Kristkrossen på Njærheim

13/04/2009

Kristkrossen, NjærheimI dag har eg vore med på ei lokal pilegrimsvandring ved havet her på Jæren. Me starta med ei enkel gudsteneste i Stefanuskyrkja på Nærland og gjekk via Håtangen til Kristkrossen på Njærheim.

Kristkrossen er ein av dei gamle steinkrossane her på Vestlandet. Krossen blir datert til ca år 1000, og ein teori er at den er sett opp på ein tidlegare heilagstad, evt gravstad, for å markera overgang til den nye trua.

Krossen står inne på ein gamal kyrkjegard, der Njærheimkyrkja låg frå den eldste kristne tida og fram til 1834.

Arkeologiske Museum i Stavanger har følgjande omtale av staden:

Njærheim kyrkjegard var ein av tre kyrkjestader i Hå prestegjeld i mellomalderen. Kyrkjegarden er orientert aust-vest og er kring 70 x 40 m stor, men noko innsnevra i vestre delen. Han er avgrensa av ein steinmur med ein port i det nordaustre hjørnet. Tidlegare var porten midt på nordre langside. Kyrkja stod omlag midt på kyrkjegarden til ho blei riven i 1834. Fleire steinar i bakken markerer kor kyrkja har stått. På kyrkjegarden er det ingen minne att etter dei gravlagde i dag.

(…)

Sør for kyrkjetufta står ein steinkross av fylittskifer, som er 1,5 m høg og 0,7 m brei over armane. Han blir kalla “Kristkrossen” og skal ha stått på same staden i uminnelege tider. Eit kileforma merke nedst på krossen kan vera ei etterlikning i stein av ein prosesjonskross. Dette merket finst også på minnekrossen over Erling Skjalgsson og ein av steinkrossane frå Tjora kyrkjegard i Sola. Slike krossar er truleg frå byrjinga av 1000-talet. (Les meir)


Hebraiskkurs på Bryne

31/01/2009

Tenner du på ideen om å læra moderne hebraisk? Bur du i nærleiken av Bryne? I så fall kan dette tilbodet vera av interesse for deg.

Journalist Asgeir Ueland, som har budd mange år i Jerusalem, skal ha eit begynnarkurs i moderne hebraisk her på Bryne våren 2009. Det blir samlingar dei fleste torsdagane kl 1900-2045. Kurset startar torsdag 5. februar. Initiativet er tatt i samband med Bryne kyrkjelyd sin planlagte tur til Israel i oktober, men kurset er ope for alle.

Undervisninga følgjer eit opplegg frå universitetet i Jerusalem. Læraren har lova å ta undervisninga i gruppa sitt tempo. Han veit kva det vil seia å læra eit språk der me ikkje kjenner igjen eit einaste ord. Han oppfordrar dei som er interesserte, men som er redd det blir for vanskeleg, til å møta opp første kvelden for å høyra om opplegget.

Interesserte kan ta kontakt med meg (så snart som mogleg!) for å få meir info om pris og kursstad, så kan eg formidla kontakt med Frank, som er initiativtakar og koordinator.

Kontakt meg på mail: berge dot arne (at) gmail dot com


Sjå Bryne frå lufta!

01/12/2008

Her ser du Stavanger Aftenblad sin biletserie med 17 bilete frå Bryne. Bryne kyrkje er med på bilete nr 5.


Leif Andenes

13/11/2008

leif1Ein treng ikkje alltid oppleva alt. Det er viktig å drøyma og, smiler Leif.

Slik siterer Jærbladet (papirutgåva) dagens jubilant. Leif er 75 år i dag. Eg vil gjerne gratulera han her på bloggen.

Kulturperson. Humorist. Boksamlar. Kunstkjennar. Skribent. Opplesar.

Det er mange ord som kan karakterisera Leif. Eg kjenner han først og fremst som venn og som klokkar. Som samarbeidande prest og klokkar gjennom mange år har me hatt utruleg mange gode stunder saman! (Foto: Pål)

Eg gleder meg til laurdag. Då skal han feirast i regi av Bryne Kunstforening.

Oppdatering natt til søndag: Det blei ein kulturkveld av dei sjeldne! Akkurat slik eg hadde venta meg at ein kveld med Leif i sentrum, skulle bli!


Spor i sand

31/05/2008

I kveld gjekk eg tur på Orrestranda for å sjå Spor i sand. Dette er eit gigantisk landskapskunstprosjekt som har involvert over 2700 skuleelevar frå heile Jæren. Elevane har arbeidd med leire og laga relieff som i tekst og teikning (så vidt eg har forstått) skulle visa kva som betyr mest for dei. Og desse relieffa har dei så plassert i svære sandhaugar som formar Garborgsetninga No er eg heime att i runeskrift.

Det var vanskeleg å tolka sandhaugane. Eg kan ikkje nok om runar, dessutan var kunstverket meir enn ein kilometer langt. Men eg såg på nokre av relieffa og her var mykje fint å sjå. Dei hadde eit innhald som sette tankane i sving; det var ei spennande blanding av fredsønske, natur, Jesus, venner, fotball og ein gut (ein liten bror?) som var død berre 4 månadar gamal.

Les meir om kunstprosjektet i lærar og salmediktar Heidi sin blogg (her og her). Elles er sjølvsagt også prosjektet omtalt i Aftenbladet, Jærbladet og på heimesida til Stavanger 2008.


Steinkjerringa

04/05/2008

Eg var på tur til Steinkjerringa i dag. Dette er eit av dei meir originale turmåla her på Jæren. Alle jærbuar kjenner sjølvsagt staden, men av omsyn til andre lesarar, tar eg med denne spesielle historia. Skulpturen, som også blir kalla Mor Norge, står plassert langt inne i heia på Høg-Jæren, i Synesvarden landskapsvernområde.

Det er forresten ikkje sikkert at alle jærbuar har klart for seg teksten som står på skulpturen:

Minn jærbuane um storverk i farne tider

Ver trugne mot land og folk

Slik står det på informasjonstavla som er sett opp på staden:

I 1898-99 arbeidde bilethoggaren S. Neandros (Sigurd Sørendsen) på monumentet “Fortiden” i Stavanger. Meininga hans var at det skulle stå utanfor Kongsgård. Men verket vart ikkje sluttført, og bilethoggaren reiste til Amerika og kom aldri tilbake.

Den halvferdige skulpturen, som vart kalla “Mor Norge”, stod ved Stavanger jernbanestasjon i mange år, og skulle eigentleg øydeleggjast. Men i 1924 sette Emelankton Aadnesen frå Nærbø i gang ein bergingsaksjon. Eit hundretals personar i Nærbø og Varhaug støtta opp med i alt 500 kroner, og statuen vart frakta med tog til Vigrestad stasjon og med bil til Aniksdal. Transporten frå Aniksdal til steinen “Jolosten” 4-5 kilometer inn i heia måtte skje på hardt vinterføre, og tok heile to år. Sjølv om den tre tonn tunge statuen var delt i tre delar, trongst det tre mann og to hestar til arbeidet, og dei sleit ut to sålingar under sleden.

7. juni 1927 vart “Mor Norge” løfta opp på steinen med ein åtte meter høg steinbukk. Der har ho sidan site for å minna jærbuane om “storverk i farne tider”. I daglegtalen fekk ho nemnet “Steinkjeringjå”.


Varhaug gamle kyrkjegard

28/03/2008

Varhaug_gamle_kyrkjegard
I påsken var eg ein tur i flott vinterver på Varhaug gamle kyrkjegard, heilt ute ved kysten her på Jæren. Kyrkjegarden har vore i bruk sidan mellomalderen. Her låg kyrkja for Varhaug sokn gjennom mange hundre år. Den første kyrkja på staden blei truleg bygd på 1300-talet, seinare blei det bygd nye kyrkjer på 1600-talet og 1800-talet. Den siste blei riven i 1905 då den nye Varhaugkyrkja var bygd på Odland. I dag står det eit lite kapell på staden.

“Det er sjelden vi ser evigheten. På Varhaug gamle kirkegård ser vi den.” Slik skreiv journalist og forfattar Per Thomsen etter ei gravferd på staden i 1968. Eg trur eg skjønner opplevinga hans. Dette er ein fascinerande og veldig spesiell stad!

Eg føyer staden til lista over thin places.


Tarjei Vesaas debutantpris

12/03/2008

Nils Henrik Smith frå Bryne har fått Tarjei Vesaas debutantpris for 2007. Gratulerer, Nils Henrik!

Jærbladet skriv:

Det litterære råd kallar romanen vill og ambisiøs. «Manhatten skyline
er ein roman det er vanskeleg å fange i kortfattede beskrivelser. Det
er en fortelling som nekter å falle til ro, som vågalt søker ut over
grenser den selv setter, og den etterlater leseren undrende, rørt og
begeistret», skriv juryen i si grunngjeving.

(…)

Nils Henrik Smith kjem i godt selskap med denne tildelinga. Av andre
kjende norske forfattarar som har fått prisen tidlegare er Lars Saabye
Christensen, Roy Jacobsen, Tor Obrestad og Tore Renberg. (les meir)

Oppdateringar:

Aftenbladet.no skriv også om pristildelinga:

– Dette var selvfølgelig hyggelig. Det er ikke så mye mer å si om den saken,
sier en beskjeden Nils Henrik Smith (27) til Aftenbladet.no.

(…)

– Da jeg fikk vite at jeg fikk prisen, ble jeg glad og overrasket. Alle som
debuterer går rundt og tenker på at de kanskje kan få debutantprisen. Jeg
vet ikke om noen andre debutantpriser som har en tilsvarende posisjon, sier
Smith. (les meir)


Helgedagen nr 1 – 2008

02/02/2008

Siste nr av Helgedagen, det lokale kyrkjelydsbladet vårt, er nå lagt ut på nettet. Av innhaldet vil eg spesielt nemna intervjuet med nytilsett kyrkjelydsprest her på Bryne, Leif Oscar Reiestad.
Les Helgedagen her.


Julefeiring i kyrkja

29/12/2007

Eg har for første gong på mange år feira jul utan sjølv å vera forrettande prest på nokon gudsteneste. Men eg har sjølvsagt delteke på gudstenester i jula, både på julaftan og juledag. Det har vore flotte opplevingar.

I tillegg til den private delen med familiens eigne juletradisjonar, var juledagsgudstenesta i Bryne kyrkje høgdepunktet i feiringa mi dette året. Ei fantastisk festgudsteneste med grundig forkynning og med ei breidde av ytringsformer som gjekk frå prosesjon, røykjelse og gregoriansk musikk til tenåringar som deltok med tekstlesing, song og dans.

Det blir meldt om mykje folk i kyrkjene over heile landet (her). Jærbladet, lokalavisa her på Bryne, hadde følgjande gledelege oppslag i romjula:

Mange på Jæren gjekk i kyrkja julaftan. I Bryne kyrkje var det 200 fleire som gjekk til gudsteneste, samanlikna med i fjor. (les meir)

Det er mange som syns den norske jula blir veldig kommersialisert. Eg er blant dei. For meg er det ei viktig motvekt å la adventstida vera ei førebuingstid og ikkje ei julefeiring på forskot, og så la julefeiringa i kyrkja vera sentral i sjølve høgtida. Dette hjelper meg til å halda fokus på Han som kom og som er grunnen til all feiringa.


Hein

03/09/2007

Nå i sommar har Hein Steinskog slutta som prest i Klepp prestegjeld her på Jæren. Han har vore residerande kapellan i Klepp sidan 1974 (!), og var nå den siste med denne gamle tittelen, i alle høve i vårt bispedøme. Eg blei kjent med han i 1975 då eg kom som eittåring til KFUK/KFUM-arbeidet på Klepp. Seinare kom eg tilbake til Klepp sokn for å arbeida som barne- og ungdomssekretær. Og dei siste fjorten åra har Hein og eg vore prestar i same prostiet. Så me har faktisk hatt ganske mange treffpunkt opp gjennom åra!

Hein kan utruleg mykje om GT. Eg kjenner ikkje nokon prest som på same måten som han, kan gå i djupna i GT-tekstane når det skal forkynnast over dei i kyrkja. Derfor har me i prestefellesskapet vårt ofte brukt hans kompetanse når me arbeidde med GT-tekstar. Dette kjem eg til å sakna nå når Hein har blitt pensjonist.

Nå har han, saman med kona, starta opp Bokstovå te Steinskog.

Menighetsbladet for Klepp (nr 4/2007) har eit godt avskjedsintervju med han. Eg saksar litt frå dette:

(…)

- Fleire gonger har du i talane dine teke oppatt setninga: Gud er meir nådig enn menneske. Kan du seie litt om trua di og kva den betyr for deg i kvardagen?

- Mi tru er dei tre trusartiklane: Gud Fader, Sonen og Den Heilage Ande. Trua er ikkje noko eg kan gripe med handa. Eg er samd med Luther som seier at tvil og tru er tvillingar. Trua mi er der og har vore der, eg har ikkje noko historie som er knytt til ei spesiell hending eller tid i livet mitt. Trua får konsekvensar for livet eg lever. Jærbuen snakkar ikkje så høgt om trua si, dei held seg til dei tre trusartiklane. Me har mykje å læra av vår Herre og sonen hans om korleis behandle menneske. Som menneske vert me både skuffa og kan kjenna på vanskelege følelsar, som gjer at me ikkje alltid er så nådige mot kvarandre. Me må sjå på menneske som det dei er og ikkje slik vi ønsker dei skal vere. For Gud har me alle lik verdi. Gud er nådig og kan frelse alle!

(…)

- Får me sjå deg att eller korleis vert det med pensjonisten Steinskog?

- Som sagt vert eg dreng for kona. Det er ho som er ansvarleg for antikvariatet som me opnar i Kleppekrossen. Der kan eg studere Jærsk kyrkjehistorie og Det Gamle Testamentet. Eg skal sjå nærare på om israelittane sin lærdom frå tida i Babylon og Egypt har kome med inn i Det Gamle Testamentet. Dette gjer eg for å kose meg og av eiga interesse. Samtidig er eg klar for å slå av ein prat når nokon stikk innom. Kontakt med menneske er viktig for meg, det er så mange møtestadar som er på veg ut i vår tid.

(…)

- Er det noko du har lyst å seie til folket i Klepp prestegjeld?

- Ja! Takk for alt godt!


Bokstovå te Steinskog

20/08/2007

I dag var eg for første gong innom Bokstovå te Steinskog. Det passar meg heilt utmerka at det nå er opna eit nytt antikvariat (= ein seriøs bruktbokhandel) her på Jæren, og det til og med av folk eg kjenner! Eg kjem nok iblant til å ta meg ein tur innom Kari og Hein, både for kjøp og sal av brukte bøker og for å slå av ein prat. Kaffi serverer dei også.

Eg kjøpte Edvin Larsson sin kommentar Apostlagärningarna 1-12. Larsson var ein av lærarane eg hadde då eg studerte teologi på MF. Pris kr 75. Ingen upris for ei god bok! Men viktigare var praten med Hein, som eg ikkje hadde sett sidan før sommaren.

For den som bur i nærleiken, kan eg anbefala ein tur innom bokstovå. Den ligg i Hattelandsgården, midt i Kleppekrossen, og har ope kvar dag utanom onsdag.


Pilegrimsvandring

29/07/2007

I dag skal eg leia ei pilegrimsvandring langs Kongevegen på Jæren. Det er eit enkelt og lite krevjande opplegg. Eit par timars vandring langs strendene, med fleire små stopp. Når me stoppar opp, samlar me oss om eit salmevers, ein bibeltekst, tid for stillhet og ei bøn. Undervegs går gjerne folk i smågrupper og slepp den gode praten laus. Eller ein kan velja å gå stille for seg sjølv.

Turen går frå Tusenårsstaden ved Obrestad hamn til Varhaug gamle kyrkjegard. Når me kjem fram, blir me med på Olsokgudstenesta ute på kyrkjegarden, som ligg heilt ute i havgapet.

Frammøte ved Tusenårsstaden søndag kl 16. Gudstenesta på Varhaug begynner kl 19. Turen går sjølvsagt uansett ver, så sant det møter fram folk som vil vera med. Kjem du?

Eg syns naturen er flott langs jærkysten. Her er det mykje hav og mykje himmel. Og det er flott å bruka naturen som samlingsstad i ein kristen samanheng.

Oppdatering søndag kveld: Joda, det blei pilegrimsvandring. Me var 20 personar som trassa vind og kraftige regnbyger, – og som fekk ein fin tur saman.


Gratulerer!

21/05/2007

Medium_time_kulturskule_uten_tekst_ Time kulturskule er i dag blitt utnemnd til demonstrasjons-kulturskule.

Eg vil gjerne vera med blant gratulantane!

Jærbladet skriv under overskrifta Heider til Time kulturskule:

Time kulturskole er utnevnt til demonstrasjonskulturskule i perioden 2007-2009.

I alt var det nominert 11 kulturskular frå ni fylke. Utanom Time var det bare kulturskulen i Tolga kommune som vart utnemnd til demonstrasjonskulturskule under ei samling for alle demonstrasjonsverksemder i Trondheim mandag.

Dei to skulane får ein million kvar i tilskot.

Skulane er valde på grunn av arbeidet med å stimulera og utvikla kreativiteten til barn og unge, og det sterke søkelyset som er gjort på integrering av alle barn og unge.

Juryen har mellom anna lagt vekt på at skulane si allsidige satsing på å gje brukarane tilbod i alt frå judo, afrikansk dans, billedkunst til animasjon.

Det vert også systematisk satsa på inkludering av barn og unge fra ulike kulturar og med psykiske og fysiske funksjonshemninger.


Ny prestestilling på Bryne

14/05/2007

Bryne er i vekst og Bryne kyrkjelyd ønskjer å vera med i utviklinga av byen. Derfor satsar soknerådet nå stort på å oppretta ei ny prestestilling for å arbeida med kyrkjeleg arbeid på Rosseland, den austre delen av Bryne, og for å styrkja ungdomsarbeidet i kyrkja.

Dette er eit eksempel på koss me arbeider innanfor Den norske kyrkja. Sjølv om me er ei "statskyrkje" kan me ikkje sitja og venta på pengar til nye stillingar utan å gjera noko sjølv på lokalplan. Derfor tar kyrkjelyden sjølv ansvar økonomisk for å skapa ei ny stilling som me trur kan bli veldig viktig.

Eg er sokneprest for Bryne sokn og har vore med og starta opp det kyrkjelege arbeidet på Rosseland. Men det er svært begrensa kva tid eg har til dette, i tillegg til alle andre oppgåver i prestetenesta. Derfor er det godt for meg at kyrkjelyden tar dette initiativet og satsar så kraftig på å få dette til.

Les utlysinga med meir info om stillinga her.


Påskefeiring på Jæren

10/04/2007

Jærbladet skriv om at det har vore mykje folk til gudsteneste i påsken her på Jæren. Journalist Helga Hovland hadde ein telefonrunde til kyrkjekontora i føremiddag. Her er eit utdrag frå artikkelen som blei resultatet:

Kirkene på Jæren melder om høye besøkstall i påsken. Særlig palmesøndag og første påskedag var det mange som feiret gudstjeneste.

(…)

Sognepresten i Klepp forteller at det jevnt over har vært mye folk i kirken i påsken. Skjærtorsdag og langfredag var de dagene med minst besøk. Også fungerende prost i Time, Arne Berge, sier at det på flere av gudstjenestene har vært oppgang fra tidligere år.

– I Time kirke har vi en litt spesiell gudstjeneste natt til første påskedag hvor det i år var ca 250 personer. Om lag halvparten av disse var ungdommer. Påskenattsgudstjeneste er blitt en tradisjon i Time kirke som har vart i ca 15 år. Den spesielle gudstjenesten har røtter tilbake til Oldkirken sitt gudstjenesteliv. Gammel liturgi blir koblet med moderne elementer, og mange ungdommer deltar med dans og lovsang. Det er også nattverd under gudstjenesten. Det virker som ungdom har stor sans for denne tradisjonen, og vi har hørt at folk reiser ned fra fjellet for å rekke gudstjenesten, forteller Berge.

Pilgrimsvandring langs havet
Arne Berge trekker også fram pilgrimsvandringen andre påskedag som prostiet arrangerte. 90 personer var i år med å vandret fra Stefanuskirken på Nærland til det gamle korset på Njærheim. Arne Berge hadde små andakter knyttet til påskebudskapet underveis, og Tobias Skretting hadde kulturhistoriske innslag.
– Her i området er det absolutt god oppslutning om kirkens gudstjenester i påsken. Det er den største kirkelige høytiden, og jeg tror folk har en bevissthet om dette. De synes det er viktig å markere den, sier Berge. (Les meir)

Tradisjonen med ei påskenattgudsteneste som samlar så mange, er spesiell for Time og fortener omtale. Likevel må det seiast at det sjølvsagt var langt fleire til gudsteneste på påskedag. Då var det 250 til stades bare i Bryne kyrkje, og den dagen var det jo gudsteneste i alle kyrkjene i distriktet.

Artikkelen var elles relativt korrekt, så langt eg kan sjå, bortsett frå at det ikkje heiter "fungerande prost i Time". Prostiet heiter Jæren prosti og omfattar kommunane Klepp, Time, Hå og Gjesdal.


Påskenatt i Time kyrkje

04/04/2007

Seint laurdag kveld kjem svært mange menneske til Time kyrkje for å feira påskenattgudsteneste. Dette er tradisjon her i Time og kyrkja er fullsett når me samles til denne spesielle gudstenesta som har røter tilbake til Oldkyrkja sitt gudstenesteliv.

Når gudstenesta begynner, er det heilt mørkt i kyrkja. Alle som har kome, har fått eit stearinlys som dei held klart. Så står prosesjonen klar i døra bak i kyrkja, og presten som ber inn det store PÅSKELYSET, roper ut i mørkret:

Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til evig tid. Han er Alfa og Omega, den fyrste og den siste, opphavet og enden. Han skal ha æra, no og i all æve!

Deretter roper presten, på veg opp midtgangen i kyrkja, i alle fire himmelretningar: Kristus, lyset for verda! Etter dette får alle i kyrkjelyden tent sine lys frå påskelyset.

Gudstenesta held så fram med ein spesiell påskelovsong, som også har røter langt tilbake i kyrkjehistoria. Når me her i Time feirar påskenatt, nyttar me delar av den gamle tradisjonen for denne spesielle gudstenesta, men me flettar også inn nye element, som nyare lovsongar og lovsongsdans. Så er også ein stor del av dei som kjem til kyrkja denne natta, unge kristne frå ulike fellesskap her på Jæren. Det er også ungdom som går i prosesjon, les tekstane og er forsongarar.

Me les fire bibeltekstar, som er ein fast del av liturgien for denne natta:

  • Om skapinga av verda (utdrag frå 1. Mos 1-2)
  • Om koss Gud redda Israelsfolket gjennom vatnet ut av Egypt, for oss eit bilete på dåpsvatnet i den nye pakta (utdrag frå 2. Mos 14)
  • Om at vi i dåpen blir eitt med Kristus, slik at hans død blir vår død og hans oppstode blir vår oppstode (utdrag frå Rom 6)
  • Om Jesu oppstode frå dei døde (utdrag frå Mark 16)

Vidare feirar me sjølvsagt nattverd, vårt kristne fellesskapsmåltid. Då tar me i mot den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus på ein svært konkret måte. Og etter velsigninga går me ut på kyrkjegarden og står i ein stor flokk mellom gravene og syng Deg være ære. Då er klokka langt over midnatt, og me kan ønskja kvarandre GOD PÅSKE før me (i alle høve nokon av oss) skal heim og sova nokre timar før det blir PÅSKEMORGON.

Og eg gløymde kanskje å seia det, – også i år er eg så heldig at eg skal få forretta som prest på denne gudstenesta!

Oppdatering: Her er eit referat frå påskenatt på Heidi sin blogg.


Jærnåttå i kyrkja

14/03/2007

Bryne kyrkje samarbeider med musikkfestivalen Jærnåttå og nå er det klart at Stavanger Gospel Choir skal ha kyrkjekonserten på festivalen i år (2007).

Jærbladet skriv om saka i dag:

– Vi har hatt Stavanger Gospel Choir på artistlista heilt sidan vi kom med i musikkfestivalen på Bryne, seier Per Olav Egeland, kantor og festivalansvarleg i Bryne kyrkje. Han ser fram med stor glede til konserten laurdag 26. mai.
– Stavanger Gospel Choir har eit namn og er svært dyktige. Vi håper at dei kan fylle kyrkja denne festivalkvelden, seier Egeland som er svært glad for samarbeidet med Jærnåttå. – Dette blir fjerde konserten i kyrkja. Frå før har vi hatt Sigvart Dagsland, Sondre Bratland og Knut Reiersrud/Iver Kleive. Det er spennande å arbeide saman med Jærnåttå. Med eit slikt samarbeid går det og an å få litt større namn til konsert i kyrkja. (Les meir)

Jærnåttå si eiga nettside tar fram dei store orda når dei omtalar konserten under overskrifta Til himmels med Stavanger Gospelkor: “Lørdag blir det rytmisk, vakkert og virtuost i Bryne Kyrkje.”

Kyrkja er også til kvardags ein del av kulturlivet, men det er godt me enkelte gonger i løpet av året kan gjera noko ekstra gjennom større arrangement og konsertar. Eg er glad for at kyrkja vår har dette samarbeidet med musikkfestivalen og vil gjerne anbefala konserten i pinsen, laurdag 26. mai.

Les om konserten i fjor med Reiersrud og Kleive her.


Ein biskop frå Time

26/11/2006

Biskop Peter Hognestad (1866-1931) var her frå Time. I kveld arrangerte Time sokneråd ein kulturkveld der denne biskopen fekk vera i fokus, 75 år etter sin død. Kulturkvelden blei arrangert som ei første markering fram mot Time kyrkje sitt 150-års jubileum som skal feirast i 2009.

Peter Hognestad kom frå bygda Hognestad like ved Bryne, der denne bloggen blir skriven. Han er kjent som prest og biskop, forfattar og salmediktar. Spesielt har nokre av dei salmane han har omsett og gjendikta, blitt mykje brukt; Fager kveldssol smiler og Det hev ei rose sprunge er eksempel på det.

Peter Hognestad var aktiv målmann. Interessant nok blei han i 1903 tilsett som stiftskapellan i Oslo, med spesielt ansvar for å halda gudstenester på nynorsk! Og i 1906 var han blant innbydarane til stiftinga av Noregs Mållag. I 1916 blei han biskop i Bjørgvin. Han var den første biskopen som preika på nynorsk, og dette blei det visst mykje oppstyr omkring!

Han var også hovudredaktør for den første nynorske bibelutgåva (Studentmållagsbibelen), som kom i 1921.

Kunstnaren Herborg Kverneland heldt eit interessant kåseri om biskopen. Ho kjem frå den same Hognestad-familien og kunne derfor dela både av historiske fakta og av tradisjonsstoff frå eigen familie. Ho hadde også laga kalligrafi-trykk med Fager kveldssol smiler, som blei solgt til inntekt for kyrkejubileet. Ein flott julegåve-idé.

Kvelden blei avslutta med Aftansong frå Altarboka som kom i 1920 og som Peter Hognestad hadde deltatt i utforminga av. Me song Hognestad-salmar og prost Anne-Sofie Haarr las ei preike av Hognestad frå boka Kvila i Gud, ei preikesamling som kom ut i 1933, etter hans død.

Oppdatering 28.11.2006: Sjå også Wikipedia sin artikkel om Peter Hognestad. Her finn du m.a. oversikt over utgjevingane hans. Ivar Aasen-sambandet har også ein artikkel om Hognestad.