Kven var eigentleg Maria, Jesu mor? Eg har dette året vore med og førebudd eit konsertprogram om henne. Dette blir nå presentert slik:
I en ny, vakker og stemningsfull forestilling, gjennom ord, toner og lys, ønsker vi å skape et bilde av Maria. Vi håper du får en opplevelse du kan gjemme i hjertet ditt.
Mitt bidrag har blant anna vore å velja ut tekstar frå Bibelen og tradisjonen. I tillegg har eg sjølv skrive ein del tekstar til programmet, formulert som små pilegrimsforteljingar frå nokre av dei stadane som blir knytt til Maria: Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og Jerusalem.
Tekstane vil bli framført på ein konsert med flott song og musikk. Elisabeth Barstad er svært sentral i prosjektet. Ho vil stå for tekstformidling og spela fløyte. Elles er desse kunstnarisk medverkande:
- Ingeborg Barstad, sopran
- Eddie Andresen, slagverkinstrument
- Vokalgruppe frå Concentus: Kristin Sembsmoen, Merethe Rage Aasvold, Øygunn Ebenhard og Kirsten Bakke. Det er spesielt kjekt å gjera dette saman med Kirsten, som er svigerinna mi.
Nå kan me snart invitera til konserten, som vil bli halden i kyrkjer i Stavanger, Sandnes og på Jæren:
- Fredag 16. nov kl 20 i St. Petri kirke
- Laurdag 17. nov kl 18 i Nærbø kyrkje
- Søndag 18. nov kl 13 i Sola ruinkirke
- Søndag 18. nov kl 20 i Hana kirke
(Oppdatering 11. november: tidspunktet for konserten laurdag kveld er nå korrekt!)
Billettar kan kjøpast på www.billettservice.no eller i kyrkja før konsertstart.



