Eg skal snart på haustferie til Israel og dei palestinske områda. Inger og eg skal vera reiseleiarar for ei gruppe på 35 personar frå Bryne kyrkjelyd. Me har saman med den lokale guiden ansvar for programmet, det sosiale livet i gruppa, forkynninga og for passelege doser med bibel- og kulturhistorie.
Eg lover ikkje oppdatering av bloggen undervegs. Skjer det, så skjer det. Men det kan vel tenkjast at eg i etterkant har med meg historier, opplevingar og bilder som kan bli utgangspunkt for nokre notat på bloggen, om tida strekk til.
Her er nokre stikkord frå programmet:
Torsdag 01.10
- Reisedag
Fredag 02.10
- Cæsarea ved havet
- Besøk i Immanuelskyrkja i Tel Aviv/Jaffa
- Gamle Jaffa
Laurdag 03.10
- Messiansk gudsteneste i Immanuelskyrkja
- Besøk i Beit Eliahu (messiansk forsamling) og EbenEzer (aldersheim) i Haifa
- Muhraqa på Karmelfjellet (Elia sitt møte med Baalsprofetane)
Søndag 04.10
- I Jesu fotspor ved Gennesaretsjøen
- Saligprisingsfjellet
- Tabgha (Jesu møte med disiplane etter oppstoda)
- Kapernaum
- Båttur på sjøen
Måndag 05.10
- Betsaida
- Cæsarea Filippi
- Katzrin på Golanhøgdene
Tysdag 06.10
- Nasaret
- Sachne (bading i varme kjelder)
- Jordandalen
- Genesis Land
Onsdag 07.10
- Besøk på Caspari Center (messiansk studiesenter i Jerusalem)
- Betlehem (Fødselskyrkja og Hyrdemarkene)
- Palestinsk luthersk kyrkjelyd i Beit Jala
- Herodion
- Gravhagen
Torsdag 08.10
- Klagemuren / Vestmuren
- Tempelplassen
- Davidsbyen med Hiskias tunnel og Siloadammen
- Yad Vashem (Holocaustmuseum)
Fredag 09.10
- Oljeberget
- Getsemane
- Via Dolorosa
- Gravkyrkja
- Gamlebyen
Laurdag 10.10
- Ein Gedi (oase ved Dødehavet)
- Masada
- Bading i Dødehavet
Søndag 11.10
- Til disposisjon i Jerusalem
Måndag 12.10
- Heimreise





30/09/2009 ved 20:48 |
Det hørtes utrolig kjekt ut. Mye på programmet, men kjekt!:) Håper dere får en kjempebra tur!
01/10/2009 ved 09:46 |
I don’t know If I said it already but …This blog rocks! I gotta say, that I read a lot of blogs on a daily basis and for the most part, people lack substance but, I just wanted to make a quick comment to say I’m glad I found your blog. Thanks,
A definite great read..Jim Bean