Jom Kippur

27/09/2009

I kveld blei markeringa av Jom Kippur, den store soningsdagen i jødisk tradisjon, innleia. Les meir.


Tempelmodell i Jerusalem

08/08/2009

Det er nyleg laga ein stor modell av “Det andre templet” i Jerusalem, det vil i denne samanhengen seia kong Herodes sitt tempel som stod i Jerusalem på Jesu tid. Modellen er plassert på taket av ein yeshiva (jødisk “bibelskule”) i Gamlebyen, nær tempelhøgda og med god utsikt til denne staden der templet stod fram til år 70. Modellen er sjølvsagt interessant, men plasseringa vil truleg kunne verka provoserande.

Arutz-7 skriv:

The model, built at a scale of 1:60, was built by Michael Osanis for the Aish HaTorah Yeshiva in Jerusalem’s old city, and is displayed on the roof of its new museum, which at seven stories above the Western Wall plaza has a breathtaking view of the Temple Mount.

(Les meir og sjå film frå monteringa av modellen)

Sjå også kommentaren til Ritmeyer Archaeological Design.


Norske jødar og staten Israel

03/06/2009

Den norske historikaren Vibeke Kieding Banik har undersøkt kva opprettinga av staten Israel i 1948 fekk å seia for dei norske jødane.

Forskning.no skriv:

Opprettelsen av Israel ga etterkrigstidens norske jøder en ny verdighet og lot dem føle seg enda mer norske, ifølge ny doktorgrad.

(…)

Vibeke Kieding Banik disputerte 15. mai for ph.d.-graden med avhandlingen “Solidaritet og tilhørighet. Norske jøders forhold til Israel 1945-1975″ ved Institutt for arkeologi, konservering og historie, Universitetet i Oslo.

Les meir


Jødisk og kristen påske

08/04/2009

Etter jødisk kalender er det 14. Nisan i dag, og frå solnedgang i kveld er det 15. Nisan. Det betyr at denne kvelden er påskeaftan i jødisk samanheng og at påskemåltidet (her) blir feira i jødiske heimar i kveld. Pesach, den jødiske påsken, er først og fremst ei feiring av Exodus, utgangen av Egypt, slik den er skildra i 2. Mosebok. Men det er også ei feiring som inneheld håp om ei komande messiansk tidsalder.

Eg har påskeferie og skal dei neste dagane feira kristen påske. Den kristne påskehøgtida har djupe jødiske røter, samtidig som Jesu død og oppstode i påsken gav høgtida eit nytt innhald.  Eg feirar påske med å delta i gudstenester dei ulike heilagdagane og med å fordjupa meg i påsken sitt innhald. Samtidig er fellesskapet i familien viktig desse dagane. Påskedagen (søndag) då me feirar at Jesus er stått opp, er høgdepunktet i den kristne påsken. Men påskedagen begynner med feiringa av påskenattmessa seint på kvelden påskeaftan (laurdag).

Før påske har eg i år vore med og feira kristent påskemåltid i bibelsk/jødisk tradisjon. Dette er ein relativt ny tradisjon som kjem frå messiansk-jødisk miljø (dei Jesustruande jødane) og som også er tatt i bruk av andre kristne som er opptatt av trua sine jødiske røter. Eg syns dette påskemåltidet er ein fin skikk som får fram fleire sider ved den kristne påskefeiringa. (Her kan du lesa det eg tidlegare har skrive om påskemåltidet på bloggen).

Eg les for tida Meliton av Sardes: Om påsken. Meliton var biskop i Sardes (i dagens Tyrkia) i det 2. hundreåret e. Kr. Påskeboka hans frå 170-talet gir  eit innblikk i påskeforkynninga i oldkyrkja. Oskar Skarsaune har omsett boka og skrive ei interessant innleiing om Meliton og boka hans. I den samanhengen skriv han også om Meliton sitt forhold til dei jødiske røtene for påskefeiringa.

Her er eit avsnitt der Skarsaune skriv litt bakgrunnsstoff om den jødiske påsken:

Men aller først må vi minne om noen viktige data med hensyn til den jødiske påsken. Den jødiske påskefesten bestod helt fra gammeltestamentlig tid av to komponenter (som muligens en gang var to forskjellige fester; det tror i hvert fall mange forskere). For det første er det påsken i streng forstand (hebraisk: pesach, aramaisk: pascha), festen omkring ofringen av påskelammet. Ifølge forskriftene i 2 Mos 12, kapitlet om den første påsken, skal påskelammet ofres på ettermiddagen den 14. dag i den måneden som senere fikk navnet Nisan. Etter solnedgang samme dag skal lammet spises i et familiemåltid. Siden jødene alltid regnet en ny dags begynnelse fra solnedgang, var da neste dag, den 15. Nisan, allerede begynt. Samtidig var 15. Nisan første dag i den andre komponenten i påskefesten, de usyrede brøds høytid, som varte én uke (15.-22. Nisan). Påskelammet kunne bare ofres i tempelet i Jerusalem; når jøder andre steder feiret påske, falt ofringen av påskelammet bort. Det gjorde den også i Jerusalem etter at templet ble ødelagt av romerne i 70 e. Kr. Påskefesten uten slakting av påskelam begynte derfor strengt tatt først etter at 14. Nisan var slutt, med et påskemåltid uten lam. Denne aftenen har siden vært kalt “påskeaften” blant jødene.

Eg syns dette avsnittet om dei to komponentane, var avklarande. Likevel må ikkje dette få oss til å tru at det er to jødiske fester, verken i gamaltestamentleg tid, på Jesu tid eller i vår tid. Det er nettopp komponentar, altså delar av ein heilskap, det dreier seg om. Evangelistane bak dei tre synoptiske evangelia skriv at påskelammet blei slakta den første dagen i høgtida med usyra brød (Matt 26,17, Mark 14,12 og Luk 22,7). Det verkar då som om dei nyttar dette namnet om heile høgtida, frå og med 14. Nisan. Eller at dei i alle høve inkludererer avslutninga av denne dagen (dvs ettermiddagen), då påskelammet skulle slaktast, i høgtida med usyrt brød. Elles pirkar eg her borti eit anna interessant tema, nemleg kva dag i påskehøgtida Jesus døydde. Men det let eg liggja i denne omgangen.

Eg avsluttar med ei av skildringane i NT av Jesu påskemåltid med disiplane, der han gjer noko overraskande og innstiftar eit nytt måltid i ramma av det jødiske påskemåltidet:

Då tida kom, gjekk Jesus til bords og apostlane med han. Og han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemåltidet i lag med dykk før eg skal lida. For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta påskemåltidet før det har fått si fullending i Guds rike.» Så tok han eit beger, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk. For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.» Så tok han eit brød, takka og braut det, gav dei og sa: «Dette er min kropp, som blir gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.» Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: «Dette begeret er den nye pakt i mitt blod, som blir aust ut for dykk. (Luk 22,14-20)

Og slik skriv Paulus om kva nattverdmåltidet betyr:

Velsigningsbegeret som vi velsignar, gjev det ikkje del i Kristi blod? Brødet som vi bryt, gjev det ikkje del i Kristi kropp? Fordi det er eitt brød, er vi alle éin kropp. For vi har alle del i det eine brødet. (1. Kor 10,16-17)


Shavuot, jødisk pinsefest

08/06/2008

I kveld begynner den jødiske pinsefesten Shavuot. Festen varer i eitt døgn i Israel og i to døgn i resten av verda.

Jødane feirar pinse til minne om lovgjevinga på Sinai. I gamal tid var det dessutan ein innhaustingsfest. I vår tid fungerer den som ein vårfest og synagogane blir pynta med blomster og grønt. Shavuot blir feira sju veker (50 dagar) etter påske, og er kalla vekefesten. Ordet pinse kjem frå det greske ordet pentekosté som betyr den femtiande.

Den israelske nyhetstenesta Arutz Sheva skriv i dag om festen, og har også med ein del lenker til forskjellige aktuelle nettsider. Dei fortel at jødar over heile verda vil vera vakne i natt og studera Torah’en (Mosebøkene), anten i grupper eller individuelt:

Jews throughout the world will stay awake all night studying Torah in classes, study-pairs, or individually, and tens of thousands are expected to arrive at the Western Wall for sunrise festival prayers. First-fruit ceremonies will take place in many kibbutzim throughout the country. In the Mirkavot Latrun park, thousands of people are expected to take part in the Fruits and Agricultural Equipment Convoy on Sunday.

On Monday, the public Torah reading in synagogues features the Divine revelation of the Ten Commandments, which are the basis for ethical behavior throughout most of the world. (les meir)


Israelske bokbål

04/06/2008

Det har denne veka vore avisoppslag om det som kan tyda på ein aukande motstand mot messianske jødar i Israel. Det er enkelte ortodokse miljø som går hardt ut mot dei Jesustruande jødane, og dei er villige til å bruka sterke verkemiddel.

Vårt Land skriv:

Politiet i Israel etterforsker nå hvorfor flere hundre nytestamenter ble brent i byen Or Yehuda for to uker siden.

Byens viseborgermester, Uzi Aharon, har uttalt at han samlet flere hundre testamenter for å hindre spredning av kristen litteratur. Foreløpig benekter han å stå bak bibelbålet. Aharons har sagt til CNN at tre tenåringer tente på nytestamentene, og at han ikke var tilstede da det skjedde.

– Bibelbrenningen er ett av flere eksempler på ortodokse jøders reaksjon på misjonsvirksomhet. De opplever Det nye testamentet som en bok som angriper jødedommen, sier Rolf Gunnar Heitmann, generalsekretær i Den Norske Israelsmisjon. (les meir)

Det er ikkje vanskeleg å vera kristen i Israel, bare ein ikkje er jøde! Det som skapar uro er at dei messianske jødane hevdar at det er fullt mogleg å vera jøde og samtidig tru på Jesus. Ja, dei seier at Jesus er den Messias som profetane har talt om, og at dei slett ikkje blir mindre jødiske når dei trur på oppfyllinga av profetiane!

Nå er det positive teikn som tyder på at dei messianske jødane gradvis blir meir aksepterte i det israelske samfunnet. Men samstundes tilspissar altså situasjonen seg i forhold til dei sterkaste motstandarane av denne utviklinga.

Eg ønskjer å følgja med i denne situasjonen. Det er svært viktig å halda fram at religionsfridomen i Israel også må gjelda for dei messianske jødane. Og det er viktig å støtta dei i deira syn på at det ikkje er ein motsetnad mellom å vera jøde og å tru at Jesus er jødane sin Messias og verda sin Frelsar.

For den som vil vera godt orientert om dei messianske jødane sin situasjon i Israel, anbefalar eg Caspari Center Media Review, eit nyhetsbrev med samandrag frå aktuelle israelske aviser:

The Media Review, a Caspari Center exclusive, is an English-language synopsis of articles originally published in the Israeli press and focusing on Messianic Jews and Christianity.


Bob Dylan, jøde og kristen

28/05/2008

Bob Dylan er aktuell her i Rogaland for tida. Denne veka held han konsert på Viking stadion i Stavanger med 19.000 til stades. Han er ute på sin “Never Ending Tour”.

Dette er ein artist som har levert mange viktige tekstar. Han begynte som protestsongar for ca 45 år sidan og har sidan vore innom mange sjangrar. Ein artikkel på Wikipedia prøver å formulera betydninga han har hatt:

Bob Dylan forandret populærmusikken på to viktige punkter. Han økte betydningen av sangtekstene, og han gjorde det klart at sangstemmen ikke var det viktigste. (les meir)

Eg syns dessutan det er av interesse at han har tydelege bibelske referansar i mange av tekstane sine. Ein periode, etter ei sterk åndeleg oppleving i 1978, var han rett og slett forkynnande på konsertane sine. Dette har han sidan endra på, men han skal likevel ikkje ha tatt avstand frå den kristne trua.

For meg, og sikkert for fleire av lesarane av denne bloggen, er det også av interesse at han er ein jøde som vedkjenner seg trua på Jesus. Det siste nummeret av Misjonsblad for Israel, nr 3/2008, har ein artikkel om denne sida ved artisten. Det er redaktør Ingvill Egeli Olsen som skriv, og ho støttar seg på uttalar frå Sven Aasmundtveit. Ho skriv blant anna:

Bob Dylan vokste opp som en del av det jødiske miljøet i Minnesota, USA. Begge Bob Dylans foreldre var jøder, og artistens fødenavn var Robert Allan Zimmermann. Besteforeldrene var innvandret fra Odessa, Ukraina til USA.

- Familien var et sted mellom nominelle jøder og bevisste. Moren forteller at han fløy rundt på kristne vekkelsesmøter i oppveksten. Men han var nok mest knyttet til det jødiske miljøet, forteller Bob Dylan-kjenner Sven Aasmundtveit.

Aasmundtveit forteller at Bob Dylan allerede før sin radikale omvendelse godt kjente både den jødiske og den kristne Bibelen. I arbeidsrommet lå Bibelen oppslått konstant. Flere av artistens tekster har bibelske referanser.

Dette er Jesusvekkelsens tid, og Bob Dylan samarbeider med flere kristne artister (…)

Og på slutten av 1978 får Bob Dylan sitt åndelige gjennombrudd. Under en konsert kaster en publikummer et kors opp på scenen. Bob Dylan plukker det opp og tar det med seg. Et par dager senere opplever han på hotellrommet at Jesus er på rommet hans. Og der tar Dylan imot troen.

(…)

Samtidig fornekter han ikke sin jødiske bakgrunn. Han har hatt jødisk konfirmasjon for ett av barna sine. Jews for Jesus er aktive rundt konsertene hans.

Etter hvert blir det kristne budskapet mindre framtredende. Bob Dylan forkynner ikke lenger fra scenen. Men Aasmundtveit understreker at han ikke tar avstand fra troen.

- Selv om Dylan forlot den tydelige forkynnelse og det kristne aspektet ble mindre fremtredende, sluttet Dylan aldri å bruke bibelske referanser i tekstene sine, understreker Aasmundtveit.

Eg veit ikkje nok om Bob Dylan til å vurdera hans religiøse utvikling og kan derfor ikkje gå god for desse uttalane. Men eg syns han er ein spennande artist som har mange flotte songar. Og eg syns det er interessant å leggja merke til at han, som høgt profilert artist, har vore tydeleg på at trua på Jesus er aktuell, også for ein som har jødisk bakgrunn.


Boikott pga messiansk jøde?

04/05/2008

The beauty of the Jewish world is the diversity.

Dette er sagt av ein israelsk advokat som argumenterer for dei messianske jødane sin rett til å sjå på seg sjølv som jødiske.

Men dette er ikkje allment godtatt i Israel. Tvert imot blir dei messianske jødane i enkelte mektige miljø heller oppfatta som ein rød klut. Spesielt er antimisjonsorganisasjonen Yad L’Achim ein aktiv motstandar. Dette dreier seg om ortodokse jødar som ikkje godtar at det er mogleg å vera jøde og samtidig tru at Jesus er Messias.

Nå har motstanden mot dei messianske jødane fått ny publisitet i Israel. Jerusalem Post fortel at antimisjonsorganisasjonen har gått til det uvanlege skrittet å oppfordra til boikott av ein årleg og populær bibelkunnskapskonkurranse, fordi det viser seg at ein av finalistane er messiansk jøde.

Vårt Land har saksa saka frå Jerusalem Post (men omtaler den aktuelle kvinnelege finalisten Bat-El Levi som mann!):

Calev Myers, leder for en gruppe advokater som representerer messianske jøder, kaller boikottaksjonen et tegn på svakhet.

– Hvis deltakelsen til én messiansk jøde er nok til å ryste verdenen til disse rabbinerne, er det et tegn på at fundamentet deres er svakt, sier han.

– Det er på tide at de blir fratatt monopolet på å definere hvem som er jøder, sier Myers. (les meir)

Den avsluttande kommentaren til advokaten Myers er litt meir utfyllande i den israelske avisa. Han framhever her mangfaldet i den jødiske verda som noko verdifullt:

“It is about time that they stop having a monopoly over determining who is a Jew. The beauty of the Jewish world is the diversity. If you can still be considered a Jew even if you believe that the Lubavitch Rebbe [Menachem Mendel Schneerson] is the messiah, the same thing should hold true if you believe Jesus is.” (Les heile meldinga i Jerusalem Post her)

Sjølv om den veksande messianske rørsla framleis utgjer mindre enn 2 promille av den jødiske befolkninga i Israel, har den i det siste blitt meir synleg og faktisk også i større grad enn tidlegare blitt akseptert. Det skal derfor bli interessant å sjå kva som vil skje i opinionen i denne saka.


Julius Paltiel (1924-2008)

13/03/2008

Den norske jøden Julius Paltiel døde 7. mars og blei bisatt i går i Trondheim. Han var ein av dei norske jødane som overlevde opphald i Auschwitz. Dei siste åra har han brukt mykje tid og krefter på å fortelja skuleelevar og andre om kva han opplevde under krigen. Han var svært tydeleg på å formidla at dette aldri må få skje igjen.

Eg møtte Julius Paltiel sist sommar. Han tok imot utsendingar til Israelsmisjonen sitt landsmøte i det jødiske museet i Trondheim (som han har vore med og bygd opp) og viste oss rundt der. Seinare same dag hadde han ei helsing til landsmøtet.  Det gjorde inntrykk å møta denne mannen!

I 2004 blei han utnemnt til ridder av St. Olavs orden for innsatsen han har gjort. I går var fleire representantar for det offisielle Norge, mellom andre kongen, til stades i bisetjinga hans (sjå bilete).


Mosaisk???

12/12/2007

Veit du kva Det Mosaiske Trossamfund er? Namnet på det jødiske fellesskapet i Norge er nok ikkje særleg godt kjent. Den danske avisa Kristeligt Dagblad fortel at jødane der planlegg ei namneendring. Forslaget går ut på å endra namnet til Det jødiske Samfund i Danmark:

– For nogle jøder er det en hindring, at ordet trossamfund indgår i
navnet, og spørger man almindelige mennesker på gaden, er jeg sikker
på, at mange ikke aner, hvad Mosaisk Troessamfund er, siger han. (les meir)


Chanukka

05/12/2007

I dag har den jødiske lysfesten Chanukka begynt. Den jødiske kalenderen viser 25. kislev. Festen er ei feiring av makkabérane si erobring og gjenvigsling av tempelet i Jerusalem i 165/164 f.Kr. På 160-talet hadde syrarane vanhelga tempelet med å setja opp ein statue av den greske guden Zevs. Makkabéarane reinska tempelet for dette heidenske overtrampet, og i samband med dette skjedde det i følgje tradisjonen eit under ("oljeunderet").

Festen varer i åtte dagar. Kvar dag tenner ein eit lys på den åttearma chanukkastaken. Lyset blir tent med eit niande lys, tenarlyset. Det er vanleg å gje kvarandre gåver i denne høgtida, tilsvarande våre julegåver.

Det er ikkje nokon direkte linje til vår julefeiring, sjølv om det er visse likskapar. Men som kristne kan me tenkja på at Jesus kom som "det sanne lyset som lyser for kvart menneske" (Joh 1,9).

Les resten av dette innlegget »


Norsk doktorgrad om Dødehavsrullane

23/11/2007

The_shrine_of_the_book
Ein norsk teologisk doktorgrad om Dødehavsrullane, – det er ganske sjeldan kost! Årstein Justnes disputerer 30. november på MF med ei avhandling der han tolkar tre av tekstane frå Qumran.

Elles skriv denne forskaren óg blogg, og eg vil gjerne anbefala innlegget Om å ta doktorgrad, der han har ei tilnærming til temaet som ikkje akkurat er vitskapleg.

Biletet viser The Shrine of the Book, museet for Dødehavsrullane i Jerusalem.

Eg er ikkje spesialist på Dødehavsrullane, men eg har vore ein del gonger i Qumran og eg er fascinert av staden og historia om dei viktige funna (sjå tidlegare relatert stoff på bloggen her). Derfor syns eg det er flott at forskarar studerer dette materialet. På den måten kan me blant anna få meir kunnskap om jødedomen på Jesu tid. For sjølv om ei doktorgradsavhandling ofte bare er lesbar for dei som har mykje kunnskap om emnet frå før, vil den på sikt kunna generera ny kunnskap ut til oss vanlege interesserte lesarar.

Avhandlinga har dessverre ein tittel som ikkje akkurat inviterer til å få fleire lesarar: The Time of Salvation: An Analysis of 4QApocryphon of Daniel ar (4Q246),4QMessianic Apocalypse (4Q521 2), and 4QTime of Righteousness (4Q215a).

Les resten av dette innlegget »


Jom Kippur

22/09/2007

Jødane feirar i dag Jom Kippur, den store forsoningsdagen. Dette er kanskje den aller viktigaste heilagdagen deira. Bakgrunnen finn me blant anna i 3 Mosebok 16:

Dette skal vera ei evig lov for dykk: Den tiande
dagen i den sjuande månaden skal de fasta og ikkje gjera noko slag
arbeid, korkje den som er fødd og fostra i landet, eller innflyttaren
som bur mellom dykk.
For den dagen skal det gjerast soning for dykk, og de skal reinsast for alle syndene dykkar, så de vert reine for Herren. (3 Mos 16,29-30)

I bibelsk tid var offertenesta svært viktig i jødisk tru. Øvstepresten gjorde daglege offer for folket, og på Jom Kippur gjekk han inn i det aller heilagste og skvetta blod på "soningsstaden". På denne dagen blei også folket sine synder lagt over på ein bukk som blei sendt ut i ørkenen som syndebukk! Sjølv om desse skikkane er borte i moderne jødedom, er Jom Kippur framleis ein svært viktig dag i jødisk tru og tradisjon, med vekt på faste og bøn.

Dei messianske jødane (jødar som trur at Jesus er Messias) markerer også den store forsoningsdagen, og dei nyttar høvet til å forkynna at forsoninga har fått ein heilt ny dimensjon gjennom Jesu død og oppstode.

Les resten av dette innlegget »


Vern av Oljeberget

29/08/2007

Oljeberget_oktober_2006 Biletet viser ein del av dei store områda med jødiske graver på Oljeberget i Jerusalem. Knesset arbeider for tida med tanken på å verna området, ikkje minst på grunn av alle gravene. Dette er ein tanke eg forstår godt; gamle gravstadar er viktige minnesmerke, både religiøst og kulturelt. Men eg reknar likevel med at prosjektet kan bli kontroversielt i dagens Israel sidan Oljeberget ligg i det arabiske Aust-Jerusalem.

Arutz-7 skriv:

The Knesset has taken the first step towards legislating the establishment of a new national authority that will preserve, rebuild and protect the ancient Mt. of Olives cemetery.  The bill has passed its preliminary reading, and is being prepared for its additional readings.

The legislation is sponsored by MK Aryeh Eldad (National Union). "Mt. of Olives has been a national site of the Jewish People since the days of the First Holy Temple [which was destroyed 2,500 years ago - ed.]," Eldad explained, "and continues now to be a historic and holy site of primary importance."

Without a national body coordinating efforts on the site’s behalf, "there is no one to preserve it, and no one to prevent illegal construction and vandalism there." 

Mt. of Olives overlooks the Old City of Jerusalem and the Temple Mount, and its summit is crowned by the Intercontinental Hotel. An estimated 20,000 gravesites remain in the ancient cemetery, out of some 70,000 – according to the lower estimates – that were there before the Jordanians took control of the site in 1948. 

Les resten av dette innlegget »


Shavuot – den jødiske pinsen

22/05/2007

Den jødiske pinsehøgtida (Shavuot) begynner i kveld ved solnedgang. Jødane feirar pinse til minne om lovgjevinga på Sinai. I gamal tid var det dessutan ein innhaustingsfest. I vår tid fungerer den som ein vårfest og synagogane blir pynta med blomster og grønt.

Shavuot blir feira sju veker (50 dagar) etter påske, og er kalla vekefesten. Ordet pinse kjem frå det greske ordet pentekosté som betyr den femtiande. Les meir om jødisk pinse her.