Nye opplevingar i Nasaret

Denne sommaren (2012) har eg opplevd Nasaret på ein ny og spennande måte. Inger og eg var der eit par dagar før me skulle leggja ut på vandring i Jesu fotspor frå Nasaret til Kapernaum.

Opphaldet blei ikkje minst prega av den spesielle staden der me budde; gjestehuset Fauzi Azar Inn som ligg midt i det livlige marknadsområdet (Souq’en) i Gamlebyen.

Fauzi Azar Inn er eit relativt nyetablert gjestehus (frå 2004) i eit gamalt arabisk herskapshus. Dette er verkeleg ein stad med særpreg og spesiell atmosfære.

Me fekk ein prat med Maoz Inon (biletet) som har bygd opp gjestehuset, og som også har vore sentral i tilrettelegginga av Jesus Trail. Han gav oss gode råd for vandringa som me skulle ut på dei neste dagane.

Her er eit utdrag frå gjestehuset si nettside:

The Fauzi Azar Inn is a 200-year-old Arab mansion turned guest house, offering both dormitory beds and private rooms in a unique old-world atmosphere. Hailed by Lonely Planet in 2010 as “one of the highlights of a stay in the Galilee” and “a great base for touring major sites of the Galilee,” the Fauzi’s style is intimate and relaxed, with a warm atmosphere where guests and staff can meet to share travel stories and tips.

(…) The Fauzi Azar Inn building is owned by the Azar family, renowned as one of the richest and most powerful families in the Galilee. Built in stone, in the 18th-century, today the Fauzi is a three-story building, incorporating several impressive features including a six-meter high, hand-painted ceiling, a Turkish marble floor, a magnificent main living area with panoramic views, and a courtyard decorated with elegant limestone arches.

Les meir

Gjestehuset inviterer kvar dag til ein 2-3 timars tur “off the beaten track” i Gamlebyen. Dette blei me sjølvsagt med på. Maoz starta med å gje ein kort versjon av historia til huset. Etterpå blei me ført ut på ein tur rundt i byen, leia av guiden Linda. Me fekk med oss mange opplevingar som reisande elles neppe ville finna fram til, slik som besøk i kaffibrenneri, snekkarverkstadar og kryddermøller. Turen gjekk også innom lokale småskala fredsprosjekt som samla folk på tvers av kulturelle og religiøse skilje. Me fekk eit første inntrykk (utan kjøpepress) av dei ulike stadane, – og invitasjon til å koma tilbake seinare på dagen.

Tidlegare har eg stort sett vore innom Nasaret på korte besøk med vekt på Bodskapskyrkja og Nazareth Village. Begge desse stadane er flotte å besøkja, men nå kunne eg på ein meir langsam måte oppleva meir av kva byen har å by på, både av kyrkjer, moskear, butikkar og spisestadar. Eg brukte sjølvsagt tid i Bodskapskyrkja, men eg besøkte også Synagogekyrkja (der tradisjonen seier at synagogen stod på Jesu tid, jfr Luk 4,16 ff) og Gabrielskyrkja (den gresk-ortodokse Bodskapskyrkja, som dei meiner er bygd over kjelda der Maria henta vatn).

Det beste kyrkjebesøket blei likevel besøket i Bodskapskyrkja, der eg har vore mange gonger før. Sidan eg nå budde i byen, kunne eg besøkja kyrkja i stilla etter at turistane hadde forlate byen. Det gav høve til ei god kveldsstund med ro til stille bøn og til å la tankane fara.

About these ads

5 svar til Nye opplevingar i Nasaret

  1. Wenche seier:

    Dette høyrtest kjekt ut, alt saman!
    Eg kunne tenkt meg å ha varer laga i Nasaret i butikken min, ALL VERDAs gåver og bruksting. Men det skal vel noko til at eg får tak i det – og ikkje veit eg kva det kunne vera. Men det måtte vera så kjekt å selja noko frå Nasaret, heimbyen til Jesus.

  2. Arne Berge seier:

    Hei Wenche. Ja, det var ein kjekk tur. Når det gjeld import av varar frå Nasaret, veit eg ikkje noko om dette. Men det skulle jo vera mogleg, så eg anbefalar deg å arbeida vidare med tanken.

  3. Wenche seier:

    Ja, det skal eg gjera, og kanskje klarer eg det. Du må sjå innom butikken når han kjem på nett. :-)

  4. [...] om mitt besøk hos Maoz her: Nye opplevingar i Nasaret. Share this:FacebookLik dette:LikBe the first to like [...]

  5. […] Eg skreiv første gong om staden i notatet Nye opplevingar i Nasaret. […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

%d bloggers like this: