Å Gud, ver du min kjærleik, mi von, mitt arbeid, mitt strev. Lat alle mine tankar og ord flyta frå deg. Lat mitt daglege liv bli i deg, og kvart andedrag eg tek, vera for deg.
(Etter Johannes Cassianus, 360-435)
Søndag 26. mai
45 Så opna han forstanden deira så dei kunne skjøna skriftene, 46 og han sa til dei: «Slik står det skrive: Messias skal lida og stå opp frå dei døde tredje dagen, 47 og i hans namn skal omvending og tilgjeving for syndene forkynnast for alle folkeslag; de skal byrja i Jerusalem. 48 De er vitne om dette.