Pseudo-Matteus

05/09/2009

Eg studerer framleis i ledige stunder den koptiske tradisjonen om flukta til Egypt. I den samanhengen har eg i dag sett på forteljingane i Pseudo-Matteus’ evangelium eller Matteus’ barndomsevangelium. Dette er eit apokryft evangelium av usikkert opphav. Skriftet sjølv gir seg ut for å vera skrive av evangelisten Matteus på hebraisk og omsett til latin av Hieronymus (347-420).

Barndomsevangelia er “fromme” forteljingar om Jesu oppvekst, forteljingar som var svært populære i oldkyrkja. Eg har tidlegare skrive litt om andre barndomsevangelium her.

I dag fann eg altså fram til Pseudo-Matteus fordi ein relativt stor del av skriftet (kap 17-25) handlar om flukta til Egypt.

Her er ei av forteljingane, frå Pseudo-Matteus 18:

And having come to a certain cave, and wishing to rest in it, the blessed Mary dismounted from her beast, and sat down with the child Jesus in her bosom. And there were with Joseph three boys, and with Mary a girl, going on the journey along with them. And, lo, suddenly there came forth from the cave many dragons; and when the children saw them, they cried out in great terror. Then Jesus went down from the bosom of His mother, and stood on His feet before the dragons; and they adored Jesus, and thereafter retired. Then was fulfilled that which was said by David the prophet, saying: Praise the Lord from the earth, you dragons; ye dragons, and all you deeps. And the young child Jesus, walking before them, commanded them to hurt no man. But Mary and Joseph were very much afraid lest the child should be hurt by the dragons. And Jesus said to them: Do not be afraid, and do not consider me to be a little child; for I am and always have been perfect; and all the beasts of the forest must needs be tame before me.

Elles er det Pseudo-Matteus som første gong nemner at det var ein okse og eit esel til stades ved Jesu fødsel! For oss som kjenner julesangen Et barn er født i Betlehem, er dette så naturleg at me neppe tenkjer over at dette ikkje er nemnt i juleevangeliet i Lukas 2. Her er det aktuelle avsnittet i Pseudo-Matteus 14:

And on the third day after the birth of our Lord Jesus Christ, the most blessed Mary went forth out of the cave, and entering a stable, placed the child in the stall, and the ox and the ass adored Him. Then was fulfilled that which was said by Isaiah the prophet, saying: The ox knows his owner, and the ass his master’s crib. (Isaiah 1:3) The very animals, therefore, the ox and the ass, having Him in their midst, incessantly adored Him. Then was fulfilled that which was said by Abacuc the prophet, saying: Between two animals you are made manifest. In the same place Joseph remained with Mary three days.

Heile teksten til Pseudo-Matteus finn du blant anna på den katolske sida New Advent. Wikipedia har ein artikkel om skriftet her.


10 på topp, bibelsk arkeologi

04/09/2009

BARBiblical Archaeology Review framhever i jubileumsnummeret sitt ti viktige funn innan bibelsk arkeologi frå dei siste åra.

Slike lister vil sjølvsagt alltid kunne diskuterast. Er f. eks. Nag Hammadi-biblioteket verkeleg viktigare enn Dødehavsrullane? Slik undrar Jim Davila på PaleoJudaica og klør seg i hovudet. Og det med god grunn. Men trass i slike motførestellingar er lista sjølvsagt interessant for den som følgjer med på fagfeltet.

Her er lista. Artikkelen i BAR skildrar alle ti funna.

  1. Ashkelon’s Arched Gate (Sør-Israel)
  2. Stepped Stone Structure (Jerusalem)
  3. ‘Ain Dara Temple (Nord-Syria)
  4. Tel Dan (“David”) Stela (Nord-Israel)
  5. Yahweh and His Asherah (Austre Sinai)
  6. Babylonian Siege Tower and Arrowheads (Jerusalem)
  7. St. Peter’s House (Kapernaum)
  8. The Siloam Pool in Jesus’ Time (Jerusalem)
  9. Mona Lisa of the Galilee (Sepphoris)
  10. The Nag Hammadi Library (Øvre Egypt)

Mine favorittar blant desse er to stadar som er direkte knytt til forteljingane om Jesu liv; Peters hus i Kapernaum (såvidt omtalt her i eit notat etter eit besøk i Galilea) og Siloadammen i Jerusalem.


Biskop Thomas frå Egypt

02/09/2009

Biskop Thomas, foto ved NMIOEg møtte den koptisk-ortodokse biskop Thomas då eg var på studietur til Egypt i fjor. Han var ein utruleg spennande mann som eg fekk stor respekt for. Då eg kom heim, skreiv eg slik her på bloggen:

Det er eigentleg dei mange møta med ulike kyrkjeleiarar som betyr mest for meg når eg nå ser tilbake på turen. Det gjorde eit sterkt inntrykk å møta menneske med engasjement og innsikt i den kristne trua. Skal eg trekkja fram ein enkelt person framfor andre, er eg ikkje i tvil. Då vil eg nemna biskop Thomas som me traff på retreatsenteret Anafora ute i ørkenen mellom Kairo og Alexandria. Me budde der det siste døgnet. Biskopen representerer den koptiske kyrkja på ein heilt spesiell måte. Han har karismatisk utstråling, stor åndeleg innsikt og pedagogisk teft.       (Les meir)

Biskop Thomas kjem hit til Rogaland i perioden 8.-13. september 2009.  Eg vil anbefala lesarar som bur her i distriktet, å koma på ei eller fleire av samlingane der han skal delta. Tysdag 8. september kl 19.30 kan du møta han på kulturkveld i Bryne kyrkje. Dei andre kveldane den veka deltar han på tilsvarande samlingar i andre kyrkjer i distriktet.

Les om besøket (og sjå heile programmet) på Stavanger bispedømme si heimeside, der han blir omtalt som “en sterk og visjonær kirkeleder for den koptisk-kristne befolkningen i Egypt”:

På fire Egypt-kvelder vil biskop Thomas dele sine tanker om hva det vil si å følge Jesus Kristus og fortelle om situasjonen i Egypt.

Biskopen ble først utdannet som veterinær og senere psykolog, men ble munk i 1983 og presteviet i 1987. Året etter, 31 år gammel, ble han vigslet til biskop for El-Qussia og Mair i øvre Egypt. Under stor personlig risiko har han gjennom disse årene kjempet for religionsfrihet og menneskerettighetene i sitt hjemland. (Les meir)


Påskehelsing frå Egypt

19/04/2009

etscDei ortodokse og dei koptiske kristne feirar påske denne helga, – ei veke etter vår vestlege påskefeiring.

Dei protestantiske kristne i Egypt følgjer den koptiske kalenderen. Derfor passar det i dag godt å formidla vidare denne påskehelsinga frå Det evangeliske teologiske seminaret i Kairo:

Dear friends of ETSC,

We hope you enjoy the attached Easter greetings from our president, Dr. Atef Gendy. Easter is celebrated in Egypt on the 19th of April this year, so please keep us all in your prayers that day. He is risen, indeed!

While he hung on the cross …
… some thought him to be a criminal paying the price of the mistakes he committed. Others believed that he was a political rebel punished for challenging Caesar’s authority. Some held that his blasphemy against the Law of Moses was the reason for his crucifixion.

Nevertheless, his rising from the death the third day opened our eyes to understand that he was none other than the very God who humbled himself, taking the form of a human. He was indeed bearing our grief and carrying our sorrows. His wounds and bruises were nothing but the price of our transgression and inequity.

Happy Easter dear friends. May we all be blessed as we renew the meaning of Jesus’ death and resurrection on our behalf!

Atef Gendy (Ph.D)
ETSC President


Den heilage salven

11/01/2009

Eg har tidlegare skrive om den heilage familie si flukt til Egypt. I kveld oppdaga eg ein artikkel av Eyvind Skeie på Norsk Misjon i Øst si nettside. Her skriv han om ein av dei mange legendene som blir fortalt om denne flukta:

Fortellingen om hvordan den hellige familie flykter til Egypt er helt grunnleggende for de kristne i Egypt. Det er ikke bare fordi Egypt var Jesu barndomsland, men også fordi flukten er et så viktig motiv for de egyptiske kristne. Flukt, farer og forfølgelse har vært deres daglige brød i mange hundre år.

Det finnes en rik tradisjon av fortellinger om hvordan Gud bevarer sine under flukten, slik Gud også gjorde med den hellige familie. En av disse fortellingene skal jeg arbeide med i løpet av neste år, i nært samarbeid med Mamma Maggie og hennes stab. Ung Kirkesang i Norge er også med.

Det handler om de to landeveisrøverne Dismas og Gestas, som … (les meir)


Trettande dag

06/01/2009

Det er den trettande dag i julehøgtida; dei heilage tre kongars dag eller epifania. I delar av den ortodokse kyrkja er det nå dei feirar jul, mens mange her heime alt har avslutta julefeiringa si. Heime hos meg pleier me ha julepynten framme ei veke til (altså omtrent til 20. dag i jula).

– Vi må helt tilbake til 1700-tallet for å finne Hellig tre kongers dag som helligdag i Norge. Den gangen var det i pietismens og opplysningstidens ånd en gjennomgang av antallet høytidsdager. Man mente at det var for mange festdager. Da forsvant blant annet alle 3. dagene, og Hellig tre kongersdagen, forteller førsteamanuensis Jan Schumacher ved Menighetsfakultetet. (les meir)

Oppdatering 7. januar: Eg nemnte i går at dei ortodokse feirar jul nå. Eg tenkte ikkje då på at dette også gjeld dei kristne i Egypt. Det blei eg minna på då eg kom på jobb i dag, og møtte min egyptiske kollega som ønskte meg God jul! Han fortel at det først og fremst er i dag, altså juledagen, dei feirar i heimlandet hans. Det som overraska meg med dette, er at det ikkje bare er dei koptiske kristne i Egypt som har julehøgtid nå, – han er nemleg protestantisk kristen.

Oppdatering 11. januar: I dag fekk eg spurt min egyptiske kollega om koss det kunne ha seg at han feira jul etter koptisk kalender. Det viser seg at alle protestantiske kristne i Egypt feirar jul 6.-7. januar. Dei protestantiske kyrkjene har røter tilbake til misjon på 1800-talet, og protestantane førte vidare julefeiringa frå den koptiske kyrkja som dei kom frå.


Flukta til Egypt

29/12/2008

den-heilage-familieBibelforteljinga om Den heilage familie (Maria og Josef med barnet Jesus) si flukt til Egypt, har blitt ny og levande for meg i 2008. Eg  var med på ein studietur til Kairo for snart eit år sidan og opplevde då kor mykje denne teksten faktisk betyr for egyptiske kristne i dag.

For oss kan denne teksten vera ei påminning om at forteljingane om Jesu barndom ikkje bare handlar om eit barn i ei krubbe, men også om ei dramatisk flukt.

Biletet viser ei vanleg koptisk gjengjeving av dette motivet. Josef går, Maria sit med barnet på eit esel, dei går langs Nilen og i bakgrunnen ligg det nokre pyramidar.

Her er dei aktuelle versa i Matteus-evangeliet:

Då dei var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og bli der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.» Han stod opp, tok barnet og mora og drog til Egypt same natta. Der vart han verande til Herodes døydde. Slik skulle det oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten: Frå Egypt kalla eg son min.

(…)

Etter at Herodes var død, synte Herrens engel seg i ein draum for Josef i Egypt og sa: «Stå opp, ta barnet og mora og dra til Israelslandet! For no er dei døde, dei som ville ta livet av barnet.» Då stod han opp, tok barnet og mora og fór til Israelslandet. Men då han fekk høyra at Arkelaos hadde vorte konge i Judea etter Herodes, far sin, torde han ikkje fara dit. Han vart varsla i ein draum og fór til Galilea. Då han kom dit, busette han seg i ein by som heiter Nasaret. Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profetane, at han skulle kallast nasarear. (Matt 2,13-15 og 19-23)

Teksten seier ikkje noko om kor lenge den heilage familie var i Egypt, heller ikkje noko om kvar i Egypt dei søkte tilflukt. Men her har det vakse fram ein rik tradisjon blant egyptiske kristne. Tradisjonen fortel at dei var i Egypt i tre år og seks månadar, vidare at dei reiste rundt i Nildeltaet og opp til Øvre Egypt. Delar av turen gjekk i båt på Nilen. Det finst mange forteljingar om underfulle ting som skjedde på reisa deira rundt i landet. Desse forteljingane blir knytt til spesielle stadar, som dermed har blitt heilage og utgangspunkt for pilegrimstradisjonar.

old-cairo1Biletet viser eit skilt ved nedgangen til Abu Serga (St. Sergiuskyrkja) i Koptisk Kairo. Under altaret i denne kyrkja er det ei krypt der den heilage familie i følgje tradisjonen budde ein periode.

Tilbake til bibelteksten frå Matteusevangeliet. Professor Stephen J. Davis ved det evangeliske teologiske seminaret i Kairo peiker på to viktige observasjonar i denne teksten:

  • Forteljinga om flukta er nøye knytt til evangelisten sin bruk av GT. Flukta og tilbakereisa blir forstått som ei oppfylling av profetiar frå GT. Nøkkelteksten er sitatet frå Hos 11,1:  Frå Egypt kalla eg son min. I den opphavlege konteksten hos profeten, er dette ei utsegn om exodus, utferda frå Egypt under Moses. Men evangelisten nytolkar teksten, og let den vera ein profeti om at Jesus, Guds Son, måtte flykta til Egypt og koma tilbake derifrå.
  • Forteljinga om flukta legg vidare stor vekt på geografi. Matt 2 er fylt av geografiske namn: Betlehem, Egypt, Israelslandet, Galilea og Nasaret. Kapittelet tar oss med på ei reise til kjente geografiske stadar. Egypt får eit viktig fokus knytt til den gamaltestamentlege tradisjonen om at landet både var ein stad for eksil og for tilflukt.

Me kan også ta med oss ei bøn, skriven av den danske presten Holger Lissner med utgangspunkt i bibelteksten om flukta til Egypt:

Herre Jesus Kristus! Vi takker deg for at du ikke forble i din himmelske urørlighet, men gikk inn i vår sårbarhet og kom oss til hjelp i vår angst og smerte. Vær hos oss når vi trues av mørke makter og ikke vet hvor vi skal flykte hen. Vis oss at for deg er natten klar som dagen, og at du har veier der vi ingen sti kan se. Herre, du er vårt håp. For deg er alt mulig, du som er ett med din himmelske Far i kraft og ånd fra evighet og til evighet. (frå Svein Ellingsen: Og lyset skinner i mørket. Juletiden dag for dag)


Gamalt egyptisk grensefort

09/06/2008

Bibelen fortel om ein del kontakt mellom Israel og Egypt, både i fredelege og urolege tider. Bortsett frå Israelsfolket si vandring i ørkenen under leiing av Moses, gjekk nok denne trafikken langs hovudvegen aust/vest i dette området.

National Geographic fortel nå om funnet av det store egyptiske fortet Tharo langs denne vegen, nær grensebyen Rafah. Her har både handelskaravanar og krigarar passert i gamal tid. Sjå artikkelen Giant Fortress’s Remains Found in Egypt.

Mine interesser tilseier at eg også må ta med at Jesus, ifølgje Matteusevangeliet, truleg har passert her som barn. Matteus fortel (Matt 2,13 ff) at Maria og Josef flykta til Egypt etter Jesu fødsel. Bibelforteljinga er kortfatta og seier ikkje noko konkret om reiseruta. Men det skal godt gjerast om dei har kome nokon annan veg inn i Egypt.

Og når dette først er trekt inn, tar eg sjølvsagt også med den koptiske tradisjonen om den heilage familien si reise i Egypt. Eg syns denne tradisjonen er interessant og samla meg ein del stoff om dette på studieturen i Egypt tidlegare i år. Her blir reiseruta skildra med stor overtyding; grensepasseringa inn i landet er til og med datofesta! Kyrkja feirar ein årleg fest på Bashans 24 (1. juni?) til minne om at Jesus passerte grensa til Egypt på denne dagen. Her er ei koptisk lovprising til festen:

Be glad and rejoice, O Egypt, and her sons and all her borders, for there hath come to Thee the Lover of man, He Who is before all the ages.


Interesse for den koptiske kyrkja

16/03/2008

Studieturen til Egypt opna ei ny verd for meg. Landet har ei spesiell og lang kulturhistorie, og det er utruleg mykje interessant stoff å gripa fatt i. Det har eg sjølvsagt visst lenge, utan å ha særleg kunnskap ut over det eg ein gong lærte på gymnaset. Derfor var det kjekt å få eit fornya og meir direkte forhold til denne kulturhistoria gjennom å sjå og oppleva i alle høve litt av det landet har å by på.

Det som verkeleg var nytt for meg, var livet i den koptiske kyrkja, både i historisk og dagsaktuelt perspektiv. Dermed har eg fått enda ei interesse, enda nokre fleire bøker og enda eit tema som truleg vil få plass på bloggen i tida framover.

Ja, eg hadde sjølvsagt med meg ein del bøker heim. Eg har funne fram to av dei i kveld, begge gjevne ut av Gawdat Gabra, tidlegare
direktør på det koptiske museet i Cairo:

Den siste av dei er ei stor praktbok, gjeven ut i samband med år
2000-jubileet. Den handlar om den egyptiske tradisjonen som byggjer på bibelforteljinga om flukta til Egypt då
kong Herodes ville drepa ein eventuell utfordrar til
kongekrona (Matt 2,13-15). Eit fascinerande tema, som eg vil koma tilbake til.

Når eg sit her i kveld og tenkjer desse tankane, er det fordi eg nettopp har lese ein artikkel i Al-Ahram Weekly Online med referat frå ein konferanse om koptisk klosterliv i Øvre Egypt. For eit halvt år sidan hadde eg aldri kome på å lesa noko slikt. Men nå har eg altså lese dette, og faktisk funne ting som eg fann interessant! Gawdat Gabra er elles nemnt i artikkelen, men då fordi han ikkje var til stades (og var savna).

Les resten av dette innlegget »


Frå Egypts kristenliv

09/02/2008

Biskop Thomas, som eg traff då eg var i Egypt i januar, er nå i Norge. Han har hatt foredrag på MF:

– Hvis en egypter kommer til meg og sier han ønsker å bli døpt, ville
jeg tidligere råde ham til å reise ut av landet. Til vesten. Men nå vil
jeg gi råd om å bli. Det er ingen løsning å rømme Egypt. De kristne må
leve i skjul, men hvis de ikke er i fare kan de være vitner for
Kristus, sier den koptiske biskopen og Norges-vennen.

(…)

Han understreket at som kristne er det ikke det samme hvordan man møter motstanden:

– Vi snur det andre kinnet til. Samtidig må vi kunne stå opp for vår
rett. Men vi gjør det med kjærlighet, ikke med hat, sier biskopen. (Les meir)


Turen til Egypt

20/01/2008

Eg har i dag sett gjennom bileta mine frå studieturen til Egypt. Eg sit igjen med mange gode minne og nokre gode bilete. Eg vil nå prøva å gje ei oversikt over noko av det eg har opplevd.

Img_4320
Programmet dei første dagane var knytt til det gamle Egypt. Og her kjem verkeleg ordet gamal til sin fulle rett! Det dreier seg om 5000 års kulturhistorie! Her er ei slik mengde med arkeologiske utgravingar at det i denne samanhengen sjølvsagt bare blei snakk om ei innføring i stoffet.  Dette er historie eg har høyrt om sidan eg var liten, og det var rett og slett ei utruleg flott oppleving å koma dit og få sjå nokre av funna og bygningane.  Me besøkte gamle graver med fantastiske relieff frå dagleglivet, imponerande pyramidar i Sakkara og Giza og sjølvsagt den spesielle Sfinxen (biletet). Dessutan hadde me omvisning på det egyptiske museet med vekt på funna frå Tut-ankh-Amon si grav.

Img_4394
Dei neste dagane var knytt til det muslimske Egypt. Kairo er byen med 1000 moskear og med ein svært sentral posisjon i den islamske verda i dag. Gjennom forelesingar, byvandringar og moskebesøk lærte me om den muslimske historia i Egypt, om muslimsk arkitektur og om ulike mosketypar. Biletet er frå Sultan Hasan-moskeen. Dessutan møtte me dagens islam f eks gjennom besøk og samtale i Al-Azharmoskeen som blir rekna som det viktigaste teologiske senteret for sunnimuslimane. Ei oppvisning med intens sufidans stod forresten også på programmet!

Hovudinnhaldet i turen var likevel å bli kjent med det kristne Egypt. Det er ca 10 % kristne i landet. Dei fleste høyrer til den koptisk-ortodokse kyrkja (koptisk = egyptisk), mens ein mindre del høyrer til forskjellige katolske eller evangeliske kyrkjesamfunn.

Img_4475
Dette blei verkeleg eit inspirerande møte med eit livskraftig kyrkjeliv, både i historisk og dagsaktuelt perspektiv. Det historiske blei ivaretatt gjennom besøk i fleire gamle kyrkjer og stadar med stor tyding for den lokale kristne tradisjonen. Dei som kjenner meg, veit at eg syns dette er svært interessant. Biletet viser fasaden i Mu’allaqa-kyrkja, kanskje den viktigaste av dei historiske kyrkjene i Kairo.

Me fekk også eit glimt inn i noko som gjorde uutsletteleg inntrykk;
livet i Søppelbyen der fattige menneske bokstavleg talt lever og
arbeider i søppelet. Mange av desse er kristne, og me fekk høyra
om arbeidet som blir drive for dette folket i dei spesielle
Holekyrkjene i området.

På flyet heim sat eg og tenkte på det eg hadde høyrt om søndagsskulerørsla som gjennom det 20. hundreåret har fornya den koptiske kyrkja radikalt. Plutseleg såg eg ein inspirerande parallell til vår trusopplæringsreform! Søndagsskulane deira har verkeleg nådd ut til breidda av den kristne befolkninga, i alle aldrar. I dag sit det barn av søndagsskulen i alle dei leiande stillingane i kyrkja. Og sjølv om dei er svartkledde og gamle, er dei framleis opptatt av barn og unge sin plass i kyrkjelivet! Ein biskop me besøkte, biskop Youannes, sa det slik: “Ei kyrkje utan ungdom er ei kyrkje utan håp. Ein ungdom utan kyrkje er ein ungdom utan håp.”

Det er eigentleg dei mange møta med ulike kyrkjeleiarar som betyr mest
for meg når eg nå ser tilbake på turen.  Det gjorde eit sterkt inntrykk å møta
menneske med engasjement og innsikt i den kristne trua. Skal eg trekkja fram ein enkelt person framfor andre, er eg ikkje i tvil. Då vil eg nemna biskop Thomas som me traff på retreatsenteret Anafora ute i ørkenen mellom Kairo og Alexandria. Me budde der det siste døgnet. Biskopen representerer den koptiske kyrkja på ein heilt spesiell måte. Han har karismatisk utstråling, stor åndeleg innsikt og pedagogisk teft. Me får besøk av han i Stavanger bispedøme i september 2008. Det gleder eg meg til.


Heim frå Egypt

19/01/2008

Eg har i dag kome tilbake frå Egypt. Har deltatt på ein tur som gav enda meir inspirasjon og ny kunnskap enn eg hadde drøymt om på førehand! Eg satsar på å koma tilbake med meir stoff frå turen etter kvart, sjølv om eg dei næraste vekene vil ha mest fokus på rydding, pakking, oppussing og flytting til ny bustad her på Bryne.


Studietur til Egypt

12/01/2008

Eg er paa studietur i Egypt, og er innom ein pc ein liten stund.  Opplever utruleg mykje spennande. Laerar baade om faraonisk religion, islam og det kristne Egypt, med vekt paa det siste. Det blir nok lite aktivitet her paa bloggen den naeraste veka. Men eg reknar med aa koma heim med mange inntrykk. Kanskje det ogsaa vil prega bloggen ei tid framover?