Skrik på ein stein

02/08/2008

Stavanger Aftenblad har nå i sommar omtalt funnet av ein stein “som har skapt mye moro blant venner og familie”. Denne opplysninga gjer det naturleg å nemna steinen også her på bloggen. Det er nemleg svigerforeldra mine som har funne den, og eg er blant dei som har late oss underhalda.

Kva er så det spesielle ved steinen? Jo, den er er ei hittil ukjent forsteina utgåve av Munchs Skrik. Les historia og sjå bilete her.


Bergetreff 2008

16/06/2008

Bergjebakken, malt av Olav Gaudesen VignesHer står eg, saman med Harald Gunnar Varland, og held eit maleri av slektsgarden på Berge på Finnøy. Oldeforeldra våre budde i huset til venstre. Driftsbygninga er bygd seinare. Begge desse husa er nå erstatta med moderne bygg. Me er på besøk på garden i samband med slektsstemnet me hadde i helga (her og her). Maleriet er malt av fiskar og tusenkunstnar Olav Gaudesen Vignes, som var gift med ei av søstrene til farfaren min. Gaudesen, som han ofte blir kalla, laga sjølvsagt også ramma sjølv! Harald Gunnar er tremenningen min. Han har vore primus motor for Bergetreffet og har gjort ein utruleg innsats fram til denne helga.

Bergetreffet gjekk veldig godt, det blei akkurat sånn me i komiteen hadde håpt på. Me var i Fleirbrukshallen på Judaberg det meste av dagen, praten gjekk livleg og mange brukte også tid på å sjå på ei stor utstilling av gamle bilete, gjenstandar og bøker som var knytt til slekta. Samtidig kunne ungar og ungdomar vera i aktivitet i idrettshallen når dei ville. Det var flott å treffa så mange frå slekta (ca 80 personar frå 4 generasjonar), både dei som eg kjente frå før og dei eg helste på for første gong. Og det var veldig kjekt å koma til Berge og helsa på dei som bur der nå. (Dersom du klikkar på biletet, får du ein større versjon).

Viss me skal seia at det er noko typisk ved denne familien, kan eg kanskje peika på slike ting som fantasi og evne til å laga ting sjølve (noko som eg ikkje har fått ein snev av), song og musikk (me hadde vårt eige husorkester med el-piano, gitar, fiolin og sag), lysten til å skriva (der er eg med!), gleda ved å samla på ting og tang (der er eg også med!) og kunstnarlege evnar innan bildande kunst. I kvar generasjon er det fleire som spelar fiolin og fleire som driv med teikning og maling.

Utstillinga blei dermed eit kapittel for seg. Her er ei (ufullstendig) oversikt over innhaldet:

  • Ei stor samling brev og bilete frå ca 1910-1970 som var sendt frå familien her i Norge til slekta i USA. Her er det mykje informasjon om slektshistoria! Totalt er det snakk om mange hundre brev som me har fått frå Sandra (tremenningen min) som kom heilt frå Seattle til dette treffet. Her er faktisk mykje som me ennå ikkje har hatt tid til å lesa gjennom.
  • Mange maleri av Elmer Berge (“onkel Elmer”), som var kunstmalar i USA. Bileta er i privat eige i slekta, og det var første gong dei var samla til ei utstilling. I tillegg hadde Sandra med seg mange små maleri etter han. Desse blei i løpet av dagen fordelt til dei ulike greinene av familien. Eg fekk med meg to små maleri. Om det ikkje var av dei flottaste tinga han har laga, er det likevel veldig kjekt å ha noko som kjem frå han. Sandra hadde fått desse maleria etter mormora si, som var syster til onkel Elmer og som hadde tatt vare på det som var igjen etter han då han døde i 1956.
  • Bøker og bilete knytt til Pauline Marta og Ole Tobias Berge, oldeforeldra mine. Pauline Marta var jordmor. Ole Tobias var bonde på Finnøy, omreisande handelsmann og torghandlar på torget i Stavanger. I ungdommen var han omgangsskulelærar. Han likte å skriva, og me har både dikt og ei lang sjølvbiografisk artikkel som stod i Aftenbladet i 1922.
  • Diverse papir og bilete etter farfar, Olaus, som var skraphandlar på kaien i Stavanger. Han var svært knytt til Ryfylke og hadde motorbåt og hytte på Østhusvik, der farmor Petra hadde familien sin. Vidare fleire bilete og gjenstandar etter Olav Gaudesen Vignes, som var gift med Olaus si søster Pauline. Han var som nemnt fiskar og tusenkunstnar. Kanskje eg heller skulle seia oppfinnar? Og så må eg sjølvsagt nemna bilete, gjenstandar og ulike papir etter far, Trygve, som dreiv med småindustri i Stavanger og som bl a produserte tinnknappar, leiketøy og fiskesnellar. Far var som sin far knytt til Ryfylke gjennom båtliv, fiske og hytta.
  • Maleri malt av andre i slekta og mykje anna; som nemnt er det i kvar generasjon folk som har utprega kreative evner og som heldigvis brukar dei.

Dersom du som lesar framleis heng med, trur eg du forstår at dette blei ein spesiell dag for oss. Kanskje eg til og med skulle bruka det herlege uttrykket “ein minnerik dag”?

Foto: Det første biletet har Inger tatt. Det andre har svoger Ivar Lein-Mathisen tatt, samtidig som han på ein uforklarleg måte også er med på biletet.


Slektstreff på Finnøy

13/06/2008

I morgon skal me samlast til det tidlegare omtalte slektsstemnet for Bergefamilien. Me blir ca 80 personar frå 4 generasjonar på samlinga.

I kveld har eg funne fram gamle bøker, bilete og papir som er knytt til slekta. Me skal laga ei utstilling av slike ting i morgon. Det er også mange kunstnarar i slekta, og det vil bli ei heil maleriutstilling, først og fremst med maleri av Elmer Berge (1892-1956), som var bror til farfaren min.

Her tar eg med eit bilete som eg set stor pris på. Far min, Trygve Berge (1912-2001), var i fleire år på 60-talet deltakar på havfiske-festivalen i Tananger, og her smilar han fordi han har gjort det godt i konkurransen i 1964!

Eg kjem nok tilbake med meir stoff frå slektsstemnet i etterkant!

Oppdatering: Les referat frå slektstreffet her.


Berge på Finnøy

16/05/2008

Røter er viktige. Nokre av røtene mine er knytt til Finnøy i Ryfylke. Farsslekta mi kjem derfrå. I juni skal me ha slektsstemne på Finnøy for etterslekta etter oldeforeldra mine, Pauline Marta og Ole Tobias Berge.

Eg er med i komiteen og det har ført til nokre gilde kveldar med planlegging og drøs om felles røter. Det har ikkje vore eit veldig krevjande verv, for tremenningen min (Harald Gunnar) er ein svært aktiv sekretær som gjer mykje av det som skal gjerast.

Planlegginga av slektsstemnet har blant anna ført mange gamle og interessante foto fram i lyset. Dette biletet viser Ole Tobias ca 1935. Då var han mest 90 år gamal! Han var ein spennande kar som levde eit langt og mangfaldig liv.

Eg trur ikkje eg tar for hardt i når eg seier at denne familien er prega av mange kreative personar. Dei som kjem, kan ta med seg bilete og gjenstadar som dokumenterer noko av dette. Eg ser for meg å ta med nokre ting som viser kva far min i si tid dreiv med (og det var ikkje lite).

Elles vil det nok bli ein del fokus på maleria etter Elmar S Berge (ein av sønene til Ole Tobias) som levde som kunstnar i USA.

Det ser ut for at me blir nærare 90 personar når me samlar oss til slektsstemnet. Me skal vera i Fleirbrukshallen på Judaberg. I løpet av dagen skal me også ta turen opp til Berge for å sjå staden og helsa på nokre av dei som bur der nå og som representerer familien som har drive garden sidan Ole Tobias si tid.

Nå ser eg fram til slektsstemnet. Eg ser ikkje bort frå at eg kjem tilbake med meir stoff om dette her på bloggen.

Oppdatering: Eg har seinare skrive følgjande notat relatert til slektstreffet og Bergefamilien:


På plass i nytt hus

12/02/2008

Eg har visst ikkje kome så langt at eg har nemnt det her på bloggen. Den tidlegare omtalt flyttesjauen førte til at me frå sist laurdag har ny adresse her på Bryne: Kong Magnus gate 44. Framleis ryddar me i gamlehuset. Framleis er mykje av det me til vanleg omgir oss med, trygt plassert i bananesker rundt omkring i det nye huset. Men det gjer ikkje så mykje. Det er ein god kjensle å ha kome så langt, og ein vakker dag har me kanskje greidd å tøma alle eskene!

Oppdatering: Les også Påls versjon av flytteprosessen.


Travel flytteperiode

02/02/2008

Her i huset er me midt i ein travel flytteperiode. Neste laurdag går flyttelasset til huset som me har kjøpt i nabolaget her på Bryne. Alt skal i esker, og det er ikkje lite! Akkurat nå synest mengda med bøker og papir uhorveleg! Vel, det skal nok gå godt. Me har fått og får god dugnadshjelp av familie og venner. Takk!

Bloggen blir det mindre tid til for tida. Men eg satsar på å koma sterkare tilbake.


Allehelgensdag

04/11/2007

Img_4124Eg har hatt ein fin og innhaldsrik Allehelgensdag i dag. Fekk med meg Egil Hovlands Allehelgensmesse i Domkyrkja i føremiddag, der Inger var med og song. Det var ei god oppleving. Ein av bibeltekstane i messa var denne bøna frå Jesu munn:

“Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hos
meg der eg er, så dei får sjå min herlegdom, den du har gjeve meg fordi
du elska meg før verda vart grunnlagd.”

(Joh 17,24).

På veg heim var me innom mors og fars grav på kyrkjegarden på Hinna.

Og i kveld var eg på Allehelgenssamling i Hinna kyrkje med blant anna lystenning og opplesing av namn på dei døde det siste året. Deriblant mor som døydde 1. januar i år.

Les resten av dette innlegget »


Fjelltur i sol og skodde

15/08/2007

Sandvatn Sist veke var Inger og eg nokre dagar i fjellet igjen. Me måtte utnytta den siste ferieveka mi på best mogleg måte. Turen blei verkeleg eit familieprosjekt, for to av ungdomane i familien fekk til å bli med mellom jobbing, reising og militærteneste.

Me la ikkje opp til dei store fysiske utskeiingane. Første dagen gjekk me inn til Sandvatn, ein av yndlingsstadane mine i fjellet. Der låg me frå torsdag kveld til laurdag morgon. Fredagen tilbrakte me med lesestoff i sol og varme på plattingen utanfor hytta, som ligg 900 moh. Herleg!

Fr_fidjadalen Laurdag gjekk me vidare til Blåfjellenden. Første delen av denne løypa går høgt og fritt, og frå toppen kunne me sjå ned på skodda som låg i dalsøkka. Litt seinare gjekk me sjølve inn i tåkeheimen, og nede i Fidjadalen var alt kvitt. Men litt tåke øydelegg ikkje ein fjelltur, – det gir bare heilt andre stemningar! Det er forresten interessant å merka seg koss opplevinga av avstand og retning forsvinn i tåken!

Blfjellenden Hyttene på Blåfjellenden låg som du ser godt innhylla i tåke. Biletet viser gamlehytta. Me la oss inn i den nye (frå 2006), der det var betre plass. Det er flott at STF nå nærast har fordobla kapasiteten på denne staden, der det mest alltid er mykje folk. Me hadde forresten gjort vårt for å trekkja fjellvandrarar til Blåfjellenden denne helga; me hadde avtalt å møta ein annan familie der. Dei fekk si første oppleving av livet på ei turisthytte (bading, kortspel, henta vatn i elva, leik, prat og mat, ikkje minst store mengder pannekaker) og så vidt eg forstår gav det meirsmak. Me hadde det flott saman, – det blei ein kjekk og livleg kontrast til dei rolege dagane på Sandvatn!


Sju av Nordlands underverk

08/08/2007

Lofotkatedralen Framleis ligg bunken med bøker, kart og brosjyrar frå ferien i Nordland framme her i heimen. Eg syns det er kjekt å sjå i dei og i bileta som me tok undervegs. Me kom heim med svært mange bilete på pc-en, truleg eit par tusen. Nokre av desse er nå sletta, nokre er lagt ut på flickr og der vil eg nok leggja ut nokre til.

Biletet eg tar med her, tok eg ein flott morgon i Kabelvåg. Lofotkatedralen ser fin ut på avstand. Men eg nemner bare at vedlikehaldet av den store kyrkja har vore eit hett tema denne sommaren.

Sjølv om eg framleis blar i bøker og brosjyrar, avsluttar eg med desse linjene serien Sommarminne frå Nordland. Alt har si tid, og sju er jo eit passande tal. Serien, som eg då kan kalla Sju av Nordlands underverk, består av desse innlegga: Torghatten, Vega, Dønnes kyrkje, Skulpturlandskap Nordland, Svartisen, Midnattssol og Langt til havs.


Torghatten

18/07/2007

Sommarminne frå Nordland I

Torghatten Eg syns det var mektig å gå gjennom hòlet i Torghatten. Og det var spesielt å kunne gjera det seint på kvelden, ved midnatt. Dette var første kvelden vår i Nordland, og sjølv om staden ikkje ligg så langt nord at det er midnattssol, var det heilt lyst då me gjekk opp ca kl 23.00.

Her står Inger i opninga ut mot havet, mens eg tar biletet inne frå hòlet. Som du ser er det store dimensjonar over hòlet gjennom fjellet. Det er 166 meter langt, gjennomsnittleg 18 meter breitt og høgda varierer mellom 28 og 75 meter.

Segna seier at det var Hestmannen sin pil som skapte hòlet. Nyare undersøkingar fortel oss at det er isen som som har vore på ferde. Uansett har hòlet alltid gjort inntrykk og det har blitt kommentert av mange skribentar, f eks Petter Dass, Fritjof Nansen, Karel Capek og Arne Garborg (les meir).

Sjå òg omtale på Wikipedia.


Heime igjen

15/07/2007

Vega_og_alstadhaug_030I kveld har eg kome heim frå tre flotte veker på ferie. Etter dagane på Helgelandskysten var Inger og eg nokre dagar i Lofoten. Framleis med sol både dag og natt.

Det blei totalt 428 mil i bil, nokre mil på sykkel, ein dag på Hurtigruta, mange ferjeturar og ein flott dag på "Sea Bird Safari" med båt til Skomvær fyr, langt ute i havet utanfor Røst. Kvar dag var fylt av kjekke opplevingar, både når me var undervegs og på våre utallige stopp her og der.

Etter 12 fantastiske dagar i Nordland reiste me lange dagsetappar sørover mot Bryne. Ferien var rett og slett slutt for denne gang.

Den flotte reklamen for Nynorsk vekeblad fann eg på eit museum på Vega. Det vil nok likevel ikkje bli noko stoff frå ferien min verken i Nynorsk vekeblad eller i andre blad. Men eg kjem truleg tilbake med meir stoff her på bloggen! Då riktignok med meir fokus på natur- og kulturopplevingar enn på kjærleiken.


Sommar på Helgelandskysten

06/07/2007

Alstadhauggildeskl_055 Eg har denne veka hatt flotte og innhaldsrike dagar på Helgelandskysten. For meg er dette ein ny og ukjent del av landet. Men eg må jo innrømma at det er eg som ikkje er oppdatert, her har det trass alt budd folk i tusenvis av år.

Til ei forandring har eg reiseleiar med meg på denne ferien. Som nokre av lesarane av bloggen veit, sykla Inger Norge på langs for to år sidan. Det lesarane truleg ikkje veit, er at ho sidan har lagt skumle planar for koss ho skulle få meg med på ein ny tur, denne gong med fokus på Nordland. Dette var nemleg fylket som gjorde sterkast inntrykk på henne på sykkelturen. Denne sommaren er eg altså offer for planane hennar. Og eg angrar slett ikkje på at eg blei med på notene, for me har det herleg og eg har fått med meg utruleg mykje flott natur, verdifull kultur og eit fantastisk sommarver! Natur- og kulturopplevingane er stort sett nøye planlagt av reiseleiaren, veret er ein ekstra bonus for alle som ferierer i Nord-Norge for tida.

Biletet viser overnattingsplassen vår på Bjørnsøya på Dønna.

Eg nemner bare nokre foreløpige høgdepunkt her: Tur opp til holet i Torghatten ved midnatt, sykkeltur på Vega (eit øysamfunn som er med på UNESCOs World Heritage List), overnatting på ein gamal gard der den første biskopen i Nord-Norge budde, besøk på Alstadhaug, omvisning i Dønnes kyrkje og mausoleum, tur til Svartisen og sist, men ikkje minst: Jakt på skulpturar finurleg plassert ute i naturen (Skulpturlandskap Nordland). Kanskje det her på bloggen kjem meir stoff om noko av dette på eit seinare tidspunkt? Eg har i alle høve opplevd så mykje at det kan bli mange bloggartiklar, om eg skulle bli overmanna av skrivelyst og ledig tid.


Rjukan

24/06/2007

Rjukan_001 Herleg å vera på ferie igjen. I dag har Inger og eg pakka bilen og tatt ut på tur. Syklane er også med. Første stopp er Rjukan, ein liten og fascinerande by nede i ein trong dal.

Det er første gong eg er her. Naturen er bare heilt enorm! Dersom sikten er god, tar me ein tur opp på Gaustatoppen i morgon føremiddag. Fjellet er 1883 m.o.h. og det blir sagt at ein kan sjå 1/6 av Norge frå toppen! Men først skal me overnatta her i hytta (biletet) i Rjukan hytteby.


Kristent ungdomsarbeid for 80 år sidan

20/05/2007

Gabriel_olsens_bibelklasse_ca_1927 Dette biletet fortel ei historie som eg syns fortener å koma fram. Me ser her “Gabriel Olsens bibelklasse” på Storhaug i Stavanger ca 1927. Gabriel Olsen, som sit midt i biletet på fremste rad, samla denne ungdomsgruppa i heimen sin kvar laurdag kveld!

Faren min, Trygve Berge (1912-2001), gjekk i bibelklassen. Han står lengst til venstre i den midterste rekka. Han fortalde meg fleire gonger om at han hadde gått i bibelklassen då han var ungdom, og han omtalte alltid Gabriel Olsen med stor respekt.

Viss du klikker på biletet, får du sjå det i større format. Biletet har kome fram fordi eg denne våren har vore med og rydda i papir, bilete og mykje anna etter at mor døydde i vinter.


Kamp mot atomvåpen

23/04/2007

I dag er det femti år sidan Albert Schweitzer (m.a. medisinar og teolog) heldt ein historisk appell mot atomvåpen i NRK under slagordet Ærefrykt for livet. Dette blir i desse dagar markert med at Norske leger mot atomvåpen (NLA) set igang ein norsk del av ein internasjonal kampanje mot atomvåpen. Eldsteson i familien, Trygve, er leiar for den norske kampanjen. Bra, Trygve! Dette støttar eg. Eg har i dag underteikna oppropet.

Utdrag frå NLA sin informasjon om kampanjen:

Atomvåpen er de verste av alle våpen. Kombinasjonen ekstrem sprengkraft, varme og stråling vil i begrensede mengder kunne ødelegge hele byer – i verste fall hele livsgrunnlaget på jorda. (Les meir)

Dette er ei viktig sak. Me treng engasjement og tenkning omkring slike tema. Eg trur på ein Gud som har skapt alt og som står bak alt liv. Om eg ikkje følgjer Albert Schweitzer i heile hans tenkning på dette området, har eg ingen problem med å støtta ein kamp mot atomvåpen i hans ånd. Og kampen for skaparverket er ikkje mindre viktig i dag enn for femti år sidan!


Januar

03/02/2007

Det har vore liten aktivitet her på bloggen i januar. Månaden har på ein måte vore ein unntakstilstand for meg. Eg trur ikkje eg kan seia at denne tilstanden er eit tilbakelagt stadium.

Det begynte med at mor døydde 1. januar. Dette var sjølvsagt ei hending som gjorde noko med meg og som har prega meg i tida etterpå. I byrjinga orka eg ikkje så mykje ut over det absolutt nødvendige. Nå er kreftene komne tilbake, men eg tenkjer framleis på mor kvar dag. I dag har eg oppdatert artikkelen om gravferdsdagen med biletet som stod ved mors båre.

Den siste delen av månaden har dessutan vore prega av ekstra oppgåver i kyrkja. Eg fungerer nokre veker som prost i tillegg til tenesta som sokneprest. Dette har ført med seg mange interessante utfordringar og eg kjeder meg ikkje. Det gjer eg for øvrig heller ikkje under meir normale tilhøve.

Ein månad er over. Ein ny har begynt. Eg vil ta med meg ein av songane som eg veit mor sette pris på. Ordet sjelden betyr i denne samanhengen ualminnelig verdifull, står det som forklaring i songboka eg har funne fram.

Hver dag er en sjelden gave
En skinnende mulighet
Hver dag er på ny en nåde
Som stiger fra himlen ned.


Gravferdsdagen

09/01/2007

Mor_sommaren_2006_1 I dag har me fulgt mor til den siste kvile. Det er både godt og vondt. Mor betydde mykje og me skulle gjerne hatt henne lenger blant oss. Me saknar henne alt. Samtidig veit me at ho fekk leva aktivt til sin siste dag og at ho fekk oppfylt sitt ønskje om å sleppa eit langvarig sjukeleie.

Gravferda blei forretta av soknepresten i Hinna. Eg hadde vurdert om eg skulle gjera det sjølv. I dag, då eg sat i kyrkja, var eg veldig glad for at eg hadde valt som eg gjorde. Det var sterkt og godt å få sitja der og bare vera ein av familien.

Dette biletet stod ved mors båre i kyrkja. Foto: svoger Ivar Lein-Mathisen.

Me hadde ope minnesamvær etterpå. Der hadde eg ein tale om mor på vegne av den næraste familien. I tillegg var det mange andre som sa gode ord om henne. Dagen har vore full av sterke inntrykk. Det har vore mange samla, både av familien her i distriktet, av tilreisande familie og av venner av henne og av vår generasjon. Me har kjent på eit sterkt samhald og gleda oss over å vera saman, sjølv om det var på ein gravferdsdag.

Då eg kom heim, var eg skikkeleg trøytt. Eg sov lenge. Så har eg hatt ein roleg kveld etterpå. Det har vore godt.

Dagen har vore prega av det kristne håpet, som betydde mykje for mor. Eg tar med eit vers frå salmen Deg å få skode (Norsk Salmebok nr 479), som me song i kyrkja:

Konge i æva, å lat du meg då
sigrande inn i ditt rike få gå!
Ver du mi tru, den vona eg ber
til eg får skode din herlegdom der.
Amen.


Esther Berge (1920-2007)

04/01/2007

Img Det nye året begynte på ein svært spesiell måte for meg. Mor døydde på nyårsdagen 1. januar.

Mor var ei aktiv og engasjert kvinne heilt til den siste dagen. Kvelden før hadde ho feira nyttår saman med gode venninner. Ho var glad i å vera saman med andre og hadde nær kontakt med oss i familien og med gode venner i Hinna menighet. Ho las mykje, og den siste helga hadde ho, ifølgje eigne dagboknotat, fordjupa seg i boka Sommerlandet og andre fortellinger av Eivind Skeie.

Til å vera 86 år, var mor utruleg frisk og rask. Ho gjekk tur ein eller to gonger dagleg, bortsett frå når det var altfor glatt. Ho tok imot besøk og var ute på besøk. Ho serverte god mat og heldt leiligheten sin rein og ryddig. Og ho elska å ha blomar rundt seg, både inne og ute.

Mor var forberedt på å døy, både åndeleg og praktisk, og ho kunne snakka om dette. Likevel kom det brått på oss at ho skulle døy nå. Ho fekk ein alvorleg hjerneblødning mens ho var ute og gjekk tur i nabolaget om føremiddagen, og døydde ca seks timar seinare på sjukehuset. Då hadde ein stor del av familien rekkt fram og besøkt henne. Eg fekk vera hos henne då ho trakk sin siste pust. Det er eg glad for.

Mor har betydd og betyr mykje for meg. Veldig mykje. Meir er det ikkje å seia om det, akkurat nå.

Eg lyser fred over minnet hennar!

(Oppdatering: Sjå også Gravferdsdagen)


Advent

03/12/2006

Hosianna! Eit nytt kyrkjeår har begynt i dag. Det er første søndag i advent, og nå har definitivt adventstida begynt.

Her i heimen har Inger funne fram fram stjerne til vinduet, sjuarma lysestake, adventspynt og eit  passande utval av julepynten, f eks julekrubbe (ny av året, kjøpt i Betlehem) og englar. Og CD-ane med julesongar er også framme igjen.

Elles har dagen i dag vore innhaldsrik både i kyrkja og heime, og det har vore lite tid til å gje bloggen særleg merksemd. Eg nøyer meg derfor med å visa til meir utfyllande stoff på bloggen frå starten av adventstida i fjor. Sjå innlegga advent og kyrkjeåret.

Hosianna, Davids son!
Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!
Hosianna i det høgste!
(Matt 21,9)


Å hjelp meg du

29/09/2006

Denne helga står Arne Garborg i fokus her i heimen. Kantaten Å hjelp meg du skal framførast i Bryne kyrkje av Jærklang saman med fleire musikarar, resitatør og eit anna kor som kjem på besøk, Evje og Hornnes menighetskor. Komponisten Sigvald Tveit kjem for å dirigera det heile. Grunnen til at dette arrangementet er i fokus for oss nå i helga, er at Inger er sterkt involvert (og eg er ein interessert og imponert ektefelle på sidelinja).

Jærbladet skriv i dag:

- Me gler oss veldig til å få synga, ikkje minst skal det bli spanande med Sigvald Tveit som dirigent, seier Inger Bakke Berge, leiar i Jærklang. Dei står som arrangør for Spor-arrangementet saman med Time Mållag.
- Komponisten sjølv synest det er veldig spesielt å koma til Arne Garborg sin heimkommune å få dirigera kantaten, legg Inger Bakke Berge til.

(…)

«Å hjelp meg du» er eit sitat frå Haugtussa, og er eit bilete på Garborg sitt kompliserte forhold til kristendommen. Sigvald Tveit har sett melodiar til utvalde dikt som handlar om diktaren sin kamp i høve til tvil og tru, naturlyrikken er også representert. Musikken ynskjer å avspegla stemningane i tekstane, og fleire kjende dikt har fått nye melodiar.

(…)

- Det er eit veldig bra initiativ Jærklang har teke, seier Tarald Oma, leiar i Time Mållag. Han er og fornøgd med at mållaget vart invitert til å vera med på samarbeidet. – For oss som arbeider med å få til eit Garborg-senter er dette noko av det beste som kunne skje. Hensikta med senteret er å få eit meir moderne fokus på det Garborg har skrive. Det gjer Sigvald Tveit med å setta nye melodiar til Garborg-tekstane. Skal me halda oppe interessa for klassikarane, må me gjera fornyingar.
Leiaren i Time Mållag meiner det er viktig å utvikla samarbeid med andre organisasjonar – som ledd i å skapa eit Garborg-senter. Folk må koma fram med sine idear.
- Di fleire personar som tykkjer at Garborg er viktig for dei, di sterkare står Garborgsenteret, meiner Tarald Oma.

Les heile artikkelen her.

Eg gleder meg spesielt over at Sigvald Tveit kjem til arrangementet, først og fremst fordi eg trur det blir flott å oppleva han som dirigent. Men også fordi me var saman på Solgården i fjor sommar og det skal bli kjekt å treffa han igjen.

Tittelen på kantaten er henta frå Bøn, eit av dei flotte dikta i Haugtussa. Det finst ei utgåve med lett modernisert språk i Norsk Salmebok nr 448, men her tar eg med diktet i Garborg si eiga språkdrakt:

Aa hjelp meg du som hjelpe kann!
Du ser kor saart eg strider.
Mitt Hjarta trøytt i tunge Band
forutan Von seg vrider.
Mi Naud eg kann kje ut faa sagt;
det vonde fekk so stor ei Magt;
som Brand i Barm det svider.

Ja hjelp meg du som hjelpe kann!
Til deg mi Bøn eg sender.
Du stridde sjølv og yvi vann;
du Myrkje-Magti kjenner.
Mi Naud er stor, min Strid er fæl;
ver hjaa meg du som vil meg vel!
Daa veit eg alt seg vender.

Oppdatering 02.10. Jærbladet skriv i dag:

Garborg-kantaten i Bryne kyrkje lørdag kveld trakk 250 publikummere.
– Vi synes det var veldig bra. Også komponist og dirigent Sigvald Tveit var fornøyd, så det var en veldig flott opplevelse. Vi fikk mange positive tilbakemeldinger etterpå også, både på selve verket og framføringen, sier Inger Bakke Berge fra koret Jærklang, som sto som arrangør sammen med Time mållag.


Den gode kona

20/09/2006

Inger_4 I dag er det ny 50årsdag her i heimen på Bryne. Det er nokre månadar sidan eg markerte min runde dag, og på forsommaren hadde Inger og eg stor felles feiring. Men nå er altså tida komen også for Inger sin store dag.

Gratulerer så mykje, Inger! Du betyr utruleg mykje for meg, men også for resten av familien og for mange andre!

I Bibelen kan me finna mykje bra stoff. Eg tar på denne dagen med lovprisinga av den gode kone frå Salomos Ordtøke kap 31 i Det gamle testamentet. Her er det mange utsegner som passar godt på Inger!

Den gode kona, kven finn vel henne?
        Meir er ho verd enn perler.
   
11 Mannen set all si lit til henne,
        og det skortar ikkje på vinning.
   
12 Ho gjer berre godt imot han,
        og inkje vondt, så lenge ho lever.
   
13 Ho syter for ull og lin,
        hennar hender arbeider med liv og lyst.
   
14 Ho er som ein kjøpmanns skip,
        langt bortanfrå hentar ho mat.
   
15 Før det ljosnar av dag, er ho oppe,
        gjev huslyden mat, set jentene i arbeid.
   
16 Vil ho ha ein åker, får ho tak i han;
        ho plantar ein vingard for det ho har tent.
   
17 Styrke er beltet ho har om livet,
        i armane legg ho kraft.
   
18 Ho merkar at arbeidet lukkast,
        hennar lampe sloknar ikkje om natta.
   
19 Ho legg hendene på rokken,
        og fingrane grip om teinen.
   
20 Ho opnar handa for dei som lid naud,
        retter armane ut til fattigfolk.
   
21 Kjem det snø, er ho ikkje redd for huset,
        for heile hennar hus er dobbelt kledt.
   
22 Teppe lagar ho sjølv,
        ho har klede av lin og purpurfarga ull.
   
23 Hennar mann er kjend der folket samlast,
        han sit i lag med dei eldste i landet.
   
24 Ho lagar skjorter som ho sel,
        og sender belte til kjøpmannen.
   
25 Kraft og vørdnad er hennar klednad,
        og ho ler mot komande dagar.
   
26 Ho talar klokt når ho opnar munnen,
        og venleg rettleiing har ho på tunga.
   
27 Ho ser etter korleis det går i huset,
        og et ikkje brød ho har vunne i latskap.
   
28 Hennar søner stig fram og prisar henne sæl,
        og mannen gjev henne ros:
   
29 «Det finst mange dugande kvinner,
        men du går over dei alle.»
   
30 Ynde sviktar, og venleik forgår,
        ei kvinne som har age for Herren, skal prisast.
   
31 Lat henne nyta frukta av sitt arbeid;
        der menneske møtest,
        får ho ros for sine gjerningar.


Hardangerferie

28/07/2006

Den andre ferieveka har Inger og eg vore i Hardanger. Me har besøkt syster mi, Rigmor, og hennar mann Johan på hans heimstad i Solesnes. Her har me fått oppleva mykje av Hardangers natur og kultur, og det i eit strålande sommarver. Lange måltid ute, bading i fjorden, turar til avsidesliggjande stadar, kjøp av morellar i vegkanten. Og sist, men ikkje minst: fjelltur saman med vertskapet til Stigstuv på Hardangervidda. Dette var verkeleg gode og innhaldsrike feriedagar!


80-årsdag utanom det vanlege

22/07/2006

Fredag kveld feira me svigerfar Reidar sin åttiårsdag. Og han er ikkje som åttiåringar flest, nei. Han inviterte like godt familien på fjelltur til Friluftsgarden Mån! Det er ca 1 time å gå frå parkeringsplassen inst i Frafjord, og den første delen av turen opp er skikkeleg bratt.

Img_0142_1 På biletet ser du heile gjengen utanfor den gamle delen av huset. Me greidde å samla 22 familiemedlemer til turen. Dei som mangla var to barnebarn som er utanlands (Trygve i Sør-Afrika og Karen i Kroatia) og ei kjærast (Påls Hanne Mari). Tre barnebarn (Øystein, Vegard og Eirik) kom ovanfrå fjellet ned til Mån, direkte frå lang fottur i Ryfylkeheiane! Eirik hadde då vore i fjellet i 11 dagar og søskenbarna Øystein og Vegard kopla seg på i Sirdal og var med dei siste tre dagane av denne turen.

Me hadde eit døgn saman på Mån, og det var ein flott måte å samla familien på. Det blei tid til mange aktivitetar; eg nemner bading, grilling, kubbespel og fisking. Men først og fremst var me der, saman. Prata, leika, koste oss. Og fredag kveld hadde me festkveld med taco og talar, sjølvskrivne songar og anna program. Alle barnebarna sa noko med utgangspunkt i “Når eg tenkjer på morfar/farfar, tenkjer eg på …” Det blei mange flotte og gode ord om jubilanten!

Det er spesielt to ting eg har lyst å trekkja fram etter denne turen:

  • Det å reisa på tur saman, på tvers av generasjonane, gir mange gode og verdifulle opplevingar. Reidar er opptatt av slekt og familie og han har alltid likt å koma seg ut i naturen, så dette var ei feiring som stod i stil til jubilanten!
  • Det blei, på ein fin måte, lagt vekt på Reidar sitt engasjement for dei som lid i verda, eit sterkt engasjement med utgangspunkt i nestekjærleiken. Han har blant anna i fleire år vore formann for den norske avdelinga av Food for the Hungry.

I tillegg til alt dette, kan eg ikkje gå la vera å seia nokre ord om plassen me var. Naturen rundt Mån er flott. Månafossen er fascinerande og sjølve sletta med den nedlagte fjellgarden er ein herleg plass. Dette er eit turområde eg trivst godt i og som eg har skrive om før her på bloggen. I dag blei det også rom for litt nostalgi for meg: Eg fann ei gamal hyttebok med notat frå turar eg hadde til Mån då eg var tenåring. Og det er jo slikt som set tankane i gang hos ein gamal femtiåring!


Eidavatn

10/05/2006

Mor på Eidavatn

Det nærmar seg sommaren, og då flyg tankane mine lett opp mot Ryfylkeheiane. Dette biletet tok eg ein sommarkveld for nokre år sidan. Eg var på ein fleire dagars fjelltur saman med Inger (biletet), Eirik og Pål. Eirik har i dag funne fram biletet og lagt det ut på sida si på flickr.

Biletet er tatt rett utanfor turisthytta ved Eidavatn, 1080 m.o.h. Ein fantastisk stad! Og som du ser, når sola går ned over vatnet kan himmelen spela opp med ei utruleg fargeprakt.

Eg har tidlegare skrive om fjellturar i dette området i artikkelen Til fjells i Ryfylkeheiane. Sjå òg Stavanger Turistforening sine nettsider.


Tilbakeblikk

31/12/2005

Eit tilbakeblikk på året som har gått vil vel vera på sin plass her på bloggen i dag. Nokon fullstendig årsmelding har eg ikkje tenkt å prestera. Men nokre tankar vil eg gjerne dela.

Prestetenesta

Kva gjer eigentleg ein prest? Det er eit spørsmål eg får ein gong iblant. Av og til er eg klar og har eit fornuftig svar parat. Andre gonger veit eg ikkje kva eg skal seia eller kor eg skal begynna. I dag er det eg sjølv som stiller spørsmålet: Kva er det eigentleg eg gjer når eg er prest?

Hovudoppgåva er å forkynna det kristne budskapet om Jesus gjennom "å forvalta Ord og sakrament". Men kva vil det seia i praksis? Vel, for det første: Ingen dagar er like. Det har dei heller ikkje vore dette året. Dagane er som oftast fylte med mange ulike oppgåver. Det dreier seg sjølvsagt om førebuing og leiing av gudstenester, gravferd og vigslar. Men også om samtalar med menneske i mange ulike livssituasjonar, om forkynning og undervisning, om planleggings- og samarbeidsmøte med andre kyrkjeleg tilsette og frivillige medarbeidarar og mykje meir. For det andre: Midt i alt dette er viktig å sjølv skaffa seg påfyll og inspirasjon gjennom å setja av tid til studium og personleg fornying. For det tredje: Eg treff utruleg mange menneske gjennom prestetenesta. Flotte og interessante menneske. Det er faktisk aldri kjedeleg å vera prest!

Er det mykje å gjera? Har du nokon gong fri? Slike spørsmål får eg også. Eg pleier å svara at periodevis kan det vera ganske travelt. Heldigvis er det også rolegare periodar. Det er forresten mange yrker som er krevjande, så dette er jo ikkje noko spesielt for mi yrkesgruppe. Samtidig må eg seia at me prestar gjennom dei siste åra har fått mykje betre fritidsordningar som sikrar oss fridagar og frihelger, i tillegg til at me sjølvsagt har den same ferien som alle andre.

Familielivet og fritida

Eg har ikkje tenkt å gjera dette til noko veldig privat, så her tar eg bare med det heilt sentrale:  Mine næraste er kona mi, Inger (som er tekstilkunstnar og kulturskulelærar), og våre fire ungdomar; to vaksne ungdomar som har flytta ut som studentar og to vaksne ungdomar som bur heime og går på vidaregåande skule. Året 2005 har innehalde mange gode fellesopplevingar, og me har det bra saman, sjølv om me også finn på litt av kvart kvar for oss (den som har fulgt familien på bloggen veit f eks at Inger har sykla Nordkapp-Lindesnes åleine i år og at eg har vore på diverse turar til sydlege breiddegradar).

Eit høgdepunkt i sommar var ferien på Solgården i Spania, der eg var saman med våre to yngste ungdomar. Me hadde 14 herlege dagar med mykje sol og varme og gode opplevingar, saman med mange flotte menneske. Eg var leiar for opplegget som var ein feriereise for familiar og vaksne i alle aldrar, arrangert av Fokus Reiser.

To andre interessar som eg har dyrka i året som ligg bak, må òg nemnast: Eg trivst svært godt når eg kjem meg opp i fjellet i Ryfylkeheiane, og eg trivst også svært godt når eg set meg ned med ei god bok. 

Fagleg interesse kombinert med reiseliv

Dei siste åra har eg blitt meir og meir interessert i det eg her på bloggen har kategorisert som Bibelsk arkeologi, historie og geografi. Det dreier seg først og fremst og den nytestamentlege delen av Bibelen. Eg syns det er viktig at den kristne trua er ein historisk religion, først og fremst ved at Gud konkret kom inn i vår historie og geografi. Det betyr òg at eg aldri blir ferdig med å søkja kunnskap om Jesu kome og om den tida og det samfunnet han kom inn i. Det nye testamentet er rett og slett ei utruleg interessant bok! Men denne interessen har også ført til ein generell interesse for dagens folk og situasjon i Israel og dei palestinske områda. Spesielt har eg eit engasjement for dei som trur på Jesus i Det Heilage Landet i dag! Dei er ikkje mange, men treng vår støtte. Dette gjer at eg har eit engasjement for Den Norske Israelsmisjon sitt arbeid.

I 2005 har denne interessen ført meg til Israel/dei palestinske områda og til Tyrkia. I april hadde eg permisjon og budde tre veker i Jerusalem mens eg deltok på studieprogrammet "Pastoral Erfaringsutveksling". Eg har skrive nokre artiklar frå denne perioden her på bloggen. Og så har eg vore to turar til Tyrkia på besøk til bibelhistorisk og kyrkjehistorisk interessante stadar. Først i mai/juni på rekognosering og så i oktober då eg var ein av reiseleiarane på ein tematur med deltakarar frå menighetane her i prestegjeldet. Eg har òg skrive ein del frå desse turane her på bloggen. Den som leiter, vil nok finna dette stoffet.

Takk for det gamle …

Då står det bare att å seia "Takk for deg gamle …" til lesarane av bloggen. Eg held meg til tradisjonen og ventar til i morgon med å seia "Godt nytt år"!


Månafossen og Mån

19/11/2005

I_og_a_ser_p_fossen Sist sundag var eg på familietur til Månafossen og Mån. Det var ein flott tur opp til Månafossen som har 90 meters høgde og som nå etter alt regnet var utruleg stor (foto: Eirik). Og ein ikkje mindre flott tur vidare opp til Friluftsgarden Mån. Med det veret me hadde, var det luksus å kunna sitja innandørs i den flotte varmestova med nistepakken og kaffien!

Eg syns Mån er ein fantastisk plass, med elv og sletter under stupbratte fjellsider, og med Fidjadalen som lokkar innover i fjellet. Dette er eit område eg har mange minne frå. Her reiste eg på turar då eg var tenåring, lenge før Stavanger Turistforening merka løyper i området og Jæren Friluftsråd restaurerte den gamle fjellgarden.

Dei lengste og tøffaste turane var nok dei to gongene eg gjekk helgetur frå Eikjeskog i Frafjord til Lysebotn. Det var før vegen mellom Lysebotn og Sirdalen var bygd, og me gjekk då ned til Lysebotn på ein sti som stupte utfor fjellsida omtrent der dagens veg med hårnålssvingar går. På den tida hadde turistforeninga sjølvsagt heller ikkje hytter på Blåfjellenden og ved Langavatn. Det var ein utruleg lang og krevjande tur for ein 14-15 åring, men samtidig noko av det eg verkeleg huskar frå turlivet mitt som tenåring.

Sidan har eg gått mykje i desse fjellområda der turistforeninga nå har bygd hytter og merka løyper. Det er eit fantastisk område som ligg lett tilgjengeleg for oss som bur i Sør-Rogaland. Eit heilt spesielt forhold har eg fått til Sandvatn-hytta. Når eg skriv dette, rippar eg forresten opp i det frustrerande forholdet at eg i heile 2005 ikkje har kome meg på tur dit!

Men tilbake til dagsturen sist helg. Det var ein vellukka tur, reint bortsett frå at eg på veg ned frå Mån var uheldig og fekk eit hardt slag i hovudet. Dette førte til smerter i hovud og nakke, som igjen førte til at ”eg skulle ta det med ro ei tid” (les: sjukemelding). Ikkje noko kjekt! Men trass i at eg har kome skada heim frå dei to siste fjellturane mine (jfr Sirdalsheiane) meiner eg framleis at det er mykje farlegare å driva med fotball enn med fjellturar!


Sirdalsheiane

11/09/2005

Img_4410 Koss er det Arne, har du fri ei av dei første helgene? Eg har så lyst på ein tur til fjells!

Det var Ole, bror min, som var på telefonen. Det passa eigentleg utruleg godt. Eg hadde ei frihelg nå i september og eg hadde lyst på på ein fjelltur. Og eg visste at Inger hadde noko anna ho skulle vera med på denne helga, så førstevalget mitt som turpartnar var uaktuelt. Dermed låg alt til rette for at Ole og eg for første gong på mange år skulle få oss ein tur saman. God ide, Ole!

Me køyrde til Ådneram og tok drosje inn anleggsvegen mot Svartevass. Så gjekk me ein runde med overnatting på Taumevatn og Storevatn turisthytter.

Eg kunne skriva mykje om korfor dette blei ei veldig vellukka helg. Skal bare nemna at me hadde flott haustver, me hadde ein utruleg kjekk kveld på Storevatn saman med ein familie frå Stavanger (Fredrik & Co, viss de les dette: Håper me treffes igjen på ein ny fjelltur!). Og sist, men ikkje minst: Ole og eg hadde det fint saman. Godt for brødre å ikkje bare møtast i familieselskap!

Alt dette veg opp at eg kom heim med skrubbsår på den eine hofta og i den eine handa etter eit idiotisk fall, då eg var litt uforsiktig, for å seia det mildt.

Biletet er på stien mellom Grønaplasstjørna og Godfardalen, på veg tilbake til anleggsvegen i dag.


Inger på tur!

15/06/2005

Inger har i lengre tid planlagt ein sykkeltur. Ho og sykkelen skal nemleg ut på ein lengre ferietur saman. Nå er det kvelden før avreise, og tid for dei siste førebuingane. Inger er i god form, og det er sykkelen òg. Heldigvis.

Det er ikkje mange som veit kor mykje planlegging som ligg bak ein slik tur. Sykkelen veit noko om det, for den har blitt stelt godt med den siste tida. Men sidan sykkelen står parkert utanfor huset, veit ikkje den det eg veit om kva som har skjedd her inne. Kart og brosjyrar har vore viktig litteratur. Norsk natur og geografi har vore viktige samtaleemne. Diverse typar sykkelutstyr har vore vurdert. I det heile tatt: Sykkelturen har meir eller mindre vore i Ingers tankar dag og natt.

Men det er jo ikkje så rart. Inger har planlagt denne turen i tre år, og nå skal draumen bli virkelighet! Ho har trent lenge, og sykla mange mil i veka. Ho har skaffa seg meir og meir (og betre) utstyr. Og ho har dei siste somrane tatt lengre og lengre turar med sykkelen sin. Nå er alt klart for den store sykkelturen. Planen er å sykla Norge på langs frå Nordkapp til Lindesnes denne sommaren!

Turen har sjølvsagt òg ofte vore i mine tankar. Og eg gjer meg mange tankar om dette nå i kveld:

  • Først av alt gleder eg meg over at ho nå skal få gå igang med dette prosjektet. Eg unner henne verkeleg dette!
  • Så håper eg sjølvsagt at alt skal gå godt for henne!
  • Dessutan er eg klar over at eg aldri hadde greidd å følgja henne på ein slik tur!
  • Akkurat nå føles det uendeleg lenge at ho skal vera vekke i ca fem veker. Me har faktisk aldri vore så lenge frå kvarandre sidan me var 19 år!

Vil du vita meir om koss det går på turen? Følg med på Ingers nyoppretta blogg, som du finn her.


Hanna og Abraham

14/05/2005

Denne forteljinga handlar om Hanna og Abraham, to ungdomar i 1905. Dette er eit år som er mykje i fokus for tida pga 100-årsjubileet for unionsoppløysinga. Men i denne forteljinga dreier det seg ikkje om nasjonen si historie. Her dreier det seg om to jærske ungdomar og det dei skapte saman. Grunnen til at eg er opptatt av deira historie, er at eg er barnebarnet deira. Så det dreier seg altså om røtene mine.

Brudebilete_med_torso På veggen heime har eg eit stort brudebilete som blei tatt då Hanna og Abraham gifta seg i 1905. Det er ei forstørring av biletet du ser her. Dei som bare ser så vidt på det gamle biletet i ei stor gamal ramme, tenkjer kanskje at dette er nokre gamle folk. Men ser du nøyare etter, ser du at det dreier seg om to ungdomar; Hanna og Abraham var 19 og 20 år då dei gifta seg!

Les resten av dette innlegget »


I dag opnar Ingers utstilling

19/03/2005

Inger har arbeidd i fleire månadar fram mot dagen i dag. Velkomen til Fotland Mølle laurdag 19. mars kl 12.00. Då opnar utstillinga Gjennom mørke til lys. Påskeutstilling i tekst og tekstilar. Ho samarbeider med Heidi Strand Harboe om utstillinga. Utstillinga er open kl 12 – 17. Sjå meir detaljar i innlegget Påskeutstilling.

Stavanger Aftenblad har eit stort oppslag om utstillinga i dag.

Det er mange detaljar som har tatt tid den siste tida. Og så blei altså eg sjuk av influensa dei siste dagane! Nå er eg heldigvis på beina igjen i dag.

Oppsummering etter opningshelga:

Det har vore ei flott oppleving for Inger og Heidi, og for meg som har fulgt dei gjennom prosessen fram mot utstillinga. Det kom masse folk til opninga, og tilsaman laurdag og sundag har det vore 300 gjester på utstillinga! Samlingane dei har kl 16 der Heidi fortel og les eigne dikt, og der venner deltar med musikk, har også slått godt an. I det heile tatt har det vore svært vellukka.

Utstillinga er open vidare kl 12 – 17 i påsken (stengt langfredag og 1. påskedag) og i helga etter påske.