Bloggen er i oktober 2009 rangert på 188. plass på lista Biblioblog Top 50. Eg er godt nøgd med det! Norsk er trass alt ikkje eit stort språkområde i denne samanhengen.
Biblioblogg #188
01/11/2009Biblical Studies Carnival 41
04/05/2009Biblical Studies Carnival 41 er nyleg publisert av James F. McGrath på bloggen Exploring Our Matrix. Han har dessutan skrive eit supplement med meir stoff.
Biblical Studies Carnival er ein gjennomgang av utvalde artiklar frå ulike bibliobloggar i den siste månaden.
Biblical Studies Carnival 40
20/04/2009Biblical Studies Carnival 40 er tidlegare i månaden publisert på James Gregory’s Blog. Dette er ein gjennomgang av utvalde artiklar frå ulike bibliobloggar i mars.
Eg la spesielt merke til lenken til ei bokmelding over boka Immanuel in our Place: Seeing Christ in Israel’s Worship av Tremper Longman III:
After Jesus had risen from the dead, he met two of his disciples as they were walking on the Emmaus Road. He told them that all of the Scriptures, the Old Testament, pointed to Him as their fulfillment. Since then, Christians have debated exactly to what extent the Old Testament points to Jesus- is it every word? Every part? Certain parts? And in what way? In the book, “Immanuel in our Place: Seeing Christ in Israel’s Worship,” Tremper Longman III seeks to give us an answer to that question– at least in regards to the Israelites’ practices of worship. (Les meir på bloggen KATAGRAPHAIS)
Bloggurat
13/04/2009Bloggen er nå registrert på Bloggurat.
Bloggen er plassert på Bryne på norske bloggkart!
Dybde på nettet?
14/03/2009Morgenbladet har denne veka ein interessant artikkel i samband med at verdsveven www er blitt 20 år. Her får me ulike synspunkt på kva nettet gjer med oss. Blant dei mange som uttaler seg, er Jan Kjærstad og Thomas Hylland Eriksen. Begge nyttar ordet dybde. Men dei vurderer nettet ulikt som arena for refleksjon og djupe tankar.
Kjærstad er positiv:
– Enkelte vil si at nettet gjør oss dårligere til å fokusere. Hva tror du om det?
– Jeg tror det er svartmaling. Nettet er en liten brikke i evolusjonen, det er det siste redskapet vi har utviklet. Sånn sett kan man se på det som en forlengelse av kroppen, som en ny legemsdel. Internett er et stort instrument man kan bruke til å samle mange biter, og gå i dybden på det som interesserer, sier Jan Kjærstad.
Hylland Eriksen kjem derimot med kritiske tankar:
Professor i kulturell kompleksitet ved UiO og forfatter Thomas Hylland Eriksen tilhører de som er bekymret. – Nettet fører til vekst i bredde, men tap av dybde. Vi kan sende femti e-poster på en formiddag, men det behøver ikke stå noe i noen av dem. Teknologien legger overhodet ikke til rette for fordypelse og sammenheng. Ordet «fordi» blir sjeldent, evnen til å tenke i lange kausale kjeder blir svekket, mener Hylland Eriksen.
For eigen del opplever eg at nettet både er eit fantastisk informasjonsmedium og ein grisk tidstjuv. Minutta går fort framfor pc’en. Likevel kan det vera ein stad for viktig refleksjon. Eg har nå brukt nokre minutt til å lesa og kommentera artikkelen i Morgenbladet. Det har ikkje vore unyttig.
Les heile artikkelen i Morgenbladet her.
Biblical Studies Carnival 39
04/03/2009Biblical Studies Carnival 39 har blitt publisert hos Dr. Platypus. Dette er ein gjennomgang av utvalde artiklar frå ulike bibliobloggar i februar.
Tre seniorbloggarar
07/02/2009Vårt Land har i dag ein artikkel om tre godt vaksne bloggar. Dei har alle tre hatt viktige posisjonar i kyrkje- og samfunnsliv, og formidlar nå kommentarar og tankar via bloggosfæren:
Se, der blogger bestefar
Thor Bjarne Bore, Oddbjørn Evenshaug og Sigurd Osberg er både bloggere og bestefedre.
– Vi skulle ønske flere fra vår generasjon kunne oppdage denne muligheten, sier de.Osberg og Evenshaug er for veteraner å regne, med to års fartstid. Bore startet i november 2008, men er allerede hekta, og har en stor produksjon bak seg.
– Det er ofte trangt om plassen i papiravisene. På bloggen kan vi boltre oss og skrive så langt vi vil. Om hva vi vil. Og det er mulig å ha en skikkelig saksfremstilling, mener de.
Begge de tidligere lederne av Kirkerådet blogger daglig. Gamlebispen, Osberg, har tatt en pause fra sin blogg i Dagbladet, der han har vært aktiv i to år. Nå skal familie og forskning få mer tid.
– Som pensjonister er vi ute av posisjonene. Da behøver vi ikke ta så mange hensyn. Men det er selvsagt viktig å være saklig, sier Evenshaug. (Les meir)
Eg har tidlegare nemnt og anbefalt Oddbjørn Evenshaug sin blogg.
Biblical Studies Carnival 38
06/02/2009Biblical Studies Carnival 38 har blitt publisert hos Judy’s research blog. Dette er ein gjennomgang av utvalde artiklar frå ulike bibliobloggar i januar. Eg merka meg spesielt guiden Top 100 Theology blogs frå Christian Colleges.
Oddbjørn Evenhaugs blogg
03/01/2009Eg har nyleg oppdaga ein interessant blogg eg ikkje har vore klar over: Oddbjørn Evenshaugs blogg. Bloggen har som undertittel kommentarer og meninger om aktuelle spørsmål i kirke og samfunn. Herved er bloggen anbefalt!
100 “beste” norske bloggar
20/12/2008Denne lista over 100 norske bloggar finn du hos Twingly. Dette skal visst vera dei som er “bigger than others”. Twingly skriv:
There are a lot of blogs all around the world, some of them are a bit bigger than others. We thought it would be nice to see which blogs belong to the top segment in different languages. Please be aware that the list shows the blogosphere from Twingly’s point of view.
Eg har ikkje sjekka ut innhaldet på alle desse (langt i frå!), men konstaterer at DagenMagazinet sin kristenblogg.no er med på lista som nr 65. Ikkje verst!
Biblical Studies Carnival 36
13/12/2008Biblical Studies Carnival 36 har blitt publisert hos Dr Jim West. Dette er ein gjennomgang av utvalde artiklar frå ulike bibliobloggar i november. Eg merka meg spesielt ein omfattande artikkel om Synagogen i Gamla hos Ben Witherington.
Verdas eldste bloggar er død
15/07/2008Her kjem ei melding som må passa på denne bloggen. Sjølv er eg nok over gjennomsnittsalderen på bloggarar. Men det betyr ingenting når eg i kveld les om den australske kvinna Olive Riley som er død, 108 år gamal. Ho hadde blogg og kalla seg sjølv verdas eldste bloggar. Vårt Land skriv:
Ifølgje hennar oldebarn var nettsyslane med på halde henne åndsfrisk. Uansett er det nok ikkje mange over hundre år som har den same bloggerfaringa som trebarnsmora på 108 år.
Sjå Vårt Lands omtale, bloggen hennar og bloggen World’s Oldest Blogger.
Bispeblogg
27/06/2008Biskop Olav Skjevesland, preses blant biskopane i Den norske kyrkja, har begynt å blogga. Biskop Olav var læraren min på praktikum på MF. Han er kjent som ein skriveglad person og har gjeve ut mange bøker. Bloggen hans ligg på kirken.no og har tittelen På biskopens blokk.
Vårt Land skriv om bloggen i dag:
– Positivt å være offensiv i samfunnsdebatten, sier biskop Olav Skjevesland, som har fått god tilbakemelding og oppslutning om sin blogg.
– Jeg tror bloggen er liv laga, sier Skjevesland. Han har siden bloggen ble lansert publisert to, tre tekster i uka, der han kommer med personlige betraktninger om forhold i kirken og samfunnet. Bloggprosjektet vil i hvert fall fortsette fram til høsten, da bispemøtet skal ta en evaluering om prosjektet er verdt jobben.
– Bloggen treffer folk som bispemøtet ikke nødvendigvis hadde truffet ellers, sier Skjevesland. – Jeg har fått tilbakemeldinger på at det er positivt at vi er offensive i det offentlige rom og at vårt syn på ulike saker er mer tilgjengelig og synlig. (les meir)
Biblical Studies Carnival 29
02/05/2008Biblical Studies Carnival 29 blei nyleg publisert hos Dr Jim West. Dette er ein gjennomgang av utvalde artiklar frå ulike bibliobloggar i april.
Ny adresse
04/04/2008Nå er bloggen min flytta hit til WordPress. Det gjenstår ennå ein del arbeid med å få den slik eg vil ha den, men det får koma etterkvart. Då er det bare å oppfordra lesarane av bloggen om å merka seg den nye adressa.
Bloggen har vore i drift sidan januar 2005 og inneheld pr i dag 588 artiklar.
Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!
Biblical Studies Carnival
04/04/2008Biblical Studies Carnival XXVIII blei nyleg publisert på Thoughts on Antiquity.
Sjå òg heimesida til Biblical Studies Carnival.
Biblical Studies Carnival XXVI
03/02/2008Biblical Studies Carnival XXVI er nyleg publisert på biblicalia. Dette er ein vegvisar til artiklar skrive på forskjellige bibliobloggar den siste månaden. Søren Holst på PergaMent omset det til Det omrejsende Bibel-tivoli 26 og foreslår at du gjer klar ein kopp te før du opnar sida. Sjølv vil eg heller satsa på ei kanne med kaffi. Men det får bli etter at flyttesjauen er over!
Biblical Studies Carnival XXV
04/01/2008Biblical Studies Carnival XXV blei i går publisert på Targuman.
Sjå òg heimesida til Biblical Studies Carnival.
PergaMent
01/01/2008Eg har (via PaleoJudaica) kome over ein dansk biblioblogg nå i romjula; Søren Holst på Københavns Universitet skriv bloggen PergaMent om bibelforskning og det der ligner.
Om bloggen i Jærbladet
07/12/2007Bloggen du les, er nemnt i Jærbladet (papirutgåva) i dag. Lokalavisa har eit intervju med meg i samband med at eg har slutta som prest i Bryne og at det skal vera avskjedsgudsteneste på søndag. Eg hadde nyleg besøk av journalisten Erlend Skarsaune, og etter at han ein stund hadde prata med meg om prestetenesta, overraska han meg med å vera godt orientert om bloggen.
Her er aktuelle utdrag frå intervjuet:
Prest forlater post
Flere har forandret seg siden sogneprest Arne Berge begynte på Bryne for 14 år siden. Ungdom er blitt mer åpne for Jesus og presten er blitt en blogger.
Biblical Studies Carnival XXII
01/10/2007Biblical Studies Carnival XXII er i dag publisert av Tim Bulkeley frå New Zealand på SansBlogue. Sjå òg heimesida til Biblical Studies Carnival.
Prest med blogg
30/04/2007
Eg har tidlegare sitert han som meinte at alle prestar burde ha sin eigen blogg.
Eg er ikkje sikker på om det er eit stort poeng, men eg trur det finst mange skriveglade prestar som kunne ha glede av og som kunne gleda andre med eit liv i blogosfæren.
Men sidan alt bør brukast med fornuft, tar eg med denne teikninga som ei venleg helsing til meg sjølv og andre bloggarar.
(via Euangelion)
Prest på nettet
13/04/2007- Bør prester henvende seg mer til folk på nettet? Burde enhver menighetsprest hatt sin egen blogg, for eksempel?
- Ja, jeg mener det. Men det krever at du går ned fra prekestolen. Du må være åpen for at det kommer synspunkter som ikke er politisk korrekte. Fra nettkirken.no får jeg et daglig åndelig budskap. De beste av disse tar utgangspunkt i hverdagen min, og så klarer de å "løfte opp" det til et budskap som betyr noe.
- Hva med å legge ut prekener?
- Det er helt greit. En skal bare være klar over at nettet har en annen form. En god preken egner seg i et kirkerom. Det er en en-til-alle-greie. På nettet er det i utgangspunktet korte tekster, mer rett på sak, det du lykkes med er det som har med dialog å gjøre. Tenk på You Tube. For to år siden var det ingen ting, nå er det verdens mest besøkte nettsted. Det handler om at folk gjerne vil dele med hverandre, det er mye viktigere enn å bli snakket til.
Det er Bjørn Tore Stig, "en ekte markedsfører", som uttaler dette i eit intervju om kommunikasjon, prestar og kyrkjelydar på nettet. Intervjuet står i Inter Collegas nr 2/2007, medlemsbladet til Presteforeninga.
Tidlegare denne veka hadde eg ein samtale med ein god ven og kollega om bloggen min. Kva skriv eg eigentleg om og korfor skriv eg om akkurat dette? Vel, det er ikkje så greit å svara heilt klart på det. For det første er det viktig å seia at eg trivst med bloggen og med skrivinga. Elles hadde eg ikkje brukt tid på dette. Eg skriv sjølvsagt om ting som opptar meg, men langtfrå om alt som opptar meg. Nokre ting skriv eg om fordi eg trur det interesserer andre. Men det hender vel også eg skriv om ting som kanskje først og fremst interesserer meg sjølv?
Det er i alle høve heilt sikkert at det er svært mykje eg ikkje skriv om. Eg ønskjer ikkje at bloggen skal vera privat og familiær, sjølv om det at eg er ein mann som lever i ein familiesamanheng, godt kan koma fram ein gong i blant. Eg skriv også relativt lite om prestetenesta i Bryne kyrkjelyd, fordi eg vil unngå at folk som eg arbeider blant, skal føla at dei blir omtalt på nettet. Men kanskje eg likevel kunne funne ein form for småartiklar om prestetenesta, der eg oftare kunne skriva om ting som opptar meg utan om å omtala andre?
Du som er lesar, vil ha oppdaga at eg skriv mykje om den faglege interessa mi for bibelsk arkeologi, historie og geografi. Dette er stoff som eg koplar av med å arbeida med, og som eg sjølv føler eg lærar mykje av å skriva om. Dessutan er det jo fint å oppdaga at det faktisk er mange som les dette stoffet og syns det er interessant, sjølv om tekstane ikkje alltid er korte.
Biblical Studies Carnival XV
08/03/2007Biblical Studies Carnival XV blei for ei tid sidan publisert på bloggen Awilum.com.
Biblical Studies Carnival XIV
07/02/2007Biblical Studies Carnival XIV blei for nokre dagar sidan publisert på bloggen Thoughts on Antiquity.
Biblical Studies Carnival Best of 2006
11/01/2007Denne veka er Biblical Studies Carnival Best of 2006 publisert på bloggen Codex. Dette er ein årskavalkade over gode bibelfaglege bloggartiklar frå i fjor. Tyler F. Williams forklarer prosjektet slik:
In what I hope will become an annual event, this special edition of the Biblical Studies Carnival will showcase some of the best posts in the area of academic biblical studies of the past year. For each month, one post will be highlighted as the best, though I will also note significant runners up.
Biblical Studies Carnival XIII
11/01/2007Biblical Studies Carnival XIII blei 3. januar publisert på bloggen Codex, naturleg nok med ein rad lenker til artiklar knytt til juleevangeliet og Jesu barndom, inkludert artiklar om filmen Veien til Betlehem. Tyler F. Williams, som skriv denne bloggen, lova samtidig at han i løpet av få dagar ville koma med ein årskavalkade for 2006.
Biblical Studies Carnival XII
04/12/2006Biblical Studies Carnival XII er nå publisert på bloggen Dr Jim West.
Bjørn O. Hansen
19/11/2006Eg har nyleg oppdaga at Bjørn O. Hansen, som er redaktør i Over Alt, skriv blogg. Over Alt er eit "tidsskrift for kristen spiritualitet og åndelig veiledning" som eg set stor pris på. Sidan eg finn mykje av interesse i tidsskriftet, reknar eg også med at eg vil finna godt stoff på bloggen hans i tida framover.
Eg anbefaler f eks artikkelen Å be salmene – når egne ord ikke strekker til.
Biblical Studies Carnival XI
04/11/2006Biblical Studies Carnival XI er nå publisert på bloggen the stuff of earth. Eg har førebels lagt spesielt merke til desse lenkene:
- Animals in the Synoptics – med oversikt over dei dyra som er nemnt hos Matteus, Markus og Johannes
- Very Short Commentaries – med ein kommentar på kun seks ord til kvar av skriftene i Bibelen
Posta av Arne
Posta av Arne
Posta av Arne 



