Eg har i dag begynt som sokneprest i Hinna.
Velkomen til innsetjingsgudsteneste søndag 10. juni kl 11.
Eg har nå vore nokre år i ei administrativ stilling på bispedømmekontoret, og ser fram til å vera ein “vanleg” prest i ein lokal kyrkjelyd igjen. Tida vil visa koss dette vil merkast her på bloggen.
Eg har eit spesielt forhold til Hinna frå før. Dette er kyrkja der eg blei konfirmert i 1971 og ordinert i 1984. Og nå skal eg også flytta tilbake til Hinna.
Sjå Hinna kyrkje si heimeside og presentasjon av kyrkjebygget.
Oppdatering søndag kveld 10. juni: Innsetjingsgudstenesta og fest-kyrkjekaffi etterpå var ei flott oppleving og ein god oppstart i tenesta for meg. Takk for gode ord frå prosten, menighetsrådet og frå mange andre i kyrkjelyden. Som spesiell helsing frå prost Sigfred Sørensen, som stod for innsetjinga, fekk eg eit vers frå dagens episteltekst: Og høyrer de Kristus til, då er de Abrahams ætt og arvingar etter lovnaden. (Gal 3,29)




[...] har fått tilsendt dette biletet frå 10. juni då eg blei sett inn i tenesta i Hinna menighet (les meir). Her er eg saman med to viktige kollegaer; kapellan Eva Vassbø og prost Sigfred [...]