Norsk Fedralandssong
Teksten er skriven av Arne Garborg til 17. mai 1878. Han var då 27 år gamal, og salmen markerer hans lyriske gjennombrot. Den er også blant dei første tekstane hans på nynorsk, etter at han i 1877 hadde starta bladet Fedraheimen og skrive Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse.
| Gud signe Noregs Land, kvar Heim, kvar Dal og Strand, kvar Lund og Lid. Han lat’ det aldri døy, han verje Bygd og Øy, han verje Mann og Møy, til evig Tid. |
|
| Me fekk det høgt og fritt, me fekk det vænt og vidt med Hav og Fjell. Det stend so tryggt og godt, det stend so reint og blaatt, rett som eit Gudeslott med Solskinstjeld. |
|
| Det er vaar Elsk paa Jord, det er vaart beste Ord, vaar Trivd og Trygd. Storfrægdarmenn dei var, som fram til oss det bar; det er vaar Ættargard til Fridom bygd. |
|
| Stort Arbeid ned er lagt til Landsens Fred og Magt fraa Tid til Tid. Det kostad tusund Aar i Kav fraa Vaar til Vaar, i Strid so tung og saar fyrr me vart fri’. |
|
| Her ligg dei, Grav i Grav, fraa Heid og ned i Hav, som stridde so. Gud sign’ kvar ærleg Svein som søv der under Stein, Gud sign’ dei kvar og ein, der dei er no. |
|
| Men Landet, dei hev rudt, det vil me verja trutt til sidste Stund. Vaar Elsk og beste Agt, vaart Liv og all vaar Magt skal vera Noregs Vakt til sidste Stund. |
|
| I Kjærleik varm og mild me legg vaar Vilje til, daa veks det fram. Daa fær det bløma blidt, daa fær det spyrjast vidt, og altid standa fritt fyr Naud og Skam. |
|
| Her stig det stort og blaatt vaart fagre Heimlands Slott med Tind og Taarn. Og som det ervdest ned alt fagrar’ Led fyr Led, det byggjast skal i Fred aat vaare Born. |



