20/10/2009
Slik skriv Christian, som er prest i Immanuelskyrkja i Tel Aviv/Jaffa, på bloggen sin:
Forleden havde vi fornøjelsen af at have en gruppe på 35 mand fra en norsk menighed på besøg. Immanuelkirken har en særlig plads i deres hjerte; de støtter os i forbøn og finansielt. Med udgangspunkt i at de ønskede at besøge os, fik de således stablet en Israelstur på benene. Det var en dejlig oplevelse at møde denne flok varme mennesker, som vi af gode grunde ikke kendte, men som lyste langt væk af kærlighed til denne vores lille menighed. Det giver mig lyst til at udtrykke en generel tak til ALLE, der på en eller anden måde tænker os med i forbøn og/eller givertjeneste. TAK! (les meir)
Dette dreier seg om kyrkjelydsturen som eg nyleg har kome heim frå. Og eg kan bekrefta at “fornøjelsen” var minst like stor frå vår side. For norske lesarar kan eg også bekrefta at gruppa på “35 mand” bestod av både kvinner og menn med stor aldersspreiing, jfr gruppebildet me tok utanfor kyrkja.
Det var kjekt å koma tilbake til kyrkja og fint å få treffa Lisbeth og Christian og barna deira ansikt til ansikt, ikkje bare gjennom bloggen deira. Dei fleste i gruppa var i Immanuelskyrkja for første gong, og mange gav uttrykk for at det var viktig for dei å koma dit. Takk for at du, Christian, og kyrkjelyden tok så flott i mot oss!
Me var innom kyrkja to gonger. Først fredag ettermiddag då me fekk høyra om kyrkja og livet i kyrkjelyden. Og så dagen etter (laurdag = sabbat i Israel) var me tilbake på hebraisk/engelsk gudsteneste. Det var mykje som gjorde inntrykk på gruppa vår. Mange la spesielt merke til kor samansett kyrkjelyden i Immanuelskyrkja er, med aktive deltakarar frå alle fem kontinent! Men først og fremst var det ei stor oppleving for oss å delta på ei gudsteneste med fokus på Jesus som Messias, midt i ein jødisk kontekst. Dette var så tydeleg heilt frå opninga av gudstenesta, då alle barna i kyrkjelyden var framme og fekk tenna lys på den sjuarma lysestaken på altaret. I denne samanhengen er det å tenna denne lysestaken i seg sjølv eit viktig vitnesbyrd om trua på Messias.
I tillegg er sjølve kyrkjebygget ei lita perle, med eit lyst kyrkjerom med vakre glassmaleri av Victor Sparre og med ein liten hage som blir godt utnytta til kyrkjekaffi og fellesskap etter gudstenestene. Frå gata utanfor er det sjølvsagt restaureringa av tårnet som blir lagt mest merke til for tida.
Tårnet i kyrkja var nå i så dårleg forfatning at det måtte reparerast. Det er Den Norske Israelsmisjon som har ansvar for kyrkjebygget, og som har tatt på seg det økonomiske ansvaret for å få orden på dette.
For den som ønskjer eit besøk i Tel Aviv/Jaffa nå i haust, vil eg anbefala ein langweekend i byen, arrangert av Israelsmisjonen i samband med at det er 60 år sidan organisasjonen sitt arbeid i Israel starta opp.
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon, Israel og dei palestinske områda, Messiansk jødedom, Reiser | Merka som: Immanuelskirken, Immanuelskyrkja |
Direktelenkje
Posta av Arne
05/09/2009
Nå måtte det gjerast noko med kyrkjetårnet i Immanuelskyrkja i Tel Aviv/Jaffa. Det var farleg å ha det ståande i dårleg forfatning. Det er dyrt å gjera noko med det. Men likevel: Israelsmisjonen har sett i gang med det heilt nødvendige prosjektet det er å få kyrkja og tårnet i god stand, med tanke på framtida.
Bildet viser koss kyrkja ser ut til vanleg. Nå er det stillas rundt tårnet.
Christian Rasmussen skriv om saka på bloggen Nyt fra Jaffo. Han skriv at dei øverste 5 meter med stein blir skifta ut. Resten av tårnet blir restaurert.
Men er dette ei viktig oppgåve? Eg gir ordet til Christian, den nye presten i kyrkja. Eg håper å treffa han når eg skal innom kyrkja i haustferien. Christian skriv:
Havde Immanuelkirken ligget i DK, tror jeg, at jeg ville ha’ stemt for at barbere tårnet og så bruge pengene på mennesker. Men her er det ikke sådan, at vi ikke kan se kirkerne for bare tårne.
Næh, der er faktisk ikke en eneste kirkebygning i hele Tel Aviv. Den første møder vi dér, hvor Tel Aviv bliver til Jaffo; dér, hvor Immanuelkirken rejser sig midt i et sært ukurant stil-mix fra de splinternybyggede luksusboliger til de faldefærdige huse, som er forseglet, fordi det er livsfarligt at bo i dem.
Der er god grund at være synlig kirke her. Fordi kirken her faktisk opfylder en rolle som fyrtån. HER er en kirke. Det lyder banalt, og det er det i grunden også.
(Les meir)
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon, Israel og dei palestinske områda |
Direktelenkje
Posta av Arne
29/08/2009
Leiv Roald Thu frå Bryne har vore utsending for Israelsmisjonen i Tel Aviv og Haifa i fleire år. Nå er han styreleiar for Ebenezer, ein aldersheim for messianske jødar og kristne arabarar i Haifa. Dette er faktisk den einaste aldersheimen i Israel der messianske jødar får leva alderdommen i eit kristent miljø!
Leiv Roald er intervjua i Israelsmisjonen sitt appellbrev (august 2009):
Tro virksom i kjærlighet!
Jeg har hatt en prat med Leiv Roald Thu, styreleder for Ebenezerhjemmet og en skikkelig veteran i Israelsmisjonen. Når han forteller om Ebenezer og viktigheten av arbeidet som drives der, trekker han fram Gal 5,4 som selve kjernen i arbeidet, nemlig “tro virksom i kjærlighet”. Tro er ikke bare teoretisk og abstrakt, den skal utfoldes i møte med våre medmennesker og i møte med våre søsken i troen. – På Ebenezer-hjemmet blir dette virkelig, jeg ser at troen blir virksom i kjærlighet i møte med mennesker, forteller Thu.
Leiv Roald forteller videre om viktigheten av det diakonale perspektivet, et område som ofte blir oversett i en del menigheter i Israel. Ebenezer fyller derfor et behov som ikke blir ivaretatt godt nok. “Det du har gjort mot en av mine minste, har du gjort mot meg”, sier Jesus. Diakoni er å la troen bli virksom i kjærlighet, derfor er diakonien viktig og vi ønsker å ta diakonien på alvor i hele sin bredde.
Vi ønsker å ta det diakonale perspektivet enda lenger, sier Leiv Roald engasjert, slik at Ebenezer skal bli et kompetanse- og ressurssenter for diakoni, noe de lokale menighetene da kan benytte seg av i enda større grad enn i dag. Vitnesbyrdene fra folk som er innom hjemmet er tydelig, alt fra turistgrupper til pårørende og offentlige myndigheteropplever noe helt spesielt i møte med Ebenezer. Staben og beboerne er på hver sin måte med på å gi mennesker et møte med Gud i handling, troen er virksom i kjærlighet og det er derfor Ebenezer-hjemmet er så viktig, sier Leiv Roald.
Les meir om Ebenezer her.
Eg vil også nemna at Leiv Roald ein god venn av meg og at han er sterkt “medskuldig” til engasjementet mitt for Israelsmisjonen.
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon, Israel og dei palestinske områda |
Direktelenkje
Posta av Arne
16/08/2009
Dagens sitat:
Det er neppe noen sensasjon om det skulle sprenges en ny bombe i Midtøsten. Derimot er det sterkt å møte unge israelere (noen av dem soldater) og palestinere som har vært tøffe nok og sårbare nok til å lytte til hverandres livshistorier, le og gråte med hverandre, og som snart drar hjem med et brennende ønske om gjøre en forskjell i den verden de lever i. Men NRK og Aftenposten syns ikke dette er aktuelt stoff?!
(ass. gen. sekr. Jorunn Andestad Langmoen, Israelsmisjonen, om Bridgebuilders på Facebook)
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon, Israel og dei palestinske områda, Sitat |
Direktelenkje
Posta av Arne
07/07/2009
Sist veke var eg på Israelsmisjonen sitt Sommartreff i Grimstad. Me hadde nokre herlege dagar med sol og godt fellesskap i tillegg til interessante samlingar med bibeltimar, misjonsinspirasjon og mykje meir. Den yngre generasjon i return2sender fekk som vanleg prega sommartreffet i stor grad.
DagenMagazinet var på plass og laga ein reportasje som først og fremst fokuserte på misjonstivoliet laurdag ettermiddag og på return2sender sitt arbeid med å finna vegen vidare for bevegelsen:
— Alt en gjør for misjonen
Markedssjef i Israelsmisjonen Olav Lende lot generalsekretær Rolf Gunnar Heitmann barbere ham på hodet til inntekt for Israelsmisjonen lørdag.
(…)
— «Veien» er en idè for å øke bevisstheten om Return2Sender og å skape engasjement rundt den videre driften. For tre år siden ble organisasjonen opprettet. Vi har siden jobbet mye med hvordan vi skal nå ut til nye ungdommer i Norge, for vi mener vår sak hører hjemme i enhver kristen sammenheng i landet — å bringe evangeliet tilbake til utgangspunktet, forklarer han. (Les meir)
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon |
Direktelenkje
Posta av Arne
06/06/2009
Caspari Center i Jerusalem er eit kunnskapssenter som arbeider for å trena og utrusta truande og leiarar i messianske forsamlingar i Israel. Senteret er nært knytt til Den Norske Israelsmisjon.
Les det siste nyhetsbrevet deira på norsk her.
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon, Messiansk jødedom |
Direktelenkje
Posta av Arne
11/05/2009
Sist fredag (08.05.2009) deltok Immanuelskyrkja i opplegget Houses From Within 2009. Det var 138 ulike bygg i Tel Aviv som i år deltok i arrangementet ved å halda ope hus og invitera folk inn på omvisning o.l.
One weekend a year, Tel Aviv opens up private spaces – designer lofts, urban villas, unique synagogues, architecturally significant public buildings, curious construction sites, plazas and gardens. During the event weekend, the public can visit, explore and discuss these sites. (Les meir)
Lisbeth og Christian Rasmussen (Christian er den nye presten i kyrkja) fortel om koss det gjekk på bloggen Nyt fra Jaffo. Her er eit utdrag;
Ca. 6-700 israelere har været inden om kirken i dag. Ja, vi tager den lige igen: 6-700 israelere! Sikken dag! Fra kl. 9 til 14 har der været en lind strøm af mennesker ind og ud af kirken. Vi sælger en kop kaffe, cd’er, postkort m.m og er ellers klar til en snak.
Dei fortel at organisten Juan, som også til vanleg har som oppgåve å ta imot folk og gje omvisning, hadde ein travel dag. Han spela på orgelet og fortalde om glasmaleria, som i seg sjølv er ei forkynning av den bibelske bodskapen.
Immanuelskyrkja var ein del av det offisielle programmet for dagen med følgjande omtale:
Architect: Paul Ferdinand Gross (Hanover, Germany), 1904.
An opportunity to check out a Neo-Gothic structure, maintained by the Scandinavian Lutheran Church. The church is a religiously styled structure boasting stained glass windows and an impressive pipe organ. It is situated in the heart of the American Colony, on the border of Jaffa and Tel Aviv. (…)
(Oppdatert 12.05.2009)
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon, Israel og dei palestinske områda |
Direktelenkje
Posta av Arne
29/04/2009
Christian Rasmussen (29) blei sist laurdag sett inn i tenesta som prest i Immanuelskyrkja i Tel Aviv/Jaffa. Christian er dansk prest og tar over prestetenesta i kyrkja etter Jan Mortensen som har reist heim til Danmark etter fleire års teneste i Israel.
Christian og kona Lisbeth har oppretta bloggen Nyt fra Jaffo, som eg i dag har lagt til i blogglista i høgre spalte. Slik presenterer dei seg sjølve:
Shalom!
Vi er Lisbeth og Christian Rasmussen. Sammen med vores børn, Johan, Magnus og Amanda bor vi i Tel Aviv-Yafo, hvor vi arbejder i Immanuel Church (IC) – en luthersk menighed, som består af en dejligt farverig forsamling mennesker.
Vi satser på at poste et indlæg her i ny og næ, så interesserede – trods afstand – kan følge lidt med i vores liv i Israel.
Høyr innslag frå dansk radio om Christian og om kyrkjelyden her.
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon, Israel og dei palestinske områda |
Direktelenkje
Posta av Arne
26/01/2009
Eg har tidlegare skrive ein del om engasjementet mitt i Israelsmisjonen. Dette er ein av store organisasjonane som vil definera seg som Israels venner i Norge. Men det er også mange andre Israelsvennlege organisasjonar, og dei ulike organisasjonane legg til dels svært ulikt innhald i korleis vennskapet blir definert. Dessutan er det store forskjellar i synet på misjon blant jødar og på profetiane i GT.
Vårt Land hadde i går eit stort oppslag om ein del av dei viktigaste av desse organisasjonane. Her kan du lesa om Israelsmisjonen, Ordet og Israel, Med Israel for fred og Den Internasjonale Kristne Ambassade Jerusalem:
Den Norske Israelsmisjon
Generalsekretær Rolf Gunnar Heitmann svarer:
– Vil din organisasjon kalle seg israelsvenner?
– Ja, uten tvil. Vi regner oss som venner av Israel og det jødiske folk, men det er alltid vanskelig å erklære seg selv som venn, fordi vennskap bygger på tillit og hvem som er deres venner er noe som først og fremst jødene selv må avgjøre.
– Hvorfor er dere venner av Israel?
– For det første har vi en forpliktelse som kristne til å vise solidaritet og vennskap med alle mennesker, men jødene spesielt. Det er på bakgrunn av den betydning de har hatt for vår kultur og tro. Vår støtte og kjærlighet til det jødiske folk er ikke betinget av staten Israels opprettelse, samtidig som vi vet staten betyr mye for det jødiske folks sikkerhet og identitet.
– Hvordan ble dere venner av Israel?
– Vi er vel alle israelsorganisasjoners mor i Norge. Vår virksomhet startet opp på et tidspunkt da jøder var utestengt i Norge. Det er nokså eksepsjonelt. Motivasjonen lå i en forståelse av at jødene var Guds utvalgte folk som Gud hadde en plan med. Det er en forståelse vi fortsatt deler. (les meir)
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon, Israel og dei palestinske områda |
Direktelenkje
Posta av Arne
22/01/2009
Vårt Land gjengjev nå hovudpunkta i ein resolusjon til støtte for norske jødar, som nå opplever jødefiendtlege haldningar i samfunnet vårt. Eg var med og vedtok resolusjonen på Rådsmøtet i Israelsmisjonen sist helg:
Israelsmisjonen oppfordrer til kamp mot rasistiske og jødefiendtlige uttrykksformer, og til å vise etniske minoriteter omsorg. (les meir)
Oppdatering: Les heile resolusjonen Støtt norske jøder her.
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon |
Direktelenkje
Posta av Arne
19/01/2009
Eg møter mange slags spørsmål frå folk som høyrer at eg er engasjert i Israelsmisjonen. Kva driv me eigentleg med? Kva haldningar står me for i konflikten mellom Israel og Palestina? Kva slags organisasjon er dette?
I helga var eg på Gran på Hadeland, på Rådsmøte i Israelsmisjonen. Nærare førti tillitsvalde og tilsette medarbeidarar var samla til ei helg med drøftingar omkring arbeidet i organisasjonen. Det blei ei flott og inspirerande helg!
Eg opplever at Israelsmisjonen er ein organisasjon med stor takhøgde for ulike synspunkt og meiningar. Ungdomane har sitt eige nettverk i return2sender og dei er med på å prega tenkninga i organisasjonen. Det gir håp for framtida! Hovudfokuset vårt er at det jødiske folket skal få møta evangeliet om Jesus og sjå at han er den Messias som GT handlar om. Derfor driv me med misjon, diakoni og freds- og forsoningsarbeid, i samarbeid med messianske jødar. Hovuddelen av dette arbeidet skjer i Israel, men me har faktisk engasjement i sju land!
Viss du er interessert i å finna ut meir om dette, er det mykje stoff på nettet, og nettsida er under stadig utvikling. Eg vil f eks foreslå å lesa om Hege Wendel Høyland, som er sendt ut som medarbeidar i Jerusalem. Ho arbeider i ein diakonal organisasjon som hjelper valdsutsette familiar.
Neste veke har Israelsmisjonen besøk av ein kristen palestinar som me samarbeider med, Salim Munayer. Han er leiar av Musalaha, ein organisasjon som arbeider for forsoning, først og fremst mellom messianske jødar og palestinske kristne. Eg har truffe han nokre gonger i Israel, men får dessverre ikkje høve til å delta på nokre av arrangementa denne gongen. Sjå meir om besøket her.
I forhold til landet Israel, er eg opptatt av at det jødiske folket skal ha ein trygg stad å bu i Midt-Austen. Eg ønskjer å vera ein venn av Israel. Men det betyr ikkje at eg er einig med den israelske politikken til ei kvar tid. Ekte venner må ha lov å vera ueinige! Israel er eit demokrati, ikkje eit teokrati. Gud styrer ikkje gjennom den israelske regjeringa på annan måte enn gjennom den norske regjeringa. Eg tenkjer at det er nødvendig at israelarane kjem fram til politiske løysningar som fører til ein fredeleg sameksistens med det palestinske folket, som også høyrer heime i dette området.
Når det gjeld den aktuelle konflikten i Gaza og dei store demonstrasjonane i Oslo, har generalsekretæren uttalt seg på vegne av organisasjonen, sjå Midtøstenkonflikt på norsk. På Rådsmøtet i helga blei det dessutan vedtatt ein resolusjon om støtte til norske jødar som opplever å bli møtt med fiendtlege haldningar i mange samanhengar i samfunnet vårt. Eg kjem tilbake til teksten på denne resolusjonen, når den blir tilgjengeleg på nettet.
Til slutt: Eg syns at eg har lært utruleg mykje interessant om den kristne trua sin jødiske røter gjennom Israelsmisjonen. Den som er opptatt av slike spørsmål, kan sjå på artikkeloversikta under overskrifta teologi.
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon, Israel og dei palestinske områda, Kristendommens jødiske røter, Messiansk jødedom |
Direktelenkje
Posta av Arne
29/11/2008
Caspari Center i Jerusalem utrustar neste generasjon av Jesus-truande jødar. Les senteret sitt siste nyhetsbrev (på norsk!) her.
Nyhetsbrevet har denne gongen hovudfokus på dei messianske jødane med etiopisk bakgrunn.
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon, Israel og dei palestinske områda, Jerusalem, Messiansk jødedom | Merka som: Caspari Center, messiansk |
Direktelenkje
Posta av Arne
27/10/2008
Return2sender har konferanse i Oslo på laurdag. Tema er røtter og fokuset er kva det vil seia for oss kristne at me trur på Israels Gud.
I Romerne 11:18 formaner Paulus de kristne om ikke å glemme sine jødiske røtter. Tragisk nok skulle dette vise seg å skje relativt tidlig i Kirkens historie. Denne forglemmelsen har fått store konsekvenser for relasjonen mellom Kirken og det jødiske folk. (les meir)
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon, Kristendommens jødiske røter |
Direktelenkje
Posta av Arne
18/09/2008
Kære venner! Så er det vist passende, at få sendt lidt nyt fra Immanuel. Sidst I hørte fra mig var kort før påske, så jeg vil forsøge at få dækket nogle af det vigtigste nyheder siden da. Men allerførst lidt om den generelle situation for messianske jøder og kristne i landet lige nu.
Bryne kyrkjelyd har akkurat inngått ein ny misjonsavtale med hovudfokus på Immanuelskyrkja i Tel Aviv / Jaffa. Dette skal markerast i gudstenesta søndag 12. oktober.
Les siste nyhetsbrev frå presten i Immanuelskyrkja her.
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon, Israel og dei palestinske områda | Merka som: Immanuelskirken, Immanuelskyrkja |
Direktelenkje
Posta av Arne
13/09/2008
I desse dagar er det besøk her i Norge frå det israelske og det palestinske bibelskapet. Denne helga er utsendingane her i Stavanger-distriktet, neste veke reiser dei vidare til Bergen og til Oslo/Austlandsområdet. Tema for møta dei skal delta på dei næraste dagane er: I forsoningens tjeneste blant palestinere og israelere.
Eg har tidlegare truffe desse folka i Israel, og veit at dei har eit viktig budskap og mange interessante historier å fortelja. I morgon kveld vil eg på møtet i Stavanger for å lytta til dei.
Desse gjestene frå Midt-Austen arbeider med å spreia Bibelen blant kristne, jødar og muslimar i ein krevjande situasjon i Israel og dei palestinske områda. På mange måtar kan me seia at dei lever under “dobbelt eld” ved at dei står saman som kristne søsken, midt i striden mellom jødar og muslimar:
- Victor Kalisher, messiansk jøde, har arbeidd i Bibelselskapet i eitt år nå etter at han kom frå databransjen. Han har vakse opp i Jerusalem som andre generasjons messiansk jøde.
- Andy Ball, messiansk jøde, har bakgrunn som gullsmed, men har dei siste 20 åra drive bibelbutikk i Tel Aviv.
- Labib Madanat, kristen palestinar, kjem frå Jerusalem. Han var tidlegare generalsekretær for det palestinske bibelselskapet og er nå utviklingsdirektør for begge desse bibelselskapa. Han stod svært nær Rami Ayyad som blei martyr på Gazastripen for snart eit år sidan. Labib kjem til Norge først om nokre dagar, så eg får ikkje møtt han i denne omgangen.
- Nashat Fellemon, kristen palestinar frå Jerusalem, leier i dag det palestinske bibelselskapet.
Her finn du brosjyre for besøket deira i Norge.
Møta blir arrangert i eit samarbeid mellom Frikyrkja, Bibelselskapet og Israelsmisjonen.
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon, Israel og dei palestinske områda, Messiansk jødedom | Merka som: Bibelselskapet, kristen palestinar, messiansk jøde |
Direktelenkje
Posta av Arne
08/09/2008
Bridgebuilders er eit freds- og forsoningsarbeid som legg vekt på å knyta venskap og skapa forståing mellom ungdom frå ulike sider i konflikten mellom jødar og palestinarar. Forsoningsarbeidet er knytt til den kristne minoriteten på begge sider, og koplar unge kristne palestinarar og messianske jødar saman med unge kristne frå Norge.
Les om Bridgebuilders-prosjektet som er planlagt i 2009/2010 her.
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon, Israel og dei palestinske områda | Merka som: bridgebuilders, Israel, israelsmisjon, palestinske område |
Direktelenkje
Posta av Arne
15/07/2008
Den messianske jøden Avi Snyder er leiar av organisasjonen Jews for Jesus i Europa. I forrige veke var han i Norge i samband med Israelsmisjonen sitt sommartreff. DagenMagazinet har hatt eit intervju med han. Her er eit utdrag:
I Europa driver Jews for Jesus arbeid i fem land – Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Russland og Ukraina. Snyder er bosatt i Tyskland, men har tidligere bodd i Russland og Ukraina i flere år.
– Vi er jøder som misjonerer for jøder, og vi jøder er gjerne åpne og direkte med hverandre. Derfor er vi også det når vi formidler evangeliet, sier han.
(…)
Selv om Snyder kjenner godt til at noen mener han sviker sin jødiske arv ved å forkynne evangeliet, mener han å være av de mest jødiske:
– Hvis Jesus er den jødiske Messias, vil det mest jødiske være å tro på ham, sier han. (les meir)
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon, Messiansk jødedom | Merka som: Avi Snyder, jødisk, Jews for Jesus, misjon |
Direktelenkje
Posta av Arne
04/06/2008
Det har denne veka vore avisoppslag om det som kan tyda på ein aukande motstand mot messianske jødar i Israel. Det er enkelte ortodokse miljø som går hardt ut mot dei Jesustruande jødane, og dei er villige til å bruka sterke verkemiddel.
Vårt Land skriv:
Politiet i Israel etterforsker nå hvorfor flere hundre nytestamenter ble brent i byen Or Yehuda for to uker siden.
Byens viseborgermester, Uzi Aharon, har uttalt at han samlet flere hundre testamenter for å hindre spredning av kristen litteratur. Foreløpig benekter han å stå bak bibelbålet. Aharons har sagt til CNN at tre tenåringer tente på nytestamentene, og at han ikke var tilstede da det skjedde.
– Bibelbrenningen er ett av flere eksempler på ortodokse jøders reaksjon på misjonsvirksomhet. De opplever Det nye testamentet som en bok som angriper jødedommen, sier Rolf Gunnar Heitmann, generalsekretær i Den Norske Israelsmisjon. (les meir)
Det er ikkje vanskeleg å vera kristen i Israel, bare ein ikkje er jøde! Det som skapar uro er at dei messianske jødane hevdar at det er fullt mogleg å vera jøde og samtidig tru på Jesus. Ja, dei seier at Jesus er den Messias som profetane har talt om, og at dei slett ikkje blir mindre jødiske når dei trur på oppfyllinga av profetiane!
Nå er det positive teikn som tyder på at dei messianske jødane gradvis blir meir aksepterte i det israelske samfunnet. Men samstundes tilspissar altså situasjonen seg i forhold til dei sterkaste motstandarane av denne utviklinga.
Eg ønskjer å følgja med i denne situasjonen. Det er svært viktig å halda fram at religionsfridomen i Israel også må gjelda for dei messianske jødane. Og det er viktig å støtta dei i deira syn på at det ikkje er ein motsetnad mellom å vera jøde og å tru at Jesus er jødane sin Messias og verda sin Frelsar.
For den som vil vera godt orientert om dei messianske jødane sin situasjon i Israel, anbefalar eg Caspari Center Media Review, eit nyhetsbrev med samandrag frå aktuelle israelske aviser:
The Media Review, a Caspari Center exclusive, is an English-language synopsis of articles originally published in the Israeli press and focusing on Messianic Jews and Christianity.
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon, Israel og dei palestinske områda, Jødisk religion og kultur, Messiansk jødedom, Uncategorized |
Direktelenkje
Posta av Arne
28/05/2008
Bob Dylan er aktuell her i Rogaland for tida. Denne veka held han konsert på Viking stadion i Stavanger med 19.000 til stades. Han er ute på sin “Never Ending Tour”.
Dette er ein artist som har levert mange viktige tekstar. Han begynte som protestsongar for ca 45 år sidan og har sidan vore innom mange sjangrar. Ein artikkel på Wikipedia prøver å formulera betydninga han har hatt:
Bob Dylan forandret populærmusikken på to viktige punkter. Han økte betydningen av sangtekstene, og han gjorde det klart at sangstemmen ikke var det viktigste. (les meir)
Eg syns dessutan det er av interesse at han har tydelege bibelske referansar i mange av tekstane sine. Ein periode, etter ei sterk åndeleg oppleving i 1978, var han rett og slett forkynnande på konsertane sine. Dette har han sidan endra på, men han skal likevel ikkje ha tatt avstand frå den kristne trua.
For meg, og sikkert for fleire av lesarane av denne bloggen, er det også av interesse at han er ein jøde som vedkjenner seg trua på Jesus. Det siste nummeret av Misjonsblad for Israel, nr 3/2008, har ein artikkel om denne sida ved artisten. Det er redaktør Ingvill Egeli Olsen som skriv, og ho støttar seg på uttalar frå Sven Aasmundtveit. Ho skriv blant anna:
Bob Dylan vokste opp som en del av det jødiske miljøet i Minnesota, USA. Begge Bob Dylans foreldre var jøder, og artistens fødenavn var Robert Allan Zimmermann. Besteforeldrene var innvandret fra Odessa, Ukraina til USA.
- Familien var et sted mellom nominelle jøder og bevisste. Moren forteller at han fløy rundt på kristne vekkelsesmøter i oppveksten. Men han var nok mest knyttet til det jødiske miljøet, forteller Bob Dylan-kjenner Sven Aasmundtveit.
Aasmundtveit forteller at Bob Dylan allerede før sin radikale omvendelse godt kjente både den jødiske og den kristne Bibelen. I arbeidsrommet lå Bibelen oppslått konstant. Flere av artistens tekster har bibelske referanser.
Dette er Jesusvekkelsens tid, og Bob Dylan samarbeider med flere kristne artister (…)
Og på slutten av 1978 får Bob Dylan sitt åndelige gjennombrudd. Under en konsert kaster en publikummer et kors opp på scenen. Bob Dylan plukker det opp og tar det med seg. Et par dager senere opplever han på hotellrommet at Jesus er på rommet hans. Og der tar Dylan imot troen.
(…)
Samtidig fornekter han ikke sin jødiske bakgrunn. Han har hatt jødisk konfirmasjon for ett av barna sine. Jews for Jesus er aktive rundt konsertene hans.
Etter hvert blir det kristne budskapet mindre framtredende. Bob Dylan forkynner ikke lenger fra scenen. Men Aasmundtveit understreker at han ikke tar avstand fra troen.
- Selv om Dylan forlot den tydelige forkynnelse og det kristne aspektet ble mindre fremtredende, sluttet Dylan aldri å bruke bibelske referanser i tekstene sine, understreker Aasmundtveit.
Eg veit ikkje nok om Bob Dylan til å vurdera hans religiøse utvikling og kan derfor ikkje gå god for desse uttalane. Men eg syns han er ein spennande artist som har mange flotte songar. Og eg syns det er interessant å leggja merke til at han, som høgt profilert artist, har vore tydeleg på at trua på Jesus er aktuell, også for ein som har jødisk bakgrunn.
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon, Jødisk religion og kultur, Nyheter / Aktuelt | Merka som: Bob Dylan, Never Ending Tour |
Direktelenkje
Posta av Arne
08/05/2008
Israel feirar i dag at det er 60 år sidan staten blei oppretta. Eg vil gjerne vera med og gratulera! Seinare i år skal eg vera med på ei stor jubileumsmarkering som blir arrangert av fleire ulike israelsvennlege organisasjonar.
Staten blei elles proklamert 14. mai 1948, men blir feira i dag på grunn av den israelske kalenderen, som ikkje følgjer vårt kalendersystem.
Det er mange som har sterke synspunkt når det gjeld Israel. Eg er ikkje blant dei som ser staten Israel som ei tydeleg oppfylling av profetiane i GT, sjølv om eg ikkje kan utelukka at det kan vera ein samanheng. Eg ser dette meir ut frå ein menneskerettstankegang. Dette vil kanskje overraska og provosera nokre av mine israelsvenlege kontaktar som først og fremst er opptatt av eit profetisk perspektiv når dei snakkar om dette landet.
På denne dagen tar eg derfor med dei aktuelle avsnitta i prinsipperklæringa til Den Norske Israelsmisjon. Heile prinsipperklæringa kan lesast her. Kapittel 5 handlar om Det jødiske folket og landet. Eg foreslår at dei mest interesserte lesarane les heile dette kapittelet. Her tar eg med avsnitta frå og med pkt 5.5:
5.5 Profetiene taler om noe større enn opprettelsen av staten Israel. Det universelle perspektivet på landløftet gjør det problematisk å se opprettelsen av en jødisk stat i 1948 som en direkte og endelig oppfyllelse av de bibelske løftene om landet. Dessuten er det viktig å understreke at løftene og profetiene som taler om hjemvending og bosetting i landet, også taler om at folket skal leve under Guds herredømme og følge hans vilje (jf. Jer 31,31-34; Esek 11,17-20). Det er med andre ord også tale om en åndelig fornyelse for folket som helhet, om at Gud gir folket et nytt hjerte og en ny ånd slik at de følger hans lover. Dette kan ikke sies å være en realitet i dagens Israel. Opprettelsen av staten Israel kan derfor ikke sees som en virkeliggjørelse av Guds frelsesplan i Kristus Jesus.
Det er likevel mulig å se de politiske begivenhetene i 1947-48 som et uttrykk for at Gud sørger for å bevare Israel som folk. Også i gammeltestamentlig tid viste Gud hvordan han kunne bruke politiske stormakter i sin plan (jf. f.eks. Jes 45,1ff).
5.6 Jødene har en historisk rett til å bo i Israels land. Uansett hvordan man bedømmer den sekulære statsdannelsen, finnes det sterke etiske og folkerettslige grunner for at jødene har rett til å bo i Israels land. Folkets historiske tilknytning til dette landet er udiskutabel og tilsier at det har en legitim rett til å bo i dette området. Behandlingen av jødene gjennom historien, med pogromer og forfølgelse og med den ufattelige forbrytelsen som Holocaust representerte, viser behovet for å sikre jødene en egen stat, der de kan bo i frihet og fred, og med trygge grenser. Dette var da også bakgrunnen for at De forente nasjoner i 1947 vedtok opprettelsen av en jødisk stat innenfor det britiske mandatområdet i Palestina. Dermed bekreftet folkeretten jødenes rett til å leve og bo i dette området. FN-vedtaket som gav jødene rett til en egen stat, gav imidlertid også folkerettslig grunnlag for en palestinsk stat.
5.7 Staten Israel er et demokrati – ikke et teokrati. I gammeltestamentlig tid var Israel – i alle fall i prinsippet – et teokrati, dvs. styrt av Gud selv. Den moderne staten Israel har derimot en sekulær og demokratisk forfatning. Den israelske stats politikk kan følgelig ikke legitimeres ut fra tanken om jødene som Guds utvalgte folk. Staten Israel har folkerettslig de samme rettigheter og er folkerettslig underlagt de samme etiske forpliktelser som enhver annen stat. På den ene side har Israel f.eks. rett til å forsvare land og folk. På den annen side er staten Israel f.eks. forpliktet til å gi alle borgere lik behandling. Dette er særlig aktuelt i forhold til de ikke-jøder som bor og som har bodd i landet i generasjoner, og som derfor – på like linje med jødene – har legitim rett til å bo der. Folkerettslig kommer denne forpliktelsen blant annet til uttrykk i FN’s Menneskerettighetserklæring, en erklæring som Israel har gitt sin tilslutning. Forpliktelsen kan også begrunnes i jødisk etikk – med henvisning til Moselovens understrekning av jødenes ansvar for innflytterne som bor i landet (2 Mos 22,21). Folket formanes til å elske dem som seg selv, behandle dem som landsmenn og ikke undertrykke dem (3 Mos 19,33–34).
5.8 Evangeliet skaper forsoning og fred mellom jøder og palestinere. Evangeliet taler først og fremst om forsoning mellom Gud og mennesker, men det taler også om forsoning mennesker imellom. Derfor må vi som kristne støtte det arbeidet som gjøres for fred og forsoning i Midtøsten. Å skape fred er etter Guds vilje (jf. Matt 5,9; Sal 122). Som kristne har vi et særskilt ansvar for våre medkristne brødre og søstre – både blant jøder og blant palestinere. Vi gleder oss over det forsoningsarbeid som foregår mellom messianske jøder og kristne palestinere, og ser det som et vitnesbyrd om evangeliets kraft til å skape fred mellom mennesker.
5.9 Israels frelse er langt viktigere enn Israels land. Til tross for landets betydning for jødisk identitet er det verd å merke seg at det jødiske folk i store deler av den gammeltestamentlige historie bodde i landet uten å eie det eller ha politisk selvstendighet. Det må også framheves at Det nye testamente ikke er opptatt av jødenes råderett over landet. Vekten ligger i stedet på jødenes forhold til Gud. Så positivt man enn måtte se på den jødiske tilbakekomst til landet i nyere tid, ligger forpliktelsen for den kristne menighet i å forkynne evangeliet for jødene slik at de kan vende tilbake til fedrenes Gud gjennom troen på hans Sønn Jesus Messias. Det er dette som fremfor alt ligger apostelen Paulus på hjertet når han taler om sitt eget folk: “Brødre, av hele mitt hjerte ønsker jeg og ber til Gud at de må bli frelst” (Rom 10,1).
Denne erklæringa er vedtatt av Den Norske Israelsmisjon sitt landsstyre og er utarbeidd av organisasjonen si teologiske nemnd:
Sverre Bø, dr. theol., førsteamanuensis i bibelfag ved Fjellhaug Misjonshøgskole, Oslo.
Torleif Elgvin, Ph.D., førsteamanuensis ved Frikirkens teologiske seminar/Bibelskolen i Oslo; tidligere leder av Caspari Senter i Jerusalem.
Harald Hegstad, dr. theol., professor i praktisk teologi ved Det teologiske Menighetsfakultet, Oslo.
Kurt Hjemdal, sokneprest i Ski prestegjeld. Tidligere formann i Den norske Israelsmisjon.
Reidar Hvalvik, dr. theol., førsteamanuensis i Det nye testamente ved Det teologiske Menighetsfakultet, Oslo.
Olav Myklebust, tidligere førsteamanuensis ved Diakonhjemmets teologiske høgskole, Oslo.
Oskar Skarsaune; dr. theol., professor i kirkehistorie ved Det teologiske Menighetsfakultet, Oslo.
Jostein Ådna, dr. theol., professor i Det nye testamente ved Misjonshøgskolen, Stavanger.
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon, Israel og dei palestinske områda | Merka som: Den Norske Israelsmisjon, Israel |
Direktelenkje
Posta av Arne
17/03/2008
Kunstnaren Viktor Sparre er død, 88 år gamal. Eg blei kjent med Viktor Sparre sin kunst då eg var tenåring og gjekk til gudsteneste i Hinna kyrkje. Der er det ein flott altarvegg med store glassmaleri som han har laga.
Seinare har eg blitt kjent med glassmaleria hans i Immanuelskyrkja i Tel Aviv. Der har han laga mange glassmaleri med bibelske tema, fantastiske bilete som fungerer som forkynning for mange israelarar som kjem innom kyrkja.
NTB har sendt ut følgjande melding om dødsfallet:
Victor Sparre er død
Bildekunstneren Victor Sparre er død 88 år gammel. Sparre var født i Bærum i 1919 og var særlig kjent for sine fargesterke malerier og sine glassmalerier.
Hans monumentale glass-utsmykning av østveggen i Jeløy kirke fra 1975
regnes som et av hans hovedverk. Han har også laget glassutsmykninger i
Ishavskatedralen i Tromsø og i Hinna kirke.
Sparres malerier har ofte symbolske og religiøse undertoner. Han var i mange år aktiv i menneskerettsbevegelsen.
Eg kjenner bare kyrkjekunsten hans. Maleria hans har eg ikkje sett. For Viktor Sparres kyrkjekunst vil i alle høve "religiøse undertoner" vera det me kallar eit typisk understatement.
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon, Israel og dei palestinske områda, Kyrkjekunst, Nyheter / Aktuelt |
Direktelenkje
Posta av Arne
15/03/2008
Det er nyleg lagt ut eit nyhetsbrev frå Immanuelskyrkja i Jaffa/Tel Aviv på nettet. Det er Jan, som er prest i kyrkja, som skriv. Og sidan Jan er dansk, skriv han sjølvsagt på sitt smukke modersmål.
Slik begynner Jan:
Kære gode venner! Der er sker mange fine ting i Immanuelskirken i, og det er på tide at dele lidt af det med jer. Det er en stor opmuntring at se menigheden blive mere og mere involveret. På mange måder er det mere bøvlet, men det er alt bøvlet værd! For det er sådan det skal være: et fællesskab om og i Kristus! Det er sådan vi alle vokser, individuelt og sammen. I den forstand oplever vi vækst med al den udfordring og opmuntring, der ligger i det. God læselyst!
I nyhetsbrevet kan du lesa om:
- Hvordan det gik med vores store julesatsning.
- En lille seddel med stor virkning…
- Et stort skridt – menighedens første generalforsamling siden 1992.
- Skoleinspektør inspiserer kirken – om det nu går an at sende israelske klasser ”i kirke” her.
- Vicka’s nye volontørarbejde i Ramallah en gang om ugen.
- … og meget mere!
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon, Israel og dei palestinske områda |
Direktelenkje
Posta av Arne
02/03/2008
Studieturen til Israel var innhaldsrik. Eg har lært mykje nytt og truffe utruleg mange interessante menneske.
Me hadde mange møte med medarbeidarane våre i Israel og med kontaktar i ulike andre miljø, både i den messianske rørsla, blant dei palestinske kristne og i det israelske samfunnslivet. Me hadde også møte med den norske ambassadøren i Israel og med ein representant for den norske representasjonen i dei palestinske områda.
Her er ei oversikt over kontaktane me hadde på turen. Først tar eg med dei samanhengane der Israelsmisjonen anten driv eige arbeid eller er med i eit tett samarbeid:
Andre kontaktar me hadde møte med i løpet av veka:
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon, Israel og dei palestinske områda, Jerusalem |
Direktelenkje
Posta av Arne
18/02/2008
I morgon reiser eg til Israel, på studietur med landsstyret i Israelsmisjonen. Me har eit innhaldsrikt program framfor oss. Eg ser fram til ei interessant veke med mange spennande kontaktar.
Oppdatering: Eg kom heim tysdag 26.02, dessverre med influensa i kroppen. Håper det snart går over. Det blir derfor bare ein kort rapport her og nå: Landsstyret har blitt godt oppdatert på arbeidet me er involvert i og har ansvar for, me har hatt møte med mange samarbeidspartnarar og me har blitt mykje betre kjent med kvarandre! Dessutan har me fått bli godt kjent med vår fungerande generalsekretær Jorunn Andestad Langmoen, som er nytilsett, og med nokre andre medarbeidarar som var med på turen. Og det vil eg bare seia: Jorunn er kjempebra og eit funn for organisasjonen!
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon, Israel og dei palestinske områda, Reiser |
Direktelenkje
Posta av Arne
23/12/2007
Misjonærane Else Brit og Håvard Kleppe i Haifa skriv i sitt julebrev om ein tverrkulturell fest i den israelske byen nå i desember. Den slags relasjonsbyggjande arrangement får dessverre bare sjeldan prioritert plass i nyhetene. Else Brit og Håvard skriv også om eit tydelegare kristent nærvere i feiringa av denne festen i år i forhold til tidlegare år:
Tradisjonen tro sponser Haifa by et årlig arrangement for tverrkulturell forståelse. Det kalles ”Festenes fest” og skjer over fire lørdager i desember. Arrangementet skal samle jøder, kristne og muslimer i den arabiske bydelen Wadi Nisnas i downtown Haifa. Folk kommer fra hele Israel for å oppleve festen, som skal binde sammen hanukka, jul og ramadan. I år har det vært ekstra mye folk som albuer seg fram i mylderet av mennesker og salgsboder. Midt i området opptrer jødiske og arabiske artister. Bortsett fra at salget av nisseluer går bra, både til jøder og kristne, har det tidligere år ikke vært noe som minner om innholdet i de tre høytidene. Dette året er det en gruppe evangeliske kristne, både arabiske kristne og messianske jøder som deler ut kristen litteratur sammen. De har opplevd stor åpenhet; – foreldre som sammen med barna lytter til en kort evangeliepresentasjon og med glede tar med seg et nytestamente hjem.
Les heile julebrevet her.
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon, Israel og dei palestinske områda, Messiansk jødedom |
Direktelenkje
Posta av Arne
20/11/2007
Salim J. Munayer, ein kristen palestinar eg har truffe ved eit par høve, skriv i Musalaha sitt nyhetsbrev:
I
recently received an email from a Christian group that was urging all
believers to speak out against the upcoming peace summit to be held in Annapolis in the United States of America. While it is natural to have a healthy dose of skepticism with regards
to all political maneuvering, and easy to see how some would be
unconvinced that this meeting will lead to true and lasting peace
between the Israelis and the Palestinians, its seems odd to me that
Christians would be against it altogether. (les meir)
I framhaldet skriv han om Bibelen sitt syn på fred i ulike tydingar. Artikkelen er interessant å lesa, og Salim er ein flott representant for dei kristne palestianarane som på mange måtar er ei gløymd gruppe i Midt-Austen. Han er leiar for Musalaha, ei forsoningsrørsle som me i Den Norske Israelsmisjon samarbeider med. Musalaha presenterer seg som "a non-profit organization that promotes reconciliation between Israelis and Palestinians."
Sjå óg tidlegare artikkel om Musalaha.
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon, Israel og dei palestinske områda |
Direktelenkje
Posta av Arne
06/11/2007
Eg har tidlegare skrive om den messianske jøden Joel som nyleg var i Norge. I samband med besøket er det skrive meir om hans spesielle veg til tru på Jesus. Sjå kva han fortel i ein artikkel på return2sender si nettside:
– Jeg og kona mi, Adel, fulgte alle reglene vi visste om, og gjorde alt vi kunne for å bli rettferdige for Gud. En dag ble vi utfordret av en dame som lurte på om vi noen gang hadde studert Bibelen. Det hadde vi faktisk ikke, og det gikk opp for oss at alt det vi trodde på hadde vi lært fra rabbien vår. Dermed satte vi i gang med å studere Bibelen på egenhånd. Etter hvert som vi leste så vi at det vi hadde lært ikke stemte overens med Bibelen. Da vi var ferdige med Torahen (de fem mosebøkene), forstod vi at den ortodokse jødedommen vi praktiserte, stod så langt fra Bibelen at vi måtte velge hva vi skulle tro på.
Det unge ekteparet valgte å følge Bibelen, og fortsatte å lese.
- Da jeg kom til Jesaja 53 forstod jeg ingenting. Jeg leste det om og om igjen, men det var akkurat som om jeg hadde et slør foran øynene som hindret meg i å forstå det. Derfor oppsøkte jeg hun som hadde oppfordret oss til å lese i Bibelen, og ba henne forklare dette for meg. Det jeg ikke visste var at hun trodde på Jesus, og at hun hadde bedt i 9 måneder om et tegn om når hun skulle vitne for meg. Så da jeg kom og spurte hva Jesaja 53 betydde forstod hun at jeg var klar til å høre. Hun fortalte meg om Jesus, og hvordan han oppfylte profetiene i dette kapittelet. Jeg ble først sint fordi hun ikke hadde fortalt meg at hun var Messiansk jøde, men etter hvert som hun snakket, bestemte jeg meg for at dette ville jeg tro på. I samme øyeblikk så jeg igjen Jesu ansikt foran meg, og denne kvelden tok jeg imot Jesus som min Messias og frelser. (les meir)
Oppdatering 18.11:
Joel delar her historia si på YouTube.
Legg att ein kommentar » |
Den Norske Israelsmisjon, Israel og dei palestinske områda, Messiansk jødedom |
Direktelenkje
Posta av Arne