Bysantinsk by på Naxos

20/02/2011

Frå steinhaug til festningsby

Ein ukjent by frå bysantinsk tid blei i fjor undersøkt av norske arkeologar. Teamet skal halda fram med undersøkingane. I dag (20.02.2011) held arkeologen Håkon Ingvaldsen, som har leia arbeidet, foredrag om funnet i Oslo. Foredraget på Historisk Museum har tittelen Fra steinhaug til festningsby.

Vårt Land (papiravisa 18.02) hadde ein notis om saka. Dei skriv at det også blir opna ei utstilling om funnet i dag. Historisk Museum sine nettsider informerer bare om foredraget.

Ingvaldsen fortel til Vårt Land:

En stor havneby vokste fram og ble øyas midtpunkt i nesten 1.000 år. Innbyggerne forsvant imidlertid fra denne byen for tusen år siden eller mer,  vi vet ikke hvorfor, men en ny hovedstad ble reist bak massive festningsmurer på toppen av en klippe (…) At byen ble forlatt og bygget opp igjen et annet sted, tyder på at øyboerne på et tidspunkt sto over for en alvorlig og langvarig trussel. (…) Våre undersøkelser har reist flere spørsmål enn svar, men vi har fått holdepunkter for enkelte teorier om den mystiske festningsbyen og hva som kan ha [sic!] befolkningen på denne største øya i Kykladene, sier Ingvaldsen.


Lukas

18/10/2010

Kalenderen viser at det er evangelisten Lukas sin dag i dag (18.10).

Eg viser til to tidlegare notat her på bloggen: Evangelisten Lukas fortel om eit par innhaldsmessige særtrekk ved Lukasevangeliet i forhold til dei andre evangelia. Avslutninga av notatet Klosteret i Thiva fortel om tradisjonen om Lukas si grav i Thiva (Theben) i Hellas.


Life and Land

16/05/2009

Har kome over bloggen Life and Land Seminars. Den ser ut til å innehalda mykje av interesse for meg, og dermed truleg også for nokre av lesarane av bloggen min.

Bloggen presentererer seg sjølv slik:

The Bible was written by real people, to real people, in real places, and who experienced real events. This website is dedicated to telling the story about these people and the places they lived, visited, and ministered in. It is the goal of this website to expound the Scriptures and bring to life the lands and the peoples of the Bible through the background material that bear on the events of these passages.

Eg vil i første omgang anbefala:

(via BiblePlaces Blog)


Klosteret i Thiva

04/02/2009

The Sacred Monastery of the Exaltation of The Holy Cross

klosteret-i-thivaEg har gjennom fleire år hatt kontakt med det gresk-ortodokse klosteret i Thiva i Hellas. Klosteret Opplyftinga av Det Heilage Korset høyrer til i eit fellesskap av kloster som me kan kan kalla ein klosterfamilie. Den norske nonna Syster Thavoria, som er utgangspunkt for kontakten med klosteret, er sentral i dette fellesskapet.

Eg møtte Syster Thavoria første gong under ein studietur med Stavanger bispedøme i 1994. Då møtte ho prestegruppa vår og fortalde om livet som nonne i Hellas. Året etter inviterte klosteret hennar ein prest frå bispedømet vårt til ein viktig fest, og eg var heldig og fekk reisa. Eg var då gjest (og dugnadsarbeidar) i klosteret i ei veke. Sidan har eg halde kontakten med litt brevskriving og med besøk med norske grupper. Eg var sist på besøk i Thiva i fjor haust saman med gruppa som reiste i Paulus’ fotspor. Ein av deltakarane på denne turen har oppfordra meg til å skriva litt om kontakten med klosteret. Det gjer eg gjerne!

Klosteret ligg på eit høgdedrag utanfor Thiva, eit par timars køyring nord for Athen. Det er flott utsikt til alle kantar. Nonnene starta med ei lita kyrkje som låg der frå før. Då eg var der i 1995 var det svært enkle forhold, med matlaging på primus og oppvask ute i det fri. Nå har dei gode bygningar og eit flott uteanlegg på klosteret. Desse nonnene har stor sans for estetikk, og legg mykje arbeid i å gjera det fint, både ute og inne. Det er rett og slett vakkert på klosteret!

Dette er ikkje eit lukka fellesskap, slik me gjerne her i Norge tenkjer oss at alle kloster fungerer. Då gruppa vår kom på besøk i haust, tok dei imot oss med ein gjestfridom av dei sjeldne. Me kjende oss inkludert på staden, sjølv om livsforma dei lever i, er ulik det me kjenner frå Norge.

opplyftinga-av-det-heilage-korsetDette ikonet viser Opplyftinga av Det Heilage Korset. Tradisjonen om denne hendinga (les meir) er sentral på klosteret.

Klosteret i Thiva tilhøyrer som nemnt det eg har kalla ein “klosterfamilie”. Med det meiner eg eit fellesskap eller nettverk av kloster med felles leiing og profil. Det dreier seg både om nonnekloster og munkekloster. Det gamle Holy Cross Monastery i Jerusalem høyrer til i det same klosterfellesskapet. Den åndelege leiaren for desse klostera er Fader Dionysios, eller Geronda (“den eldste”) som dei gjerne kallar han. Dette er verkeleg ein leiar med karisma og han betyr utan tvil mykje for nonnene og munkane som er knytt til fellesskapet. Slik eg oppfattar det, er han heilt klart medverkande til at dette er eit veksande klosterfellesskap, i motsetnad til mange andre kloster i aust.

Allereie første gongen eg var der, la eg merke til gjestfridomen deira. Her kom det folk kvar dag, både barn, tenåringar og vaksne, og Syster Thavoria omtalte alltid gjestene som venner av klosteret. Alle kunne vera med på gudstenester og på måltid i klosteret (gjestene hadde nok stort sett med seg større bidrag til kosten enn dei sjølve hadde behov for). I desse dagane før innviingsfesten kom det også mange for å vera med i det praktiske arbeidet.

Eg blei sett til dugnadsarbeid av forskjellig slag for å gjera det nyetablerte klosteret mest mogleg klart til festen. Det gjekk i hagearbeid, steinplukking og reingjering. Men eg fekk også overraskande oppgåver, som å pakka ein veteranbil inn i plast (det var ei vanskeleg oppgåve å gjera åleine, for det blåste friskt) og å vera assistent då den lokale slaktaren kom for å slakta ei av geitene på klosteret! Samtidig hadde eg alle måltida saman med nonnene og eg var med på tidebønene og gudstenestene i kyrkja. Eg fekk også høve til å gjera eit større intervju med Syster Thavoria, noko som førte til ein artikkel i Stavanger Aftenblad seinare på hausten.

Etter nokre dagar med hardt arbeid kom den store festen 14.09 for Opplyftinga av det heilage korset. Denne tradisjonen, som er knytt til keisarinne Helana sitt besøk i Jerualem på 300-talet, er som nemnt svært sentral på klosteret. Festen blir kvart år markert av nonnene og vennene deira. På festen i -95 blei Syster Diodora, ei tysk venninne av Syster Thavoria, innsett som den første abbedissa på klosteret. Dei to hadde konvertert til gresk-ortodoks tru på 1980-talet, då dei var kunststudentar i Berlin.

Markeringa av festen bestod av gudstenester, måltid og sosialt fellesskap. Gudstenestene var lange og innhaldsrike, og sjølvsagt på gresk. Likevel kjeda eg meg ikkje. Det skjedde så mykje, også overraskande ting. Som då biskopen delte ut basilikumskvastar til alle som var til stades, til minne om at det skal ha vakse basilikum der Helena fann Jesu kors. Og som då Fader Dionysios klypte håret til Syster Diodora under gudstenesta, mens kyrkjelyden song Kyrie eleison!

Under måltida i klosteret er det vanleg med høgtlesing. Når det kjem nordmenn på besøk, les Syster Thavoria gjerne på norsk. Då eg var der i haust, las ho frå boka Ord fra Athos av Jean-Yves Leloup, omsett av Kjell Arild Pollestad (1994). Her kjem Fader Dionysios, som tidlegare var prestemunk på Athos, til orde i eit avsnitt “Om munken og klosterlivets mål”. Kanskje seier tankegangen i avsnittet noko om Syster Thavoria sine eigne opplevingar og prioriteringar, ho som forlet familie og venner i Norge for å bli nonne i Hellas:

“Er dere da oppstandne med Kristus, så streb etter de ting som er der oppe, hvor Kristus sitter ved Guds høyre! Stem tanke og sinn etter dem, og ikke etter de jordiske ting. For dere har vært gjennom døden, og deres liv er skjult med Kristus i Gud. Men når Kristus står frem i lyset – han som er vårt liv – da skal også dere stå frem med ham i herligheten.” (Kol 3,1-4).

Paulus beskriver meget godt det paradoksale i det å være kristen. Vi er døde, vi eksisterer ikke lenger for denne verden, vårt gamle menneske er blitt korsfestet, vi har gitt avkall på de mange begjær, på hovmodet og hatet, og litt etter litt blir vi delaktige i den oppstandnes liv. Vi lever sammen med ham, og vender oss til Faderen i den Hellige Ånd. Slik er den kristnes liv og slik er munkens liv.

Munken er en kristen som i størst mulig grad vil virkeliggjøre de krav og det kall som dåpen innebærer.

Det finst ei nettside med noko stoff om klosteret, m.a. med kontaktadresse og deira gjennomgang av historia si (her).

Thiva er byen som i gresk historie heiter Theben i landskapet Boiotia. Staden er blant anna kjent i samband med Ødipusforteljinga. I kristen samanheng er det av interesse at evangelisten Lukas blir knytt til denne byen. Ein tradisjon seier at Lukas blei gravlagt her og at Lukaskyrkja i sentrum av byen er bygd over evangelisten si grav. Då eg besøkte denne kyrkja i -95, var den dessverre i elendig forfatning. Håper det er gjort noko med den sidan! Tradisjonen som knyter Lukas til Thiva, er omtalt slik i Olaf Moe si bok Legen Lukas. Evangelisten og historikeren, s. 19-20:

Men før vi undersøker hva vi kan slutte av Den nye testamente om Lukas’ liv og virke, må vi føye til at han ifølge en senere tradisjon skal ha vært ugift og ha skrevet sitt evangelium i Akaia og være død i Bøotia (Theben) i en alder av 74 eller 84 år. Etter sagnet skal han ha vært kunstmaler og ha malt et bilde av jomfru Maria som keiserinne Evdoksia ca år 440 sendte til Konstantinopel fra Jerusalem. Tradisjonen vil vite at evangeliet er skrevet i Akaia, og at Lukas er død i Bøotia. Det siste synes å stadfestes ved at hans jordiske levninger i året 356-57 ble brakt fra Theben til Konstaninopel og bisatt i den snart deretter innviede Apostelkirke. (Så Hieronymus i sin fortsettelse av Evsebs krønike).


Utsikt frå Akrokorint

16/11/2008

hellas-2008-450

Utsikta frå Akrokorint, 575 moh, i retning Korint og Korintbukta. Korint ligg som ein kvit by ved sjøen, litt til høgre i biletet. Gamle Korint, der me finn utgravingane frå den romerske byen som er omtalt i NT, ligg i bakkane mellom bukta og byfjellet, der eg står.

Les omtale av stadane her.


To dagar i Korint

09/11/2008

Det begynner å bli ei stund sidan eg kom heim frå haustferien i Paulus’ fotspor i Hellas. Nå er det tid for å henta fram minne frå turen. I denne omgang vil eg skriva litt om dei to dagane eg var i Korint.

biskopar-i-korintDen første dagen var me på rundtur i Korintområdet med buss. Første stopp var Pauluskatedralen i den moderne byen. Denne kyrkja knyter fortid og nåtid saman ved at den peiker på den samanhengande rekkja av biskopar i Korint. Kyrkjelyden trekkjer linja tilbake til Paulus og kallar han i denne samanhengen for den første biskopen i byen! Biletet viser tavla utanfor hovuddøra med lista som begynner med Apostelen Paulus og sluttar med dagens Korint-biskop. Les meir.

Neste stopp var Gamle Korint. Den gamle byen blei totalt øydelagt i jordskjelv i 1858. I dag er Gamle Korint ein liten by med snautt 2000 innbyggjarar. Sjå webkamera frå Gamle Korint her.

img_6768Her i Gamle Korint ligg eit viktig arkeologisk utgravingsområde der sentrale delar av Korint i romersk tid er grave fram. Her er også eit lite museum som viser mange av skattane som er funne på staden. Guiden gav oss ei omvisning på området. Og eg samla gruppa i skuggen av nokre tre i utkanten av agora (det gamle bytorget frå romersk tid) og fortalde om Paulus si verksemd i byen med utgangspunkt i dei aktuelle bibeltekstane (Apg 18 og dei to Korintarbreva). Biletet viser den offentlege talarstolen (bema) på agora, truleg den staden der Paulus blei dratt fram for domstolen og anklaga for guvernøren:

Medan Gallio var guvernør i Akaia, slo jødane seg saman mot Paulus og drog han fram for domstolen. «Denne mannen,» sa dei, «lokkar folk til å dyrka Gud på ein måte som er i strid med lova.» Paulus fekk ikkje opna munnen før Gallio sa til jødane: «Hadde det vore eit brotsverk eller ein kjeltringstrek det gjaldt, då hadde eg hatt grunn til å høyra med tolmod på dykk, jødar. Men er det strid om ord og namn og dykkar eiga lov, så får de greia opp med det sjølve. Eg vil ikkje vera dommar i slike saker.» Dermed jaga han dei bort frå domstolen. Då tok alle fatt i synagogeforstandaren Sostenes og banka han opp midt framfor dommarsetet. Men Gallio brydde seg ikkje det minste om det. (1. kor 18,12-17)

img_6631Så gjekk turen til Kenkreæ. Dette var ein av dei to hamnebyane i “Stor-Korint” i gamal tid. I dag er det ikkje mykje igjen av den historiske hamna. Me sette oss i strandkanten der nokre gamle steinmurar forsvinn ut i sjøen (biletet). Flyfoto viser at desse murane er restar etter ein av dei historiske moloane og at desse moloane faktisk ligg like under havflata i bukta utanfor.

Her var det Paulus gjekk ombord i båten som førte han bort frå Hellas etter nokre års verksemd her. Han reiste til Efesos og seinare vidare til Jerusalem før han endte opp i Antiokia. Men før han forlét Hellas fortel Lukas at han klipte håret her i Kenkreæ (Apg 18,18), “for han hadde bunde seg med ein lovnad”. Dette gjaldt truleg eit nasirearløfte (4. Mos 6,2-21) og teksten er eit interessant eksempel på at det for jøden Paulus var naturleg å følgja bod og reglar frå GT også etter at han blei ein Jesustruande jøde. Sidan blei det ein viktig diskusjon i den tidlege kristne kyrkja om koss ikkje-jødar som kom til tru på Jesus, skulle forhalda seg til desse boda.

Paulus kom tilbake til Korint ca år 56-57. Under dette opphaldet i byen skreiv han Romarbrevet, som ofte blir rekna som det teologiske hovudskriftet hans. Han hadde ikkje vore i Roma og ønskte nok å presentera seg for dei kristne der med tanke på eit seinare besøk. Han sendte brevet til Roma ved hjelp av Føbe, ei kvinne som hadde ei viktig teneste i den kristne forsamlinga i Kenkreæ (Rom 16,1-2). Denne teksten fortel altså at det på dette tidspunktet, ca 7 år etter at Paulus første gong presenterte den kristne trua i Korint, var ei eiga forsamling i hamnebyen Kenkreæ. Dette var nok det me i dag ville ha kalla ei huskyrkje. Kanskje den samla seg i heimen til Føbe?

img_6659Etter dette brukte me tid på å sjå nærare på Korintkanalen. Den imponerande kanalen knyter Korintbukta og Adriatarhavet saman med Egearhavet. Me sat først og åt på ein spisestad like ved det søraustre utløpet av kanalen. Under måltidet fekk me med oss båt-trafikken på nært hald. Det mest interessante var ei bru med bilveg over kanalen. Denne brua blei senka (!) når båtar skulle gjennom kanalen. I løpet av måltidet vårt kom brua opp av vatnet fleire gonger for å sleppa bilar over kanalen.

Deretter køyrde me opp til hovudbrua over kanalen. Her er kanalen eit imponerande syn. Den går nede i eit 70 meter djupt juv, er 6 km lang og 25 meter brei. Det må ha vore eit utruleg omfattande prosjekt å laga den. Opp gjennom historia er det mange herskarar som har ønskt seg ein kanal denne staden og som har gjort mislukka forsøk på å få det til. Keisar Nero sette f eks 6000 jødiske krigsfangar i arbeid med å grava i åra like etter at Paulus var i området. Arbeidet med den moderne kanalen blei starta i 1870-åra etter det vellukka Suezkanal-prosjektet og Korintkanalen blei opna i 1893.

Den andre dagen vår i Korintområdet var utan fastlagt program. Etter ei veke på reise gjennom store delar av fastlands-Hellas var det godt å ha ein ”fridag”. Mange valde å bruka den på stranda i Loutraki. Andre valde å gå på fjelltur. Eg var blant dei siste.

img_6722-akrokorintGruppa som ville til fjells tok taxi frå hotellet til Gamle Korint og gjekk opp på Akrokorint (byfjellet). Det er bilveg nesten til toppen, men me var ikkje interesserte i å bli køyrde opp. Me hadde lyst til å gå opp til fots, slik folket i Korint i gamal tid sjølvsagt gjorde. Turen opp tok ca 2 timar inklusiv pausar. Toppen er på 575 moh og herfrå er det ei fantastisk utsikt over heile Korintområdet.

Fjellet har i mange ulike situasjonar og tidsperiodar fungert som tilfluktsstad for innbyggjarane i Korint. På Paulus si tid var det også eit berømt Afroditetempel på toppen, visstnok med 1000 tempelprostituerte. Trafikken opp dit har nok utvilsomt vore noko av bakgrunnen for dei avsnitta i 1. kor 6-7 der Paulus skriv om utfordringar i den kristne forsamlinga i forhold til seksualliv og ekteskap.

img_6697Men først og fremst har Akrokorint alltid hatt ein viktig strategisk funksjon, ved at dei som hadde herredømet over borga på toppen, kunne kontrollera vegen inn mot Peloponnes-halvøya. Det er 2000 meter med gamle murar rundt toppen, bygd på ulike tider i historia. Fjellet hadde sist ei viktig strategisk tyding under den gresk fridomskrigen i 1821.

Då me kom ned igjen, hadde me framleis god tid til middag. Eg prioriterte då å ta ein ny tur inn på det arkeologiske utgravingsområdet, mens dei andre drog tilbake til hotellet.

img_6771På denne tida av dagen var det mest ikkje folk på området. Eg hadde god tid og kunne gå i mitt eige tempo og sjå på utgravingane, lesa på informasjonstavler og ta bilete. Eg fekk sett meir på nokre av dei viktigaste bygningsrestane og fekk også sett på stadar eg aldri har stoppa og fått guiding når eg har vore på organiserte omvisningar på området. For meg var dette ei herleg avslutning på dei to dagane i Korint!


Pauluskatedralen i Korint

29/10/2008

Det er mykje interessant å sjå i Korintområdet. Dei fleste tilreisande vil vel seia at den moderne byen er den minst interessante staden i dette området. Likevel begynte eg opphaldet i Korint i haustferien nettopp der, i Mitropolis (“byens mor”).

Korint er i dag ein by med litt over 30.000 innbyggjarar. Byen ligg ved Korintbukta. Den blei bygd på denne staden etter at den gamle byen, som låg 8 km lenger nordaust, blei øydelagt av jordskjelv i 1858.

Mitropolis er det greske ordet som blir brukt om ein katedral. Uttrykket seier vel ein heil del om den tydinga kyrkja tradisjonelt har hatt i dette landet. Hovudkyrkja i Korint er sjølvsagt knytt til Paulus. Denne litle byen er først og fremst verdskjent på grunn av at den har ein viktig posisjon i NT, knytt til apostelen si misjonsverksemd i Hellas på 50-talet e. Kr.

Katedralen i Korint er eit kyrkjebygg med typisk gresk-ortodoks interiør. Då eg kom inn i kyrkja, sette eg meg stille ned og kjente på stemninga og såg på alle ikonane og maleria som dekkjer veggar og tak.  Etterpå gjekk eg rundt og såg nærare på enkelte bilete. Eg kom også i prat med ein mann (kyrkjetenaren?) som meir enn gjerne ville svara på spørsmål om kyrkja. Språket var sjølvsagt eit problem, han snakka bare gresk, men ved hjelp av meir språkmektige personar enn meg gjekk det ganske bra.

Utanfor hovudinngangen er det ei interessant tavle med namn på alle biskopane i Korint, heilt tilbake til den første kristne tida. Lista begynner faktisk med apostelen Paulus og sluttar med han som er biskop i dag! Dei kristne i dagens Korint er tydeleg stolte av å tilhøyra ein kyrkjelyd som kan føra historia si tilbake til den nytestamentlege historia.

Les meir om besøket i Korint i notatet To dagar i Korint.


Tilbake frå Hellas

13/10/2008

I går kveld, eller rettare sagt i natt, kom eg heim frå haustferie. Det har vore ein innhaldsrik og herleg ferie saman med ei gruppe som reiste i Paulus’ fotspor i Hellas. Eg kjem nok tilbake med meir stoff frå turen etter kvart. Men nå ventar først ein travel periode med heilt andre oppgåver, og eg reknar derfor ikkje med å skriva så mykje dei næraste dagane.

I kveld har eg sett gjennom nokre av dei 600 bileta Inger og eg tok i løpet av turen. Dette biletet får vera ein smakebit på det me har med heim av minne. Her ser me Lechaion-vegen, som var ei hovudgate i Korint i romersk tid. Vegen gjekk frå hamna Lechaion til det sentrale torget i den store byen, og me kan rekna med at Paulus ofte gjekk på desse steinane då han var i Korint.

I bakgrunnen ser me fjellet Akrokorint (575 moh). Mange i gruppa blei også med på ein fottur opp til toppen, der det er ein fantastisk utsikt over Korintområdet.


Haustferie i Paulus’ fotspor

01/10/2008

Haustferien 2008

Om få dagar reiser Inger og eg som reiseleiarar for ei gruppe som skal på haustferie i Paulus’ fotspor i Hellas. Det skal bli kjekt å koma tilbake til dette interessante landet!

Paulus besøkte Hellas fleire gonger i løpet av ein tiårs periode på 50-talet e.Kr. og store delar av NT er knytt til dette landet. Me skal i hovudsak følgja reiseruta hans slik den er skildra i Apg 16-18. I løpet av turen skal me setja kjente bibeltekstar frå Apg og breva inn i ein geografisk og historisk samanheng. Erfaringa mi er at dette er med og gjer bibelforteljingane levande på ein ny måte.

Turen vil også innehalda mykje meir enn det bibelske perspektivet. Me vil koma til viktige historiske stadar frå den klassiske greske og den hellenistiske kulturen og me vil få eit møte med den gresk-ortodokse kyrkja med kloster og ikonar. Me skal til Thessaloniki, Kavalla, Filippi, Vergina, Veria, Kalambaka, Meteora, Delfi, Loutraki, Korint og Athen. Eg ser fram til spennande dagar fylt med interessant kultur, historie og flott natur.

Her er eit utdrag frå eit tidlegare notat om Paulus si verksemd i Hellas:

Det var på den andre misjonsreisa Paulus reiste over frå Lilleasia til Makedonia, som nå er ein del av Hellas. Dermed var evangeliet for første gong brakt til Europa. Paulus blei kalla over til vår verdsdel gjennom eit syn, fortel Lukas i Apostelgjerningane. Etter dette var Paulus i Hellas i ca 3 år i tida omkring år 50. (les meir)

Denne hausten kjem det ei ny bok som handlar nettopp om å reisa i Paulus’ sine fotspor i Hellas. Dessverre blir den ikkje til sals i butikkane før me er heime igjen frå haustferien. Forfattarane Ernst Baasland, Bjørn Helge Sandvei og Karl Olav Sandnes skriv om akkurat dei stadane me skal på denne turen, så det hadde sjølvsagt vore kjekt å kunna den med seg. Det får bli til neste tur i same området!

Oppdatering: Etter turen prioriterte eg å skriva om opplevingar frå Korint:


Prokoros

26/10/2005

Img_4764Patmos er folket opptatt av tradisjonane som er knytt til Johannes sitt opphald på øya omkring år 95.

Ein tradisjon som er viktig for dei, seier at apostelen hadde med seg Prokoros som sekretær då han var forvist til øya, og at sekretæren skreiv ned det Johannes såg i openberringane. Prokoros er ein mann som er nemnt i Bibelen ein gong (Apg 6,5), og då i ein heilt annan samanheng.

Eg hadde tidlegare lese om dette i boka Englenes byer (som eg for øvrig vil anbefala på det varmaste!), men ikkje lagt så mykje i det. På Patmos var det derimot tydeleg at han var viktig, det forstod eg både av det guiden sa og av det eg såg på ulike ikon på øya.

Eg kjøpte med meg heim denne reproduksjonen av eit ikon frå Johannesklosteret. Det viser Johannes som ser inn i himmelen og Prokoros som sit ved sida av og skriv det Johannes dikterer.

Les resten av dette innlegget »


Paulus i Athen

04/02/2005

Viss du kjem til Athen i dag, kan du ikkje unngå å bli fascinert av Akropolis. Eit fjellplatå midt i sentrum, med fleire gigantiske tempel. Nokre av dei er relativt godt bevarte. Templa er 2400 år gamle; dei blei bygde mellom år 448 og 406 f Kr!

Det betyr at templa var over 400 år gamle då Paulus kom til Athen. Då var byen, som 400 år tidlegare hadde vore så mektig, ein liten avsides by. Framleis var filosofane viktige i denne byen som ikkje heilt hadde greidd å følgja med i tida. Nå var det Korint som var ein raskt veksande og viktig storby med handel og internasjonale kontaktar rundt i Romarriket. Kanskje det var derfor Paulus ikkje stifta nokon menighet i Athen? Han ville nok heller satsa på Korint!

Når eg kjem til Athen, er eg først og fremst turist. Ein kulturinteressert turist. Eg lar meg fascinera og imponera. Eg studerer templa og andre bygningar og ser på dette som kunst og kultur. Og for meg er det heilt ok å sjå slik på dette. Men me kan jo merka oss at Paulus reagerte på ein heilt annan måte. Han blei først og fremst provosert. Kraftig provosert! Lukas fortel i Apostelgjerningane at Paulus blei harm i hugen då han såg at byen var full av gudebilete (Apgj 17,16).

Paulus nytta ventetida i Athen til å snakka med folk. Det vil seia at han vitna om trua på Jesus så snart han fekk ein sjanse. Dette gjorde han blant jødane i synagoga og blant dei filosofisk interesserte athenarane, som hadde samlingsplassen sin på Agora (det greske ordet for torget). I dag er Agora utgraven av arkeologane, og me får ganske godt inntrykk av koss det såg ut i gamal tid. Frå dette gamle torget kan me gå ein sti opp til Areopagos, ei lita høgd som var møtestad for domsstolen i byen. Dit opp blei Paulus ført. Der er det ein fantastisk utsikt; ned på byen og opp på templa på Akropolis, som ligg like ved.

På Areopagos talte Paulus på oppfordring. Han var blitt utfordra til å seia meir om kva han var så opptatt av. Og den anledningen brukte han på ein glimrande måte:

Atenske menn! Eg ser at de på alle måtar er svært religiøse. For då eg gjekk ikring og såg på heilagdomane dykkar, fann eg eit altar der det stod skrive: “For ein ukjend Gud”. Det som de tilbed utan å kjenna det, det er det eg forkynner dykk.

Innhaldet i talen (som du finn i Apgj 17,22 ff):

  • Innleiinga der han fanga interessa hos tilhøyrarane med å seia at dei var svært religiøse. Dette likte dei nok å høyra!
  • Klage over avgudsdyrkinga i byen
  • Tale om rett og feil gudsdyrking
  • Kristen forkynning om Jesus, om omvending og om oppstode frå dei døde

Resultatet av talen var at nokre spotta og lo mens andre var interesserte og sa dei ville høyra meir ein annan gong. Men nokre heldt seg til han og kom til tru. Mellom dei som kom til tru, var ein av domarane på Areopagos, Dionysios, og ei kvinne som heitte Damaris.

Begge desse namna gir meg forresten gode assosiasjonar. Dionysios er namnet på ein gresk prest og munk som eg har møtt og som gjorde eit sterkt inntrykk. Han leier eit gresk-ortodokst kloster eg har besøkt eit par gonger. Og Damaris er namnet på eit interessant senter som er opptatt av å visa at kristendomen er aktuell for samtidskulturen vår.

Me kan merka oss eit par interessante ting ved innhaldet i Paulus sin tale på Areopagos.

A. Paulus hadde eit altomfattande perspektiv då han talte til athenarane, og han var krass i kritikken av gudebileta på Akropolis: For i han er det vi lever og rører oss og er til, som òg nokre av dykkar eigne diktarar har sagt: “For vi er hans ætt”. Er vi då Guds ætt, så må vi ikkje tru at guddomen liknar eit bilete av gull eller sølv eller stein, som menneskekunst eller mennesketanke har forma.

B. Paulus forkynte her direkte for heidningar. Dette er ikkje tale til jødar eller til “dei som trudde på Israels Gud”. Derfor tok han ikkje utgangspunkt i GT og forkynte Jesus inn i den profetiske samanhengen, slik han ofte gjorde andre stadar. Nei, her tok han utgangspunkt i den religiøsiteten som var aktuell for tilhøyrarane, og det var den greske gudeverda!

For Paulus var templa på Akropolis provoserande, for meg er dei interessant og spanande kulturhistorie. Eg lever i ei anna tid, og me ser på templa meir som historiske monument enn som religiøse symbol. Men sjølv om eg lever i ei anna tid, gir Paulus meg viktige impulsar i talen på Areopagos. Han lærar meg noko om å ha eit bevisst forhold til samtidskulturen og om å gjera den kristne trua aktuell og levande for dei som har ei anna tru.


I Paulus’ fotspor i Hellas

23/01/2005

Det var på den andre misjonsreisa Paulus reiste over frå Lilleasia til Makedonia, som nå er ein del av Hellas. Dermed var evangeliet for første gong brakt til Europa. Paulus blei kalla over til vår verdsdel gjennom eit syn, fortel Lukas i Apostelgjerningane. Etter dette var Paulus i Hellas i ca 3 år i tida omkring år 50.

Kart_paulus_1 Denne delen av Paulus si misjonsverksemd er omtalt i Apgj 16,11 – 18,18. Les me denne teksten kan me følgja Paulus frå by til by. Det ser ut som om han stadig er på reisefot, men går ein djupare inn i teksten og samanliknar med Paulus sine eigne brev, ser me at han fleire stadar stoppa over lengre tid.

Reiseruta ser slik ut, med tilvising til bibelteksten:

  • overnatting ved øya Samotrake (16,11)
  • Neapolis, idag: Kavalla (16,11)
  • Filippi (16,12-50), truleg opphald på fleire månadar
  • Amfipolis (17,1)
  • Apollonia (17,1)
  • Tessalonika, idag: Thessaloniki (17,1-10), truleg opphald på ca 1 år
  • Berøa, idag: Veria (17,10-14)
  • Athen (17,15-34)
  • Korint (18,1-18), opphald på 18 månadar
  • Kenkreæ (18,18)

Den eldste delen av Det nye testamentet er skrive under denne reisa. Forskarane reknar med at Paulus skreiv 1. Tessalonikarbrev mens han var i Korint ca år 50.

Paulus kom tilbake til Hellas på den tredje misjonsreisa i tida omkring år 55 (Apgj 20,1-9). Ut frå Paulus sine eigne brev forstår me at han kom tilbake til Hellas etter dette òg, sjølv om Apostelgjerningane ikkje omtalar dette.

Koss tenkte eigentleg Paulus når han kom til ein by og ville forkynna evangeliet der? Me får eit lite inntrykk av dette når me les dette som han skreiv til dei kristne i Korint etter at han hadde budd der eit og eit halvt år:

Då eg kom til dykk, sysken, forkynte eg ikkje Guds mysterium med meisterskap i talekunst eller visdom. For eg ville ikkje vita av noko anna hos dykk enn Jesus Kristus og han krossfest. Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk. Og eg bar ikkje fram bodskapen min med overtydande visdomsord, men med Ande og kraft som prov. For trua dykkar skulle ikkje byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft. (1. kor 2,1-5)


Filippi

23/01/2005

Byen

Filippi er i dag ein spanande ruinby. Det er mykje å sjå, og det utgravne området gir eit inntrykk av koss byen såg ut i romersk tid. Byen blei første gong utbygd av kong Filip II av Makedonia, far til Alexander den store.

I år 42 f.Kr. blei Filippi staden der to mektige fraksjonar i maktkampen i Romarriket tørna saman i eit av verdshistorias største slag. I følgje ein romersk historikar var det 100.000 soldatar involvert i slaget! Vinnarane var Antonius og Octavianus, den siste blei seinare kjent som keisar Augustus. Etter dette blei Filippi ein romersk koloniby med stor betydning.

Den første dåp i Europa

Då Paulus kom til Filippi, var han opptatt av å knyta kontakt med menneske som han kunne forkynna for, og som han kunne satsa på i det vidare misjonsarbeidet. I Filippi blei det kvinna Lydia som blei den lokale leiaren, og Paulus starta ei huskyrkje heime hos henne.

Paulus ville alltid først forkynna for jødane når han kom ein ny stad. Men saman med jødane trefte han òg menneske som trudde på Israels Gud, eller”dei gudfryktige heidningar” som dei ofte blir kalla. Dette var heidningar som på ein eller annan måte var knytt til jødane og til synagogen. Nokre av dei var vel det me i dag kunne kalla sympatisørar. Andre var direkte tilhengarar av jødane si gudstru. Desse var ei viktig målgruppe for Paulus sin misjon.

Dscn0557_altaret_ved_lydias_dpsstad_2 I Filippi var det så få jødar at dei ikkje hadde eigen synagoge. Derfor hadde jødane ein bønestad ved ei elv rett utanfor byen. Der trefte Paulus Lydia, ei rik forretningskvinne som var ei av dei som trudde på Israels Gud. Lydia begynte å tru på Jesus, og ho og familien hennar blei døypt der i elva. Dette var den første kristne dåpen i Europa. Seinare inviterte Lydia Paulus til å driva si verksemd i heimen hennar.

Bønestaden med Lydia sin dåpsplass er ein flott plass å koma til i dag. Den greske kyrkja har laga eit fint amfi ved elva, som etter norsk målestokk er omtrent som ein stor bekk. Ute i elva er det laga ein platting med eit altar (foto: Bjarne Saltveit). Me samla oss på dåpsplassen og las tekstane som handla om denne staden og om Lydias dåp. Ved sidan av elva er det òg bygd ei dåpskyrkje. Det er nok mange grekarar som ønskjer å feira dåp på denne staden, anten inne i kyrkja eller ute i elva. For oss blei det ein fin andaktsstad.

Forum

Midt inne i ruinbyen er Forum, det gamle romerske torget, godt bevart. Her blei Paulus og Silas ført fram for byretten då dei blei arrestert på grunn av verksemda si. Dei blei piska og sett i fengsel. Me las resten av forteljinga om Paulus i Filippi her på Forum, under nokre av dei store romerske søylene.

Paulus blei arrestert fordi det var nokon som meinte at han skapte uro i byen med forkynninga si. Det dei ikkje visste då dei piska han og sette han i fengsel, var at Paulus var romersk borgar og hadde krav på eit betre rettsvern og ei anna behandling.Dette kom fram då Paulus seinare skulle reisa vidare, og det blei eit pinleg problem for leiarane i byen.

Paulus blei sett i fengsel. Eg veit ikkje om arkeologane nokon gong kan seia sikkert akkurat kvar dette fengselet låg, men me fekk sjå ei hole som blir rekna for å vera ein del av dette fengselet. I fengselet i Filippi skjedde det eit stort under:

“Midnattstider heldt Paulus og Silas bøn og song lovsongar til Gud, og fangane lydde på dei. Brått kom det eit sterkt jordskjelv, så grunnvollen under fengslet riste. Med ein gong sprang alle dørene opp, og lekkjene losna av alle fangane.”

Bibelteksten fortel vidare at Paulus og Silas gjennom dette blei frie, og at fangevaktaren og familien hans begynte å tru og blei døypt. Det er elles slik at òg andre historiske kjelder fortel om eit jordskjev i området rundt Filippi ca år 50.

Heile historia om den første dåpen i Europa og om Paulus i Filippi står i Apgj 16,12-40.

Paulus og filipparane

Paulus fekk eit heilt spesielt forhold til dei kristne i Filippi. Dei støtta han i det vidare misjonsarbeidet i Makedonia og Hellas, og dei blei ein ”mønster-kyrkjelyd” som kunne vera forbilde for andre. Paulus sitt brev til filipparane kan eigentleg kallast eit vennskapsbrev. Høyr kor fint Paulus skriv då han ei tid seinare sit i fengsel i ein annan by og skriv brev til dei kristne i Filippi:

Eg takkar alltid min Gud når eg tenkjer på dykk. Og alltid, i alle mine bøner, bed eg for dykk alle med glede. For frå første dagen og til no har de stått saman med meg i arbeidet med evangeliet. Og eg er trygg på at han som tok til med si gode gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag. Med rette tenkjer eg slik om dykk alle, for eg ber dykk i hjartet. Både når eg er i lenkjer og når eg forsvarar og stadfester evangeliet, har de alle fellesskap med meg i nåden. Ja, Gud er mitt vitne, eg lengtar etter dykk alle med Kristi Jesu hjartelag. (Fil 1,3-8).

Kyrkjeruinar i Filippi

Filippi1010186_img1_1 Det er i dag ruinar etter fleire store kyrkjer i Filippi. Dei er frå ca år 300 – 500. Spesielt ein av ruinane har høge murrestar, og gir eit godt inntrykk av kor stor og flott kyrkja har vore. Andre ruinar er meir låge murar som viser omrisset av kyrkjene. Kyrkjeruinane er med og peiker på det som historikarane veit frå andre kjelder: at Filippi var ein viktig by for den kristne kyrkja i denne delen av Europa i dei første kristne hundreåra. (Foto: Gabriel Tengsareid).

Å reisa til Filippi

Filippi ligg ca 15 km frå hamnebyen Kavalla langt nordaust i Hellas. Den næraste storbyen med internasjonal flyplass er Thessaloniki, ca 3 timars køyring lenger vest.

Eg syns det var fantastisk å besøkja Filippi. Det var så mykje å sjå. Bibeltekstane frå Apostelgjerningane og Filipparbrevet blei så levande då me var på staden. Eg reiser gjerne tilbake!


Paulus som misjonær

10/01/2005

Paulus var født omtrent samtidig med Jesus. Han var først ein motstandar av dei som trudde på Jesus, men begynte sjølv å tru etter at han møtte Jesus i eit syn utanfor Damaskus ca år 33, ikkje så lenge etter Jesu død, oppstode og himmelfart. Paulus blei snart ein strategisk misjonær i den tidlege kristne kyrkja, og han er ein sentral person i Det nye testamentet. Han reiste mykje og grunnla nye menighetar, først og fremst i det som idag er Tyrkia og Hellas. Eg liker å reisa til slike stadar som er omtalt i Bibelen. Seinare skal eg skriva om slike reiser og om det eg har opplevd der.

Me har to hovudkjelder som gjer at me kan vita noko om Paulus. For det første Apostelgjerningane (Apgj), som er skrive av Lukas. For det andre Paulus sine eigne brev. Apgj gir oversikt, mens breva gir situasjonsbestemt og personleg forkynning og skildring. Sjølv om Apgj gir oversikt, er ikkje skriftet ein biografi i moderne forstand. Lukas er mest opptatt av å skriva om enkelthendingar og enkelttalar, og gir dette relativt stor plass.

Generelt kan me seia at Paulus la hovudvekt på å etablera misjon i det som den gong var storbyar, truleg fordi dei var viktige senter for kommunikasjon og handel. Efesos, Filippi, Tessaloniki og Korint er eksempel på slike byar.

Det var nokre viktige forutsetningar som gjorde det muleg å driva misjon i Romarriket. Det greske språket var fellesspråk, som engelsk er det idag. Romarane hadde bygd opp eit godt kommunikasjonsnett og det var relativt trygge forhold for dei mange reisande langs dei romerske vegane. Derfor var det eit ganske “internasjonalt miljø” i byane rundt i Romarriket, og Paulus var ein av dei mange som var på reisefot.

Me er vant med å dela Paulus si reiseverksemd i tre misjonsreiser og ei siste reise til Roma. Det er dei reisene som er omtalt i Apgj, og dei foregjekk i perioden ca år 45-60. I tillegg var han truleg på nye reiser i Hellas ca år 65. Lukas gir forresten inntrykk av at Paulus stadig var på reisefot, men han var nok lenger på kvar plass enn det inntrykket Apgj gir.

Paulus har fått stor betydning for den kristne trua. Viktige tema i hans forkynning finn me i bibelavsnitt som framleis betyr mykje for oss som er kristne. F eks når han skriv slik om grunnlaget for å vera kristen: “For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.” (Efesarbrevet 2,8).


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 204 other followers