15/11/2009
I dag har me feira kyrkjejubileum her i Time. Time kyrkje blei vigsla 2. november 1859 og er dermed 150 år. Dette er sjølvsagt ikkje nokon spesielt høg alder for ei kyrkje, men likevel: kyrkja har stått her og betydd mykje i mange generasjonar. Og før denne kyrkja, har det stått tre tidlegare kyrkjebygg på staden.
Kyrkja ligg like utanfor Bryne. Og sjølv om Bryne fekk si eiga kyrkje i 1979 og blei eige sokn i 1990, har gamlekyrkja framleis ein stor plass i hjarta til folket her. Det er også eit tett samarbeid mellom dei to sokna, – mellom anna blir mest alle gravferdene haldne i Time, der det er kyrkjegard. Personleg har eg eit nært forhold til begge kyrkjene, frå perioden eg var prest her (1993-2007).
I dag har me hatt jubileumsgudsteneste i Time kyrkje, med besøk av biskop Erling Pettersen og med mykje flott song og musikk. Deretter var det kyrkjekaffi i Bryne kyrkje. Den nye biskopen preika om Jesus med utgangspunkt i dagens tekst i 1. Tim 2,1-6a, med vekt på desse orda:
For Gud er éin,
og éin mellommann er det mellom Gud og menneske,
mennesket Kristus Jesus,
han som gav seg sjølv som løysepenge for alle.
Heidi Strand Harboe hadde skrive ein fin jubileumssalme. Salmen blei brukt for første gong i gudstenesta i dag, med melodi av Johanne Ur Sæbø. Det er flott å ha lokale kunstnarar som kan skapa slike ting! Salmen heiter Eg kjem til deg med glede, og refrenget er slik:
Til ditt heilage hus tek eg med mine dagar,
for alt det eg lever er ditt.
Eg vil vera hos deg, vera heil vera ekte,
hit kjem eg med livet mitt.
Både tekst og melodi fungerte flott. Eg opplever at teksten er typisk for Heidi si salmedikting (som eg set stor pris på), for eksempel ved orda om å vera heil og ekte i Guds nærleik. Les heile salmen på Heidi sin blogg.
Elles har jærbu og historikar Lisabet Risa skrive jubileumsboka På kyrkjeveg som er gjeven ut av Time sokneråd og Time kyrkjelege fellesråd. Eg kjøpte sjølvsagt boka i dag og gleder meg til å lesa den.
Éin kommentar |
Den norske kyrkja, Jæren | Merka som: Heidi Strand Harboe, Time, Time kyrkje |
Direktelenkje
Posta av Arne
21/10/2009
I dag (21.10.2009) skulle eg gjerne vore på disputas på UiO. Eg er faktisk i Oslo denne veka, men har hatt fullt program og kunne ikkje priortera å høyra ein gamal kjenning disputera med ei avhandling om framveksten av nynorsk kyrkjespråk. Eg håper det gjekk godt for han!
Oppdatering 29.10:
Eg har nå fått bekrefta at det gjekk godt for han. BlixBlog skriv:
Da har Per Halse gjennomført ein særs vellukka disputas over avhandlinga “Gudsord og folkemål. Framveksten av nynorsk kyrkjespråk 1859-1908.” (…) Denne disputasen var ein fest. Tonen var velvillig, og doktoranden fekk mykje ros for grundig kjeldearbeid og engasjerande forteljing. Samtidig stilte opponentane gode spørsmål, og det på ein måte som skapte ein engasjert og spennande fagleg samtale.
(Les meir)
2 kommentarar |
Den norske kyrkja, Nynorsk |
Direktelenkje
Posta av Arne
31/07/2009
Dette maleriet av St. Olav er ein fresko frå det 12. hundreåret i Fødselskyrkja i Betlehem, kyrkja som er bygd over Jesu fødestad.
Eg syns det er interessant at den norske helgenkongen ca 150 etter sin død på Stiklestad, var så viktig at korsfararene avbilda han på ei av søylene i Fødselskyrkja.
Den som har vore i Betlehem og sett søyla, veit at biletet i dag dessverre bare er svakt synleg. Denne gjengjevinga har eg på eit gamalt kalenderblad frå 1941, utgjeve av Dreyers Grafiske Anstalt i Stavanger.
Det har vore Olsok denne veka. Denne minnedagen (29. juli) for Olav Haraldsson / Olav den heilage blir ikkje markert så veldig tydeleg i Den norske kyrkja, bortsett frå at Olavsfestdagene i Trondheim har ei viss kyrkjeleg tilknyting.
Thor Bjarne Bore har blogga på verdidebatt.no om Olavsarven – aktuell i dag? Han skriv bl a:
Det nasjonalistiske i Olavsarven er neppe noe vi har særlig bruk for nå. Derimot kan Olavstradisjonen brukes positiv til å framheve lange linjer og framfor alt til å framheve det spesielle ved den kirkelige tradisjonen, det som ikke kan fås ved enhver ideologisk hjørnebutikk elles. (Les meir)
Helgenkongen har blitt aktuell i år også ved at Snorres saga om han er bearbeidd (i Stavanger!) og gitt ut på ny av Edvard Eikill i samarbeid med historieprofessor Torgrim Titlestad. Tittelen har blitt Den store sagaen om Olav den hellige. Forlaget skriv:
For første gang på moderne norsk lanseres denne sagaen i sin helhet. Mens sagaen om Olav Haraldsson den hellige i Heimskringla er en av flere sagaer, er denne versjonen skrevet med fokus på Olav fra innledningen av. Dermed blir dette en helt spesiell leseropplevelse. Verket fremstår som en veldreiet biografi hvor helgenen Olav trer i bakgrunnen og først viser sine trekk mot slutten – før det dramatiske slaget på Stiklestad. Med en visuell fremstillingsevne tar forfatteren oss med på flere spennende reiser gjennom det politiske landskapet i Norge for tusen år siden, med livsnære portretter av personligheter og tankeganger vi kan kjenne igjen i vår egen tid. Dette må være en av verdenslitteraturens mest fascinerende politiske biografier gjennom tidene! Årets store bokbegivenhet! Levert av © DnBB AS
Eg kan styra mi begeistring for påstanden “for første gang på moderne norsk”. Det er rett nok nokre år sidan Snorre kom ut, og eg er einig i at den utgåva eg har i bokhylla, kan opplevast tung språkleg sett. Eg vil likevel tru at tidlegare tiders utgåver, både på bokmål og nynorsk, har blitt oppfatta relativt moderne då dei var nye. Men trass i denne motførestellinga, kan eg godt tenkja meg å lesa den nye utgåva av sagaen.
Legg att ein kommentar » |
Betlehem, Den norske kyrkja, Israel og dei palestinske områda, Kyrkjehistorie |
Direktelenkje
Posta av Arne
15/07/2009
I dag (15. juli) blir rekna som minnedag for St. Svithun, som er Stavangers skytshelgen.
Svithun er ikkje blant dei mest kjende helgenane, men her i Stavanger-distriktet er namnet hans godt kjent, også i vår tid. Sjølv har eg i barndomen sykla på Svithunsykkel, eg har vore tilsett på St. Svithun vidaregåande skule og eg har hatt mange flotte opplevingar i domkyrkja, som er vigd til St. Svithun. Det bør vel også nemnast at St. Svithun katolske menighet er ein av dei største kyrkjelydane i byen i dag.
Stavanger Aftenblad (papirutgåva) har i dag eit stort oppslag om Svithun, som var biskop i Winchester på 800-talet. Informasjonen i avisa er stort sett henta frå den katolske kyrkja sin helgenbiografi Den hellige Svithun av Winchester (ca 800-862).
Legg att ein kommentar » |
Den norske kyrkja, Kyrkjehistorie |
Direktelenkje
Posta av Arne
20/04/2009
Nettkirken er i dag (gjen-) opna av statsråd Trond Giske.
Sjømannskyrkja skriv:
Stadig flere nordmenn søker kirken på nettet. Nå er den nye Nettkirken åpnet for å imøtekomme behovet.
Tre nettprester er klar til å ta imot besøkende gjester online og vil være tilgjengelig for brukere i hele verden. Nettkirken ble åpnet av kirkeminister Trond Giske mandag 20. april på Kjøkken & Bar i Møllergata i Oslo. (Les meir)
Legg att ein kommentar » |
Den norske kyrkja |
Direktelenkje
Posta av Arne
28/01/2009

Kyrkjestaden på Gran på Hadeland er ein fascinerande stad. Eg var der nyleg, i samband med Israelsmisjonen sitt Rådsmøte. Søndag morgon fekk eg forretta ved ei gudsteneste for rådsmøtedeltakarane i Nikolaikyrkja (til høgre). Det sette eg pris på.
Mariakyrkja og Nikolaikyrkja er frå 1100-talet. Her er eit lite utdrag frå informasjonstavla som står på kyrkjegarden:
Søsterkirkene ble bygd ved et av innlandets vesentlige knutepunkt i middelalderen. Nikolaikirken er den største og er blitt hovedkirke, men fagfolk anser Mariakirken som eldste kjente kirkebygg på Granavollen – reist omkring år 1100. Den første Nicolai-utgaven stod trolig ferdig omkring det tidspunkt Nidaros ble Nordens erkebispesete; det var i år 1152. Det som gjør tidfesting av Søsterkirkene noe upresis, er at begge senere ble ombygd og utvidet.
(…)
Når det ble to kirker i Gran, sier det nettopp noe om stedets betydning. Oss gir det grunnlag for funderinger. Var den opprinnelige Mariakirken i mindre format ment som klosterkirke? Hva skulle så utvidelsen bare noen årtier etterpå være godt for? I byene var det ikke uvanlig med to eller tre kirker i samme nabolag, med hver sine formål. Kan knutepunktet Granavollen tilsvarende hatt én fylkes- og én soknekirke? Med disse spørsmålene gir vi ikke svar.
Aasmund Olavson Vinje er gravlagt på kyrkegarden ved Søsterkyrkjene. På minnesmerket står det: “daaen i Gran 30. juli 1870″. Eg spurte vertskapet om ordet daaen, og fekk vita at det truleg var Vinje-mål. Det var i alle høve ikkje eit uttrykk som høyrde heime i dialekten på Gran.
Legg att ein kommentar » |
Den norske kyrkja, Kyrkjehistorie |
Direktelenkje
Posta av Arne
08/01/2009
Det finst ingen enkle løysningar på konflikten mellom dei stridande partane i Israel og dei palestinske områda. Ei politisk løysning er det einaste som kan skapa varig tryggleik og fred, sjølv om det vil vera aldri så vanskeleg å få det til. Her må begge sider i konflikten ta ansvar!
På kort sikt er det viktig at kamphandlingane i Gaza tar slutt. Nå har biskopane i Den norske kyrkja uttalt seg i samband med det stadig sterkare ropet om våpenkvile, sjå her.
Legg att ein kommentar » |
Den norske kyrkja, Israel og dei palestinske områda |
Direktelenkje
Posta av Arne
05/11/2008
Nå er det snart tid for Kyrkjemøtet 2008. Møtet blir halde på Øyer.
Det er mange viktige saker som skal stå i fokus. Kanskje saka om Kyrkjene i Midt-Austen og vårt ansvar har spesiell interesse for mange av lesarane av denne bloggen?
Her finn du meir info om møtet.
Her finn du ein kort omtale av sakene, og lenker til sakspapira.
Det vil bli sendingar frå Kyrkjemøtet på web-TV.
Oppdatering etter Kyrkjemøtet: Her finn du lenker til vedtaka som blei gjort.
Legg att ein kommentar » |
Den norske kyrkja |
Direktelenkje
Posta av Arne
27/09/2008
Denne helga er det fleire kyrkjer som markerer Mikkelsmess, alle englars dag. Dette er ein gamal skikk som har fått ein renessanse i Den norske kyrkja dei siste åra. Eg har ennå ikkje blitt vant med dette, men eg innser at det kan vera eit behov for å forkynna kva Bibelen seier (og ikkje seier) om englane. Det er mange som er opptatt av spørsmål omkring englar og krefter og ofte blir inspirasjonen henta frå forskjellige nyreligiøse retningar.
Mikkelsmess (29. september) er ein gamal kyrkjeårsdag som er knytt til erkeengelen Mikael. Dagen er tatt inn igjen i kyrkjeåret i Den norske kyrkja, etter at den forsvann ut ved ein såkalla festreduksjon i 1770. Dei kyrkjelydane som ønskjer det, kan markera dagen på den søndagen som kjem nærast 29. september.
- Når kirken ønsker å fornye tradisjonene med Mikkelsmess, er det ut fra en tro på englene som Guds budbærere til oss mennesker, sier Åge Haavik, Kirkerådets rådgiver for liturgiske spørsmål. – Englene fortjener oppmerksomhet når Guds virkelighet skal utfoldes for menigheten gjennom kirkeåret. Mikael-skikkelsen har i den kristne tradisjon stått som frontfigur for kampen mot ondskapens krefter. (Les meir)
Det står mykje om englar i Bibelen. Men Mikael, som erkeengel eller hovding, har ikkje nokon særleg framtredande posisjon. I NT er han nemnt i Judas 1,9 og kanskje også (men då utan namn) i 1. Tess 4,16. I jødedomen var han på den tida rekna som ein av sju erkeenglar som verna om Guds folk.
2 kommentarar |
Den norske kyrkja, Kyrkjeåret | Merka som: Mikkelsmess |
Direktelenkje
Posta av Arne
27/06/2008
Biskop Olav Skjevesland, preses blant biskopane i Den norske kyrkja, har begynt å blogga. Biskop Olav var læraren min på praktikum på MF. Han er kjent som ein skriveglad person og har gjeve ut mange bøker. Bloggen hans ligg på kirken.no og har tittelen På biskopens blokk.
Vårt Land skriv om bloggen i dag:
– Positivt å være offensiv i samfunnsdebatten, sier biskop Olav Skjevesland, som har fått god tilbakemelding og oppslutning om sin blogg.
– Jeg tror bloggen er liv laga, sier Skjevesland. Han har siden bloggen ble lansert publisert to, tre tekster i uka, der han kommer med personlige betraktninger om forhold i kirken og samfunnet. Bloggprosjektet vil i hvert fall fortsette fram til høsten, da bispemøtet skal ta en evaluering om prosjektet er verdt jobben.
– Bloggen treffer folk som bispemøtet ikke nødvendigvis hadde truffet ellers, sier Skjevesland. – Jeg har fått tilbakemeldinger på at det er positivt at vi er offensive i det offentlige rom og at vårt syn på ulike saker er mer tilgjengelig og synlig. (les meir)
Legg att ein kommentar » |
Blogging, Den norske kyrkja | Merka som: biskop, Olav Skjevesland |
Direktelenkje
Posta av Arne
24/06/2008
I dag er det St Hans dag, eller Jonsok. Det er ordinasjonsdagen min. Eg blei ordinert til prestetenesta i Hinna kyrkje søndag 24. juni 1984 av biskop Sigurd Lunde.
Biskopen talte over teksten: Sysken, eg ønskjer av hjartet og bed til Gud at dei må bli frelste (Rom 10,1). Han overførte desse orda av Paulus til vår tid og vårt samfunn og la sterkt inn over meg og min medordinand Marit Rannestad at det det gjeld, er at folk blir frelst. Dette må vera det viktigaste i prestetenesta, sa han.
Men biskopen unnlét ikkje å minna oss om samanhengen Paulus skreiv dette i. Romarbrevet kap 9-11 handlar om Paulus sitt engasjement for å forkynna Jesus som Messias for det jødiske folket. Det verken biskopen eller eg visste den gongen, var at eg seinare i livet skulle engasjera meg spesielt for Israelsmisjonen. Ordinasjonsteksten har på den måten fått ein ny dimensjon for meg nå. Er det dette som kallest at ringen blir slutta?
Legg att ein kommentar » |
Den norske kyrkja, Prestetenesta | Merka som: Hinna, ordinasjon, prest |
Direktelenkje
Posta av Arne
18/06/2008
Snill, nysgjerrig, kreativ, rotete. Slik karakteriserer Heidi Strand Harboe seg sjølv i dagens portrettintervju i Stavanger Aftenblad. Resten av intervjuet handlar meir om salmar og liturgi enn om henne sjølv. Salmane hennar er relativt lågmælte, seier ho. Som ho sjølv kan vera (men slett ikkje alltid er!).
Heidi er aktuell både når det gjeld ny salmebok og ny liturgi for Den norske kyrkja. Eg tar med eit par smakebitar frå avisa, men anbefalar at du les heile intervjuet Ho som gir oss nye salmar:
– Kva er ei salme?
– Den skal kunna brukast på mange måtar og av ulike menneske. Den seier noko om mennesket sitt forhold til Gud, samstundes som innhaldet er allmenngyldig.
– Kva kjenneteiknar dine salmar?
– Ofte er dei relativt lågmælte. Eg skriv om det som kjennest viktig for meg. Utgangspunktet mitt er det nære. Men eg skriv også om krig og andre ting som fortvilar meg. Eg vonar at andre skal kjenna seg igjen.
Det same ønskjer ho for gudstenesta: – Eg er glad i gudstenesta, ønskjer at den skal vera tilgjengeleg for så mange som råd og at folk skal kjenna seg heime der. Eg trur det er svært mykje tru blant folk, men at mange ikkje trur det er plass til deira tru i kyrkja.
(…)
- Kva er spesielt (med det liturgiske språket)?
– Alt vert sagt så kort, og det er viktig at det er så godt som råd. Det må vera eit språk folk kjenner seg igjen i, som ikkje stengjer dører til kyrkja og Gud, men helst opnar dei. Det må tenkjast så vidt som råd, utan at innhaldet vert feil. Liturgien er kyrkja sitt bruksspråk og skal ikkje vera for pompøst, men slitesterkt. Det skal kunna brukast igjen og igjen tusenvis av gonger utan å bli oppbrukt. Då må det vera fritt for klisjear og utanomsnakk.
Heidi sin blogg, som ho skriv på den svenske sida Andedräkt, er også lesverdig!
Éin kommentar |
Den norske kyrkja, Salmar | Merka som: gudsteneste, gudstjeneste, Heidi Strand Harboe, liturgi, salme |
Direktelenkje
Posta av Arne
13/04/2008
Det er 3. søndag etter påske i dag. Denne søndagen kan godt kallast pilegrimssøndagen, då det er eit sterkt element av det å vera undervegs i fleire av bibeltekstane som er knytt til dagen. Det tradisjonelle kyrkjeårsnamnet på dagen er Jubilate, eit teikn på at påsketida (som me framleis er inne i) er ei jubeltid.
Eg hadde ein god start på dagen med å høyra eit intervju med Svein Tindberg i NRK. Han fekk Jesusforteljinga under huda gjennom ei rein litterær tilnærming til bibelteksten. Det er verkeleg ei historie om å vera undervegs og å vera åpen for å sjå nye sider ved livet.
Sjølv har eg vore prest i Klepp kyrkje i dag. Eg var hyra inn som vikar i det som var kyrkja mi nokre år på 80- og 90-talet. Preiketeksten var Joh 14,1-11 og i preika konsentrerte eg meg om det eg syns er to høgdepunkt i teksten. Pilegrimsaspektet er med i begge desse høgdepunkta:
- I huset til Far min er det mange rom (v 2). Det er interessant at det greske ordet (moné) som er omsett med rom, kan bety kvilestad, herberge.
- Jesus seier: Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg (v 6). Her er vegen det sentrale pilegrimsmotivet. Det er også sentralt i pilegrimstankegangen å ha eit mål for vandringa, og målet her er altså ein kvilestad i Guds nærleik.
Eg syns Jesus er både inkluderande og ekskluderande i denne teksten.
Han er inkluderande ved å invitera folk til å vera undervegs saman med han på veg til eit hus med mange rom og god plass. Dette er ein tekst som opnar dører, ikkje ein tekst som lukkar dører. Jesus gir oss opne rom, han fortel om ein romslighet hos Gud.
Men han er også ekskluderande på ein måte som kan provosera svært mange, når han seier Ingen kjem til Far utan gjennom meg. I kontrast til ein populær tankegang der den enkelte gjerne vil formulera si tru og sin religion sjølv, seier Jesus at han er den einaste vegen som fører heilt fram til Gud. Dette held eg fast på, samtidig som eg syns det er rett å seia
- at sjølv om det er bare ein veg til Gud, er det mange vegar til tru på Jesus. Kvart menneske sin veg til tru kan sjåast som ei unik vandring, og i mange tilfelle også som eit mysterium.
- at eg som kristen kan vera open for at det også kan vera mykje godt i annan religiøs og filosofisk tankegang. Den greske arven frå Athen har gjeve vår kultur utruleg mykje viktig og verdifullt. Den austlege religiøsiteten kan ha verdifull kunnskap i seg. Men det er vår kristne tru at Jesus har meir å gje enn alt dette! Det er bare han som opnar vegen heilt fram til vår himmelske Far.
Kvart av orda vegen, sanninga og livet inneheld ei heil verd, dette er bilete med eit innhald som me aldri blir ferdige med. I tilknyting til Thomas a Kempis sine tankar, kan me seia det slik: utan vegen kan me ikkje gå, utan sanninga kan me ikkje forstå, utan livet kan me ikkje leva.
Legg att ein kommentar » |
Den norske kyrkja, Forkynning, Kyrkjeåret, Prestetenesta | Merka som: Jesus, kirke, kristen, kyrkje, pilegrim, preike, preken |
Direktelenkje
Posta av Arne
12/04/2008
Denne veka har eg hatt gleda av å treffa Owe Wikström og å høyra to foredrag av han. Eg nemnte tidlegare at eg i forkant av dette fann fram boka Leve langsomheten, for å sjå om igjen på noko av det han har skrive. Dermed har denne veka blitt mykje prega av hans tankegang.
Torsdag kveld hadde eg ansvar for eit arrangement i domkyrkja der Wikström hadde foredrag, nettopp med temaet Leve langsomheten. Han henta fram stoff frå boka ut frå disposisjonen rastløshetens anatomi, ikkje arbeidsrelatert stress og kyrkja som motkultur. Du kan lesa meir om innhaldet og om inntrykk frå kvelden på nettsida til Stavanger bispedømme og på bloggen til Bjørnar. Eg bør kanskje også ta med at tittelen Leve langsomheten først og fremst er ein hyllest til langsomheten. Originaltittelen er Långsamhetens lov, altså lovprising!
Dagen etter hadde Wikström foredrag for alle prostane og biskopane i landet, på ein nasjonal prostekonferanse som har vore arrangert denne veka i Stavanger. Temaet hans var Innsikt og dømmekraft, og han snakka om å vera leiar i ein kyrkjeleg samanheng. Det var eit innhaldsrikt foredrag og eg har heldigvis gjort meg nokre notat som eg kan ta vare på. Eg skal ikkje gå i detalj her, men bare ta med dette:
Presterollen har mange dimensjonar. Wikström trakk fram desse fem: den handverksmessige, den institusjonelle, den personlege, den teologiske og den trusmessige. I forhold til dei to siste dimensjonane, peika han på kor viktig det er, nettopp for ein prest, å bearbeida forholdet mellom teologi og tru. Betydninga av den åndelege samtale om trua sitt innhald er eit underkommunisert perspektiv i vår tid. Det er viktig å finna gode samtalepartnarar og å skapa mentale rom der ein kan setja ord på trua. “Eg veit ikkje kva eg trur før eg har sagt det!”
Legg att ein kommentar » |
Den norske kyrkja, Prestetenesta | Merka som: livsstil, prest, presterolle, Wikström |
Direktelenkje
Posta av Arne
28/01/2008
Heidi er denne veka så raus at ho tar oss inn i den liturgiske verkstaden sin:
Men nå sit eg nå her og leiker meg med å formulera nye bøner. Det er
ei stor utfordring å bevara formen og samtidig utfordra formen. Det er
reine skattejakta å prøva å finna formuleringar som er gode, og som har
spenst, samtidig som dei skal vera slitesterke nok til å kunna brukast
over tid. Dei skal vera så personlege at dei kjennest personlege, og
samtidig så allmenne at folk kan leggja sitt eige liv og sine eigne
erfaringar inn i dei.
Dei må heller ikkje vera så runde at dei ikkje lenger utfordrar oss, språket og trua vår.
So help me God… (les meir)
Legg att ein kommentar » |
Den norske kyrkja, Kristen spiritualitet |
Direktelenkje
Posta av Arne
08/01/2008

Nettsida Kirkenorge.no blei presentert i Vårt Land (papirutgåva) i går. Det er kapellan Trond Laksaa i Narvik som står bak prosjektet. Eg har nå vore innom nettstaden for første gong. Sida presenterer seg sjølv slik:
Kirkenorge.no er en ressursside for alle. Her finner du blant annet bilder av kirker, prekener og andre taler, bokanmeldelser, konfirmantopplegg, omtale av menighetsblad, liturgier med mer. I tillegg finner du linker til alle norske menigheter som har egne nettsider.
Ein sjekk på kva kirkenorge.no skriv om mi eiga kyrkjelyd her på Bryne, fortel meg at sida truleg framleis er under oppbygging. Omtalen av Bryne kyrkje er kort. Det er ikkje bilete av kyrkja. Kyrkjelydsbladet vårt, Helgedagen, er ikkje vurdert. Men det er ein link til heimesida vår (som rett nok i si nye form også er ufullstendig!).
Sjølv om dei lokale opplysningane er mangelfulle (kanskje eg burde hjelpa til med å senda noko inn?), ser eg at det her er lagt planar for noko som kan bli veldig bra. Info om kyrkjer kan vera interessant, men dette krev nok meir innhald før det triggar meg. Liturgiar finn eg like godt på kirken.no. Eg syns likevel det er flott med alle som tar jobben med å samla kyrkjeleg stoff på nettet. Ikkje minst treng me gode samlingar med ressursmateriale for forkynning og undervisning i ein norsk samanheng. Eg kjem heilt sikker tilbake.
Legg att ein kommentar » |
Den norske kyrkja |
Direktelenkje
Posta av Arne
29/12/2007
Arbeidet med ny salmebok er godt i gang som ein del av den store gudstenestereforma i Den norske kyrkja. Like før jul kom salmeforslag nr 4000 inn til utvalet som arbeider med boka. Det må vera litt av ein jobb å vurdera alle desse skikkeleg!
– Arbeidet med ny salmebok i Den norske kirke har vist at salmen som
sjanger lever i beste velgående her i landet, sier liturgikonsulent Åge
Haavik i Kirkerådet. – Det er mye større interesse for salmer enn vi
kunne ane! (les meir)
Legg att ein kommentar » |
Den norske kyrkja, Salmar |
Direktelenkje
Posta av Arne
29/12/2007
Eg har for første gong på mange år feira jul utan sjølv å vera forrettande prest på nokon gudsteneste. Men eg har sjølvsagt delteke på gudstenester i jula, både på julaftan og juledag. Det har vore flotte opplevingar.
I tillegg til den private delen med familiens eigne juletradisjonar, var juledagsgudstenesta i Bryne kyrkje høgdepunktet i feiringa mi dette året. Ei fantastisk festgudsteneste med grundig forkynning og med ei breidde av ytringsformer som gjekk frå prosesjon, røykjelse og gregoriansk musikk til tenåringar som deltok med tekstlesing, song og dans.
Det blir meldt om mykje folk i kyrkjene over heile landet (her). Jærbladet, lokalavisa her på Bryne, hadde følgjande gledelege oppslag i romjula:
Mange på Jæren gjekk i kyrkja julaftan. I Bryne kyrkje var det 200 fleire som gjekk til gudsteneste, samanlikna med i fjor. (les meir)
Det er mange som syns den norske jula blir veldig kommersialisert. Eg er blant dei. For meg er det ei viktig motvekt å la adventstida vera ei førebuingstid og ikkje ei julefeiring på forskot, og så la julefeiringa i kyrkja vera sentral i sjølve høgtida. Dette hjelper meg til å halda fokus på Han som kom og som er grunnen til all feiringa.
Legg att ein kommentar » |
Den norske kyrkja, Jæren, Kyrkjeåret |
Direktelenkje
Posta av Arne
02/12/2007

Det var ei stor oppleving å vera på gudsteneste i St. Petri kyrkje i Stavanger i dag. Den store kyrkja frå 1866 har vore gjennom snart tre års restaureringsarbeid, og blei nå gjenopna med festgudsteneste. Og i kveld er det stort kulturarrangement i det som skal vera byens kulturkyrkje.
Kyrkja var fullsett i føremiddag. Då eg kom, var det så vidt eg fekk plass nede i kyrkjeskipet. Eg blei sitjande ute på sida under galleriet, men fann heldigvis ein plass der eg såg godt mellom søylene. Under gudstenesta kjente eg sterkt på kor mykje St. Petri betyr for meg. For det første fordi det var der eg blei døypt inn i Guds kyrkje då eg var liten. For det andre fordi denne kyrkja, då eg var tenåring, var ein samlingsstad for kristne ungdomar frå heile byen. Her hadde presten Sindre Eide og tensingkoret Skysing faste ungdomsgudstenester på søndagskveldar. Me danna vel det som i dag ville vore kalla ein ungdomsmenighet. Dette var eit miljø som betydde utruleg mykje for meg gjennom fleire år.

Bileta tok eg under kyrkjekaffien. Det første viser den store Kristusfiguren framme i kyrkja, ein kopi av Thorvaldsens skulptur i København. Det andre biletet er tatt bakover i kyrkja, og viser kor flott interiøret har blitt. Kyrkja har nå fått tilbake dei lyse fargene. I eit par generasjonar har ho hatt mørke og sterke fargar innvendig.
Biletet gir også eit inntrykk av dimensjonane i det store bygget. Då kyrkja blei bygd, var det dimensjonert for 1500 sitjeplassar. Nå er den annleis innreia, og kan ikkje ta så mange. Under orgelgalleriet bak er det sett opp ein glasvegg og innreia eit kulturtorg, ein kafé for kyrkjekaffi og andre arrangement.
Og namnet? Det er ein rest av latinsk påverknad. Petri er ein genitivsform og dette er altså ei Peterskyrkje like mykje som det meir kjente bygget i Roma.
Kyrkja skal nå vera kulturkyrkje for heile byen og samtidig soknekyrkje
for St. Petri menighet. Eg håper det er ein kombinasjon som vil fungera
godt i praksis!
Éin kommentar |
Den norske kyrkja |
Direktelenkje
Posta av Arne
03/11/2007
Denne veka har eg begynt som avdelingsleiar på Stavanger bispedømekontor. Dermed er fjorten års presteteneste i Bryne kyrkjelyd slutt. Det er med blanda kjensler eg skriv dette. Trivselen har vore stor og eg har opplevd at eg var på rett stad. Eg har hatt gleda av å samarbeida med utruleg mange gode medarbeidarar. Eg har fått gå nokre skritt saman med mange flotte medmenneske i ulike situasjonar i livet, både i glede og sorg. Og eg har fått vera med i eit levande gudstenestefellesskap søndag etter søndag i kyrkja vår. Det har vore ”ei rik tid”, for å bruka eit litt gamaldags, men innhaldsrikt og fint kristeleg uttrykk!
Men alt har si tid, står det i Bibelen (Fork 3). Nå kjenner eg at det er tid for endring og for å gå over i ei ny teneste. Derfor har eg søkt, blitt tilsett og har tatt imot stillinga som avdelingsleiar for menighetsutvikling. Og eg har gjort det med glede, trass i dei vemodige kjenslene. Eg har nå i nokre veker vore i eit vikariat som rådgjevar i avdelinga, så eg har kunna lukta litt på kva det dreier seg om. Og eg trur eg kjem til å trivast godt, også i den nye samanhengen.
Eg har mykje å takka min himmelske Far for. Dessutan har eg mykje å takka Bryne kyrkjelyd for; fellesskap og forbøn, latter og tårer, vennskap og godt samarbeid.
4 kommentarar |
Den norske kyrkja, Prestetenesta |
Direktelenkje
Posta av Arne
28/10/2007
Det er 100 år sidan nynorsk språk blei godkjent til bruk i Den norske kyrkja. Dei nynorske utgåvene av Tekstbok og Altarbok blei godkjende ved ein kongeleg resolusjon 28. oktober 1907, fortel Avisa Hordaland.
Eg har (sjølvsagt) fått tak i dette via BlixBlog, bloggen som er tileigna han som meir enn nokon annan arbeidde for nynorsken i kyrkja.
For å markera dei 100 år på liturgisk vis, tar eg med den nynorske teksten til Den apostoliske truvedkjenninga, ein viktig liturgisk tekst:
Eg trur på Gud Fader, den allmektige,
som skapte himmel og jord.
Eg trur på Jesus Kristus,
Guds einborne Son, vår Herre,
som vart avla ved Den Heilage Ande,
fødd av Maria møy,
pint under Pontius Pilatus,
vart krossfest, døydde og vart gravlagd,
fór ned til dødsriket,
stod opp frå dei døde tredje dagen,
fór opp til himmelen,
sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader,
skal koma att derifrå
og døma levande og døde.
Eg trur på Den Heilage Ande,
ei heilag, allmenn kyrkje,
eit samfunn av dei heilage,
forlating for syndene,
oppstoda av lekamen
og evig liv. Amen.
Den norske kyrkja er nå inne i ei omfattande gudstenestereform som vil gje oss nye liturgiar, sjølvsagt også på nynorsk.
Legg att ein kommentar » |
Den norske kyrkja, Nynorsk |
Direktelenkje
Posta av Arne
03/09/2007
Nå i sommar har Hein Steinskog slutta som prest i Klepp prestegjeld her på Jæren. Han har vore residerande kapellan i Klepp sidan 1974 (!), og var nå den siste med denne gamle tittelen, i alle høve i vårt bispedøme. Eg blei kjent med han i 1975 då eg kom som eittåring til KFUK/KFUM-arbeidet på Klepp. Seinare kom eg tilbake til Klepp sokn for å arbeida som barne- og ungdomssekretær. Og dei siste fjorten åra har Hein og eg vore prestar i same prostiet. Så me har faktisk hatt ganske mange treffpunkt opp gjennom åra!
Hein kan utruleg mykje om GT. Eg kjenner ikkje nokon prest som på same måten som han, kan gå i djupna i GT-tekstane når det skal forkynnast over dei i kyrkja. Derfor har me i prestefellesskapet vårt ofte brukt hans kompetanse når me arbeidde med GT-tekstar. Dette kjem eg til å sakna nå når Hein har blitt pensjonist.
Nå har han, saman med kona, starta opp Bokstovå te Steinskog.
Menighetsbladet for Klepp (nr 4/2007) har eit godt avskjedsintervju med han. Eg saksar litt frå dette:
(…)
- Fleire gonger har du i talane dine teke oppatt setninga: Gud er meir nådig enn menneske. Kan du seie litt om trua di og kva den betyr for deg i kvardagen?
- Mi tru er dei tre trusartiklane: Gud Fader, Sonen og Den Heilage Ande. Trua er ikkje noko eg kan gripe med handa. Eg er samd med Luther som seier at tvil og tru er tvillingar. Trua mi er der og har vore der, eg har ikkje noko historie som er knytt til ei spesiell hending eller tid i livet mitt. Trua får konsekvensar for livet eg lever. Jærbuen snakkar ikkje så høgt om trua si, dei held seg til dei tre trusartiklane. Me har mykje å læra av vår Herre og sonen hans om korleis behandle menneske. Som menneske vert me både skuffa og kan kjenna på vanskelege følelsar, som gjer at me ikkje alltid er så nådige mot kvarandre. Me må sjå på menneske som det dei er og ikkje slik vi ønsker dei skal vere. For Gud har me alle lik verdi. Gud er nådig og kan frelse alle!
(…)
- Får me sjå deg att eller korleis vert det med pensjonisten Steinskog?
- Som sagt vert eg dreng for kona. Det er ho som er ansvarleg for antikvariatet som me opnar i Kleppekrossen. Der kan eg studere Jærsk kyrkjehistorie og Det Gamle Testamentet. Eg skal sjå nærare på om israelittane sin lærdom frå tida i Babylon og Egypt har kome med inn i Det Gamle Testamentet. Dette gjer eg for å kose meg og av eiga interesse. Samtidig er eg klar for å slå av ein prat når nokon stikk innom. Kontakt med menneske er viktig for meg, det er så mange møtestadar som er på veg ut i vår tid.
(…)
- Er det noko du har lyst å seie til folket i Klepp prestegjeld?
- Ja! Takk for alt godt!
Legg att ein kommentar » |
Den norske kyrkja, Forkynning, Jæren, Prestetenesta |
Direktelenkje
Posta av Arne
03/09/2007
I morgon skal eg delta på eit kveldsseminar om pilegrimsvandring, arrangert av Frøyland og Orstad kyrkjelyd. Eg skal presentera bakgrunn og erfaringar frå pilegrimsprosjektet i Jæren prosti, elles er det andre som skal ha innlegg med andre vinklingar.
Her er programmet for kvelden:
- Arkeolog Margareth Buer Søiland – Perspektiv på pilegrimsvandringar i fortid – kva innebar det å vera pilegrim?
- Musikalsk leiar Hilde Svela – ”Må din vei komme deg i møte …” – keltisk songtradisjon, også ein pilegrimstradisjon for i dag?
- Rådgjevar Asbjørn Finnbakk – Om å ta i bruk pilegrimsvandring i formidlinga av evangeliet til menneske i vår tid
- Sokneprest Arne Berge – "Pilegrimsvandring langs Kongevegen på Jæren” – om pilegrimsprosjektet i Jæren prosti
Etter innleiingar og orienteringar blir det samtale om pilegrimsvandring og korleis dette eventuelt kan og bør arbeidast vidare med i Frøyland og Orstad kyrkjelyd.
Legg att ein kommentar » |
Den norske kyrkja, Kristen spiritualitet, Prestetenesta |
Direktelenkje
Posta av Arne
02/09/2007
Idag på hadde me konfirmasjon for 17 ungdomar her på Bryne, dei me kallar sommarkonfirmantane. I tillegg var det dåp av tre barn. Ein flott festdag med god stemning, ekstra song- og musikk-krefter og svært mykje folk i kyrkja. Gudstenesta hadde i overkant av 500 deltakarar, dvs 100 meir enn me hadde berekna! Me kunne dessverre ikkje by på anna enn ståplass til dei som kom sist. Og når eg først har nemnt solosongen, må eg få seia at Hege song heilt fantastisk!
Les meir om konfirmasjon på bloggen i samband med konfirmasjonsdagen i vår.
Legg att ein kommentar » |
Den norske kyrkja, Prestetenesta |
Direktelenkje
Posta av Arne
31/08/2007
"- Det er ingen som skriv som Heidi!"
Det var konklusjonen her i stova då Inger og eg las hennar siste innlegg på Andedräkt. Og det er vel nettopp derfor Heidi er henta inn som språkleg medarbeidar i gudstenestereforma i kyrkja.
Eg tillet meg å sitera noko av det ho skriv:
Nå sit eg her og prøvar å laga liturgiske bøner. Det er vanskeleg og arbeidskrevjande. Eg filer på orda. Eg stryk ut og skriv på ny. Eg flytter på eit ord og les det hundre gonger før eg skiftar det ut med eit heilt anna ord.
Orda blir så tunge når dei skal stå i ein slik samanhang. Dei blir så annleis enn dei fjørlette orda eg slynger ut frå andedrakt i store mengdar i løpet av nokre minutt.
Ord som skal talast på vegne av mange andre, og vurderast eitt for eitt av ein gjeng eksperter. Det er litt skremmande. Samtidig som det er heilt ufarleg for ord er jo til sjuande og sist ikkje meir enn ord. Og får eg ikkje til det eg prøver å få til så har eg likevel prøvd og lært… (les meir)
Éin kommentar |
Den norske kyrkja, Kristen spiritualitet |
Direktelenkje
Posta av Arne
26/08/2007
Sommarkonfirmantane i Bryne kyrkjelyd deltok i gudstenesta i dag, i samband med konfirmasjonen neste sundag. Desse konfirmantane har hatt mykje av opplegget sitt på KonfCamp på Skjærgårds i sommar. I denne samanheng må det nemnast at vêret på KonfCamp dessverre var svært dårleg, dei opplevde flaum i og rundt telta den første natta og blei derfor evakuerte til ein skule eit stykke frå festivalområdet.
Ungdomane har nå i august arbeidd skriftleg med å svara på mange spørsmål knytt til konfirmanttida og den kristne trua. Ut frå svara deira var det sett saman eit program som konfirmantane framførte i dag. Her skal eg ikkje gjengje alt det som blei sagt, bare ta med tre eksempel på svar som sette tankane i sving hos både meg og andre.
Kva var det viktigaste du lærte på KonfCamp?
- At du kan gå tusen skritt vekk frå Jesus, men det trengs bare et skritt for å koma tilbake. Og ein kan alltid få tilgivelse.
Førte det dårlege vêret til noko positivt?
- Ja, at folk fekk visa nestekjærleik!
Korleis kan me få hjelp til å leva som kristne?
- Me kan snakka med andre kristne folk og få høyra deira synspunkt og erfaringar. Me kan også få hjelp av kyrkja og Bibelen.
Legg att ein kommentar » |
Den norske kyrkja, Prestetenesta |
Direktelenkje
Posta av Arne