I dag (21.10.2009) skulle eg gjerne vore på disputas på UiO. Eg er faktisk i Oslo denne veka, men har hatt fullt program og kunne ikkje priortera å høyra ein gamal kjenning disputera med ei avhandling om framveksten av nynorsk kyrkjespråk. Eg håper det gjekk godt for han!
Oppdatering 29.10:
Eg har nå fått bekrefta at det gjekk godt for han. BlixBlog skriv:
Da har Per Halse gjennomført ein særs vellukka disputas over avhandlinga “Gudsord og folkemål. Framveksten av nynorsk kyrkjespråk 1859-1908.” (…) Denne disputasen var ein fest. Tonen var velvillig, og doktoranden fekk mykje ros for grundig kjeldearbeid og engasjerande forteljing. Samtidig stilte opponentane gode spørsmål, og det på ein måte som skapte ein engasjert og spennande fagleg samtale.
(Les meir)





29/10/2009 ved 16:13 |
Hei,
Gjør oppmerksom på at podcast fra disputasen finnes på denne nettsiden:
http://blog.tf.uio.no/podcast/
Vennlig hilsen
Ingunn Gjørva
Forskningsrådgiver, Det teologiske fakultet
21/11/2009 ved 20:52 |
Takk, Ingunn! Eg legg ut linken på BlixBlog.