Sidkias grotte er eit stort og gamalt steinbrot som går langt inn under Gamlebyen i Jerusalem.
Inngangen ligg på utsida av bymuren, nær Damaskus-porten.
Foto: Wikipedia.
Ved å lesa artikkelen Finding the Freemasons in Jerusalem i Israel Hayom har eg i dag lært meir om staden. Eg var blant anna ikkje klar over at dette var ein viktig samlingsstad for frimurarane på byrjinga av 1900-talet.
Legendene knyter staden til kong Sidkia (“Zedekiah’s Cave”), som var konge i Jerusalem då jødane blei bortført til Babylon, og til kong Salomo og bygginga av det første templet (“King Solomon’s Quarry”). Historisk sett er det nok ikkje råd å stadfesta kor langt tilbake det har vore tatt ut stein her, men det er i alle høve klart at Herodes den store brukte staden ved bygginga av templet i det siste hundreåret før Kristi fødsel.
Staden blir i dag forvalta av East Jerusalem Development Ltd som har ei nettside med kart og ein kort informasjonstekst her. Wikipedia gir mykje meir informasjon om staden her.
(via BiblePlaces Blog)



