Et meisterverk om Mennesket

09/08/2009

Bare et menneske, og likevel et menneske! Støv, og likevel en som Gud har gitt den største ære! (Sigmund Mowinckel)

Salme 8 er ein av dei flottaste salmane i Det gamle testamentet si salmebok. Denne vakre teksten får fram det kontrastfylte i at me menneske har ein uendeleg verdi og ei stor gudgjeven oppgåve, samtidig som me er så uendeleg små i den store samanhengen. Eg vil seia at Salme 8 er eit meisterverk om Mennesket.

Her er er eit utdrag av salmen i den nyaste omsetjinga, Bibelselskapet si prøveomsetjing som er lagt ut på nettet:

Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar,
månen og stjernene som du har sett der,

kva er då eit menneske – at du hugsar på det,
eit menneskebarn – at du tek deg av det?

Du sette han lite lågare enn Gud
og krona han med herlegdom og ære.

Du sette han til herre over det dine hender har skapt,
alt la du under hans føter:

småfe og storfe i samla flokk,
dei ville dyr på marka,

fuglen under himmelen og fiskane i havet,
alt som ferdast på havsens stigar.

Herre, vår herre,
kor herleg ditt namn er over heile jorda! (Salme 8, 4-10)

Denne teksten er preiketekst i Den norske kyrkja i dag (10. søndag etter pinse 2009). I samband med dette fann eg fram ei gamal GT-utgåve som eg har i bokhylla mi, der den norske salmespesialisten Sigmund Mowinckel (1884-1965) har omsett og kommentert Salmane.

Mowinckel skriv blant anna slik om Salme 8:

Dikterens utgangspunkt er naturiakttagelsen: stjernehimmelens velde, som vender tanken til skapelsen og til skaperen, til hans kamp og seier over sine fiender i ophavet, og til det skapte kosmos, som blev resultatet av seieren. Fra Guds velde og majestet går tanken til dikterens og menneskets litenhet: et intet mot Gud! Men likevel, mennesket er ikke bare støv, det er også utrustet med en majestet og makt som er av næsten guddommelig art; skaperen har gitt det en guds makt over alt det skapte! Bare et menneske, og likevel et menneske! Støv, og likevel en som Gud har gitt den største ære! Slik blir menneskets ringhet og storhet et nytt bevis på Guds overjordiske og ufattelige underfullhet og herlighet! – En av de originaleste og mest personlige av alle salmene. Dikteren taler på hele menighetens vegne, se v. 2 og 10; men det er hans egen personlige oplevelse og religiøse grunnkjensle han gir uttrykk for – han vet at de andre deler hans syn. – Mer enn de fleste andre hymner klinger denne universalistisk og almenmenneskelig, just fordi den begynner med Gud selv og uttrykker det personlig oplevde forhold til Gud; det nasjonale – at denne herlige Gud er Israels Gud – klinger bare svakt med i innledningens og avslutningens “Jahve vår herre”.

(Det gamle testamentet, oversatt av S. Michelet, Sigmund Mowinckel og N. Messel, bind IV Skriftene, 1. del, Oslo 1955, side 37)


Paulus sitt juleevangelium

28/12/2008

Notat til søndagens tekst: Gal 4,4-7

Denne teksten er på ein måte Paulus sin versjon av juleevangeliet! Det handlar om at Gud på ei bestemt tid sendte Sonen sin som eit menneske i ein bestemt menneskeleg samanheng og med ein bestemt hensikt.

Paulus skriv:

Men då tida var fullkomen, sende Gud sin eigen Son, fødd av ei kvinne, fødd under lova. Han skulle kjøpa fri dei som var under lova, så vi kunne få retten til å vera Guds born. (v 4-5)

Eg merkar meg at Paulus tar med to spesielle uttrykk som forklarer ulike sider ved Jesu kome:

  • fødd av ei kvinne, det vil seia at Guds Son kom som eit menneske
  • fødd under lova, det vil seia at han kom som jøde

Desse to versa frå Galatarbrevet er blitt kalla “den fortellingsmessige grunnstrukturen i Paulus’ teologi”:

Når vi skal se nærmere på hva grunnstrukturen i apostelens teologi er, tar vi utgangspunkt i en iakttagelse som vi henter fra tekstene ovenfor: Vi finner biter av en fortelling: Jesus som døde, ble oppreist fra de døde, Gud står bak det hele. Alt dette er elementer i en fortelling. Det dreier seg om biter av grunnfortellingen som representerer det univers som all Paulus’ teologi utfolder seg i rammen av: det er fortellingen om Guds handling til frelse i Jesus Kristus. Den fortellingsmessige grunnstrukturen i Paulus’ teologi kommer klart frem i Gal 4,4-5. I denne teksten finner vi de elementer som skal til for å tale om en fortelling. Her er ulike aktører. Scenen settes ved en tidsangivelse, og fortellingen har et klart mål eller hensikt. Det samme kan vi si om Rom 8,3: “For syndens skyld sendte han (Gud) sin egen Sønn i syndige mennesker skikkelse og holdt dom over synden i vår natur”. Vi er så fortrolige med dette som tunge teologiske utsagn, at vi knapt legger merke til at det er grunntrekkene i en fortelling Paulus gjengir: Fortellingen om hvordan Gud gjorde opp med synden. (…) Paulus gjengir aldri denne fortellingen in extenso, det vil si i sin helhet. Men han siterer stadig deler av den, og viser til den som basis og utgangspunkt for det han skriver.”  (Karl Olav Sandnes: I tidens fylde. En innføring i Paulus’ teologi. Oslo 1996, side 82-83)

Eg merkar meg også at professor Sandnes faktisk brukar eit uttrykk frå desse versa som tittel på boka si.

Eg vil seia at eg undrar meg litt over bibelomsetjinga på akkurat dette punktet. Der den nynorske teksten har uttrykket “då tida var fullkomen”, blir bokmålsteksten omsett “i tidens fylde”. Har ikkje eigentleg desse to uttrykka litt ulik valør?

Men då tida var fullkomen, sende Gud sin eigen Son, fødd av ei kvinne, fødd under lova. Han skulle kjøpa fri dei som var under lova, så vi kunne få retten til å vera Guds born.



Kristi Himmelfartsdag

01/05/2008

Eg feirar Kristi Himmelfartsdag i dag. Dette er ein kristen heilagdag som blant anna handlar om samanhengen mellom den synlege og den usynlege verda. Det er ein dag som handlar om at den usynlege Jesus er nær. Eg tar med litt av det eg skreiv om denne dagen for eit par år sidan her på bloggen:

Men kva kan det bety at han blei tatt opp til himmelen?

Først litt om kva det ikkje betyr: Eg trur ikkje dette har med at han forsvann ut i himmelrommet, bak skyene. Det er ikkje snakk om noko som kunne likna på ei romferd. For eg trur ikkje at himmelen i kristen språkbruk er det same som universet, slik at me skulle kunna lokalisera Gud ein eller annan stad i universet.

Ordet himmel betyr to ting. På engelsk har me forskjellen mellom sky og heaven. På norsk brukar me det same ordet i begge tydingane. Eg trur himmelen (heaven) er ei usynleg verd som er like verkeleg som den synlege verda. I den hendinga som me kallar Jesu himmelferd tok han det endelege steget tilbake frå den synlege verda til den usynlege verda, som me også kallar Guds rike.

Det var frå denne usynlege verda han kom då han blei født som eit lite barn i Betlehem. Og det var tilbake til denne verda han gjekk då han forlét disiplane på Kristi Himmelfartsdag. Vegen mellom himmel og jord er opna av Jesus. Han har gått den vegen i begge retningar. I jula seier me at himmel og jord møtest i barnet Jesus i Betlehem. På same måte fekk disiplane eit glimt av dette møtet, då Jesus blei tatt bort for auga deira.

I tida mellom Jesu oppstode på påskedagen og hans himmelferd gjekk han på ein måte ut og inn av den usynlege verda. Han viste seg fleire gonger for disiplane og for andre som trudde på han, men han var ikkje lenger saman med dei slik han hadde vore før korsfestinga. (Les meir)

Her er ei bøn for dagen:

Jesus Kristus! Du er i din himmel bak tid og rom, og likevel så nær oss at vi kan høyra deg når du talar til oss. Send oss Anden din med liv og kraft, så vi får opna våre auga og sinn og får sprengt våre snevre grenser og band. Gjev oss glede og frimod til å vitna for alle folk på jorda om din siger og om livet i deg, til du sjølv kjem, synleg for alle, for å gjera fiendane til inkjes og overgje Riket og Makta til din Gud og Far. Han vere lov og pris frå æve til æve. (Bøneboka nr 333).


Pilegrimssøndagen

13/04/2008

Det er 3. søndag etter påske i dag. Denne søndagen kan godt kallast pilegrimssøndagen, då det er eit sterkt element av det å vera undervegs i fleire av bibeltekstane som er knytt til dagen. Det tradisjonelle kyrkjeårsnamnet på dagen er Jubilate, eit teikn på at påsketida (som me framleis er inne i) er ei jubeltid.

Eg hadde ein god start på dagen med å høyra eit intervju med Svein Tindberg i NRK. Han fekk Jesusforteljinga under huda gjennom ei rein litterær tilnærming til bibelteksten. Det er verkeleg ei historie om å vera undervegs og å vera åpen for å sjå nye sider ved livet.

Sjølv har eg vore prest i Klepp kyrkje i dag. Eg var hyra inn som vikar i det som var kyrkja mi nokre år på 80- og 90-talet. Preiketeksten var Joh 14,1-11 og i preika konsentrerte eg meg om det eg syns er to høgdepunkt i teksten. Pilegrimsaspektet er med i begge desse høgdepunkta:

  • I huset til Far min er det mange rom (v 2). Det er interessant at det greske ordet (moné) som er omsett med rom, kan bety kvilestad, herberge.
  • Jesus seier: Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg (v 6). Her er vegen det sentrale pilegrimsmotivet. Det er også sentralt i pilegrimstankegangen å ha eit mål for vandringa, og målet her er altså ein kvilestad i Guds nærleik.

Eg syns Jesus er både inkluderande og ekskluderande i denne teksten.

Han er inkluderande ved å invitera folk til å vera undervegs saman med han på veg til eit hus med mange rom og god plass. Dette er ein tekst som opnar dører, ikkje ein tekst som lukkar dører. Jesus gir oss opne rom, han fortel om ein romslighet hos Gud.

Men han er også ekskluderande på ein måte som kan provosera svært mange, når han seier Ingen kjem til Far utan gjennom meg. I kontrast til ein populær tankegang der den enkelte gjerne vil formulera si tru og sin religion sjølv, seier Jesus at han er den einaste vegen som fører heilt fram til Gud. Dette held eg fast på, samtidig som eg syns det er rett å seia

  • at sjølv om det er bare ein veg til Gud, er det mange vegar til tru på Jesus. Kvart menneske sin veg til tru kan sjåast som ei unik vandring, og i mange tilfelle også som eit mysterium.
  • at eg som kristen kan vera open for at det også kan vera mykje godt i annan religiøs og filosofisk tankegang. Den greske arven frå Athen har gjeve vår kultur utruleg mykje viktig og verdifullt. Den austlege religiøsiteten kan ha verdifull kunnskap i seg. Men det er vår kristne tru at Jesus har meir å gje enn alt dette! Det er bare han som opnar vegen heilt fram til vår himmelske Far.

Kvart av orda vegen, sanninga og livet inneheld ei heil verd, dette er bilete med eit innhald som me aldri blir ferdige med. I tilknyting til Thomas a Kempis sine tankar, kan me seia det slik: utan vegen kan me ikkje gå, utan sanninga kan me ikkje forstå, utan livet kan me ikkje leva.


Omsorg i ei ulvetid

06/04/2008

I dag har eg vore vikarprest i Bryne kyrkje. Det var gildt. Eg har vore prest her i mange år og bur jo her framleis. Denne søndagen blir kalla hyrdesøndagen, etter som tema for dagen er hyrde/gjetarmotivet som me finn fleire stadar i Bibelen. Preiketekst i dag var Salme 23, ein av dei mest kjente tekstane frå Det gamle testamentet.

Ein Davids-salme.

Herren er min hyrding,
det vantar meg ingen ting.
Han lèt meg liggja i grøne enger;
han fører meg til vatn der eg finn kvile,
og gjev meg ny kraft.
Han leier meg på dei rette stigar
for sitt namn skuld.
Om eg så går i dødsskuggens dal,
ottast eg ikkje for noko vondt.
For du er med meg.
Din kjepp og din stav,
dei trøystar meg.
Du dukar bord åt meg
framfor augo på mine fiendar.
Du salvar mitt hovud med olje;
mitt staup fløder over.
Berre godleik og miskunn
skal fylgja meg alle mine dagar,
og eg skal bu i Herrens hus
i lange tider.

Her er ei litt forkorta utgåve av preika mi:

Bakgrunnen for denne teksten var at David var hardt pressa. Kong Saul var blitt fienden hans og David hadde måtta rømma ut i ørkenen nede ved Dødehavet. Han hadde fiendar som stod han etter livet, og likevel har han ein sterk tillit til Gud og trygghet gjennom trua si.

Denne teksten står i GT. Her er det Gud sjølv som er hyrdingen, eller gjetaren. I NT vidarefører Jesus dette bildet, og brukar det om seg sjølv: Eg er den gode gjetaren. Eg set livet til for sauene.

Koss tenkjer me når me høyrer slike uttrykk?

Eg trur mange umiddelbart vil tenkja i retning av omsorg og trygghet. Eg syns orda om å liggja i grøne enger, om å finna vatn der eg kan finna kvile og om å bli leia på dei rette stiane, er naturskildringar som talar sterkt til meg om gleda ved å stola på Gud. Davidssalmen brukar bilder som eg kjenner som lyse og gode, og for meg er gudstrua någe som først og fremst har med livsglede å gjera.

Likevel er det slik at me menneske også kjennar sterkt på kontrastane i livet, ikkje minst i møte med ein slik bibeltekst:

· På den eine sida har eg eit trygt og omsorgsfullt bilde til Gud.

· På den andre sida kjem tankar omkring alt det smertefulle som menneske opplever i ulike samanhengar. Vonde ting som har skjedd i livet. Dei mange ubesvarte spørsmåla som mange sit med.

Er det slik at salmen med det kjente uttrykket Herren er min hyrding først og fremst er blitt eit glansbilde? Og glansbilder har lett for å falma.

Det finst mange glansbilder av Gud og av Jesus, både i bokstavleg og i overført betydning. Og dermed er det nok mange menneske som først og fremst hadde eit glansbilde av Gud, som opplever at han ikkje er så viktig lenger, som opplever at forventningane om hjelp og styrke med åra er redusert, som kjenner seg bortkomne, i alle fall i forhold til Gud.

Til den som kjenner det slik, vil eg seia at bildet med Herren som hyrdingen/gjetaren slett ikkje er eit glansbilde. Det er eit spennande bilde som seier någe om nærver.

På den tida då teksten blei skriven, var gjetaryrket eit hardt yrke. Deira oppgåve var nødvendig nettopp fordi livet som sau ikkje var någen idyll. Det var tjuvar som var ute etter dyra, og det var rovdyr som ville ta dei. Midt i dette levde gjetarane.

I språket vårt har me eit uttrykk: ”i desse ulvetider”. Ordboka mi forklarer ordet slik:

Ulvetid – ei uttrygg, hard og brutal tid

Salme 23 blei skriven i ei ulvetid. Den som har auge å sjå med, ser at me òg lever i ei slik tid. Dagsrevy og andre nyhetssendingar sender dette rett inn i heimane våre. Og menneskesinnet viser seg igjen og igjen å kunna innehalda alt, frå det mest grusomme til det mest edle og sjølvoppofrande. Me treng ikkje gå til internasjonale nyheter for å finna ting som tyder på at me lever i ei ulvetid. Også i vår nærhet opplever folk mykje vondt. Det kan vera oppleving av at livet er utan meining. Det kan vera øydelagte familieforhold. Det kan vera alvorleg sjukdom og død.

Dette er våre liv. Dette er vår tid. Me lever i kontrastane sin samanheng. Verda er både god og vond. Og menneska oppfører seg både godt og vondt. Inn i denne samanhengen lyder orda til oss:

Herren er min hyrding,
det vantar meg ingen ting.
Han lèt meg liggja i grøne enger;
han fører meg til vatn der eg finn kvile,
og gjev meg ny kraft.

Teksten frå Salme 23 er ikkje er ei skildring av ein urealistisk idyll, men ei skildring av Guds nærhet og hans omsorg midt i livet, også når me møter det vonde. Trua på Gud er ikkje ei glansbildetru, men ein relasjon til han som er Skapar, Frelsar og Livgjevar, han som vil vera nær deg i ditt liv, han som vil vera din hyrding, midt i kvardagen.

Eg nemnte at Jesus tar fram bildet frå GT, og bruker gjetarbildet om seg sjølv.

Eg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene. Men leigekaren, som ikkje er gjetar og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømmer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. For han er leigekar og har ikkje omsorg for sauene. Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, slik som Far kjenner meg, og eg kjenner Far. (Joh 10,11 ff)

Når Jesus brukar uttrykket den gode gjetaren om seg sjølv, er det nettopp for å framheva at han er nær i alle ulvetider, også i vår tid. Han oppfyller orda frå GT. Og ikkje bare det at han er nær, han er frelsaren som er sterkare enn alle dødskreftene, han er den som skapar nytt liv og som vil føra menneske heilt fram til Guds nærhet.

Det er også eit bodskap som er aktuelt i forhold til dåpen og dåpsbarna. De som står dei to dåpsbarna aller nærast, har nok mange draumar og håp for dei. De tenkjer på framtida deira, kva slags liv skal dei få?

I den samanhengen er det viktig å halda fast på at Gud gjennom dåpen i dag har tatt dei inn i sitt rike. Dei har fått tilhørighet til Gud, han som er den store hyrdingen. Og dei er tatt inn i kyrkja, det store fellesskapet av Guds barn. Der skal dei få leva, der skal dei veksa opp, i tru på Jesus Kristus, han som har opna døra til Guds Rike for oss. Trua har dei fått i gåve i dag. Det er grunnleggjande viktig at dei får leva i denne trua på Jesus, og at dei gjennom dåpen og trua får den tryggheten som Gud vil dei skal leva i.

Men tryggheten som Gud vil me skal leva i, er ein trygghet som gjeld i alle livets forhold. Det er ein trygghet som gjeld like møje i smerte som i glede. Gud er ikkje eit glansbilde. Det kan me ta med oss, også i møte med barna. Det er viktig å snakka sant om livet og om trua med barna når dei veks opp. Og me kan vera trygge på at sanninga aldri fører bort frå Gud!

Dødsskuggens dal

Dette uttrykket seier at den som høyrer Herren til er trygg på grunn av Guds omsorg også i møte med det vonde og vanskelege. Ei anna og kanskje meir direkte omsetjing av den hebraiske teksten ville vera: ”i mørkaste dal”. Men uttrykket dødsskuggens dal har festa seg i norsk bibelspråk slik at ein har halde på det. Tida vil visa om den nye bibelomsetjinga heller skriv i mørkaste dal.

Som prest har eg møtt menneske i sorg i mange ulike samanhengar og situasjonar. Eg har erfart at denne teksten har evne til å tala inn i dei aller vanskelegaste stundane! Den fortel om at Herren Gud kjenner oss og veit koss me har det. Dette er ein tekst som har någe viktig å seia oss når me opplever smerte og savn, ja, heilt inn i den alvorlege sjukdom og i møtet med døden. Salmen talar om Guds vernande hand, om hans makt og om hans omsorg.

Det finst ein grunn som held, også når me er i vår mørkaste dal, når me kjenner at me ikkje maktar meir. Det er trua på Jesus Kristus. Han som sjølv gjekk inn i liding og død for vår skuld, og som gjennom oppstoda på påskedagen fullførte sitt frelsande verk. Han sa sjølv: ”Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy.”

I Herrens hus

Teksten sluttar med ein trygghetserklæring rett etter at han taler at han har fiendar rundt seg:

Berre godleik og miskunn
skal fylgja meg alle mine dagar,
og eg skal bu i Herrens hus
i lange tider.

Kva betyr ordet ”Herrens hus” her?

For oss er det kanskje naturleg først å tenkja på kyrkjebygget? Og at denne teksten handlar om å høyra heime her i kyrkja vår. Det er jo ein flott tanke. Og i GT-samanheng kunne me då tenkja oss at dette dreier seg om tempelet i Jerusalem og det å vera der alltid.

Men ordet hus betyr på hebraisk meir enn ein bygning. Det kan bety hus og det blei brukt om tempelet. Men det betyr også hushaldning, slekt og familie.

Denne breie betydninga av ordet hus er brukt i eit interessant og viktig ordspel i GT. David ønskte å byggja eit hus for Herren, altså eit tempel, men Gud seier til han at det skal skje i neste generasjon, av kong Salomo. Men så forkynner Gud gjennom profeten Natan at Herren sjølv vil byggja eit hus for David!

Og no forkynner Herren deg at han vil byggja eit hus åt deg. Når tida di er ute, og du kviler hjå fedrane dine, då vil eg etter deg reisa opp din eigen son og etterkomar, og eg vil grunnfesta kongedømet hans. Han skal byggja eit hus åt namnet mitt, og eg vil tryggja kongsstolen hans til evig tid. (…) Ditt hus og ditt kongedøme skal alltid stå fast for mitt åsyn, og din kongsstol skal stå støtt til evig tid. (2. Sam 7,11-13 + 16)

Etter at David har bede Gud om å få byggja eit hus for han, seier Gud at han skal byggja eit hus for David! Mens David tenkjer på ei bygning, talar Gud om ei slekt. Det som er interessant, er at dette sidan er tolka om Messias. David son Salomo bygde tempelet i Jerusalem. Men Jesus, som var av ”Davids hus og ætt” som det står i juleevangeliet, og som også blir kalla Davids son, han skulle byggja ferdig det egentlige Guds hus, nemleg Guds familie.

På denne bakgrunn kan me også lesa dette:

Berre godleik og miskunn
skal fylgja meg alle mine dagar,
og eg skal bu i Herrens hus
i lange tider.

Då vil eg igjen minna om det store som skjedde i dåpen i dag. Dåpsbarna blei i dag ein del av Herrens hus, av Guds familie. Det er vårt håp at dei gjennom heile livet skal få leva i den tilliten som er skildra i Salme 23.

Teksten handlar altså om å høyra til hos Gud! Alle me som er døypte er tatt inn i Guds hus og familie. Der skal me få leva våre liv i tillit, både i lyse og lette dagar og når livet kjennest tungt og vanskeleg. Me kan vera trygge fordi me uansett har den store hyrdingen/gjetaren, Jesus Kristus, tett ved sida vår i kvardagen.


Korfor stod Jesus opp?

30/03/2008

Jesus lever! Det er den grunnleggjande bodskapen til oss nå i påsketida. Men korfor stod eigentleg Jesus opp frå døden?

Bloggen Singing In The Reign, som er skriven av to katolske teologar, peikar på at teologen og filosofen Thomas Aquinas (på 1200-talet) rekna opp fem grunnar til Jesu oppstode:

1. It reveals God’s justice.
Because Christ humbled himself and died on the cross out of love and
obedience to the Father, God lifted him up by a glorious resurrection.

2. It was necessary for the confirmation of our faith in Christ. Thomas cites Paul, who explains that the resurrection attests to the power of God (2 Cor 13:4).

3. It gives us hope for the resurrection of our bodies.
This, of course, is the whole point of 1 Corinthians 15. As Paul
writes, “Now if Christ be preached that He rose from the dead, how do
some among you say, that there is no resurrection of the dead?” (1 Cor
15:12)

4. It means death to sin and new life in Christ for us. Since
we are united with Christ we have not only died with him but been
raised with him to newness of life. Thomas cites Romans 6:4, 11: “We
were buried therefore with him by baptism into death, so that as Christ
was raised from the dead by the glory of the Father, we too might walk
in newness of life… 11 So you also must consider yourselves dead to
sin and alive to God in Christ Jesus.”

5. It completes the work of salvation. This is an especially important point that is far
too often overlooked. Christ’s death is not the only aspect of his work
for our salvation. Again, Thomas cites Paul, who explains that Christ
was “put to death for our trespasses and raised for our justification” (Rom 4:25). Most people forget about this verse and simply profess that Jesus died for our salvation–but that’s only part of it!


En krybbe var vuggen

18/12/2007

Nå når det nærmar seg jul, vil eg trekkja fram noko eg skreiv om juleevangeliet her på bloggen i jula i fjor. Eg refererte blant anna til nokre tankar om krubba i juleevangeliet, henta frå boka The Birth of the Messiah av Raymond E. Brown:

Han poengterer at krubba i juleevangeliet slett ikkje treng vera eit teikn på at Jesus var født i fattigdom i forhold til den tids levestandard, men at ho først og fremst er ei underleg og oppsiktsvekkjande plassering av eit nyfødt barn og derfor eit teikn for gjetarane. (les meir)


Hustavle

11/11/2007

Eg var deltakar på konferansen Håp for en såret jord i Gand kyrkje i går. Fekk høyra mange tankevekkjande foredrag. Dessutan fekk eg med meg den heilt nye boka Grønn kirkebok. Der fann eg denne hustavla, skriven av biskop Finn Wagle og prest/forfattar/bloggar Eyvind Skeie. Den hustavla vil eg gjerne dela med fleire!

HUSTAVLE

Ropet fra en såret jord

Menneske, du som har kunnskap om godt og ondt:
Livet er truet, ta ditt ansvar!

Oppdag helheten

Jorden er en vev uten sømmer
som ingen har rett til å rive i stykker.

Sans helligheten

En hellig duft hviler over alt som er til.
Livet skal verdsettes, vernes og elskes.

Gled deg over skjønnheten

Skaperverket eier sin egen rikdom.
Ingen ting er bare råvarer.
Jordens gaver skal forvaltes med hengivenhet og takk.

Dyrk sammenhengen

Ditt liv er innfelt i jordens liv. Alt er gitt deg til låns.
Alt skal du overlate til dem som følger etter.

Kjem for rettferdigheten

Moder jord har nok til alles behov,
men ikke til alles grådighet.
Misforholdet mellom fattig og rik
er forakt for menneskeverdet.

Lev i forsoningen

Menneske, du som har makt til
å ødelegge jordens vev:
Du er kalt til et liv
i forsoning!


Joel

25/10/2007

Joel
Joel hadde preika då eg var på gudsteneste i Immanuelskyrkja i Tel Aviv for få veker sidan. Nå kjem han hit og skal tala på møte på Fredheim Arena i Sandnes onsdag 31.10 kl 19.00

Det var spennande å høyra Joel si forkynning og å få eit møte med han etter gudstenesta. Joel var tidlegare ortodoks jøde. Nå er han messiansk jøde. Han opna seg for trua på Jesus som Israels Messias gjennom lesing av GT! I dag arbeider han i organisasjonen Jews for Jesus. Dessutan er han med i leiinga i den messianske forsamlinga i Immanuelskyrkja.

Preika eg fekk med meg, tok utgangspunkt i Matt 22,34-46. Han hadde følgjande disposisjon:

  • What Jesus asks of us – a relationship with God – So what …?

  • Who Jesus Messiah is – both Lord and Son – So what …?
  • How Jesus reveals Himself – So what …?

Odd_ivar_og_kristin_i_gamle_jaffa_2
Eg skulle gjerne ha vore på Fredheim Arena denne kvelden. Dessverre kolliderer det med at eg er på landsstyremøte i Sandefjord! Men eg vil svært gjerne anbefala møtet for lesarar i Stavanger / Sandnes / Jærregionen.

For dei som kjenner Kristin og Odd Ivar (biletet) vil eg seia at møtet er eit must! Biletet av dei to, som nå arbeider i Immanuelskyrkja, er frå ei samling gruppa vår hadde saman med dei i parken i Gamle Jaffa etter den nemnte gudstenesta. Der fortalde dei to om korfor dei er i Tel Aviv og om kva oppgåver dei har i kyrkja. 


Evangelisten Lukas

18/10/2007

Det er evangelisten Lukas sin dag i dag. Kvar evangelist har si vinkling på forteljinga om Jesus. Eg vil i kveld bare peika på eit par innhaldsmessige særtrekk ved Lukasevangeliet:

Lukas er for det første spesielt opptatt av å fortelja om Jesu kjærleik til dei som fall utanfor det gode selskap. Han er den evangelisten som skriv om koss Jesus tilgav kvinna som levde eit syndefullt liv (7,36-50). Han gjengir Jesu forteljing om den ventande faren sin kjærleik til den bortkomne sonen (15,11-32), han er den som tar med historia om Jesu møte med tollaren Sakkeus (19,1-10) og om røvaren som i siste stund på korset fekk løfte om bli tatt inn i Guds rike (23,39-43).

Lukas er for det andre spesielt opptatt av å visa at Jesus gjennom heile livet var prega av eit tillitsfullt forhold til Gud som Far. Han fortel om at Jesus alt som 12-åring kjente på behovet for å vera "i huset åt Far min" (2,49). I lidingshistoria møter med dette forholdet først i Getsemane (22,42), vidare i bøna då han blei korsfesta: "Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer" (23,34). Til sist døyr Jesus med orda "Far, i dine hender gjev eg mi ånd" (23,46).


15. søndag etter pinse

07/09/2007

Img Førstkomande søndag er 15. søndag etter pinse. I år er preiketeksten henta frå 1. Tess 5,15-24. Teksten handlar om livet i ein kristen kyrkjelyd.

I denne teksten finn me formaninga Be uavlateleg! (vers 17). Kva betyr det?

Dette spørsmålet står sentralt i den fascinerande boka En russisk pilegrims beretning. Boka er skriven av ein anonym forfattar i Russland på 1800-talet og den har ein viktig plass i ortodoks fromhetsliv.

Boka begynner slik:

Av Guds miskunn er jeg et kristen-menneske, ved mine gjerninger en stor synder, av stand er jeg en hjemløs vandringsmann av ringeste byrd som vandrer omkring fra sted til sted. Her er mitt gods: På ryggen bærer jeg en nisteskreppe, på brystet har jeg den hellige Bibelen; det er alt.

En gang gikk jeg i kirken for å delta i gudstjenesten. Det var 24. søndag etter Pinse, og epistellesningen var fra brevet til tessalonikerne, hvor det blir sagt: "Be uavlatelig". Disse ordene trengte seg med særlig styrke inn i mitt sinn, og jeg begynte å grunne på hvordan det kunne være mulig å be uten opphold; folk må jo også beskjeftige seg med andre ting for å opprettholde livet. Jeg slo opp i Bibelen; og der kunne jeg med egne øyne lese det jeg hadde hørt i kirken – nemlig at det er nødvendig å be i ånden til enhver tid, løfte hendene til bønn hvor en enn befinner seg. Jeg grunnet og grunnet, men var ikke i stand til å finne noen løsning.

Boka held fram med at pilegrimen oppsøkjer ulike forkynnarar for å bli undervist om temaet, utan å finna ut av det han undrar seg over. Til slutt får han hjelp av ein eremitt frå eit kloster. Han viser han den gamle boka Filokalia og lærte han opp i å leva med den såkalla Jesusbøna: "Herre Jesus Kristus, forbarm deg over meg" (= Kriste eleison).

Stephen Reid skriv i Luthersk Kirketidende 14/2007 om denne preiketeksten. Når han skal skriva om vers 17, tenkjer han som meg på denne russiske boka. Han skriv:

I den mye leste og klassiske boken "En russisk pilgrims beretninger" tolkes dette som at man skal be bønnen "Herre Jesus Kristus, miskunne deg over oss" bokstavelig talt uavlatelig til bønnen så å si setter seg i hjertet og bes der konstant uansett hva man ellers sier eller gjør. Denne anbefalingen fra den mer mystisk-ortodokse kirketradisjon er utfordrende, men for de fleste ikke et praktisk forbilde. Hvordan skal vi da holde frem denne Paulus’ formaning? Problemet oppstår kanskje fordi vi tenker begrenset om bønn. At vi alltid skal være i forbønn er umulig – men Ordet utfordrer oss til å uavbrutt være i en lyttende og søkende holdning til Gud uansett omstendighet (jfr forrige formaning) og også i smått og stort legge frem for Gud i bønn og takk alt som ligger oss på hjertet (Filipp 4,6).

Eg er einig med Stephen Reid. Å be uavlatande handlar nok først og fremst om alltid å leva med ei lyttande og søkjande haldning til Gud. Men eg vil likevel seia at eg er fascinert av den ortodokse tradisjonen som så sterkt kjem til orde i boka En russisk pilegrims beretning.

Og når eg først har skrive så mykje om boka, kan eg jo ta med litt meir: Mi norske utgåve er utgjeven på Dreyer Forlag A/S i 1985 med innleiing av den norske ortodokse presten Fader Johannes (Johansen) og med essayet Det nye hjerte av Aasmund Brynhildsen som etterord. Eg har kjøpt boka på antikvariat.

Fader Johannes skriv slik i forordet:

"En russisk pilegrims beretning" er en merkelig bok, for den er hverken rent skjønnlitterær eller oppbyggelseslitteratur, ikke heller strikt selvbiografisk. Noe av hemmeligheten ved dens popularitet ligger kanskje nettopp i det at den forener alle disse aspekter. Den utgir seg for å være en enkel fortelling om opplevde hendelser i løpet av en periode av forfatterens liv. Dette er ikke fremstilt som tørr selvbiografi, men novellistisk som en rekke handlingsmettede episoder, adskilt med lengre dialoger og religiøse betraktninger. Alt dette holdes sammen av bokens tema: nemlig forfatterens eller bokens "jeg"s søken etter undervisning i "den uavlatelige bønn". Det resulterer i et helt unikt innblikk i det aller innerste og vesentligste i den russiske religiøse og kulturelle identitet.


Velsigning av valkampen!

06/09/2007

Dagens tekst i bibelleseplanen er eit avsnitt med mange velsigningar frå 5. Mosebok 28. Her er eit lite utdrag frå Sindre Eide sin andakt over teksten i Vårt Land i dag:

Kanskje vi med frimodighet skulle lyse Guds velsignelse over valgkamp og stemmelokaler – med ønske og håp om at alle som blir valgt, vil ha ett fokus i sitt fremtidige politiske arbeid: Hva er til velsignelse for vårt lokalsamfunn – og den verden vi lever i?

Les heile andakten her.


Hein

03/09/2007

Nå i sommar har Hein Steinskog slutta som prest i Klepp prestegjeld her på Jæren. Han har vore residerande kapellan i Klepp sidan 1974 (!), og var nå den siste med denne gamle tittelen, i alle høve i vårt bispedøme. Eg blei kjent med han i 1975 då eg kom som eittåring til KFUK/KFUM-arbeidet på Klepp. Seinare kom eg tilbake til Klepp sokn for å arbeida som barne- og ungdomssekretær. Og dei siste fjorten åra har Hein og eg vore prestar i same prostiet. Så me har faktisk hatt ganske mange treffpunkt opp gjennom åra!

Hein kan utruleg mykje om GT. Eg kjenner ikkje nokon prest som på same måten som han, kan gå i djupna i GT-tekstane når det skal forkynnast over dei i kyrkja. Derfor har me i prestefellesskapet vårt ofte brukt hans kompetanse når me arbeidde med GT-tekstar. Dette kjem eg til å sakna nå når Hein har blitt pensjonist.

Nå har han, saman med kona, starta opp Bokstovå te Steinskog.

Menighetsbladet for Klepp (nr 4/2007) har eit godt avskjedsintervju med han. Eg saksar litt frå dette:

(…)

- Fleire gonger har du i talane dine teke oppatt setninga: Gud er meir nådig enn menneske. Kan du seie litt om trua di og kva den betyr for deg i kvardagen?

- Mi tru er dei tre trusartiklane: Gud Fader, Sonen og Den Heilage Ande. Trua er ikkje noko eg kan gripe med handa. Eg er samd med Luther som seier at tvil og tru er tvillingar. Trua mi er der og har vore der, eg har ikkje noko historie som er knytt til ei spesiell hending eller tid i livet mitt. Trua får konsekvensar for livet eg lever. Jærbuen snakkar ikkje så høgt om trua si, dei held seg til dei tre trusartiklane. Me har mykje å læra av vår Herre og sonen hans om korleis behandle menneske. Som menneske vert me både skuffa og kan kjenna på vanskelege følelsar, som gjer at me ikkje alltid er så nådige mot kvarandre. Me må sjå på menneske som det dei er og ikkje slik vi ønsker dei skal vere. For Gud har me alle lik verdi. Gud er nådig og kan frelse alle!

(…)

- Får me sjå deg att eller korleis vert det med pensjonisten Steinskog?

- Som sagt vert eg dreng for kona. Det er ho som er ansvarleg for antikvariatet som me opnar i Kleppekrossen. Der kan eg studere Jærsk kyrkjehistorie og Det Gamle Testamentet. Eg skal sjå nærare på om israelittane sin lærdom frå tida i Babylon og Egypt har kome med inn i Det Gamle Testamentet. Dette gjer eg for å kose meg og av eiga interesse. Samtidig er eg klar for å slå av ein prat når nokon stikk innom. Kontakt med menneske er viktig for meg, det er så mange møtestadar som er på veg ut i vår tid.

(…)

- Er det noko du har lyst å seie til folket i Klepp prestegjeld?

- Ja! Takk for alt godt!


Den heilage ande

26/05/2007

Due Det er pinse denne helga. Dette er ei kristen høgtid som blir feira til minne om at Gud sendte sin Ande til Jesu disiplar. Dette skjedde fem veker etter Jesu død og oppstode i Jerusalem, og det markerte startpunktet for den kristne kyrkja sin misjon i verda.

På same måte som jul og påske blir feira til minne om historiske hendingar som var heilt grunnleggjande og som ikkje blir gjentatt, var også pinsehendinga i Jerusalem ei historisk hending som skjedde éin gong og som var heilt grunnleggjande. Dette gir grunnlaget for kristne si tru på Den heilage ande.

Før sin død og oppstode lova Jesus disiplane at dei ein gong skulle bli fylt av Guds Ande:

Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tørstar, skal koma til meg og drikka. Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, for Jesus var endå ikkje herleggjord. (Joh 7,37-39)

Eg har i kveld på pinseaftan funne fram meir av det Bibelen seier om Den heilage ande. Tekstutvalet har eg henta frå Bibelvegvisaren bak i Konfirmantbibelen, ei bibelutgåve som inneheld mykje bra oppslagsstoff og bakgrunnsinformasjon. Illustrasjonen av dua med den korsforma glorien har eg også henta frå denne bibelutgåva. Dua er eit symbol for Den heilage ande.

Kven er eigentleg Den heilage ande?

Guds Ande og Kristi Ande:

Men det er ikkje kjøtet som har makta over dykk, det er Anden – så sant Guds Ande bur i dykk. Den som ikkje har Kristi Ande, høyrer ikkje Kristus til. (Rom 8,9)

Gud i våre hjarte:

Og håpet gjer ikkje til skamme, for Guds kjærleik er aust ut i hjarta våre ved Den heilage ande som han har gjeve oss.  (Rom 5,5)

Jesus hos oss:

Elskar de meg, så held de boda mine. Då vil eg be Far, og han skal gje dykk ein annan talsmann, og han skal vera hos dykk alltid: Sanningsanden, som verda ikkje kan ta imot. For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera i dykk. Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born. Eg kjem til dykk. (Joh 14,15-18)

Kva gjer Den heilage ande?

Skaper og held i live:

Det er Guds Ande som har skapt meg, anden frå Den Allmektige held meg i live.  (Job 33,4)

Talar gjennom profetane:

«Brør,» sa han, «det måtte oppfyllast, det skriftordet som Den heilage ande lét David seia om Judas, han som vart vegvisar for dei som greip Jesus. (Apg 1,16)

Dei freista å finna ut kva tid Kristi Ande, som var i dei, viste fram til, og korleis den tida skulle vera. For Anden vitna om Kristi lidingar og den herlegdomen som sidan skulle koma. (1. Pet 1,11)

Vitnar om Jesus:

Når Talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Far, Sanningsanden som går ut frå Far, då skal han vitna om meg. (Joh 15,26)

Bur i dei som trur:

Sanningsanden, som verda ikkje kan ta imot. For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera i dykk. (Joh 14,17)

Lærer og påminner:

Men Talsmannen, Den heilage ande, som Far skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk på alt det eg har sagt dykk. (Joh 14,26)

Kallar og sender ut:

Ein gong medan dei heldt gudsteneste og fasta, sa Den heilage ande: «Ta no ut Barnabas og Saulus for meg til den gjerning eg har kalla dei til!» (Apg 13,2)

Ta vare på dykk sjølve og på heile den flokken som Den heilage ande har sett dykk til å vera tilsynsmenn for! Ver hyrdingar for Guds forsamling, som han vann med sitt eige blod. (Apg 20,28)

Gjev Andens gåver:

Alt dette er eit verk av den eine og same Anden, som deler ut sine gåver til kvar einskild som han vil. (1. kor 12,11)

Gjev Andens frukter:

Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin. Slike ting er ikkje lova imot! (Gal 5,22-23)


Eit levande håp

29/04/2007

Det er tredje søndag etter påske i dag. Kyrkja har fokus på den oppståtte Jesus, han som er Herre over døden. Preiketeksten denne søndagen i Den norske kyrkja er henta frå 1. Peters brev:

3 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har født oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde! 4 Han har født oss til ein arv som aldri forgår, aldri blir skitna til og aldri visnar. Denne arven er gøymd i himmelen for dykk, 5 de som i Guds kraft blir haldne oppe ved tru så de når fram til frelsa. Ho ligg alt ferdig til å bli openberra i den siste tid.
   
6 Difor kan de jubla av glede, sjølv om de no ei lita stund, om så må vera, har det tungt i mange slags prøvingar. 7 Slik blir trua dykkar prøvd. For når til og med forgjengeleg gull må prøvast i eld, då må òg trua prøvast, den som er så mykje meir verd, så ho kan bli til pris og herlegdom og ære for dykk når Jesus Kristus openberrar seg. 8 Han elskar de, endå de ikkje har sett han; han trur de på, endå de no ikkje ser han. Og de jublar og er fylte av ei glede så herleg at ho ikkje kan tolkast med ord, 9 for de skal nå målet for trua: frelse for sjelene dykkar. (1. Pet 1,3-9)

Eg har frihelg  og skal altså ikkje preika over denne teksten i dag. Men eg kan jo dela nokre få tankar om teksten likevel.

Teksten begynner med ei lovprising til Gud. Han får ære fordi han har født oss på nytt, eit uttrykk som seier noko om den største endring som kan tenkjast i eit menneskeliv. Det er naturleg å tolka Peter slik at han siktar til dåpen når han skriv dette. I Joh 3,5 står det om å bli født "av vatn og Ande". I Titus’ brev les me "Han frelste oss ved det badet som gjenføder og fornyar ved Den heilage ande" (Tit 3,5). "Dåpen er kristenlivets fødselsøyeblikk" skriv Halvor Nordhaug i ein kommentar til teksten.

Den som er døypt og som lever i trua han/ho er døypt til, har eit levande håp i livet sitt. Håpet er levande fordi Jesus er levande. Håpet er knytt til ein arv som aldri forgår. Trua på dette er ikkje knytt til eigne krefter eller prestasjonar, det dreier seg om å bli halden oppe i Guds kraft, ved tru.

Dette minner om noko Paulus skriv:

For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv. For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei. (Ef 2,8-10)

Den kristne trua frigjer menneske til eit liv i håp og kjærleik, her og nå. Men Peter minner oss i dag om at målet for trua er den endelege frelse (vers 9). Me kan også leggja merke til at lovprisinga frå 1. Peters brev blir lesen både ved dåp og ved gravferd i kyrkja vår:

Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har født oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde!


Den gode gjetaren

22/04/2007

Det er søndag morgon. I dag skal eg forkynna på to heilt ulike gudstenester om at Jesus er den gode gjetaren. Eller "den gode hyrde / den gode hyrdingen" som det heitte i tidlegare bibelomsetjingar. Eg har grubla mykje over dette den siste veka. Sist søndag skjedde det ei brutal valdtekt her i lokalsamfunnet, midt i vårt mest populære turområde. Folk er oppskaka over det som har hendt. Koss skal eg forkynna om den gode gjetaren inn i denne situasjonen?

Her er dagens preiketekst frå Johannesevaneliet (kap 10, vers 11-16):

11 Eg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene. 12 Men leigekaren, som ikkje er gjetar og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømmer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13 For han er leigekar og har ikkje omsorg for sauene. 14 Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, 15 slik som Far kjenner meg, og eg kjenner Far. Eg set livet til for sauene. 16 Eg har òg andre sauer, som ikkje høyrer til denne flokken. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal bli éin flokk og éin gjetar.

Nå i føremiddag skal eg delta på familiegudsteneste i gymsalen på Rosseland skule. Dei barna som er fire år, skal få Barnebibelen i gåve. Eit barnekor skal synga. Her kjem eg til å leggja vekt på den trygge omsorga som gjetarbiletet formidlar. Barna skal, i denne samanhengen, få sleppa å høyra om valdtektsforbrytarar og andre ulvar. Eg vil heller, slik eg ofte gjer på familiegudstenester, leika litt med teksten saman med barna. Barna skal få vera sauer og lam, og eit barn skal få vera gjetar. Deretter får me besøk av ein venn som har sauer og som har med seg eit lite lam. Barna skal få klappa lammet, og eg pratar litt med eigaren om lammet og om mora, om at han ser forskjell på sauene sine og om kva som kan vera farleg for eit lite lam i vårt samfunn. Til slutt fortel eg litt om dette at Jesus er den gode gjetaren og at me er sauene og lamma hans. Han kjenner oss (ved namn!) og me får kjenna han. Han er så glad i oss at han vil gje livet sitt for oss. Han vil at me skal tilhøyra han og stola på han.

I kveld skal eg ha kveldsgudsteneste i kyrkja. Her er det naturleg å gå djupare inn i kva det betyr at Jesus er den gode gjetaren. Då Jesus brukte dette biletet, kjente tilhøyrarane godt til bruken av biletet i GT og dei var vant med å ha gjetarar og saueflokkar i nærmiljøet sitt. I vår tid er nok dette meir ukjent. Og når eg forkynner om dette i denne samanhengen, må det sjølvsagt få koma fram at gjetarbiletet ikkje handlar om idyll, men om å leva i tru på Gud i ei verd der det finst mange formar for vondskap og ulukker.


Pavens bok om Jesus

16/04/2007

Pave Benedikt XVI fyller 80 år i dag. Han er ein oppegåande eldre mann og har faktisk skrive bok som blir gitt ut på fødselsdagen. Boka heiter Jesus fra Nasaret. Før Benedikt blei pave, heitte han Joseph Ratzinger. Les meir om Pave Benedikt XVI her.

Nettsida ABC Nyheter hadde før helga ein omtale av den nye boka:

Boka blir beskrevet som et rent personlig verk om Jesu liv, og målgruppen er katolikker flest. I første omgang gis den ut på italiensk, polsk og tysk. Den 448 sider tjukke boka vil være i salg fra mandag, samme dag som paven feirer fødselsdag.

I boka viser paven blant annet til historien om den barmhjertige samaritan og Jesu oppfordring om å elske sin neste, og trekker linjer til dagens verden med enorme forskjeller mellom fattige og rike. Både kapitalisme og kolonialisme kritiseres.

«Hvis vi bruker dette på den globaliserte verden, ser vi at plyndringen av Afrikas folk angår oss. De rike har kledd de fattige nakne og har påført dem åndelige sår,» heter det i et utdrag fra boka som er trykket i avisa Corriere della Sera.

«I stedet for å gi dem Gud, den Gud som er nær oss i Kristus, og ønske velkommen alt det som er godt og stort i tradisjonene deres, brakte vi dem kynismen i en verden uten Gud, hvor kun makt og fortjeneste teller», heter det videre. (Les meir)

Eg vil tru boka er interessant for andre enn "katolikkar flest". Men sjølvsagt, – paven har ein heilt spesiell posisjon i katolsk kyrkeliv, og En katolsk weblog skriv i dag både om fødselsdagen og om boka. Sjølv om eg ikkje høyrer til i den katolske kyrkja, vil eg vera med og heidra ein viktig kyrkjeleiar. Eg stiller derfor meir enn gjerne opp i rekka av dei som seier: Gratulerer med dagen!

Oppdatering 21.04:

Få dagar etter utgjevinga blir det meldt om store salgstal for paven si bok. Paven slår Harry Potter melder Vårt Land i dag.


Jesus lever!

09/04/2007

Påske er først og fremst feiringa av at Jesus ikkje blei verande i grava. Han lever! Budskapet om dette er heilt grunnleggjande for den kristne trua. Er ikkje Jesus stått opp, er trua meiningslaus. Men nå har han stått opp og han har vist seg som Herre over dødens makt! Gjennom dette har han opna ein veg inn til det evige livet for alle som trur.

Jesus sa: Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy. (Joh 11,25)


Eit dikt på palmesøndag

01/04/2007

Eg vil gjerne dela med deg Heidi Strand Harboe sitt dikt til denne dagen. Ho skreiv det til påskeutstillinga som ho og Inger hadde for to år sidan.

Tre dagar leita eg
etter han som ein gong rørde meg,
gjekk etter orda
mellom syngande kvinner
og feststemde menn.
For det siste eg hadde med meg,
kjøpte eg meg palmegreiner,
dei største eg fann.
Dei tyngde mot hendene mine.
Eg såg han koma,
ikkje på hesten,
men på eselet.

Eg kjende i kalde ilingar
langs ryggrada
at noko ikkje var
slik eg hadde trudd.
Eg løfta min modigste lengt,
heldt draumen fast
og løfta palmegreinene
medan eg kjende jubelen
skurra sårt mot stemmebanda.
Eit sekund fekk eg blikket hans
svalt og brennande.
Glimtvis visste eg,
men klarte ikkje å skjøna.


Maria Bodskapsdag

25/03/2007

I dag, på Maria Bodskapsdag, vil eg minna lesarane på at Maria har ein viktig plass i vår kristne tru, også i ei luthersk kyrkje. For det første er Maria Jesu mor og derfor nemnt i truvedkjenninga vår. Og så er ho eit eksempel på eit fromt menneske som ikkje ville framheva seg sjølv, men heller vera ein tenar for Herren då han kalla henne til ei heilt usannsynleg teneste.

Feiringa av Maria Bodskapsdag ni månadar før jul har ein lang tradisjon i den kristne kyrkja. For fleire hundre år sidan var 25. mars ein eigen heilagdag, nå markerer Den norske kyrkja dagen på den søndagen som kjem nærast 25. mars.

Dei to evangelietekstane som vekslar på å vera preiketekst er Luk 1,26-38 om bodskapen til Maria og Luk 1,46-55 som inneheld Marias lovsong. Dette året hadde Kyrkjemøtet bestemt at det skulle forkynnast over ein av tilleggstekstane, Luk 1,39-45, som handlar om Marias besøk hos den eldre slektningen Elisabet (døyparen Johannes si mor) kort tid etter at ho hadde fått bodskapen om at ho skulle bli Jesu mor.

Les resten av dette innlegget »


Frå vatn til vin

21/01/2007

I gudstenesta i dag preika eg over søndagens tekst frå Johannesevangeliet, forteljinga om bryllupet i Kana der Jesus gjorde vatn til vin. Som ein del av førebuinga mi, fann eg for nokre dagar sidan fram ein del litteratur om denne bibelteksten. Eg las blant anna den danske diktarpresten Kaj Munk (1898-1944) sin versjon av historia og blei så fascinert at eg ville la kyrkjelyden få del i den. Eg lét derfor første halvdelen av preika i dag vera eit utdrag frå hans preike og gjekk deretter sjølv nærere inn på nokre ord og uttrykk i teksten for så å forkynna evangeliet ut frå dette.

Preiketeksten for i dag (2. søndag etter Kristi Openberringsdag) står skrive hos evangelisten Johannes:

Tredje dagen var det eit bryllaup i Kana i Galilea. Mor til Jesus var der. Også Jesus og disiplane hans var bedne. Då det var slutt på vinen, sa Jesu mor til han: «Dei har ikkje meir vin.» «Kva vil du meg, kvinne?» svara Jesus. «Min time er enno ikkje komen.» Då sa mor hans til tenarane: «Det han seier dykk, skal de gjera.» No stod det seks vasskar av stein der, slike som blir nytta i reinsingsskikkane til jødane. Kvart av dei tok to eller tre anker. «Fyll kara med vatn,» sa Jesus. Og tenarane fylte dei til randa. Så sa han til dei: «Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren.» Det gjorde dei. Kjøkemeisteren smaka på vatnet, som hadde vorte til vin. Han visste ikkje kvar vinen kom frå, men tenarane som hadde aust opp vatnet, visste det. Då ropa han på brudgomen og sa: «Alle set først fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den som er dårlegare. Du har gøymt den gode vinen til no.» Dette var det første teiknet Jesus gjorde; det var i Kana i Galilea. Han openberra sin herlegdom, og disiplane hans trudde på han. (2,1-11)

Eg vil i dag dela med dykk eit utdrag frå preikesamlinga Med ordets sverd. Her finn me den danske diktarpresten Kaj Munk si 65 år gamle preike frå 1942 over denne teksten.

Kaj Munk skriv at Jesus har glimt i auga i forteljinga om bryllupet i Kana. Det kan nok absolutt vera sant, men eg vil seia at eg syns dette fine uttrykket for god humor òg er passande for preikeformen til diktarpresten sjølv! Han maler teksten med eit glimt i auga, så historia stig levande fram for oss.

Les resten av dette innlegget »


Mysterium

28/12/2006

Eg trur det er rett å seia at ordet mysterium har vore eit relativt ubrukt ord i norsk, kyrkjeleg språkbruk. Eigentleg ganske merkeleg, for eg syns ordet dekkjer noko som er viktig for meg i møte med det eg ikkje kan forstå. Kanskje har mange, inntil for få år sidan, vore redde for å bruka ordet i misforstått angst for alt som luktar "katolsk"?

Den forrige omsetjinga frå Bibelselskapet (NO 78/85) brukte bare ordet éin gong, i Ef 5,32. Den nye omsetjinga, NT05, har i større grad tatt ordet inn i bibelspråket, og les f eks Paulus sine ord i 1. kor 2,1 slik:

Då eg kom til dykk, sysken, var det ikkje med meisterskap i talekunst eller visdom eg forkynte Guds mysterium.

Ordforklaringane bak i NT05 knyter blant anna ordet til Guds frelsesplan:

Det greske ordet mystærion kan omsetjast med både "mysterium" og "løyndom". Omsetjinga "løyndom" legg mest vekt på at denne frelsesplanen har vore løynd, medan "mysterium" får sterkare fram det uutgrunnelege ved det. Det kristne mysteriet er ikkje ei løyndomsfull innsikt for særskilt innvigde, men ein offentleg, open løyndom. Dei kristne legg mysteriet ope fram og forkynner det med vanlege ord, ikkje med eit hemmeleg språk.

Eivind Skeie har nå i jula lagt ut julesalmen Mysterium på bloggen sin. Eit av versa begynner slik:

Mysterium! Jeg bøyer meg
for menneske og Gud,
og tilber gåten som er skjult
bak barnets tynne hud.

Eg syns det er flott at han knyter ordet mysterium til julebodskapen. Les heile salmen her!


Krubba i juleevangeliet

24/12/2006

Eg er heime etter å ha forretta ved tre gudstenester nå på julaftan. Først to familiegudstenester med masse barn til stades, og så ei meir stille og “vaksen” gudsteneste til slutt. Det er flott å vera i kyrkja ein slik dag. Her kjem folk i alle aldrar og feirar Jesu fødsel. “Nå vandrer fra hver en verdenskrok, i ånden frem, i ånden frem, et uoverskuelig pilgrimstog mot Betlehem, mot Betlehem.”  Ca 1200 menneske har vore til gudsteneste i Bryne kyrkje i dag. Og i morgon er det høgtidsgudsteneste, der me også reknar med meir folk enn vanleg.

Kyrkja er pynta til fest, – nye folk har tatt ansvar og gjort det på sin flotte måte. Og nytt av året var også ein stor stall med krubbe og høy, som barna kunne koma fram og setja seg inn i.

Men først og fremst er julaftan feiringa av at Gud blei menneske, i eit lite barn i ei krubbe. Derfor tar eg med litt stoff om juleevangeliet her på bloggen i kveld. Det er mange interessante detaljar i denne bibelteksten, og utruleg mange trådar som kan trekkjast til andre bibeltekstar. I dag vil eg skriva litt om krubba som Jesus blei lagt i.

(Julemiddagen er snart klar, gjestene har kome og storfamilien på 12 skal snart gå igang med den meir private delen av feiringa. Heldigvis hadde eg skrive dei følgjande tankane tidlegare i dag.)

Juleevangeliet (Luk 2,1-20) kan delast i tre hovuddelar:

  1. Jesu fødsel (v 1-7)
  2. Bodskapen (v 8-14)
  3. Reaksjonen (v 15-20)

Sentrum i teksten er det som står i vers 11:

“I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.”

Lukas fortel at den nyfødde frelsaren blei lagt i ei krubbe. Det kan faktisk verka som om det var svært viktig for han å få fram kvar Jesus blei lagt. Krubba er med i alle dei tre hovuddelane av teksten (v. 6, 12 og 16). Og Lukas er nøye med skildringa; barnet blei sveipt og lagt i ei krubbe, fordi dei ikkje fann husrom nokon stad.

Me kan leggja merke til at Lukas verken nemner herberget eller stallen! Det mykje omtalte herberget, der det ikkje var ledig rom, har nå også forsvunne ut av den nyaste norske omsetjinga av Bibelen. Ordet som tradisjonelt har vore omsett med “herberge”, er katalyma. Det brukest til vanleg om gjesterommet i eit privathus, eit rom som ofte låg i andre etasje over staden der dyra var. Og dyra var ikkje i ein norsk stall, men i eit rom i huset eller i ei grotte i tilknyting til huset.

Eg har høyrt mange forklaringar og utleggingar om korfor Maria og Josef ikkje fann husrom nokon stad. Men dette skriv faktisk ikkje Lukas noko om. Slike innleggingar i teksten skapar sjølvsagt liv i dei mange dramatiseringane av juleevangeliet (og dette er noko eg likar å vera med på!), men akkurat nå vil eg heller sjå på kva teksten faktisk seier og den bibelske bakgrunnen for dette.

I adventstida i år har eg arbeidd med The Birth of the Messiah av Raymond E. Brown. Dette er ein svær kommentar og eg har ikkje hatt tid til å lesa heile boka (eg kjøpte den på antikvariat i Tel Aviv i haustferien). Eg tar i det følgjande med nokre tankar som eg har funne hos Brown (s 418 ff).

Jesus født i fattigdom?

Han poengterer at krubba i juleevangeliet slett ikkje treng vera eit teikn på at Jesus var født i fattigdom i forhold til den tids levestandard, men at ho først og fremst er ei underleg og oppsiktsvekkjande plassering av eit nyfødt barn og derfor eit teikn for gjetarane.

Ei anna sak er at Jesus blei født “i fattigdom” då han, som Guds evige Son, lét seg føda inn i vår verd som eit vanleg menneske. Her er eit par bibelsitat som seier noko om dette:

Han var i Guds skapnad (…)
men han gav avkall på sitt eige,
tok ein tenars skapnad
og vart menneske lik.
(Fil 2,6-7)

De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle bli rike. (2. kor 8,9)

Bibelsk bakgrunn for krubba?

Jes 1,3 er ein viktig bakgrunn for krubba i juleevangeliet:

Ein okse kjenner sin eigarmann,
og eit esel krubba åt herren sin.
Men Israel kjenner ingen ting,
mitt folk er utan skjøn.

Lukas si forteljing opphevar denne domen over Israel, seier Brown. Gjetarane blir sendt til krubba for å finna Herren som er ei kjelde til glede for heile Israelsfolket. Dei finn barnet i krubba og dei byrjar å prisa Gud. Med andre ord; Guds folk har begynt å kjenna “krubba åt herren sin”.

Eit barn som er sveipt

Kanskje det manglande husrommet (Luk 2,7) kan ha ein samanheng med orda i Jer 14,8, adressert til Israels herre og frelsar?

… kvifor er du som ein gjest i landet,
lik ein ferdamann som berre stoggar for ei natt?

Brown peiker på at Israels herre og frelsar nå ikkje kjem som ein framand som treng husrom/herberge for ei natt. Sveipinga kan vera eit teikn på at Israels Messias ikkje er eit utskot i folket, men tvert imot at barnet blir tatt i mot på ein omsorgsfull og passande måte.

I Visdommens bok 7,3 ff står desse orda, tillagt kong Salomo:  “Da jeg kom til verden, begynte jeg å puste den samme luft som alle andre. Jeg ble lagt på den samme jord, og som hos alle andre nyfødte var min første lyd et skrik. Jeg ble reivet og stelt med, for slik begynner også kongen livet. Inngangen til livet er ens for alle; utgangen likeså.” (Visdommens bok er ei av dei apokryfe bøkene som er med i nokre bibelutgåver. Dette er jødiske skrift frå tida mellom GT og NT. Du finn dei, dessverre bare på bokmål, på www.bibelen.no viss du merkar av feltet “inkl de deuterokanoniske bøker”.)

Brown avsluttar omtalen av krubba med å visa til ein artikkel av Giblin der biletet blir samanfatta slik: Jesus er født i Davids by, ikkje i husrom/herberge som ein framand, men i ei krubbe der Gud stadfestar at folket er hans folk. Og sveipinga svarar til hans kongelege rolle.


Siste søndag i kyrkjeåret

26/11/2006

Denne søndagen er Siste søndag i kyrkjeåret. Kyrkjeåret blir tematisk avslutta med tekstar som handlar om Jesu gjenkomst og om domen, og dagen blir derfor også kalla Domssøndagen. Preiketekst i dag var ein av dei mest markante eskatologiske bibeltekstane, Jesu likning om dei ti brudejentene i Matt 25,1-13.

Gudstenesta i Bryne kyrkje var ei temagudsteneste i den forstand at alle salmane som blei sunge, var salmar av Svein Ellingsen. Han er ein av dei største nålevande norske salmediktarane. Kanskje me heller skal seia den aller største? Eg tar med ein salme som han har skrive spesielt til denne søndagen (Norsk Salmebok nr 259):

Herre, når din time kommer,
åpenbarer du ditt rike,
og i klarhet får vi skue
alt det skapte, frigjort, fullendt!
Vi skal se deg som du er!

Riket, som er skjult i verden,
stiger frem i lys og lovsang!
Jordens smerte er beseiret!
Dødens makt er overvunnet!
Vi skal se deg som du er!

Mens vi venter på din time,
tror vi på ditt rikes nærhet,
skjult som årer under jorden,
skjult som vind i treets krone,
til vi ser deg som du er!

Du var nær oss i vår dåpsstund.
Du er nær ved nattverdbordet.
Dine gaver gir oss forsmak
på ditt rikes store måltid
når vi ser deg som du er!

Gi oss nåde, mens vi venter,
til å leve midt i verden.
Gi oss nåde til å lide,
ved din Ånd som virker i oss,
han som ser deg slik du er!

Her hvor alt vårt eget knuses,
hører vi ditt ord og løfte.
Her hvor døden ennå hersker,
tenner Helligånden håpet
om å se deg som du er!

Og når Kristi dag er inne,
kaller du oss ut av døden.
Mørket finnes ikke lenger!
Evig skal din godhet råde!
Vi skal se deg som du er!

Herre, la ditt rike komme!
Din er makten! Din er æren!
Din er dommen! Din er nåden!
Halleluja! Alt er fullendt!
Vi skal se deg som du er!


Avhengighetserklæring

07/08/2006

Knut Grønvik om bøn på Korsveiforum 2006:

Å be er å bli lukket inn i det fellesskapet med den treeninge Gud. Fra det stedet kan vi øve oss i det Gud ser og hører. Der kan vi lære medfølelse, innlevelse, skaperevne og oppdage muligheter.
Grønvik gikk også historisk til verks og hevdet at å be er noe mennesker alltid har gjort.
– Hvis vi bare ser på Bibelen: Alltid har folk henvendt seg til Gud. Fra Abel og Kain til Johannes på Patmos. Trosheltene ba. Jesus selv ba! Noen ganger offentlig, flere ganger stille. Bønn er som åndedrettet. Praktisk talt alle mennesker – uavengig av tro – ber, hvis man spør dem om det.

(…)

– Verden er full av vakre uavhengighetserklæringer, men bønn er en avhengighetserklæring, sa Grønvik til de rundt 200 deltakerne.

(via Dagen)


Eg trur på Den Heilage Ande

04/06/2006

Det er pinsedag, ein høgtidsdag. Flagget er tatt fram. Eg har hatt ein god frukost og skal snart i kyrkja. Tenkte bare eg først ville krydra bloggen med nokre ord frå den kristne tradisjonen.

Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppstoda av lekamen og evig liv. Amen.

Desse orda kjem frå den apostoliske truvedkjenninga. Formuleringane går tilbake til oldkyrkja si tid. Ikkje så langt tilbake som apostlane, men vedkjenninga har fått namnet fordi den byggjer på apostlane si lære.

Eg tar òg med den tilsvarande formuleringa i den nikenske truvedkjenninga:

Vi trur på Den Heilage Ande, som er Herre og gjer levande, som går ut frå Faderen og Sonen, som vert tilbeden og æra saman med Faderen og Sonen, og som har tala gjennom profetane. Vi trur på éi heilag, allmenn og apostolisk kyrkje. Vi vedkjennest éin dåp til forlating for syndene og ser fram til oppstoda av dei døde og eit liv i den komande verda. Amen.

Martin Luther har skrive ei forklaring til den apostoliske truvedkjenninga, og denne forklaringa er ein del av vedkjenningsskriftene for oss som høyrer til i ei evangelisk-luthersk kyrkje:

Eg trur at eg ikkje av eige vit eller eiga kraft kan tru på Jesus Kristus, min Herre, eller koma til han. Men Den Heilage Ande har kalla meg ved evangeliet, opplyst meg med sine gåver, helga meg og halde meg fast i den sanne trua. På same måten kallar, samlar, opplyser og helgar han heile den kristne kyrkja på jorda, og held henne opp hjå Jesus Kristus i den eine sanne trua. I denne kristne kyrkja gjev han meg og alle truande dagleg forlating for alle synder. På den siste dagen skal han vekkja opp meg og alle døde, og gje meg og alle som trur på Kristus, eit evig liv.


Kristi Himmelfartsdag

25/05/2006

Kristi Himmelfartsdag er ein kristen heilagdag til minne om at Jesus blei tatt opp til himmelen førti dagar etter at han stod opp frå dei døde. Dagen blir derfor alltid markert den torsdagen som kjem førti dagar etter påskedag. Les meir om kyrkjeåret her.

Det er mange som knapt nok kjenner bakgrunnen for at denne torsdagen er ein fridag, og for svært mange er dette først og fremst ein god mulighet til å ha ei ekstra lang helg på ei fin tid av året. Det er sjølvsagt heilt i orden at folk utnyttar fridagane sine. Det har eg ingenting imot. Men eg ønskjer likevel å peika på Himmelfartsdagen sitt innhald. Det er det viktig å halda fast på når me lever i ein kristen samanheng. 

Lukas fortel om Jesus og disiplane: "Så førte han dei ut av byen (Jerusalem) mot Betania. Han lyfte hendene og velsigna dei. Medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen. Då fall dei på kne og tilbad han. Så gjekk dei tilbake til Jerusalem i stor glede." (Luk 24,50-52)

Men kva kan det bety at han blei tatt opp til himmelen?

Les resten av dette innlegget »


Josef fortel

01/05/2006

Mytekalenderen i NRK P2 hadde Josef som tema idag. Terje Nordby kunne fortelja at 1. mai i Den katolske kyrkja er Josef sin minnedag. Så vidt eg forstod av programmet, har ikkje denne koplinga nokon lang historisk tradisjon. Men kyrkja har nok gjort eit poeng av å knyta handverkaren Josef til den internasjonale arbeidarrørsla sin dag.

Josef er jo ein interessant kjenning frå bibelhistoria og eg har ingenting imot å minnast han nå i kveld. Eg har derfor funne fram ein tekst eg tidlegare har nytta som preike i jula, og lar på denne måten Josef sjølv få koma til orde her på bloggen:

"Hei, så kjekt å sjå deg! Du òg er her i Betlehem, ja. Me kom i går, på grunn av det der manntalet til Augustus. Nå er eg bare ute for å gjera någen ærend. Eg skal kjøpa litt lampeolje og någe å drikka. Kan tru eg har opplevd møje sidan me kom i går! Det er bare heilt utruleg!

Ja, du visste vel at Maria har vore gravid? Og kan du tenkja deg… Akkurat nå når me var ute og reiste, kom tida då hu skulle føda. Det kunne jo ikkje ha passa dårlegare.

Les resten av dette innlegget »


Palmesøndag

09/04/2006

Jesus rid inn i Jerusalem

Det må ha vært en veldig opplevelse å være med denne palmesøndagen. Folk strømmet til byen i lange rekker, – fra fjellene nord i Galilea, nede fra Middelhavet, sør fra Hebron, og nede fra Jeriko og Jordandalen. De gikk hele bygdelag sammen, med god tid til å prate på veien, mens barna løp frem og tilbake mellom naboer og slektninger. De gamle fortalte og sang arven inn i barna, så det ble deres egen historie. Etter hvert som de nærmet seg Jerusalem, overtok de faste påskesangene, Salmenes bok 113-118, de som kalles ‘lovsangen’. (Harald Kaasa Hammer)

Høgdepunktet i Lovsongen, er nettopp orda folket på Oljeberget tok i sin munn då dei hylla Jesus: Hosianna! Velsigna vera han som kjem i Herrens namn.

Ruta inn i Jerusalem gjekk over Oljeberget, der Jesus hadde gode kontaktar i landsbyane Betfage og Betania. Her blei Jesus hylla av landsbyfolket, av tilreisande pilegrimar, av disiplane og av ein større flokk av vennene hans. Vidare drog dei truleg ned til Siloadammen før dei gjekk vegen opp til tempelet.

Eg brukar uttrykket "Jesu venner" fordi Jesus sjølvsagt hadde ein kontaktflate som var mykje større enn dei tolv disiplane. Me kan tenkja på søskenflokken Marta, Maria og Lasarus som tydelegvis ut frå evangelia stod Jesus veldig nær. Men eg ser for meg at det i folkemengda palmesøndag kan ha vore mange anonyme venner som hadde opplevd store ting i møte med Jesus. Kanskje nokon av dei 5000 som var blitt mette ved Jesu brødunder, var med og hylla han? Kanskje var enka i Nain og sonen hennar komen? Kanskje var den tidlegare besette frå gravholene på austsida av Gennesaretsjøen komen? Kanskje nokon av dei som var blitt helbreda ein kveld i Kapernaum? Og kanskje nokon av dei mange spedalske som var blitt friske? Det var mange som på ulike måtar var blitt berørt av Jesu forkynning og virksomhet. Dei hadde opplevd dei nyskapande kreftene som var verksame gjennom han og som framleis er verksame gjennom trua på han.

Hosiannarop og rop om korsfesting

Eg har ofte høyrt forkynt at dei same menneska som ropte "hosianna" på palmesøndag, få dagar seinare var med og ropte "korsfest han". Altså at stemninga blant folk flest i Jerusalem skifta totalt frå palmesøndag til langfredag.

Eg trur ikkje det stemmer. Me skal huska at Jerusalem var ein stor by. Og i påsken vaks den med utruleg store mengder pilegrimar som kom til byen. Det er meir sannsynleg at palmesøndagens hosiannarop og langfredagens rop om korsfesting er henta frå totalt ulike miljø i Jerusalem. Palmesøndag var han omgitt av tilreisande pilegrimsflokkar, av venner og disiplar. Under prosessen seinare i veka var det øvstepresten, det høge råd og deira medløparar i ein annan del av Jerusalem som pressa på for å få han dømt.

Jesus er Messias, frelsarkongen

Me som er kristne, trur at Jesus er Messias. Han er konge for alle som trur. På palmesøndag blei dette ”offisielt” på ein ny måte. Jesus godtok hyllesta. Disiplane, landsbyfolket og pilegrimane fekk lov til å synga hosianna og han sette seg på eselet som ei oppfylling av profetiane i GT, f eks orda frå profeten Sakarja: Gled deg storleg, Sions dotter, set i og jubla, Jerusalem! Sjå, kongen din kjem til deg. Rettferdig er han, og siger har han fått; audmjuk rid han på eit esel, på den unge eselfolen. (Sak 9,9)

Då Jesus reid inn i Jerusalem, tok han imot hyllesta, sjølv om folket som song, sannsynlegvis ikkje heilt forsto kor godt denne songen passa på han: Hosianna! Velsigna vera han som kjem i Herrens namn.

Jesus hadde tidlegare prøvd å halda skjult at han var Messias. Nå gjekk han ope inn i pilegrimane si forventning. Nå skulle det ikkje haldast skjult lenger, nå var han glad for den folkelege hyllesta. Lukas gjengir ein liten detalj om akkurat dette: Nokre farisearar i folkemengda sa til han: "Meister, tal disiplane dine til rette!" Men han svara: "Eg seier dykk: Dersom dei teier, skal steinane ropa." (Luk 19,39-40)

Samtidig kjente Jesus på smerte og han gret over byen. Då Jesus kom nærare og såg Jerusalem, gret han over byen og sa: "Hadde du berre på denne dagen skjøna, du òg, kva som tener til fred! Men no er det gøymt for auga dine.” (Luk 19, 41-42)

I forteljinga om palmesøndag møter me hyllest og jubel. Samtidig møter me smerte og gråt. Per Lønning sa ein gong i ei preike: Er palmesøndag en gledens dag eller er den en sorgens? Er det jubel og lovsang som i dag skulle strømme gjennom kirkerommet, eller er det smertens og botens tone? – Vi nøler ikke med å svare: det er begge deler.

Historia om då Jesus reid inn i Jerusalem finn du i Bibelen. Alle dei fire evangelia omtaler dette:

  • Matt 21,1-11
  • Mark 11,1-11
  • Luk 19,28-44
  • Joh 12,12-19

Det finst mykje stoff for den som vil arbeida meir med påskeforteljinga. Eg har stor sans for Ole Christian Kvarme si bok Åtte dager i Jerusalem. En bok om Jesu påske, om jødisk og kristen påskefeiring. Boka har også vore til konkret inspirasjon for denne artikkelen. Noko har eg også henta frå Harald Kaasa Hammer si fastebok, som er lagt ut på heimesida hans. Harald si bok er ei glimrande andaktsbok over lidingshistoria og påskeforteljinga. Eg seier takk til begge to!


50 Shekel

02/04/2006

Den kjente rapperen kommer fra ortodoks jødisk bakgrunn. Han er født i Tel Aviv i Israel og har vokst opp i Brooklyn, New York, der han gikk på religiøse skoler (yeshiva) og jødiske privatskoler, og senere studerte film på Hofstra university, Long Island. Men selv har 50 Shekel ett hovedtema han ønsker å snakke med media om:
- Jeg trodde jeg visste hvem Gud er. Men hvis du ikke har Sønnen, har du heller ikke Faderen. Ingen kommer til Faderen uten gjennom Jesus, fastslår 50 Shekel kontant.

(…)

- Hva var det som overbeviste deg så kraftig om at Yeshua er Messias?
- Det var en prosess, men det tok ikke så lang tid. Filmen "The Passion" var en øyeåpner, jeg så alle bilklistremerkene og møtte Jews for Jesus og andre troende. Dessuten leste jeg Matteus-evangeliet. Det nye testamentet er veldig jødisk.

Det er den jødiske hiphop-artisten Aviad Cohen, med artistnamnet 50 Shekel, som seier dette. Den tidlegare ortodokse jøden har funne fram til trua på at Yeshua (=Jesus) er Messias. Han er altså blitt det som kallest messiansk jøde. Her kan du lesa heile intervjuet med Cohen. Eg fann det på nettsida OneWay.

Det passa meg godt å lesa dette intervjuet i kveld. Eg har i dag vore med på kretsmøte for Den Norske Israelsmisjon her på Bryne.  Dette er ein misjonsorganisasjon som arbeider for å gje evangeliet om Jesus tilbake til det jødiske folket. Du kan lesa meir om bakgrunnen for dette engasjementet mitt her på ein av dei første artiklane eg skreiv på bloggen for over eitt år sidan.

Og korfor har eg lagt denne artikkelen inn i kategorien Bibelen? Jo, pga at Cohen så klart peiker på eit ofte oversett faktum: "Det nye testamentet er veldig jødisk." Dei første kristne var jødar som hadde sett at jøden Jesus (Yeshua) var den Messias som var lova i GT. Men Jesus sendte disiplane sine ut til alle folkeslag. Og sidan den første kristne tida har kyrkja bestått av menneske som trur at Jesus er Messias, anten dei er jødar eller menneske av andre folkeslag. Om dette fellesskapet skriv Paulus: "Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle ein i Kristus Jesus." (Gal 3,28)