Den norske kyrkja har møtt dagen i dag (22. juli 2012) med denne setninga frå evangeliet: Lyset skin i mørkret, og mørkret har ikkje overvunne det (Joh 1,5). Det er verkeleg ein god bodskap til oss i dag!
Eg vil markera dagen ved å trekkja fram Heidi sin salme som ho skreiv i etterkant av terroren i fjor. Salmen har fått melodi av Carl Petter Opsahl.
Med redde tankar
Tekst: Heidi Strand Harboe
Med redde tankar står me i det vonde,
me strekkjer tome hender ut mot deg.
Ver hos oss, Herre,
gøym oss ved ditt hjarte.
Forny vårt mot, så me kan finna veg.Lat våre våte tårer vatna jorda
og opna oss, så kjærleiken kan gro.
Ver hos oss Herre,
varm oss ved ditt hjarte,
så alt som skrik i oss kan finna ro.Gud, ver vår trøyst, vår tilflukt og vår styrke
så me kan reisa oss i håp og tru.
Ver hos oss, Herre,
gjev oss varme hjarte,
så me kan tenna håp og byggja bru.Ja, send oss ut i kampen for det gode,
i kamp for liv og kjærleik skal me stå.
For du er Herre
over lengt og liding,
kom gjev oss mot, kom vis kor me skal gå.
Sjølv har eg hatt fri i dag og kunne derfor delta i minnegudstenesta i Stavanger domkyrkje og på kommunen si minnemarkering ved Breiavatnet. Det var godt å vera til stades begge stadane, sjølv om det blei både vått og kaldt i Byparken.
Oppdatering søndag kveld: Eg har nettopp sett minnekonserten frå Oslo. Det var sterkt at den gode, gamle We shall overcome blei tatt fram i denne samanhengen. Overraskinga var vel ikkje at Bruce Springsteen dukka opp, men at han gjorde det med denne songen.
Oh, deep in my heart, I do believe
We shall overcome some day.



