Velkomen til bloggen min! Notata på bloggen er ofte relatert til Bibelen og/eller til Israel og dei palestinske områda. Eg skriv gjerne om arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet og er opptatt av den kristne trua sine jødiske røter.
Eg skriv også ein del notat som er relatert til engasjement mitt i Den Norske Israelsmisjon. Denne organisasjonen vil med kjærleik og respekt gje evangeliet tilbake til det jødiske folket og i ord og handling arbeida for fred mellom Gud og menneske, og fred menneske imellom.
Det hender også at eg skriv om heilt andre emne, som f eks kultur-historie, norsk språk, friluftsliv og anna reiseliv. Den som les, får sjå. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!
Skal eg som skribent presentera meg nærare, kan eg ta med at eg er prest i Den norske kyrkja og arbeider i administrasjonen i Stavanger bispedømme. Mykje av det eldste stoffet på bloggen er prega av at eg fram til 2007 var prest i Bryne kyrkjelyd.
Kontaktadresse: berge dot arne (at) gmail dot com
Helsing Arne





05/05/2009 ved 15:34 |
Takk for en fin blokk/nettside. Jeg, og mange med meg,
setter enormt stor pris på gode nettsider, nettsider
med et tydelig kristent budskap – og som er formet på
en leservennlig, oppmuntrende måte. Hilsen sigve
19/06/2009 ved 21:09 |
Hej Arne!
Vilken spännande blogg du har. Jag besökte Israel för första gången i april-maj. Det var fantastiskt att få komma dit och besöka platser jag bara hade läst om tidigare. Bibeln blir ännu mer “levande”. Spännande att ta del av det material som du har lagt ut. Går det bra att jag länkar till dig?
Hälsningar
Johanna Dahl
20/06/2009 ved 10:33 |
Hei Johanna. Flott at du finn interessant stoff her på bloggen. Eg kjenner meg igjen i det du skriv om at Bibelen blir meir levande når me får med oss det geografiske perspektivet. Du kan sjølvsagt ha ei lenke hit til bloggen, det er bare hyggeleg! Helsing Arne
30/12/2009 ved 16:28 |
Hei Arne.
Takk for at du gjorde meg oppmerksom på bloggen din. Du er innom mye intressant. Støtter opp om det flere kommenterer: Bibelen blir mer interessant når man trekker inn kulturhistorie, geografi og også aktuelt tradisjonsstoff. Gleder meg til å lese ditt “paper” om Flukten til Egypt. Forstår at du har vært innom mange ulike kilder. Det kan virke berikende.
Fortsatt gode juledager og velsignet nytt år.
Bjørn A Wegge
Oslo nest siste dag i året 2009
02/01/2010 ved 11:07 |
Hei Bjørn. Takk for hyggeleg helsing. Får sjå kva tid eg kan gje deg noko meir handfast om Flukta til Egypt. Foreløpig får du følgja med her på bloggen …
Elles vil eg gjerne få sagt at de i NMIØ gjer ein viktig og flott innsats for dei kristne i Egypt! Helsing Arne