NRK sendte i går eit interessant program i serien Schrödingers katt om funnet av apostelen Filips grav i Hierapolis i Tyrkia.
Eg var i Hierapolis i 2005 og såg då ruinane etter Martyrion (biletet), pilegrimskyrkja som skal ha stått der Filip blei korsfesta. Nå er det like nedanfor Martyrion funne ein kyrkjeruin som er bygd opp omkring ei romersk grav. Arkeologane meiner å ha gode indisium på at dette er Filips grav.
Biletet viser Martyrion på ein bakketopp, prosesjonstrappa opp til martyrkyrkja og området nedanfor der grava nå er gravd ut.
Sjå TV-programmet her. Det interessante programmet fortel også om andre sider ved Hierapolis’ si historie og om kalksteinsklippene som har gitt staden det moderne namnet Pamukkale (“Bomullsslottet”).
Her er NRKs omtale av programmet:
Se NRKs unike bilder fra apostelen Filips grav
Gravstedet til Apostelen Filip, en av Jesus sine 12 disipler, ble funnet i Tyrkia tidligere i år. Norske forskere deltok under den arkeologiske utgravingen i Hierapolis i det sørvestlige Tyrkia.NRK Schrödingers katt har fått tilgang til opptak i dette strengt bevoktede utgravingsområdet, og har som det første filmteam i Europa tatt del i utgravningene sammen med norske og internasjonale forskere.
Eg kan jo også ta med Hierapolis er nemnt éin gong i NT:
Epafras, som er ein av dykkar eigne, helsar dykk. Han er ein Kristi Jesu tenar og strider alltid for dykk i bøn, så de kan bli ståande, fullmogne og fullt overtydde om heile Guds vilje. Eg gjev han det vitnemålet at han strevar og arbeider for dykk og for dei som er i Laodikea og Hierapolis. (Kol 4,12-13)
