Langs våre stigar

26/08/2012

Eg har gått på kryss og tvers i Sørmarka i sommar. Det har vore kjekt å gjenoppdaga denne skogen, som eg eigentleg kjende ganske godt då eg var ung, gjennom speidararbeidet i 25. Stavanger KFUM i Ynglingen. Nå i sommar har eg likt spesielt godt å gå utanom turvegane, for å finna små og store stigar og for å kjenna skogsbotnen under beina.

Erfaringane frå desse turane bekreftar på mange måtar Søren Kierkegaard sine ord i eit sitat som eg har på ein plakat heime:

Tab for alt ikke lysten til at gaa. Jeg gaar mig hver dag det daglige velbefindende til og gaar fra enhver sygdom. Jeg har gaaet mig mine bedste tanker til. Og jeg kender ingen tanke saa tung, at man ikke kan gaa fra den. Naar man saaledes bliver ved med at gaa, saa gaar det nok.

Nå veit eg veldig godt at me kan møta sjukdom som slett ikkje kan kurerast gjennom turar i skogen. Men eg syns at Kierkegaard sine ord om helsegevinsten som ligg i å gå tur, er gode å ha med når livet er slik at dette er mogleg. For meg har i alle høve turane i Sørmarka hatt god effekt for ryggen og den eine foten denne sommaren. Og det er også slik at ein del av preikene har blitt bearbeidd og vidareutvikla på desse turane.

Bibelen brukar mange bilete som hjelper oss til å læra Gud å kjenna. Eit konkret bilete som har kome inn igjen i den nye bibelomsetjinga, er at Gud kjenner mine stigar. Dette seier meg noko fint om Guds omsorg og nærvere. Setninga, som står i Salme 142 vers 4, var ikkje omsett så konkret i den førre omsetjinga. Samanhengen uttrykket blir brukt i, dreier seg elles nettopp om at me menneske kan kjenna oss svake, for eksempel i tider med sjukdom: ”Når ånda mi veiknar, kjenner du min stig.”

Uttrykket minner meg også om eit vers i den norske versjonen av songen Morning has broken. Her står det:

Jesus, du oppstod ren og forklaret, / langs våre stier har du din vei. / Vakker er jorden, mektig er håpet. / Alt skal fornyes herlig i deg.

Her er biletet med stigane våre knytt til den oppstadne Jesus. Gud har sendt han til oss for å vera nær. Han vandrar langs våre stigar, han er nær i våre liv. Både når me er friske og når me er sjuke.

Dette notatet blei først trykt i Kirkehilsen nr 4/2012, menighetsbladet som i desse dagar kjem i postkassene i bydelen. 


STF har fått ny leiar

14/02/2012

Advokat Preben Falck er i kveld tilsett som ny leiar i Stavanger Turistforening:

Preben Falck (43) fra Stavanger har hatt sommerjobb med å tømme utedoen på turisthytter i Ryfylkeheiane. Nå blir han sjef for hele organisasjonen. Les meir

Me er mange som set pris på Turistforeninga her i denne delen av landet. Eg ønskjer den nye leiaren lukke til i ei viktig stilling.

Sjølv om denne bloggen ikkje har turistforeninga som hovudtema, finst det ein del stoff her knytt til friluftsliv. Og eit av dei aller første notata her på bloggen handla om å dra Til fjells i Ryfylkeheiane.

Oppdatering: Les Stavanger Turistforening sin presentasjon av den nye daglege leiaren her.


Ei helg på Vega

25/07/2010

Eg er på Vega igjen. Eg har gode sommarminne frå eit kort opphald på øya for tre år sidan (her), men nå er eg på besøk hos Trygve, som har budd her i eit halvt år. Det gir eit heilt anna utgangspunkt for å oppleva dette spesielle øyriket. Vegaøyan er Norges største skjærgard med 6.500 øyer, holmar og skjær. Tidlegare var det fast busetnad på 59 av desse, i dag bur det bare folk på Vega og Ylvingen. Noko av det mest fascinerande med desse øyane er at dei fleste er heilt låge, det er såvidt dei stig opp av havet, mens nokre få har bratte og høge fjelltoppar.

Fredag reiste me på guida båttur til Utværet Lånan, 16 nautiske mil nordvest for Vega. Her har menneske og ærfugl gjennom fleire hundreår levd i eit spennande samspel. I dag bur fuglevaktarane på staden om sommaren og held tradisjonen ved like. Det var ei flott oppleving å få betre kjennskap til den unike ærfugldrifta som har ført til at Vega har kome inn UNESCO si verdsarvliste. På føremiddagen var me forresten også innom Kystens dag på Vegstein og fekk omvisning i den historiske samlinga til Kystlaget.

Laurdag gjekk Trygve og eg opp på Trollvasstind, 799 moh, den høgaste toppen på øya. Fantastisk utsikt over øyar og hav, riktignok gjennom ein sverm av fluer. Me gjekk opp frå Vegdalsskaret og ned til Ervika. På veg ned danna eg dei (for meg) nye orda nedoversti og bortoversti. Det var godt å koma over på ein bortoversti etter nesten 800 meter intensiv nedoversti.

Søndag var me på gudsteneste i Vega kyrkje og deretter på vandring langs havet, på vestsida av øya. Me gjekk til Vegdalen, der me låg i sola på eit svaberg eit par timar før me rusla tilbake. Ei perfekt avslutning på ei flott helg!


24 timar på Preikestolen

13/07/2010

Denne bildeserien viser flott natur og myldrande liv på Preikestolen. Staden kan anbefalast! Det er Stavangerfotografen Espen Mills som har tatt bildene. Les om turen då han tok bildene her.

Relatert stoff: Tur til Preikestolen (2009)

(via manshow.no)


Gratulerer, STF!

10/06/2009

Preikestolen Fjellstue har vunne Statens Byggeskikkpris for 2009.

Hytta tegnet av artiktektkontoret Helen & Hard fra Stavanger, var en av de sju nominerte byggene til prisen, som ble vunnet av den nye Operaen i Oslo i 2008. (Les meir)

Eg var innom hytta for eit par månadar sidan (sjå Tur til Preikestolen) og vil gjerne vera med og gratulera turistforeninga!

Stavanger Turistforening skriv om prisen her.


Tur til Preikestolen

13/04/2009

PreikestolenPåskens høgdepunkt i bokstavleg forstand, var turen til Preikestolen.

Sjølve Preikestolen er ca 25×25 meter, og ligg 604 moh. Det er flott utsikt innover og utover fjorden, i tillegg til utsikta rett ned frå fjellhylla!

Dette berømte platået på nordsida av Lysefjorden har ein enorm tiltrekningskraft. Det er over 100.000 besøkjande kvart år! Eg har vore der mange gonger, men nå var det ei stund sidan sist (ei stund = 2-3 år?). Dermed var det første gong eg var innom den nye Preikestolen Fjellstue.

Stavanger Turistforening gav i 2008 ut ei flott bok om området: Preikestolen. Historien – Folket – Naturen skriven av Per Lars Tonstad.

Då eg var tenåring, gjekk eg mykje i desse heieområda. Speidarhytta Baroniet på Torsnes ved Refsvatnet var utgangspunkt for eit aktivt turliv, og me var ofte oppe på Preikestolen også. Dermed er det ekstra kjekt å koma tilbake og friska opp gamle minne i dette terrenget!

Bilete frå turen finst her (mine bilete) og ikkje minst her (Påls bilete).


Sandvatn, enda ein gong!

24/08/2008

Eg må til Sandvatn minst ein gong årleg! Denne turisthytta er ein av favorittstadane mine i fjellet. Nå i helga var Inger og eg der saman med venner her frå Bryne. Og faktisk traff me fleire andre kjende i løpet av helga, i tillegg til dei me hadde planlagt turen med. Me hadde ei flott helg!

Nå er det høgsesong på dei hyttene som ligg lett tilgjengeleg i fjellet. Me var ca 45 personar på hytta i natt!

Her er eit par avsnitt frå ein tidlegare bloggartikkel, faktisk noko av det aller første eg skreiv her på bloggen (datert januar 2005):

Skal eg ein kort tur på eit par dagar eller ei helg, står Sandvatn øvst på lista mi. Det er ein 3 timars tur inn til hytta frå Lortabu øvst i Hunnedalen. Når eg er framme på hytta, er eg i skikkeleg høgfjellsterreng 910 m.o.h. sjølv om det bare er nokre timar sidan eg var heime på Bryne.

(…)

Noko av det finaste med å gå i fjellet, er at eg kan leggja frå meg så mykje heime. Det gjeld både ting og tang (sekken bør jo ikkje vera for tung) og det gjeld mykje av det som opptar tankane på vanlege dagar. Derfor blir det god tid til å sjå, lytta, tenkja og prata. Det er kanskje det aller mest verdifulle ved denne turformen? (les meir)


Tur til Helberghytta

03/08/2008

Det er befriande å koma seg til fjells. For Inger og meg er det ein av dei beste ferieformene som kan tenkjast.

Denne sommaren (2008) valde me ei lite krevjande form for fjelltur. Me køyrde til Rjukan, tok Krossobanen til fjells og gjekk inn til Helberghytta. Då var me faktisk, på ein lettvint måte, komne inn på Hardangervidda. Me låg to netter på Helberghytta og fekk dermed tid til ein dagstur opp til Storfjellet (1314 moh). Sjølv om turen verken var lang eller tung, opplevde me mykje og hadde det fantastisk i det strålande sommarveret.

Biletet er tatt på veg tilbake frå Storfjellet til hytta. Du ser Gaustatoppen i bakgrunnen.

Krossobanen er ei oppleving for seg sjølv. Banen blei i si tid bygd av Norsk Hydro som ei gåve til innbyggjarane i Rjukan for at dei skulle få sjå sola også om vinteren! Den går opp til Gvepseborg (886 moh). Der er det ei fantastisk utsikt over Rjukan, Gaustatoppen og Vemork. Spesielt Gaustatoppen, der me var i fjor (her), tiltrakk seg oppmerksomheten vår. Frå denne sida ser me godt kor spiss toppen er.

Helberghytta er ei relativt lita sjølvbetjent turisthytte. Det betyr at me steller oss sjølve og at det er mat til sals. Det er hyttevert til stades det meste av sommaren, og han sørgjer for at alt fungerer på hytta. Kurt Vidar og systera Berit gjorde ein framifrå jobb som hyttevertar, også på det sosiale planet! (Takk for oss, viss de les dette!). Eg kan jo også ta med at hytta ligg på ca 1100 moh, like ved Våervatnet. På turkartet Hardangervidda Øst 1:100000 står det at dette vatnet ligg 989 moh, noko som er 100 m feil! Hytta tilhøyrer DNT Oslo og Omegn.

Hytta er oppkalla etter Claus Helberg. Då kan det passa å ta med eit lite utdrag frå eit intervju med han:

“Det fineste ved å være i naturen er at du selv betyr så lite. Har en sorger og bekymringer, kan en bare stresse det av seg; slikt betyr lite i fjellet. Og så er det stillheten som er så fantastisk, sier Claus Helberg.”


Spor i sand

31/05/2008

I kveld gjekk eg tur på Orrestranda for å sjå Spor i sand. Dette er eit gigantisk landskapskunstprosjekt som har involvert over 2700 skuleelevar frå heile Jæren. Elevane har arbeidd med leire og laga relieff som i tekst og teikning (så vidt eg har forstått) skulle visa kva som betyr mest for dei. Og desse relieffa har dei så plassert i svære sandhaugar som formar Garborgsetninga No er eg heime att i runeskrift.

Det var vanskeleg å tolka sandhaugane. Eg kan ikkje nok om runar, dessutan var kunstverket meir enn ein kilometer langt. Men eg såg på nokre av relieffa og her var mykje fint å sjå. Dei hadde eit innhald som sette tankane i sving; det var ei spennande blanding av fredsønske, natur, Jesus, venner, fotball og ein gut (ein liten bror?) som var død berre 4 månadar gamal.

Les meir om kunstprosjektet i lærar og salmediktar Heidi sin blogg (her og her). Elles er sjølvsagt også prosjektet omtalt i Aftenbladet, Jærbladet og på heimesida til Stavanger 2008.


Steinkjerringa

04/05/2008

Eg var på tur til Steinkjerringa i dag. Dette er eit av dei meir originale turmåla her på Jæren. Alle jærbuar kjenner sjølvsagt staden, men av omsyn til andre lesarar, tar eg med denne spesielle historia. Skulpturen, som også blir kalla Mor Norge, står plassert langt inne i heia på Høg-Jæren, i Synesvarden landskapsvernområde.

Det er forresten ikkje sikkert at alle jærbuar har klart for seg teksten som står på skulpturen:

Minn jærbuane um storverk i farne tider

Ver trugne mot land og folk

Slik står det på informasjonstavla som er sett opp på staden:

I 1898-99 arbeidde bilethoggaren S. Neandros (Sigurd Sørendsen) på monumentet “Fortiden” i Stavanger. Meininga hans var at det skulle stå utanfor Kongsgård. Men verket vart ikkje sluttført, og bilethoggaren reiste til Amerika og kom aldri tilbake.

Den halvferdige skulpturen, som vart kalla “Mor Norge”, stod ved Stavanger jernbanestasjon i mange år, og skulle eigentleg øydeleggjast. Men i 1924 sette Emelankton Aadnesen frå Nærbø i gang ein bergingsaksjon. Eit hundretals personar i Nærbø og Varhaug støtta opp med i alt 500 kroner, og statuen vart frakta med tog til Vigrestad stasjon og med bil til Aniksdal. Transporten frå Aniksdal til steinen “Jolosten” 4-5 kilometer inn i heia måtte skje på hardt vinterføre, og tok heile to år. Sjølv om den tre tonn tunge statuen var delt i tre delar, trongst det tre mann og to hestar til arbeidet, og dei sleit ut to sålingar under sleden.

7. juni 1927 vart “Mor Norge” løfta opp på steinen med ein åtte meter høg steinbukk. Der har ho sidan site for å minna jærbuane om “storverk i farne tider”. I daglegtalen fekk ho nemnet “Steinkjeringjå”.


Månafossen

02/09/2007

Mn_001 Eg trur aldri eg har sett Månafossen så stor som i dag! Det var bare heilt utrulege mengder med vatn som kasta seg utfor det 90 meter høge fossefallet.

Det tar 30-40 minutt å gå inn til Friluftsgarden Mån frå parkeringsplassen, og undervegs passerer me den flotte fossen. Me tok ein ettermiddagstur dit etter gudstenesta i dag, saman med gode turvenner. Veret var grått, men betre enn vermeldinga skulle tilseia.

Eg trivst godt på Mån, og det var kjekt å ta denne turen i dag. Det var faktisk over eit år sidan eg var der sist.


Fjelltur i sol og skodde

15/08/2007

Sandvatn Sist veke var Inger og eg nokre dagar i fjellet igjen. Me måtte utnytta den siste ferieveka mi på best mogleg måte. Turen blei verkeleg eit familieprosjekt, for to av ungdomane i familien fekk til å bli med mellom jobbing, reising og militærteneste.

Me la ikkje opp til dei store fysiske utskeiingane. Første dagen gjekk me inn til Sandvatn, ein av yndlingsstadane mine i fjellet. Der låg me frå torsdag kveld til laurdag morgon. Fredagen tilbrakte me med lesestoff i sol og varme på plattingen utanfor hytta, som ligg 900 moh. Herleg!

Fr_fidjadalen Laurdag gjekk me vidare til Blåfjellenden. Første delen av denne løypa går høgt og fritt, og frå toppen kunne me sjå ned på skodda som låg i dalsøkka. Litt seinare gjekk me sjølve inn i tåkeheimen, og nede i Fidjadalen var alt kvitt. Men litt tåke øydelegg ikkje ein fjelltur, – det gir bare heilt andre stemningar! Det er forresten interessant å merka seg koss opplevinga av avstand og retning forsvinn i tåken!

Blfjellenden Hyttene på Blåfjellenden låg som du ser godt innhylla i tåke. Biletet viser gamlehytta. Me la oss inn i den nye (frå 2006), der det var betre plass. Det er flott at STF nå nærast har fordobla kapasiteten på denne staden, der det mest alltid er mykje folk. Me hadde forresten gjort vårt for å trekkja fjellvandrarar til Blåfjellenden denne helga; me hadde avtalt å møta ein annan familie der. Dei fekk si første oppleving av livet på ei turisthytte (bading, kortspel, henta vatn i elva, leik, prat og mat, ikkje minst store mengder pannekaker) og så vidt eg forstår gav det meirsmak. Me hadde det flott saman, – det blei ein kjekk og livleg kontrast til dei rolege dagane på Sandvatn!


Sju av Nordlands underverk

08/08/2007

Lofotkatedralen Framleis ligg bunken med bøker, kart og brosjyrar frå ferien i Nordland framme her i heimen. Eg syns det er kjekt å sjå i dei og i bileta som me tok undervegs. Me kom heim med svært mange bilete på pc-en, truleg eit par tusen. Nokre av desse er nå sletta, nokre er lagt ut på flickr og der vil eg nok leggja ut nokre til.

Biletet eg tar med her, tok eg ein flott morgon i Kabelvåg. Lofotkatedralen ser fin ut på avstand. Men eg nemner bare at vedlikehaldet av den store kyrkja har vore eit hett tema denne sommaren.

Sjølv om eg framleis blar i bøker og brosjyrar, avsluttar eg med desse linjene serien Sommarminne frå Nordland. Alt har si tid, og sju er jo eit passande tal. Serien, som eg då kan kalla Sju av Nordlands underverk, består av desse innlegga: Torghatten, Vega, Dønnes kyrkje, Skulpturlandskap Nordland, Svartisen, Midnattssol og Langt til havs.


Langt til havs

05/08/2007

Sommarminne frå Nordland VII

Skyssbten_ingerhelen Røst ligg langt til havs, ytterst i Lofoten. Men me var ikkje nøgde med å koma til Røstlandet, øya der dei omlag 600 innbyggjarane i kommunen bur. Me skulle lenger ut enn som så. Målet vårt var å sjå skulpturen Il Nido (reiret) som er plassert på Vedøya, ei av fugleøyane i havet utanfor. Denne skulpturen er truleg den mest utilgjengelege i Skulpturlandskap Nordland. For å nå dette målet, sikra me oss plass på skyssbåten Inger-Helen som tar interesserte ut på Sea Bird Safari til fuglefjella og Skomvær fyr. Me rekna ikkje med å få koma i land på Vedøya, men var fornøgde om me fekk koma så nær at me i alle høve kunne ta bilete av skulpturen.

Det blei ein minnerik tur, for å nytta eit sjeldant ord som eigentleg seier ganske mykje. Guiden Finn Olav frå Kårøy var ein eminent forteljar. Han var eigentleg på verdsomseiling nokre år, men hadde tatt turen heim frå Trinidad i sommar for å vera lettmatros og guide på Inger-Helen.

Krykkjekoloni Først dreidde det seg om fugl. Me reiste utover mellom øyane og såg utruleg mykje sjøfugl; lundefugl, krykkje, skarv og havørn. Her på desse øyane held visstnok 25 % av sjøfuglane i landet til. Ei “folke-teljing” for nokre år sidan kom til over 2 millionar fuglar! Det var imponerande med dette fuglelivet som me fekk sjå på relativt nært hald.

Skomvr_fyr Så dreidde det seg om Skomvær fyr. Fyret ligg på ein holme lengst ute i havet utanfor Lofoten. Her blei me sett i land med lettbåt og fekk høyra mange gode historier frå tida då det budde folk på fyret. Om morgonen hadde det, for første gong på over ei veke, vore grått ver. Men mens me var på Skomvær, forsvann dei siste skyene og himmelen var igjen like blå som havet. Før me forlét øya fekk me også ein interessant prat med eit par kunstnarar som budde og arbeidde der ute i havgapet denne sommaren.

Deretter dreidde det seg om Pietro Querini. Denne handelsmannen frå Venezia redda seg (og følgjet sitt) i land på ei av fugleøyane her ute, ein vinterdag i 1432. Me fekk sjølvsagt historia på staden, i det me passerte Sandøy. Querini og folka hans blei på mirakuløst vis redda, og dei blei utover våren tatt godt hand om av folket på Røst. Italienaren har fått ein plass i historia, dels fordi han seinare skreiv om opplevingane sine og om koss folket på Røst levde, og dels fordi han truleg var den som først tok med seg tørrfisk frå Lofoten til Italia.

Il_nido_reiret Så kom høgdepunktet for oss. Me fekk forhandla oss fram til at me kunne bli sett i land på Vedøya og bli henta med båten seinare på kvelden. Dermed nådde me eit viktig mål for ferien, i alle høve for Inger, og det på ein enda betre måte enn me hadde tenkt oss. Det var ei flott oppleving å gå opp bakkane til skulpturen Il Nido, reiret, og vita at her kunne me vera i ro og fred eit par timar før båten kom tilbake for å henta oss. Eigentleg hadde me nok, i følgje kunstnaren Luciano Fabro, ingenting der å gjera. Han meiner at skulpturen er laga for fuglane (les meir) og ville visst helst at den skulle stått på ein enda meir utilgjengeleg stad! Det var forresten eit utruleg fugleliv på staden; det må ha vore tusenvis av krykkjer som budde i fjella like ovanfor skupturen, dessutan var her mykje ørn. Eg tok bilete av åtte på ein gong!


Midnattssol

01/08/2007

Sommarminne frå Nordland VI

Midnattsol_nord_for_reip Eg syns midnattssola er fascinerande. Her sit eg i strandkanten og nyt sola og havet. Klokka er 00.48. For å få denne utsikta, reiste me seint på kvelden litt nordover frå Reipå Camping ved Ørnes. Det blei ein svært vellukka nattleg ekspedisjon. Ei stor mengde mygg var det einaste som trakk opplevinga ned eit par hakk. Staden ligg for øvrig heilt vest i Gildeskål kommune (heimbygda til Elias Blix, – så fekk eg til ære for BlixBlog så vidt fletta diktaren inn i denne Nordlandsserien).

Midnatt_ved_eggum Den flottaste opplevinga med midnattssola hadde me kanskje på Eggum “på yttersida” av Lofoten. Me slo opp teltet i strandkanten og var oppe lenge. Her var det ikkje mygg. Kameraet fortel at biletet blei tatt tidleg om morgonen, ca kl 02.30. “Du skal ikkje sova burt sumarnatta!”

Hode_x_2

Her ved Eggum står skulpturen Hode som ein del av Skulpturlandskap Nordland. Det er vanskeleg å skildra denne skulpturen skikkeleg, den må rett og slett opplevast! Frå ein vinkel ser den ut som ein heilt vanleg byste av eit mannshovud på ei søyle. Men går du rundt den, skiftar den form 16 gonger, og frå ein annan vinkel står faktisk hovudet opp-ned! Her ser eg nærare på dette utrulege kunstverket. (Les meir)

Ruinkyrkja_p_rst Den siste kvelden i Lofoten sykla me ein liten midnattstur til nordsida av Røstlandet for å sjå på denne kyrkjeruinen. Klimaet er barskt på Røst, og det har ikkje vore lett å få nokon kyrkje til å stå over lengre tid. Tidleg på 1800-talet prøvde ein seg med denne steinkyrkja, men heller ikkje den blei gamal. I år 1900 var ho i så dårleg stand at ho måtte tas ut av bruk, og treverket blei brukt andre stadar. Tilbake står dei spesielle murene som ein vakker kyrkjeruin.

For meg er midnattssola eit fenomen eg opplever og lar meg fascinera av. Men like fascinerande er det jo å sjå at dei som bur der nord, f eks malar huset eller vaskar bilen midt på natta!


Svartisen

29/07/2007

Sommarminne frå Nordland V

Engenbreen Svartisen er imponerande! Det vil seia, eg såg jo eigenteg bare Engenbreen, ein brearm av sjølve Svartisen. Me tok skyssbåt over Holandsfjorden og sykla vidare på grusveg innover mot breen. På biletet ser du den nederste delen av Engenbreen. Dette er den lågast liggjande isbreen i fastlands-Europa, ca 20 moh.

Me brukte mest ein halv dag på den litle avstikkaren over fjorden. Tida går fort når me har med mat og drikke (les: kaffi), godt lesestoff, og dessutan oppheld oss i den naturen!

Her er forklaringa på det underlege namnet på breen:

Navnet “Svartisen” kommer fra “svartis”, et gammelt ord som betegner den dype blåfargen i denne isen og kontrasten til den hvite sneen og nyere is på selve isplatået. Ismassene byr på et spekter av ulike fargenyanser fra blank krystallklar is, til turkis – hvit – lys og mørke blåfarger. (les meir)

Brygga_ved_engenbreen_3 På brygga der båten la til inne ved breen, møtte me ei frimodig måke. Ho hadde lagt reiret sitt ytterst på bryggekanten, akkurat der båten la inntil sånn ca kvar time. På biletet ser du måken og reiret. Det som ikkje kjem fram på biletet, er at ho med høge skrik gav klar melding om at dette var hennar brygge!


Pilegrimsvandring

29/07/2007

I dag skal eg leia ei pilegrimsvandring langs Kongevegen på Jæren. Det er eit enkelt og lite krevjande opplegg. Eit par timars vandring langs strendene, med fleire små stopp. Når me stoppar opp, samlar me oss om eit salmevers, ein bibeltekst, tid for stillhet og ei bøn. Undervegs går gjerne folk i smågrupper og slepp den gode praten laus. Eller ein kan velja å gå stille for seg sjølv.

Turen går frå Tusenårsstaden ved Obrestad hamn til Varhaug gamle kyrkjegard. Når me kjem fram, blir me med på Olsokgudstenesta ute på kyrkjegarden, som ligg heilt ute i havgapet.

Frammøte ved Tusenårsstaden søndag kl 16. Gudstenesta på Varhaug begynner kl 19. Turen går sjølvsagt uansett ver, så sant det møter fram folk som vil vera med. Kjem du?

Eg syns naturen er flott langs jærkysten. Her er det mykje hav og mykje himmel. Og det er flott å bruka naturen som samlingsstad i ein kristen samanheng.

Oppdatering søndag kveld: Joda, det blei pilegrimsvandring. Me var 20 personar som trassa vind og kraftige regnbyger, – og som fekk ein fin tur saman.


Skulpturlandskap Nordland

27/07/2007

Sommarminne frå Nordland IV

Varde Ferien i Nordland var også ei kunstreise. Me var sjølvsagt innom fleire galleri og verkstadar, men først og fremst var det ei kunstreise fordi me oppsøkte flest mulig skulpturar som høyrer til i Skulpturlandskap Nordland. Dette var Ingers store prosjekt for turen. Og sanneleg: eg blei fascinert av dette, eg òg, sånn at eg på slutten av turen var like ivrig som henne i jakta på fleire skulpturar.

Eg gir ordet til Inger:

Skulpturlandskap Nordland er ei internasjonal kunstsamling som omfatter 33 kunstverk i like mange kommunar, med inviterte kunstnere frå 18 land. Fylket har ikkje eige kunstmuseum. Derfor blei det lansert den ideen om at fylket skulle få si eiga samling samtidskunst: ein skulptur i kvar kommune, med naturen som galleri. (Les meir, dette er henta frå Ingers sykkelblogg frå 2005.)

Me fann 19 skulpturar på turen i år. I tillegg var eg, nokså tilfeldig, innom ein i fjor. Eg har altså sett 20 av dei 33 skultpurane. Inger har sjølvsagt vore på fleire, for ho begynte si systematiske skulpturjakt på sykkelturen for to år sidan. Dei fleste ligg lett tilgjengeleg ved ein veg, om enn ikkje alltid ein hovudveg, mens andre ligg plasserte vekk frå vegen. Den minst tilgjengelege fann me på ei fugleøy utanfor Røst.

Varde_som_utsiktspunkt Skulpturen på bileta heiter Varde. Den ligg ved Bjerangsfjorden i Meløy kommune. Skulpturen er laga av den danske kunstnaren Per Kirkeby. Som de ser, gjekk eg inn i skulpturen for å sjå ut. Maaretta Jaukkuri skriv:

Kunstneren refererer til verket som en paviljong, en bygning ment til å gi tid og ro for refleksjon. Konstruksjonen gir ikke beskyttelse, men skaper snarere et utkikkspunkt hvor vi kan se oss rundt og skue landskapet i dets stadig skiftende lys, rammet inn av vindusåpningene i paviljongen. (Les meir)

Eg er glad for at Inger fekk meg med på skulpturjakta. Det gav ferien ein ekstra dimensjon. Ho er fast bestemt på å koma seg til alle dei 33 skulpturane, anten eg er med eller ikkje. Og det håper eg verkeleg ho får til!


Dønnes kyrkje

23/07/2007

Dnnes Sommarminne frå Nordland III

Eg var innom ein heil del kyrkjer på ferien i Nordland. Den kyrkja som gjorde sterkast inntrykk, var Dønnes kyrkje, ei flott mellomalderkyrkje nord på øya Dønna. Kyrkja blei bygd på 1200-talet på storgarden Dønnes. I tidlegare tider var dette ei privatkyrkje knytt til Dønnesgodset, men nå er det ei vanleg soknekyrkje. Me fann oppslag om at me kunne få omvisning i kyrkja ved å venda oss til folket på garden. Det gjorde me, og då traff me faktisk kjentfolk som var på besøk der, og i tillegg fekk me god omvisning i kyrkja ved kona på garden!

Dnnes_kyrkje Denne kyrkja har faktisk eige mausoleum for folket på Dønnesgodset! Ein kjem inn i det gjennom ei gamal kopardør i det indre koret. På biletet ser me mausoleet som eit tilbygg som står vinkelrett på sjølve kyrkja. Her inne står det 22 kister med blant anna seks generasjonar av Tønder- og Coldevinslekta som i si tid dreiv garden. Eg syns kistene hadde halde seg forbausande godt. Den eldste kista var amtmann Peder Tønder si kiste frå 1694; den var kledd med geiteskinn. Den yngste kista var frå 1869.

Men sjølv om mausoleet var spesielt, vil eg først og fremst seia at det var sjølve kyrkja som gjorde så sterkt inntrykk. Sjølv om den var påbygd fleire gonger, var det ein fin heilskap over bygget. Og det var tatt vare på relativt mykje gamal kyrkjekunst her, for eksempel ein 1200-tals trefigur av Jomfru Maria med Jesusbarnet og ein figur av St. Laurentius frå 1400-talet.

Turistavisa Opplevelser på Helgelandskysten 2007 fortel meg at Dønnes kyrkje blir kalla den vakraste kyrkja i Nord-Norge. Eg har dessverre ikkje samanlikningsgrunnlag nok til å kunna skriva under på dette, men det var i alle høve ei flott oppleving å besøkja kyrkja.

Utsikt_fr_dnnesfjellet Etter besøket i kyrkja var me oppe på Dønnesfjellet (127 moh) og hadde fiskesuppe og fantastisk utsikt ut over havet, blant anna med øyane Lovund og Træna i det fjerne.


Vega

22/07/2007

Sommarminne frå Nordland II

Ehuset_vega Eg var nysgjerrig på å finna ut meir om Vega. Denne øya er med på UNESCO si liste over kultur- og naturarv av eineståande verdi, saman med pyramidane i Egypt, Akropolis i Athen, Masada i Israel, den kinesiske mur og mange andre spesielle stadar i verda.

Før me begynte å planleggja ferien, hadde eg bare høyrt om øya, men visste ingenting om den. Då eg var på veg nordover, hadde eg fått med meg dette med verdsarv-lista i tillegg til at øya har ein skulptur i serien Skulpturlandskap Nordland. Skal eg vera ærleg, var det nok dette siste som gjorde at reiseleiaren Inger hadde tatt øya med i ferieplanen vår.

Rfugl Me sykla over øya, studerte skulpturen (eigentleg tre skulpturar som står i eit forhold til kvarandre), såg på kyrkja, og drog så til É-huset på Nes på nordsida av øya (huset til venstre på biletet). Dette er eit lite museum som blant anna dokumenterer den spesielle tradisjonen med å ha ærfugl som husdyr. Ja, du las rett! Dette var noko eg aldri hadde høyrt om før, og det er altså så spesielt at det har ført Vega inn på verdsarvlista. Ærfuglane på biletet fann eg i utstoppa tilstand på museet.

Eigentleg er det Vegaøyan, eit stort øyrike (arkipelag) med 6.500 små og store øyar og skjær, som er listeført. Her er grunngjevinga frå UNESCO:

Vegaøyan har enestående universell verdi på grunn av
• en unik egg- og dunnæring som har eksistert i området i mer enn tusen år
• det menneskeskapte landskapet som er et testament til mennesker som utviklet en enestående og nøysom levevei i et ekstremt utsatt område rett sør for Polarsirkelen
• den lange og vedvarende interaksjonen mellom menneske og landskap som viser en usedvanlig kulturkontinuitet
• nøkkelrollen som kvinner spilte i edderdunnæringen og derved deres part i produksjonen av et høyverdiprodukt som ble en del av Hansa-handelen (les meir)

Det var forresten her i É-huset eg fann plakaten om Presten og kjærleiken.

Sjå også sida til Stiftelsen Vegaøyan verdensarv.

Oppdatering: I 2010 var eg tilbake på Vega og fekk oppleva meir av den spennande øya. Sjå notatet Ei helg på Vega.


Torghatten

18/07/2007

Sommarminne frå Nordland I

Torghatten Eg syns det var mektig å gå gjennom hòlet i Torghatten. Og det var spesielt å kunne gjera det seint på kvelden, ved midnatt. Dette var første kvelden vår i Nordland, og sjølv om staden ikkje ligg så langt nord at det er midnattssol, var det heilt lyst då me gjekk opp ca kl 23.00.

Her står Inger i opninga ut mot havet, mens eg tar biletet inne frå hòlet. Som du ser er det store dimensjonar over hòlet gjennom fjellet. Det er 166 meter langt, gjennomsnittleg 18 meter breitt og høgda varierer mellom 28 og 75 meter.

Segna seier at det var Hestmannen sin pil som skapte hòlet. Nyare undersøkingar fortel oss at det er isen som som har vore på ferde. Uansett har hòlet alltid gjort inntrykk og det har blitt kommentert av mange skribentar, f eks Petter Dass, Fritjof Nansen, Karel Capek og Arne Garborg (les meir).

Sjå òg omtale på Wikipedia.


Gaustatoppen

27/06/2007

Gaustatoppen_001 Turen til Gaustatoppen var ei flott oppleving, sjølv om veret var i ustabilt lune i området den dagen. Me starta i sol, men møtte blant anna ein haglbyge på toppen. Det meste av tida var det heldigvis god sikt i alle høve i nokre retningar.

Frå parkeringsplassen er det ca 700 meter høgdeforskjell opp til toppen. Det blir, som nemnt i eit tidlegare innlegg, sagt at ein kan sjå 1/6 av kongeriket herifrå. Så god var nok ikkje sikta då eg var der. Men imponerande var det likevel.

Gaustatoppen_035 Den gamle turisthytta som ligg (nesten) på toppen er bygd i stein. Her blei det servert kaffi og nysteikte vaflar. Luksus!

På eit oppslag fann eg denne teksten:

Det folk lurer på:

Gaustatoppen Turisthytte ble bygd i 1893. Påbygget du nå står i ble oppført i 1998

Gaustatoppen Turisthytte har 9 sengeplasser – husk å forhåndsbestille (tlf 35 09 41 50)

Det Norske Meteorologiske Institutt foretok værobservasjoner fra 1924 til 1974 med fast observatør boende på toppen

Heisen inne i fjellet brukes til personell- og varetransport. Bygget i perioden 1954-1958 i samarb. NATO og Forsvaret

Tårnet fungerer som sender for tele, radio og GSM og ble bygget i 1970

Hytta ligger på ca 1850 m.o.h.

Toppunktet, Gaustatoppen (1883 m.o.h.) ligger 20-25 minutter fra hytta – følg T-merkete steiner forbi hytta

Forsvaret avviklet virksomheten på Gaustatoppen i 1995

Vertskapet bor på Gaustahytta i sesongen, som i 2003 varer fra 21. juni til 15. september

De fleste dagsturistene går fra Stavsro (1173 m.o.h.). De har med dette steget 700 høydemeter og gått ca 3,5 km

Korset på stien er et minne om en litauisk musiker som falt om her – han er ikke gravlagt ved korset

På en solskinnsdag i juli selges det 10-15 liter vaffelrøre

Oppslaget gav meg svar på mykje av det eg lurte på. Sesongen i 2003 var ikkje så viktig for meg, men det var godt at årets sesong var i gang nå. Dessutan kan eg opplysa at eg slapp å kjøpe vaffelrøre, vertskapet steikte heldigvis vaflar den dagen eg var der!

Det var god stemning på hytta, med eit hyggeleg vertskap, danske skuleelevar, hardbarka fjellfolk osv. Eg prata også med ein som arbeidde i tårnet ein periode i samband med utbygginga av det nye digitale bakkenettet.

Turen frå turisthytta og bort til det høgaste punktet var meir krevjande enn eg hadde tenkt meg. Me gjekk på ein egg av store steinar, og alt var glatt. Det var på dette tidspunktet haglbygen kom. Toreveret høyrde me bare i det fjerne. Der og då opplevde eg forresten eit merkeleg/ubehageleg fenomen. Det var som om lufta var fylt av elektrisitet. Når eg tok hetta over hovudet, blei den fylt av lyder som frå ei høgspentlinje. Vel, vel. Kanskje eg ein gong vil få ei forklaring på kva det var?

Oppdatering: I notatet Tur til Helberghytta har eg eit bilete som viser Gaustatoppen frå ein annan vinkel. Dette biletet viser tydeleg koss Gaustatoppen ruver over landskapet.


Ei firfisle på låret

02/04/2007

Arne_200703_sigrid_maren_utstein_ogPalmesøndag ettermiddag var eg på ein herleg tur saman med Inger. Me fann oss ein god plass i sola, – og hadde med kaffi, appelsin, kamera og lesestoff. Eg sat og las, og kjente plutseleg noko som kitla meg på handa som heldt boka. Det var ikkje Inger. Eg hadde fått nærkontakt med ei firfisle som hadde plassert seg på låret mitt. Ho var nysgjerrig, uredd og ca 10 cm lang.

Eg fann fram kameraet og tok bilete. Eg hadde god tid, for firfisla hadde ikkje tenkt å forlata meg. Ho blei verande der heilt til eg høfleg fortalde at nå var det på tide å gå vidare. Ho høyrde heller ikkje då på kva eg sa, så eg måtte til slutt bruka eit forsiktig kroppsspråk. Då forlet ho motvillig buksebeinet mitt og forsvann ned i lyngen.


Tilsyn på Taumevatn

06/08/2006

Eg visste det sjølvsagt frå før, men eg har tenkt ein del over det dei siste dagane: Det finst utruleg mange gilde folk! Poenget er vel at når me kjem tett innpå kvarandre på ei hytte til fjells, er det lett å koma i kontakt med nye menneske. Me kan vera svært forskellige, men me har ein felles interesse og eit felles utgangspunkt for samtale; me likar å vera i fjellet.

20060806_taumevatn_2006035_1 Den siste ferieveka i sommar (2006) har Inger og eg vore tilsyn på Taumevatn, ei av hyttene til Stavanger Turistforening. Hytta ligg 790 moh i Sirdalsheiane. Det har vore fine dagar med god tid til dagsturar, lesing, bading, bærplukking og sosialt liv på hytta.

Dugnadsoppgåva som hyttevakt går først og fremst ut på å vera foreninga si “forlenga arm”. Hytta på Taumevatn er sjølvbetjent, dvs at folk sjølv har ansvar for å laga maten sin, vaska opp og halda hytta rein. Men når det er mykje folk i fjellet, og det også er mogleg å reservera rom og liggja i ro på hytta i fleire dagar, kan det vera greitt at nokon har ansvar for at drifta fungerer og at hyttereglane blir fulgt.

Dei som kjem til ei slik hytte, kjem som oftast i grupper på 2-5 personar. Det kan vera eit par eller ein familie med barn og ungdomar, eller det kan vera to eller fleire venner som går i fjellet saman. Men det er også ein del som går aleine på tur. På ei turistforeningshytte er det rom for alle. Ingen blir avvist. Men ein må læra seg å ta omsyn til kvarandre når ein bur så tett innpå nye folk kvar dag. Dette gjer at det har utvikla seg ein eigen “kultur” for livet på hyttene. Dei som er nye i fjellet, lærar seg dette fort. Det er utruleg kor flott det fungerer til vanleg.

Det var fleire kjente som hadde sagt at dei kanskje kom ein tur opp til oss på Taumevatn denne veka, og Thorvald, ein god ven frå Bryne, gjorde alvor av trusselen. Det sette me stor pris på!

Sjølv om eg har vore i desse heiane fleire gonger før (sjå f eks her om ein hausttur i fjor), må eg seia at det gjorde noko med meg å vera i ro på hytta ved Taumevatn over fleire dagar. Eg fekk stor sans for kvalitetane både ved hytta og ved området der den ligg.


Stigstuv

28/07/2006

Stigstuv er ei herleg turisthytte midt på den flate delen av Hardangervidda, 1238 meter over havet. For meg som er vant med å gå i Ryfylkeheiane, er dette eit veldig annleis og spesielt terreng. Hardangervidda er det største høgfjellsplatået i Nord-Europa og her er det ein utruleg open og vid utsikt.

Hytta er ei privat turisthytte som blir drive i samarbeid med DNT. Vertskapet Ingebjørg og Fritjof skapar god stemning og lagar god mat. Fridtjof er faktisk tredje generasjon i familien som held turisthytta open. Inger traff dei to på sykkelturen i fjor, dei overnatta på same staden på Sommarøy i Troms, og det gjorde det ekstra kjekt å treffa dei igjen nå.

Eg var på Stigstuv saman med familien for 11 år sidan. Den gongen
overnatta me der på ei vekes rundtur frå hytte til hytte. Denne gongen
hadde me ikkje tid og høve til ein lang tur, så me tok kortaste vegen
inn frå parkeringsplassen ved Tinnhølen. Det var bare ca 1,5 times tur på lett sti. Dermed har eg funne ut kor lett tilgjengeleg denne naturperla er!

Eg har i alle høve bestemt meg
for at det ikkje skal gå 11 år til eg kjem tilbake.


Tre fjellturar og eitt bryllup

28/07/2006

Kart
I den første ferieveka fekk eg faktisk med meg tre korte fjellturar. Herleg!

Tur I gjekk frå søndag til måndag til Sandvatn, saman med Inger. Sandvatn er ei turisthytte eg trivst svært godt på, og eg prøver å få meg minst ein tur dit kvart år. I 2005 blei det av ein eller annan grunn ingen Sandvatntur, og eg måtte nå sørga for å bryta den negative trenden. Det var ein glimrande start på ferien! På veg ned gjekk me innom Mohidler. Dette er ein stor og stilig hidler som det er fullt mogleg å overnatta i. Den ligg godt skjult ved eit lite tjern mellom Motjørn og Øyarvatnet. Mohidler er eit av turmåla i Sjumilstøvelen.

Tur II gjekk frå tysdag til onsdag til Børsteinen, ei turisthytte i Sirdalsheiane. Her møtte eg Eirik som då hadde vore på vandring i Ryfylkeheiane i ei veke. Han starta på Øvre Moen i Suldal, og skulle gå vidare til Mån og Frafjord. Før eg gjekk inn til hytta, som ligg svært nær vegen over til Lysebotn, møtte eg familiemedlemar frå Hønefoss som var på veg over fjellet til Rogaland (i bil). Eg plukka opp ungdomane Øystein og Vegard og tok dei med til Eirik på Børsteinen. Dermed var han sikra turfølgje dei siste dagane av turen sin …

Sjølv returnerte eg til Bryne for å vera med i norsk-syrisk bryllupsfeiring på torsdagen. Ei spesiell og flott oppleving!

Tur III gjekk frå fredag til laurdag til Mån. Denne turen har eg alt skrive om her.


80-årsdag utanom det vanlege

22/07/2006

Fredag kveld feira me svigerfar Reidar sin åttiårsdag. Og han er ikkje som åttiåringar flest, nei. Han inviterte like godt familien på fjelltur til Friluftsgarden Mån! Det er ca 1 time å gå frå parkeringsplassen inst i Frafjord, og den første delen av turen opp er skikkeleg bratt.

Img_0142_1 På biletet ser du heile gjengen utanfor den gamle delen av huset. Me greidde å samla 22 familiemedlemer til turen. Dei som mangla var to barnebarn som er utanlands (Trygve i Sør-Afrika og Karen i Kroatia) og ei kjærast (Påls Hanne Mari). Tre barnebarn (Øystein, Vegard og Eirik) kom ovanfrå fjellet ned til Mån, direkte frå lang fottur i Ryfylkeheiane! Eirik hadde då vore i fjellet i 11 dagar og søskenbarna Øystein og Vegard kopla seg på i Sirdal og var med dei siste tre dagane av denne turen.

Me hadde eit døgn saman på Mån, og det var ein flott måte å samla familien på. Det blei tid til mange aktivitetar; eg nemner bading, grilling, kubbespel og fisking. Men først og fremst var me der, saman. Prata, leika, koste oss. Og fredag kveld hadde me festkveld med taco og talar, sjølvskrivne songar og anna program. Alle barnebarna sa noko med utgangspunkt i “Når eg tenkjer på morfar/farfar, tenkjer eg på …” Det blei mange flotte og gode ord om jubilanten!

Det er spesielt to ting eg har lyst å trekkja fram etter denne turen:

  • Det å reisa på tur saman, på tvers av generasjonane, gir mange gode og verdifulle opplevingar. Reidar er opptatt av slekt og familie og han har alltid likt å koma seg ut i naturen, så dette var ei feiring som stod i stil til jubilanten!
  • Det blei, på ein fin måte, lagt vekt på Reidar sitt engasjement for dei som lid i verda, eit sterkt engasjement med utgangspunkt i nestekjærleiken. Han har blant anna i fleire år vore formann for den norske avdelinga av Food for the Hungry.

I tillegg til alt dette, kan eg ikkje gå la vera å seia nokre ord om plassen me var. Naturen rundt Mån er flott. Månafossen er fascinerande og sjølve sletta med den nedlagte fjellgarden er ein herleg plass. Dette er eit turområde eg trivst godt i og som eg har skrive om før her på bloggen. I dag blei det også rom for litt nostalgi for meg: Eg fann ei gamal hyttebok med notat frå turar eg hadde til Mån då eg var tenåring. Og det er jo slikt som set tankane i gang hos ein gamal femtiåring!


Eidavatn

10/05/2006

Mor på Eidavatn

Det nærmar seg sommaren, og då flyg tankane mine lett opp mot Ryfylkeheiane. Dette biletet tok eg ein sommarkveld for nokre år sidan. Eg var på ein fleire dagars fjelltur saman med Inger (biletet), Eirik og Pål. Eirik har i dag funne fram biletet og lagt det ut på sida si på flickr.

Biletet er tatt rett utanfor turisthytta ved Eidavatn, 1080 m.o.h. Ein fantastisk stad! Og som du ser, når sola går ned over vatnet kan himmelen spela opp med ei utruleg fargeprakt.

Eg har tidlegare skrive om fjellturar i dette området i artikkelen Til fjells i Ryfylkeheiane. Sjå òg Stavanger Turistforening sine nettsider.


Ragnar på Haukeliseter

02/02/2006

Ragnar Fjeld er nå godt igang med sin tur "Norge på langs" som eg tidlegare har omtalt her på bloggen. Tidleg denne veka hadde han eit kviledøgn på Haukeliseter. Der hadde han tid til å skriva eit reisebrev som eg gjerne vil anbefala. Han har nå tatt turen gjennom det fjellområdet eg er mest kjent i (men då om sommaren!). Me i Berge-familien har gått mykje i Sirdalsheiane og Ryfylkeheiane på fjellturane våre, og det var derfor ekstra kjekt å lesa om Ragnar sin imponerande skitur i dette området, frå Håhellervatnet (ved Suleskarvegen) og nordover til Haukeliseter.   


Solo mot 71 grader nord

15/01/2006

Ragnar_fjeld Ragnar Fjeld frå Bryne (for å vera heilt nøyaktig: Lye) har i helga lagt ut på sin store og lenge planlagte tur aleine på ski frå Lindesnes til Nordkapp. Du kan følgja han på nettsida Norge på langs 2006. Fyrvaktaren på Lindesnes skriv i sin omtale av turen at Ragnar på 23 år kanskje er den yngste som har tatt denne turen aleine nokon gong.

Inntrykket eg får på nettsida og omtalen eg har høyrt om turen på førehand tyder på at turen er godt planlagt. Det er nok også nødvendig! Ragnar vil nok få bruk for alt han har lært om friluftsliv, bl a frå fleire år som aktiv speidar i 1. Bryne KFUM!

Etter at Inger i fjor sykla Nordkapp-Lindesnes aleine, har eg fått eit betre inntrykk av kor langt dette eigentleg er, og eg har ikkje noko behov for å prøva meg på turen sjølv, verken på ski eller sykkel. Men eg vil gjerne vera blant dei som ønskjer GOD TUR og eg kjem til å følgja med på koss det går!


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 205 other followers