca 1700 f.Kr., er nå omtalt i Vårt Land som har henta informasjonen frå svenske Dagen. Artikkelen gjengjev korrekt og interessant informasjon, bortsett frå at det blir sagt at muren er “det største monumentale byggverket man har funnet fra det første tempelets periode”. Poenget er sjølvsagt at dette er det største byggverket frå perioden før det første templet, som blei bygd av kong Salomo på 900-talet f.Kr.
Vårt Land skriv:
De israelske arkeologene sier muren var «gigantisk» for sin tid. Lederen for utgravningene, Ronny Reich, mener murrestene viser at Jerusalem på denne tiden var et mer utviklet og organisert samfunn enn ekspertene tidligere har trodd.
– Muren ble først bygget for å beskytte mot ørkennomader som ville plyndre byen. Den viser at Jerusalem på dette tidspunktet hadde blitt et bysamfunn med en hersker som hadde evner og ressurser til å oppføre et slikt byggverk, sier Reich.
Muren skal også ha beskyttet Jerusalems innbyggere når de hentet vann i Siloa-dammen, byens viktigst vannkilde.
Restene av muren ble funnet i Silwan, øst i Jerusalem, like utenfor bymuren som omkranser byen. Den er opptil åtte meter høy og er bygget av to til tre meter tykke steiner. Til nå er 24 meter av muren gravd fram. Funnet dateres til den mellomste bronsealderen i Midtøsten, til de bibelske stamfedrenes tid under den kanaanittiske perioden.
Legg att ein kommentar » |
Arkeologi, Bibelsk arkeologi, historie og geografi, Israel og dei palestinske områda, Jerusalem |
Direktelenkje
Posta av Arne
21/08/2009
The Jerusalem Insider’s Travel Guide er ei nettside som inneheld mykje og (så langt eg kan sjå) god informasjon om Jerusalem.
Discover Jerusalem, the Most Unique City on Earth
“The view of Jerusalem is the history of the world; it is more, it is the history of earth and of heaven.”
– Benjamin Disraeli (1804–1881)
No other city in the world ignites passions like this one. For three of the world’s major religions, it is a holy, sacred place.
(via BiblePlaces Blog og Biblical Paths)
Legg att ein kommentar » |
Israel og dei palestinske områda, Jerusalem, Reiser |
Direktelenkje
Posta av Arne
11/08/2009
Eg har tidlegare skrive om Eilat Mazar sine arkeologiske utgravingar i Davidsbyen i Jerusalem. Ho hevdar blant anna at ho har funne kong Davids palass! Nå er den foreløpige rapporten om dette funnet gjeve ut som bok.
(Oppdatering 25.10.2009: For eit par veker sidan var eg i Davidsbyen. Då kjøpte eg rapporten og tok bl a dette biletet frå utgravingane).
Todd Bolen kommenterer på BiblePlaces Blog:
The first preliminary report of Eilat Mazar’s excavations of the City of David is provocatively entitled, The Palace of King David. The cover art shows an artist’s reconstruction of the palace, based on far more than what Mazar has excavated in her first three seasons.
Her er utgjevaren sin informasjon om boka med rapporten frå utgravingane:

The Palace of King David
Excavations at the Summit of the City of David: Preliminary Report of Seasons 2005-2007
by Eilat Mazar
Shoham Academic Research and Publication, 2009
100 pages + numerous full color pictures, English
Paper
ISBN: 9789659029952
Your Price: $22.50
www.eisenbrauns.com/item/MAZPALACE
Legg att ein kommentar » |
Arkeologi, Bibelsk arkeologi, historie og geografi, Bøker, Israel og dei palestinske områda, Jerusalem |
Direktelenkje
Posta av Arne
09/08/2009
Arutz-7 skriv i dag om interessante arkeologiske funn som er gjort på Ramat Rachel mellom Jerusalem og Betlehem. Ramat Rachel er ein kibbutz som eg har vore innom fleire gonger, blant anna fordi dei driv ein god og effektiv spisestad. Eg har registrert at det i fleire år har vore arkeologiske utgravingar inne på området til kibbutzen.
Remains from Period of King Hezekiah Discovered
The most recent dramatic archaeological find in Israel is that of a luxurious administrative center from the period of King Hezekiah, over 2,700 years ago. The center was discovered in Kibbutz Ramat Rachel, just south of Jerusalem.
(…)
The administrative center at what is now Ramat Rachel included a complex of palace buildings that was active from the reign of King Menashe through that of King Zedekiah, at the end of the First Temple period, and for at least 200 years after the return to Zion and through the Hellenistic period. During the Hasmonean period, however, the site was razed to the ground – and atop it was built a Jewish village, from which remain many ritual baths situated in private homes, caves used for raising pigeons, and more.
The Jewish village lasted until at least the Roman destruction of Jerusalem in the year 68, when the Romans took it over. A church was built there under the Byzantines, but the site was later to remain desolate for nearly 1,000 years – until the construction of Kibbutz Ramat Rachel by modern-day Zionist Jews.
(Les meir)
Legg att ein kommentar » |
Arkeologi, Bibelsk arkeologi, historie og geografi, Israel og dei palestinske områda, Jerusalem |
Direktelenkje
Posta av Arne
08/08/2009
Det er nyleg laga ein stor modell av “Det andre templet” i Jerusalem, det vil i denne samanhengen seia kong Herodes sitt tempel som stod i Jerusalem på Jesu tid. Modellen er plassert på taket av ein yeshiva (jødisk “bibelskule”) i Gamlebyen, nær tempelhøgda og med god utsikt til denne staden der templet stod fram til år 70. Modellen er sjølvsagt interessant, men plasseringa vil truleg kunne verka provoserande.
Arutz-7 skriv:
The model, built at a scale of 1:60, was built by Michael Osanis for the Aish HaTorah Yeshiva in Jerusalem’s old city, and is displayed on the roof of its new museum, which at seven stories above the Western Wall plaza has a breathtaking view of the Temple Mount.
(Les meir og sjå film frå monteringa av modellen)
Sjå også kommentaren til Ritmeyer Archaeological Design.
Legg att ein kommentar » |
Bibelsk arkeologi, historie og geografi, Israel og dei palestinske områda, Jerusalem, Jødisk religion og kultur |
Direktelenkje
Posta av Arne
02/08/2009
Det er nyleg funne eit steinkar med ca 2000 år gamal arameisk eller hebraisk skrift i Jerusalem. Funnet blei gjort i dei arkeologiske utgravingane på Sionshøgda like utanfor Gamlebyen, der arbeidet denne sesongen nå er avslutta. Arkeologane opplever funnet som svært interessant, men teksten som kryptisk, og dei har naturleg nok bede om hjelp frå andre faggrupper til å tolka den.
Steinkaret er kanskje noko tilsvarande dei som er omtalt i NT, i forteljinga om bryllupet i Kana:
No stod det seks vasskar av stein der, slike som blir nytta i reinsingsskikkane til jødane. Kvart av dei tok to eller tre anker. «Fyll kara med vatn,» sa Jesus. Og tenarane fylte dei til randa. (Joh 2,6-7)
Nettsida Dig Mount Zion har mykje informasjon frå staden, blant anna kart og bilete, og ei pressemelding om funna denne sommarsesongen (sjå nedanfor). Bloggen TaborBlog, som blir skriven av ein av arkeologane i prosjektet, har også mykje stoff om desse utgravingane.
Steinkaret med den gamle teksten får sjølvsagt hovudoppslaget i pressemeldinga og i dei utallige presseoppslaga som har følgt i kjølvatnet av offentleggjeringa. Men dei andre funna som blir nemnte, er også interessante:
- eit bygningskompleks frå det andre templet si tid, dvs frå Jesu tid, med bl a reiningsbad og omnar for brødbaking. Denne bydelen (“Øvrebyen”) var truleg bydelen der presteskapet og saddukearane budde.
- ein bygning med mosaikkgolv frå bysantinsk tid, Jerusalems kristne periode (ca 325-638). Det blir antyda at bygningen kanskje har hatt samanheng med Neakyrkja. Det er tidlegare gjort få funn med tilknyting til denne store kyrkja frå 500-talet.
Her er pressemeldinga om 2009-sesongen:
A Unique Inscription from Second Temple Times Found in Jerusalem
A unique ten-line inscription on the side of a stone cup commonly used for ritual purity during the first century CE was recently uncovered in archaeological excavations conducted this summer on Mount Zion in Jerusalem. Inscriptions of this kind are extremely rare and only a handful has been found in scientific excavations made within the city.
The new inscription from the first century CE is presently being deciphered by epigraphic experts in an effort to determine the meaning of the text, which is clear but cryptic. The dig also produced a sequence of building remains dating from the history of Jerusalem, from the First and Second Temple periods through to Byzantine and Early Islamic periods.
From the Second Temple period archaeologists uncovered a house complex with an mikve (purification pool) with a remarkably well preserved vaulted ceiling. Inside this house were three bread ovens with a level of burning dating from the year 70 CE when Titus and the Roman troops stormed the city. Archaeologists believe that this area of the Upper City of Jerusalem served as the priestly quarter of Jerusalem during Second Temple times. In support of this were interesting finds including an ornate window screen made of stone. Ten murex shells were also found and these were used for producing the argaman dye which was used for the coloring the priestly vestments at that time.
In addition, a large arched building with a mosaic floor (preserved to a height of 3 metres) from the Byzantine period was also uncovered; perhaps it is part of a building complex or street associated with the nearby Church of St Mary (the Nea)
Legg att ein kommentar » |
Arkeologi, Bibelsk arkeologi, historie og geografi, Israel og dei palestinske områda, Jerusalem |
Direktelenkje
Posta av Arne
29/07/2009
Israel Antiquities Authority har lagt ut ein film på 9 minutt frå Davidsbyen i Jerusalem (sjå film).
Filmen viser nye utgravingar, bl a Siloadammen (biletet), den herodianske gata (her) som går opp frå Siloadammen til tempelhøgda og dreneringskanalen (her) som går under denne gata.
(via BiblePlaces Blog)
Legg att ein kommentar » |
Arkeologi, Bibelsk arkeologi, historie og geografi, Jerusalem |
Direktelenkje
Posta av Arne
15/07/2009
For meg er Jerusalem eit favoritt-reisemål.
Byen som ligg oppe i fjella i Israel, 800 meter over havet, har ein heilt spesiell posisjon både religiøst, politisk og historisk. Den har ei 3000-årig historie. Det er ein fantastisk by å gå rundt i, det er alltid noko nytt å oppdaga. For meg er den delen av historia som er knytt til Bibelen og til kyrkjehistoria mest interessant.
Biletet er tatt på Oljeberget med utsikt over Tempelhøgda og Gamlebyen. Det moderne Vest-Jerusalem ligg langt bak, så vidt mogleg å skimta.
Travel + Leisure Magazine har sett opp ei liste over dei beste turistbyane i verda. Jerusalem er plassert som nr 17 på denne lista. Det må kunne kallast ei god plassering, sjølv om eg ville sett byen enda høgare på mi private liste! Reisemagasinet har plassert Udaipur i India heilt på topp, med Cape Town og Bangkok på 2. og 3. plass.
Arutz-7 kommenterer:
Jerusalem Mayor Nir Barkat released a statement Wednesday thanking Travel and Leisure for its contest. He noted that the award comes in recognition of the tremendous efforts that his office and Israel’s Ministry of Tourism are making on behalf of Jerusalem’s tourism infrastructures and marketing efforts.
“Jerusalem is a special place to more than 3.4 billion people of faith from around the world,” Barak said, “and my vision is to open up Jerusalem for everyone to enjoy.” He said his goal is to increase tourists to the city fivefold, from this year’s number of two million to 10 million each year.
(Les meir)
Legg att ein kommentar » |
Israel og dei palestinske områda, Jerusalem, Reiser |
Direktelenkje
Posta av Arne
08/07/2009
Det er funne eit steinbrot som truleg har vore brukt av kong Herodes den store då han bygde sine praktbygg i Jerusalem. Herodes regjerte i Jerusalem i perioden 37-4 f. Kr.
Israel Antiquities Authority skriv i ei pressemelding, som også inneheld lenker til bilete:
A Large Stone Quarry from the End of the Second Temple Period was Exposed in Excavations the Israel Antiquities Authority is Conducting on Shmuel HaNavi Street in Jerusalem.
(…)
Dr. Ofer Sion, the excavation director on behalf of the Israel Antiquities Authority, believes, “The immense size of the stones (maximum dimensions: length 3 m, width 2 m, height 2 m) indicates it was highly likely that the large stones that were quarried at the site were destined for use in the construction of Herod’s magnificent projects in Jerusalem, including the Temple walls.
(…)
“We know from historical sources that in order to build the Temple and other projects which Herod constructed, such as his palace, hundreds of thousands of various size stones were required – most of them weighing between two and five tons each”, said Dr. Sion. “The dimensions of the stones that were produced in the quarry that was revealed are suitable for the Temple walls (…)”. (Les meir)
(via Ferrell’s Travel Blog)
Legg att ein kommentar » |
Bibelsk arkeologi, historie og geografi, Israel og dei palestinske områda, Jerusalem |
Direktelenkje
Posta av Arne
09/06/2009
Spedalsksjukehus i Jerusalem oppkalla etter norsk forskar
Jerusalem Post hadde nyleg (06.06.2009) ein artikkel om ein gamal bygning som ein gong var sjukehus for spedalske i Jerusalem. Huset blei oppført i 1887 og blei kalla Hansen Government Hospital etter nordmannen Armauer Hansen (1841-1912) som var ein viktig forskar på lepra (spedalsksjuke).
Avisartikkelen er interessant av fleire grunnar. I tillegg til informasjonen om bygningen med tilknyting til Armauer Hansen, skriv avisa om spedalsksjuke i Bibelen, dvs i GT.
Her er eit utdrag frå artikkelen From biblical curse to cultural blessing:
One could have lived in Jerusalem for decades and never set foot in the mysterious yet majestic 122-year-old building opposite the Jerusalem Theater, two staircases down from 9 Rehov Marcus. Most of those who have heard of it call it the “Lepers’ Hospital,” but the name preferred by those who have worked there is Hansen Government Hospital.
(…)
Over the many decades since 1887, it has housed and treated around 600 victims of Hansen’s disease, named for Norwegian researcher Dr. Gerhard Henrik Armeur Hansen after he discovered in 1883 that leprosy is caused by a bacterium called Mycobacterium leprae.
(…)
THE LEPROSY (tzara’at in Hebrew) mentioned 55 times in the Bible that has terrified humanity since ancient times gave Hansen’s disease a bad rap. Dermatologists say the condition that struck Miriam for speaking against her brother Moses (for marrying a Cushite woman), Naaman (in Kings II) and King Uziah (in Chronicles II) was a disease that turned their skin (and even hair) white; this symptom is connected to vitiligo – an autoimmune condition in which skin pigments are destroyed. In the Bible, this illness was regarded as divine punishment for “evil talk” and other sins. It is also described as afflicting the walls of buildings, leather garments and other clothing.
(Les meir)
Spedalske menneske spelar sjølvsagt også ei rolle i NT, sjølv om det er utanfor horisonten til Jerusalem Post. Dei synoptiske evangelia har fleire avsnitt der sjukdomen (gr: lépra) er nemnt, blant anna i Matt 8,1 ff; Mark 1,40 ff; Luk 17,11 ff. Desse tekstane fortel at reinsing av spedalske var ein del av Jesu helbredande gjerning. Sjå også kva bodskap han sendte til Døyparen Johannes som sat i fengsel og som undra seg på om Jesus var “den som skulle koma”:
«Blinde ser, og lamme går, spedalske blir reine, og døve høyrer, døde står opp, og den gode bodskapen blir forkynt for fattige.» (Matt 11,5)
(via PaleoJudaica)
Legg att ein kommentar » |
Bibelsk arkeologi, historie og geografi, Israel og dei palestinske områda, Jerusalem | Merka som: Armauer Hansen, lepra, spedalsk |
Direktelenkje
Posta av Arne
16/05/2009
Har kome over bloggen Life and Land Seminars. Den ser ut til å innehalda mykje av interesse for meg, og dermed truleg også for nokre av lesarane av bloggen min.
Bloggen presentererer seg sjølv slik:
The Bible was written by real people, to real people, in real places, and who experienced real events. This website is dedicated to telling the story about these people and the places they lived, visited, and ministered in. It is the goal of this website to expound the Scriptures and bring to life the lands and the peoples of the Bible through the background material that bear on the events of these passages.
Eg vil i første omgang anbefala:
(via BiblePlaces Blog)
Legg att ein kommentar » |
Bibelsk arkeologi, historie og geografi, Hellas, Israel og dei palestinske områda, Jerusalem, Paulus |
Direktelenkje
Posta av Arne
09/05/2009
8.-15. mai 2009
Pave Benedict er for tida på offisielt besøk i Jordan, Israel og dei palestinske områda. Dette er ei viktig reise som eg håper kan gje positive ringverknadar for den kristne minoriteten i desse landa og for forholdet mellom religionane som har røter her.
Pavebesøket i Midt-Austen starta i går då han kom til Amman. I dag har han bl a vore på Nebofjellet der Moses i følgje 5. Mosebok fekk sjå inn i det lova landet før han døydde (5. Mos 34,1-8), han har lagt ned grunnstein for eit katolsk universitet i Madaba og hatt samtalar med muslimske leiarar i Amman.
Her er nokre høgdepunkt frå paven sitt program dei komane dagane:
Søndag 10.05: Feiring av messe på stadion i Amman. Grunnsteins-nedlegging for to kyrkjer i Betania på den andre sida av Jordan.
Måndag 11.05: Paven kjem til Israel. Han landar på flyplassen i Tel Aviv og reiser vidare til Jerusalem. Besøk hos den israelske presidenten. Besøk i Yad Vashem. Møte med organisasjonar som er engasjert i religionsdialog.
Tysdag 12.05: Denne dagen skal han ha offisielle visittar hos religiøse leiarar. Først besøk hos Stormuftien, den muslimske leiaren i Jerusalem. Dette besøket skal vera på tempelplassen! Deretter besøk hos dei to sjefsrabbinarane i Jerusalem. Bøn i Øvresalen på Sionsfjellet. Deretter feirar paven messe i Kedrondalen.
Onsdag 13.05: Besøk i Betlehem, bl a med messe på Krybbeplassen framfor Fødselskyrkja og besøk i flyktiningeleiren Al Aida.
Torsdag 14.05: Besøk i Nasaret, bl a med messe, møte med religiøse leiarar i Galilea og vesper i det øvre kyrkjerommet i Bodskapskyrkja (“Bebudelseskirken”).
Sjå meir detaljert program her.
Sjå elles Den katolske kyrkja i Norge si samleside om reisa, med mange lenker vidare.
Legg att ein kommentar » |
Betlehem, Bibelsk arkeologi, historie og geografi, Galilea, Israel og dei palestinske områda, Jerusalem, Jordan | Merka som: pave Benedict 16., paven |
Direktelenkje
Posta av Arne
05/05/2009
Jerusalem blir ofte kalla Jerusalem of Gold. Nå ønskjer byen å bli grøn:
Jerusalem of Gold will “go green” over the next 20 years in the first municipal plan for the city has since 1959. The six-point proposal, to be presented Tuesday to the Interior Ministry’s Jerusalem District Planning and Construction Committee by Mayor Nir Barkat, will focus on “greening” the city, and “green construction.” (Les meir)
Nivået på Dødehavet går som tidlegare meldt nedover, bokstavleg tala. Her er oppdaterte opplysningar frå april 2009:
The government’s hydrological service announced on Tuesday that the level of the Dead Sea remained stable in April. The water level was measured at 422.22 meters (1,385 feet) below sea level, 1.11 meters lower than in April 2008. (Les meir)
Legg att ein kommentar » |
Israel og dei palestinske områda, Jerusalem |
Direktelenkje
Posta av Arne
03/05/2009
Det er i dag faktisk bare 14.000 kristne innbyggjarar i Jerusalem, det vil seia 2 % av befolkninga. Av desse er 4.500 katolikkar og 3.500 gresk-ortodokse. Av dei 14.000 er det 2.600 munkar, nonner og prestar.
Talet på kristne har minka drastisk frå 1946, då den kristne befolkninga utgjorde 20 % av innbyggjarane.
Dette kjem fram i ei israelsk undersøking i samband med det foreståande pavebesøket og det er IsraelNationalNews som meldar dette i dag:
On the eve of Pope Benedict 16’s upcoming visit to Israel, an Israeli research group says that the number of Christians living in Jerusalem has shrunk to 14,000, down from 31,000 at the end of the British Mandate – only 2 percent of the city’s population, and far fewer than the 20 percent it constituted in 1946. As such, Jerusalem is following a pattern which has been taking place in other cities as well: once-large Christian communities see their numbers dwindle, as Christian Arabs emigrate or move and are replaced by Muslims. (Les meir)
I dette statistiske materialet er truleg ikkje dei messianske jødane med.
Legg att ein kommentar » |
Israel og dei palestinske områda, Jerusalem |
Direktelenkje
Posta av Arne
01/05/2009
Det er mange kompliserte spørsmål knytt til dei såkalla heilage stadane i Jerusalem. Alt ligg så tett og stadane har tilknyting til ulike religionar. Det viser seg svært vanskeleg å finna gode og rause løysingar på slike spørsmål.
Ein av dei stadane der religionane sine heilage stadar ligg tett på kvarandre, er Sionshøgda like sør for Gamlebyen. Ein interessant bygning frå korsfarartida inneheld her både den kristne Nattverdssalen / Øvresalen (The Cenacle) og den jødiske Kong Davids grav. Biletet viser litt av Nattverdssalen.
I går var det forhandlingar mellom Vatikanet og representantar for staten Israel om retten til å disponera denne staden. Møtet i går var bare eitt av mange møte i langvarige og vanskelege forhandlingar mellom Israel og Vatikanet om ulike kyrkjelege eigedomar og stadar i Israel.
Vatikanet skal ha uttrykt sitt ønske slik i 2005:
“The State of Israel hands over to the Holy See the use of the Cenacle [the Last Supper room], of the access path to it, and of the spaces adjacent to it… It is the Holy See’s intention to inform the Bishops – and through them the world’s Priests – that the Catholic Church has been given the use of the Cenacle, inviting them to visit the Holy Place together with their faithful… The Holy See hands over this use of the Cenacle to the Custody of the Holy Land [which acts on behalf of the Holy See]… [which] will keep the Cenacle open from 6 AM to 8 AM for the celebration of the Holy Mass… Official liturgical celebrations of non-Catholic Churches can take place only upon prior written permission by the Custody of the Holy Land.”
Det er ikkje nokon teikn til at Israel har planar om å oppfylla dette ønsket. Situasjonen er som nemnt at Nattverdssalen ligg i andre etasje i eit historisk bygg som også huser Kong Davids grav, ein av dei viktigaste heilag stadane i jødedommen! Heile bygningen er under israelsk herredøme. Nattverdssalen står open for kristne som kjem dit, – eg har vore der mange gonger. Men det vakre rommet er dessverre tomt og utan nokon form for kyrkjeleg innhald eller personell.
Her kan du lesa heile meldinga No Mt. Zion Deal om forhandlingane, sendt ut av IsraelNationalNews.
Den aktuelle bygningen på Sionshøgda har ein viktig posisjon i kristen tradisjon. Staden blir tradisjonelt knytt både til innstiftinga av nattverden og til pinseunderet. Og ikkje nok med det; arkeologen Bargil Pixner argumenterte for at dei eldste murane stammer frå ein synagoge som blei nytta av apostlane og dei første kristne i Jerusalem! Dette kan du lesa meir om i hans artikkel Church of the Apostles found on Mt. Zion. Det skal rett nok seiast at dette ikkje er ein alment anerkjent teori. Det som er sikkert er at bygningen som huser både Davids grav og Nattverdssalen, er frå korsfarartida. Men dei eldste murane er opplagt mykje eldre!
Legg att ein kommentar » |
Bibelsk arkeologi, historie og geografi, Israel og dei palestinske områda, Jerusalem | Merka som: Cenacle, Jerusalem, Sion |
Direktelenkje
Posta av Arne
26/04/2009
Ein stein med eit lite fragment av hebraisk tekst frå 700-talet f. Kr. blei for ei tid sidan funnen nær Gihonkjelda i det eldste Jerusalem. Funnet er i går omtalt i ein artikkel i ScienceDaily:
Fragment Of Hebrew Inscription From Period Of Kings Of Judah Found
A fragment of a limestone plaque bearing several letters of ancient Hebrew script was discovered while sifting soil that was excavated in the vicinity of the Gihon Spring, within the precincts of the “Walls around Jerusalem National Park”. (Les meir og sjå foto)
(via PaleoJudaica)
Legg att ein kommentar » |
Bibelsk arkeologi, historie og geografi, Israel og dei palestinske områda, Jerusalem |
Direktelenkje
Posta av Arne
06/04/2009
Getsemane er eit kjent stadnamn frå Bibelen, knytt til Jesu lidingshistorie.
Biletet viser Oljeberget som ligg aust for Gamlebyen i Jerusalem. Getsemane er namnet på området ved foten av denne høgda. Det er umogleg å vita kor stor Getsemanehagen var på Jesu tid. Namnet blir i dag brukt om området ved Getsemanegrotta (til venstre på biletet, ovanfor vegen som går på tvers), Alle Nasjonars kyrkje (den store kyrkja med mosaikk i gavlen) og den russiske kyrkja med gullkuplar lenger oppe i bakken.
Les me bibelforteljingane nøye, ser me at Jesus og disiplane truleg relativt ofte var samla i Getsemane. Dei budde ikkje fast i Jerusalem, men reiste nok som jødar flest tre gonger i året til byen i dei store høgtidene. Då var det fullt av folk i Jerusalem, og det er ikkje unaturleg at dei hadde ein eller fleire faste samlingsstadar. Kanskje dette var ein slik stad? (Les meir)
Dei fleste som kjem til Getsemane, konsentrerer seg om den katolske Alle Nasjonars kyrkje og om ein liten hage med eldgamle oliventre utanfor kyrkja. Denne kyrkja blei bygd i 1924 over ruinane av ei kyrkje frå 300-talet. Framfor altaret kjem det ei flat klippe opp av golvet, og tradisjonen fortel at det var her Jesus hadde si avgjerande bønekamp. (Les meir)
Tradisjonen knyter Getsemanegrotta til Jesus og disiplane, og fortel at dette var deira opphaldsstad, og kanskje òg overnattingsstad, når dei var i Jerusalem. NT fortel at disiplane sovna i Getsemane mens Jesus kjempa sin avgjerande kamp i bøn eit steinkast unna. Kanskje sov dei, fordi dei var vane med å sova på denne staden? (Les meir)
Legg att ein kommentar » |
Bibelsk arkeologi, historie og geografi, Israel og dei palestinske områda, Jerusalem, Jesu lidingshistorie, Jesus | Merka som: Getsemane |
Direktelenkje
Posta av Arne
06/04/2009
Israelske arkeologar har sett i gang eit tverrfagleg prosjekt for konservering av Klagemuren. Arbeidet vil visstnok pågå i to månadar.
Her gjeld det å ikkje gjera noko feil; alt arbeid her må ta omsyn til at området er eit minefelt, både religiøst og politisk.
Men arbeidet er følsomt, også ut frå reint jødisk tankegang:
In touching the stones of the Western Wall the conservators of the Israel Antiquities Authority are touching what has been the very heart of Jewish heritage for generations.
(Les heile pressemeldinga)
Den israelske avisa Haaretz skriv:
Israeli archaeologists are inspecting the Western Wall stone by stone in a new conservation effort at the Jewish holy site.
The oldest stones were laid 2,000 years ago as part of the retaining wall of the Jewish Temple, and the newest by the Ottomans – who ruled the area until 1917.
Israeli Antiquities Authority archaeologist Jon Seligman says the work aims to make sure stones don’t collapse on those praying below.
On Sunday workers on a platform cleaned stones near the top of the 20-meter high wall, which is a religious flash point. The authority says work will likely continue for two months.
Jews sanctify the raised area above the wall as the Temple Mount, their holiest site. To Muslims it is the Noble Sanctuary, their third-holiest place.
(via PaleoJudaica)
Oppdatering: Sjå dette fotoessayet frå arbeidet ved Klagemuren, frå IsraelNationalNews.
Legg att ein kommentar » |
Bibelsk arkeologi, historie og geografi, Israel og dei palestinske områda, Jerusalem | Merka som: Jerusalem, Klagemuren, Tempelplassen, Vestmuren |
Direktelenkje
Posta av Arne
23/02/2009
I programmet for Israelsturen som Inger og eg skal vera reiseleiarar for i oktober, står det slik om ein av dagane:
Me begynner dagen ved den berømte Klagemuren / Vestmuren, som i dag er den mest heilage staden for jødane i Jerusalem. Plassen framfor Klagemuren fungerer i dag som ein friluftssynagoge, der det alltid er jødar samla i bøn. Her får me også eit inntrykk av tempelplassen og restane av murane rundt tempelet frå Jesu tid. Dersom det er mogleg, tar me også turen opp på tempelplassen.
Biletet, som Inger tok for tre veker sidan, viser det aktuelle området. Klagemuren ligg bak gangbrua som fører opp til tempelplassen. Den blå Klippedomen med gullkuppel er den vakre muslimske heilagdomen (frå rundt år 690) som nå står der tempelet stod på Jesu tid. Biletet viser kor små avstandar det er mellom desse heilagstadane.
Det er ulike måtar å omtala denne muren på. Eg er vant med å bruka Klagemuren, men vekslar nok av og til også med å bruka Vestmuren.
Det hebraiske namnet er HaKotel HaMa’aravi ( הכותל המערבי ) eller bare HaKotel, med trykk på siste staving.
På engelsk brukar ein i Israel The Western Wall. Dette er eit namn som viser til at muren er ein del av dei gamle murane rundt tempelplassen frå kong Herodes si tid. Klagemuren er eit namn som blir brukt av ikkje-jødar. Namnet blei visstnok introdusert av britane i 1917 (The Wailing Wall, som også kunne vore omsett Gråtemuren på norsk).
En utbredt misforståelse – og opprinnelsen til betegnelsen «klagemuren» – er at disse bønnene er sorgfulle påminnelser om tempelets ødeleggelse. I den utstrekning at bønner refererer til dette bestemte stedet, har det sammenheng med et ønske om en messiansk tid der det blir fred og tempelet bygges igjen. (Wikipedia)
Den som kjenner forholda i Gamlebyen i Jerusalem, veit at dette er ein stad med ei heilt spesiell tyding for jødane. Samtidig er det ein svært krevjande stad med tanke på å få til fred mellom religionar og folkegrupper. Wikipedia-sitatet ovanfor viser det til fulle; her blir den messianske tid, som i følgje jødisk tru ennå ikkje har kome, knytt til tanken om å gjenreisa tempelet på tempelplassen.
Eg har høyrt at ein i diplomatiske kretsar vil vera forsiktig med å nytta namnet Vestmuren. Dette fordi det knyter så sterke band til det historiske faktum at jødane sitt tempel i bibelsk tid stod på tempelhøgda (noko som fleire muslimske miljø utruleg nok prøvar å fornekta), men også fordi det implisitt i namnet kan liggja ein tanke om at Israel skal ha heile den vestre muren rundt tempelplassen. Det meste av “vestveggen” går i dag gjennom det muslimske kvarteret i Gamlebyen. Dersom ein skal følgja ein slik tankegang, vil Klagemuren vera eit meir forsiktig uttrykk i den politiske situasjonen.
Dette er, som de forstår, komplisert. Til alt overmål har eg dei siste dagane blitt merksam på at også omtalen av muren som “den mest heilage staden”, kan vera kontroversiell. Det viser seg at ein i nokre jødiske miljø vil seia at det bare er sjølve tempelberget, der tempelet stod, som kan kallast den mest heilage staden i jødedomen. BBC har faktisk nyleg måtta orsaka seg etter ein tilsvarande omtale som den me har stått for i turprogrammet, sjå her.
Sidan eg i dette notatet har nemnt tanken om ei gjenoppbygging av det jødiske tempelet på tempelplassen, vil eg presisera kva eg sjølv står for her. Det finst ultraortodokse jødiske retningar som arbeider for å gjenreisa tempelet. Ein omtalar då dette som “det tredje tempelet”. Dessverre er det kristne som støttar denne tanken. Eg meiner det bør vera uaktuelt for kristne å støtta eit slikt prosjekt, både av politiske og teologiske grunnar.
(Notatet er oppdatert 24.02.2009)
Legg att ein kommentar » |
Bibelsk arkeologi, historie og geografi, Israel og dei palestinske områda, Jerusalem | Merka som: Gamlebyen, Klagemuren, Tempelplassen, Vestmuren |
Direktelenkje
Posta av Arne
14/02/2009
Seks amerikanske studentar som har vore med på viktige arkeologiske utgravingar i Jerusalem, fortel i Edmond Outlook om kva dei har opplevd. Eg går ikkje god for alle vurderingane deira og veit ingenting om magasinet som dei uttalar seg til, men merkar meg entusiasmen og iveren som dei fortel med:
Working with Dr. Eilat Mazar, one of Israel’s top archaeologists, Brent Nagtegaal, Edwin Trebels, John Rambo, Jeremy Cocomise, Brandon Nice and Victor Vejil made significant finds. The first, the Wall of Nehemiah, dates back to the 5th-6th century B.C. The second, a tunnel associated with the palace of David, points even farther back in time to 1,000 B.C., giving the Bible historical credibility in the academic community that it hasn’t enjoyed in years.
Archaeology isn’t clean work. Says Rambo, “It’s dirty, it’s cramped, but the excitement of finding what lies around the corner keeps you going. After we explored the whole thing we wanted to get the debris out of the way so we could see where the tunnel led. The excitement of that keeps you interested the whole day. When we were working underground for eight hours it seemed like four hours and the day would go by and then the sun was going down.”
Their discovery may lead to still bigger, more amazing discoveries. “When we think about the tunnel, we think about all the what-ifs, all the possibilities relating to this tunnel,” says Vejil. “Dr. Mazar thinks it may lead to a pool called the “artificial pool,” mentioned in the book of Nehemiah. That would be a great find and could lead to further excavation. If the tunnel goes north, we know that may lead to the location of the Temple. We always have these big expectations that keep us excited, keep us motivated. But you never know until you excavate it.”
(les meir)
Legg att ein kommentar » |
Arkeologi, Bibelsk arkeologi, historie og geografi, Israel og dei palestinske områda, Jerusalem |
Direktelenkje
Posta av Arne
27/01/2009
Det blir stadig gjort interessante arkeologiske funn i utgravingane i og rundt Davidsbyen i Jerusalem. I går offentleggjorde Israel Antiquities Authority funnet av ein spesiell og interessant marmorfigur frå ca 200:
An 1,800 Year Old Marble Figurine in the Image of a Bearded Man, probably that of a Roman Boxer, was Discovered
The figurine was used as a suspended weight together with a balance scale. This is probably the only find of its kind from excavations in the country.
A figurine (bust) made of marble depicting a miniature image of a bearded man’s head was discovered in the excavations that the Israel Antiquities Authority is conducting in the area of the Givati car park in the City of David, in the Walls around Jerusalem National Park. (les meir og sjå bilete)
Oppdatering 28.01: Figuren er ca 5 cm stor. Sjå artikkel med bilete som viser storleiken her.
Legg att ein kommentar » |
Arkeologi, Israel og dei palestinske områda, Jerusalem |
Direktelenkje
Posta av Arne
05/12/2008
Kva veit eg eigentleg om klimaet på Jesu tid? Dette spørsmålet stilte eg meg i eit tidlegare notat her på bloggen i samband med at ein forskar kom med den festlege teorien at Jesus ikkje gjekk på vatnet, men på isen.
I dag kom eg over informasjon om eit anna (og truleg meir seriøst) forskingsprosjekt som undersøkjer klimaendringar med utgangspunkt i stalagmittane i grotta Soreq Cave nær Jerusalem. Ved målingar av stalagmittane kartlegg desse forskarane utviklinga i klimaet i perioden frå 200 f Kr til 1100 e Kr. Artikkelen som fortel om prosjektet, gjer eit nummer av ein mogleg samanheng mellom klimaendringar og Romarriket (og seinare det bysantinske riket) sitt fall.
Sjølv blei eg meir nysgjerrig på kva denne forskinga kan seia oss om klimaet i regionen på Jesu tid.
PhysOrg.com skriv:
The decline of the Roman and Byzantine empires in the Eastern Mediterranean more than 1,400 years ago may have been driven by unfavorable climate changes.
Based on chemical signatures in a piece of calcite from a cave near Jerusalem, a team of American and Israeli geologists pieced together a detailed record of the area’s climate from roughly 200 B.C. to 1100 A.D. Their analysis, to be reported in an upcoming issue of the journal Quaternary Research, reveals increasingly dry weather from 100 A.D. to 700 A.D. that coincided with the fall of both Roman and Byzantine rule in the region.
The researchers, led by University of Wisconsin-Madison geology graduate student Ian Orland and professor John Valley, reconstructed the high-resolution climate record based on geochemical analysis of a stalagmite from Soreq Cave, located in the Stalactite Cave Nature Reserve near Jerusalem.
“It looks sort of like tree rings in cross-section. You have many concentric rings and you can analyze across these rings, but instead of looking at the ring widths, we’re looking at the geochemical composition of each ring,” says Orland. (Les meir)
(via PaleoJudaica)
Legg att ein kommentar » |
Bibelsk arkeologi, historie og geografi, Israel og dei palestinske områda, Jerusalem, Jesus, Kyrkjeåret | Merka som: Jesus, klima, Soreq |
Direktelenkje
Posta av Arne
29/11/2008
Caspari Center i Jerusalem utrustar neste generasjon av Jesus-truande jødar. Les senteret sitt siste nyhetsbrev (på norsk!) her.
Nyhetsbrevet har denne gongen hovudfokus på dei messianske jødane med etiopisk bakgrunn.
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon, Israel og dei palestinske områda, Jerusalem, Messiansk jødedom | Merka som: Caspari Center, messiansk |
Direktelenkje
Posta av Arne