Hinnakonfirmantar 2013

02/05/2013

2013 Konfirmasjon. Tullebilde

Eg måtte bare ta vare på dette herlege “tullebildet” av årets konfirmantar her på bloggen òg! Klikk på bildet, så blir det større.

Nå i helga skal me ha fire konfirmasjonsgudstenester med til saman 95 konfirmantar. Kateket Kirsti Melangen er den sentrale leiaren av denne delen av kyrkjelydsarbeidet. Eg har gleda av å vera med i samarbeidet.

Her på bloggen markerer eg helga med ein konfirmasjonssalme som eg sjølv set stor pris på. Salmen er på ein glimrande måte prega både av tru, håp og kjærleik. Men når eg siterer salmen, vil eg også nemna at det ikkje er alle konfirmantane som blei borne til dåpen då dei var små; nokre av ungdomane har denne påsken gått på sine eigne føter fram til døypefonten for å bli døypt.

Glade samlast me i kyrkja for å vera i din nærleik
Her er våre konfirmantar, Herre signa dei med kjærleik
For dei unge vil me be
Signa dei med mot og fred
Herre gje dei kraft og tru
Signa dei du.

Stolte bar me dei til dåpen, og nå samlast me i glede
Nå er dåpsbarna blitt store, dei står her i kvite klede
Sjå til alle som er her
Signa oss og ver oss nær
Ver hos oss i tvil og tru.
Signa oss du.

Gje dei unge mot og vilje, vakne sinn, og sterke røter
Så dei vågar sjå og høyra, vera midt i alt dei møter
Kunna tola slit og strid
Halda fast og vera fri
Signa dei med mot og tru
Signa dei du.

Signa alle deira dagar, dei som gret og dei som smiler
Ver du nær dei alle timar, når dei trur og når dei tvilar
Herre signa deira liv
Gje dei håp og perspektiv
Signa dei med song og tru
Signa dei du.

Tekst: Heidi Strand Harboe
Melodi: Johanne Ur Sæbø


Langs våre stigar

26/08/2012

Eg har gått på kryss og tvers i Sørmarka i sommar. Det har vore kjekt å gjenoppdaga denne skogen, som eg eigentleg kjende ganske godt då eg var ung, gjennom speidararbeidet i 25. Stavanger KFUM i Ynglingen. Nå i sommar har eg likt spesielt godt å gå utanom turvegane, for å finna små og store stigar og for å kjenna skogsbotnen under beina.

Erfaringane frå desse turane bekreftar på mange måtar Søren Kierkegaard sine ord i eit sitat som eg har på ein plakat heime:

Tab for alt ikke lysten til at gaa. Jeg gaar mig hver dag det daglige velbefindende til og gaar fra enhver sygdom. Jeg har gaaet mig mine bedste tanker til. Og jeg kender ingen tanke saa tung, at man ikke kan gaa fra den. Naar man saaledes bliver ved med at gaa, saa gaar det nok.

Nå veit eg veldig godt at me kan møta sjukdom som slett ikkje kan kurerast gjennom turar i skogen. Men eg syns at Kierkegaard sine ord om helsegevinsten som ligg i å gå tur, er gode å ha med når livet er slik at dette er mogleg. For meg har i alle høve turane i Sørmarka hatt god effekt for ryggen og den eine foten denne sommaren. Og det er også slik at ein del av preikene har blitt bearbeidd og vidareutvikla på desse turane.

Bibelen brukar mange bilete som hjelper oss til å læra Gud å kjenna. Eit konkret bilete som har kome inn igjen i den nye bibelomsetjinga, er at Gud kjenner mine stigar. Dette seier meg noko fint om Guds omsorg og nærvere. Setninga, som står i Salme 142 vers 4, var ikkje omsett så konkret i den førre omsetjinga. Samanhengen uttrykket blir brukt i, dreier seg elles nettopp om at me menneske kan kjenna oss svake, for eksempel i tider med sjukdom: ”Når ånda mi veiknar, kjenner du min stig.”

Uttrykket minner meg også om eit vers i den norske versjonen av songen Morning has broken. Her står det:

Jesus, du oppstod ren og forklaret, / langs våre stier har du din vei. / Vakker er jorden, mektig er håpet. / Alt skal fornyes herlig i deg.

Her er biletet med stigane våre knytt til den oppstadne Jesus. Gud har sendt han til oss for å vera nær. Han vandrar langs våre stigar, han er nær i våre liv. Både når me er friske og når me er sjuke.

Dette notatet blei først trykt i Kirkehilsen nr 4/2012, menighetsbladet som i desse dagar kjem i postkassene i bydelen. 


Bilete frå innsetjinga i Hinna

23/06/2012

Eg har fått tilsendt dette biletet frå 10. juni då eg blei sett inn i tenesta i Hinna menighet (les meir). Her er eg saman med to viktige kollegaer; kapellan Eva Vassbø og prost Sigfred Sørensen.

Fotograf: Arne Augedal.


Sokneprest i Hinna

01/06/2012

Eg har i dag begynt som sokneprest i Hinna.

Velkomen til innsetjingsgudsteneste søndag 10. juni kl 11.

Eg har nå vore nokre år i ei administrativ stilling på bispedømmekontoret, og ser fram til å vera ein “vanleg” prest i ein lokal kyrkjelyd igjen. Tida vil visa koss dette vil merkast her på bloggen.

Eg har eit spesielt forhold til Hinna frå før. Dette er kyrkja der eg blei konfirmert i 1971 og ordinert i 1984. Og nå skal eg også flytta tilbake til Hinna.

Sjå Hinna kyrkje si heimeside og presentasjon av kyrkjebygget.

Oppdatering søndag kveld 10. juni: Innsetjingsgudstenesta og fest-kyrkjekaffi etterpå var ei flott oppleving og ein god oppstart i tenesta for meg. Takk for gode ord frå prosten, menighetsrådet og frå mange andre i kyrkjelyden. Som spesiell helsing frå prost Sigfred Sørensen, som stod for innsetjinga, fekk eg eit vers frå dagens episteltekst: Og høyrer de Kristus til, då er de Abrahams ætt og arvingar etter lovnaden. (Gal 3,29)


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 205 other followers