Hebraiskkurs på Bryne

31/01/2009

Tenner du på ideen om å læra moderne hebraisk? Bur du i nærleiken av Bryne? I så fall kan dette tilbodet vera av interesse for deg.

Journalist Asgeir Ueland, som har budd mange år i Jerusalem, skal ha eit begynnarkurs i moderne hebraisk her på Bryne våren 2009. Initiativet er tatt i samband med Bryne kyrkjelyd sin planlagte tur til Israel i oktober, men kurset er ope for alle.

Undervisninga følgjer eit opplegg frå universitetet i Jerusalem. Læraren har lova å ta undervisninga i gruppa sitt tempo. Han veit kva det vil seia å læra eit språk der me ikkje kjenner igjen eit einaste ord. Han oppfordrar dei som er interesserte, men som er redd det blir for vanskeleg, til å møta opp første kvelden for å høyra om opplegget.

Interesserte kan ta kontakt med meg (så snart som mogleg!) for å få meir info om pris og kursstad, så kan eg formidla kontakt med Frank, som er initiativtakar og koordinator.

Kontakt meg på mail: berge dot arne (at) gmail dot com

Oppdatering eit år etter (10.01.2010): Me hadde kurs over to semester (mars-juni og sept-des 2009 ) med ei gruppe på ca 10 deltakarar. Sjølv om hebraisk er eit vanskeleg språk, hadde me det veldig kjekt og interessant saman. Asgeir var ein flott lærar! Nå er me ei gruppe som vil halda fram med å treffast ein gong i blant, for å halda interessen for det hebraiske språket ved like.


Paulus om ånd, sjel og kropp

30/01/2009

logo_anno_paolino2Uttrykket ånd, sjel og legeme som skildring av mennesket som ein heilskap, har følgt meg heilt sidan barndomen. Eg møtte dette uttrykket i KFUM-speidararbeidet i Ynglingen i Stavanger. Sjølv om eg nå ikkje lenger er aktiv i KFUM, er eg utruleg glad for den påverknaden eg fekk som menneske og kristen i dette miljøet. KFUM har henta uttrykket frå NT, nærare bestemt frå Paulus’ første brev til tessalonikarane.

Me er inne i eit Paulusår, og eg markerer det her på bloggen med eit kjent sitat kvar månad, eitt frå kvart av dei tretten Paulusbreva i NT.

Januarsitatet er frå 1. Tess, og eg vel meg sjølvsagt verset som eg lærte å kjenna som ung speidar. I den bibelomsetjinga som eg nå les, brukar ein ordet kropp i staden for legeme/lekam:

Må han sjølv, fredens Gud, helga dykk heilt igjennom. Og gjev at dykkar ånd og sjel og kropp må haldast uskadde, så de kan vera ulastelege når vår Herre Jesus Kristus kjem! (1. Tess 5,23)

Korleis har uttrykket ånd, sjel og kropp blitt forklart i KFUK-KFUM?

Eg har i kveld funne fram til 3. Gradsheftet frå 1980-talet, eit hefte som eg sjølv var medredaktør i. Tredjegraden var speidarprogrammet for gutar i 11-12års alderen, og under overskrifta KFUM-speiderkunnskap, finn me følgjande forklaring på trekanten i KFUM-speidermerket:

Hjørnene i trekanten kan minne oss om ansvaret vårt overfor Gud, vår neste og oss selv, spissen peker mot oss og understreker ansvaret. Sidene i trekanten kan også symbolisere ånd, sjel og legeme:

- ånd – det som gjør at vi kan tro på Gud
- sjel – våre tanker og følelser, det som gjør oss til mennesker
- legeme, kropp – det vi kan ta på eller føle (f eks blod, pust)

Trekanten minner oss om at dette hører sammen, er en enhet. Et riktig KFUM-arbeid har noe både for ånd, sjel og kropp. Når Gud har skapt oss slik, er det for at vi skal utvikle alle sider ved oss selv og ikke bare satse på en eller to.

Tidlegare sitat:


Søsterkyrkjene på Gran

28/01/2009

sosterkyrkjene-pa-gran

Kyrkjestaden på Gran på Hadeland er ein fascinerande stad. Eg var der nyleg, i samband med Israelsmisjonen sitt Rådsmøte. Søndag morgon fekk eg forretta ved ei gudsteneste for rådsmøtedeltakarane i Nikolaikyrkja (til høgre). Det sette eg pris på.

Mariakyrkja og Nikolaikyrkja er frå 1100-talet. Her er eit lite utdrag frå informasjonstavla som står på kyrkjegarden:

Søsterkirkene ble bygd ved et av innlandets vesentlige knutepunkt i middelalderen. Nikolaikirken er den største og er blitt hovedkirke, men fagfolk anser Mariakirken som eldste kjente kirkebygg på Granavollen – reist omkring år 1100. Den første Nicolai-utgaven stod trolig ferdig omkring det tidspunkt Nidaros ble Nordens erkebispesete; det var i år 1152. Det som gjør tidfesting av Søsterkirkene noe upresis, er at begge senere ble ombygd og utvidet.

(…)

Når det ble to kirker i Gran, sier det nettopp noe om stedets betydning. Oss gir det grunnlag for funderinger. Var den opprinnelige Mariakirken i mindre format ment som klosterkirke? Hva skulle så utvidelsen bare noen årtier etterpå være godt for? I byene var det ikke uvanlig med to eller tre kirker i samme nabolag, med hver sine formål. Kan knutepunktet Granavollen tilsvarende hatt én fylkes- og én soknekirke? Med disse spørsmålene gir vi ikke svar.

Aasmund Olavson Vinje er gravlagt på kyrkegarden ved Søsterkyrkjene. På minnesmerket står det: “daaen i Gran 30. juli 1870″. Eg spurte vertskapet om ordet daaen, og fekk vita at det truleg var Vinje-mål. Det var i alle høve ikkje eit uttrykk som høyrde heime i dialekten på Gran.


1800 år gamal marmorfigur

27/01/2009

Det blir stadig gjort interessante arkeologiske funn i utgravingane i og rundt Davidsbyen i Jerusalem. I går offentleggjorde Israel Antiquities Authority funnet av ein spesiell og interessant marmorfigur frå ca 200:

An 1,800 Year Old Marble Figurine in the Image of a Bearded Man, probably that of a Roman Boxer, was Discovered

The figurine was used as a suspended weight together with a balance scale. This is probably the only find of its kind from excavations in the country.

A figurine (bust) made of marble depicting a miniature image of a bearded man’s head was discovered in the excavations that the Israel Antiquities Authority is conducting in the area of the Givati car park in the City of David, in the Walls around Jerusalem National Park. (les meir og sjå bilete)

Oppdatering 28.01: Figuren er ca 5 cm stor. Sjå artikkel med bilete som viser storleiken her.


Mar Gabriel

27/01/2009

Mar Gabriel-klosteret i Tyrkia er eit av dei eldste kloster som framleis er i bruk. Der lever ei lita gruppe munkar som held fast på kristne tradisjonar midt i ein muslimsk samanheng. Eg las første gong om dette klosteret og om munkane der, i den fascinerande boka I skyggen av Bysants av William Dalrymple.

Dalrymple skreiv denne fantastiske reiseskildringa etter ei reise frå Hellas til Egypt, via Tyrkia, Syria, Libanon, Israel og dei palestinske områda. Han leitte etter spor av den kristne kulturen frå før-islamsk tid i dette området, og fann utruleg mykje interessant, men også mykje trist undertrykking av små kristne minoritetar.

Folket på Mar Gabriel-klosteret er eit eksempel på ein slik minoritet. Dei har det ikkje enkelt. Dei opplever eit sterkt press frå samfunnet rundt, som dessverre ikkje er direkte vennlege mot dei. Grunnen til at eg blei minna om dei i kveld, er ei nyheitsmelding frå Reuters, som eg skal koma tilbake til.

Men først, – ein liten stemningsrapport frå klosteret, henta frå Dalrymple si bok:

Jeg sitter utenfor cellen min under et drueespalier. For første gang sover jeg i et kloster der Johannes Moschos kunne ha vært og hører de samme hymnene fra det femte århundre sunget under de samme mosaikkene. Rett overfor meg ser jeg sørveggen av det som antakelig er den eldste kirken i Anatolia som er i bruk. Den ble bygd av keiser Anastasios i 512 – før Hagia Sophia, før Ravenna, før Sinai-klosteret. Den var allerede åtti år gammel da St. Augustin gikk i land ved Thanet for å bringe kristendommen til det angelsaksiske England. Enkelte deler av klosteret er enda eldre, fra klosterets opprinnelige grunnleggelse i 397.

Det er bare en håndfull kirker i hele verden som er så gamle. Det er utrolig at den i det hele tatt er bevart, men at den er bevart intakt og fremdeles i bruk etter at persere, arabere, mongoler og Timurs horder alle har kommet og gått, etter at Konstantinopel er blitt erobret av tyrkerne og Lilleasia fullstendig tømt for grekere – det er intet mindre enn et mirakel.

En av munkene, broder Jakob, kommer forbi og gir meg en klase druer, nyplukket fra espalieret. Han står foran meg nå og ser på at jeg skriver. Etter i årevis å ha besøkt klosterruiner over hele Anatolia, føles det å finne munker kledt i nesten samme slags drakt som Johannes Moschos selv kan ha båret, boende i en bygning av slik elde, nesten som å snuble over en forglemt avdeling romerske legionærer i et avsides vakttårn på Hadrians mur. (I skyggen av Bysants, s 105-106)

Nå melder Reuters (21.01.2009) at dette klosteret nok ein gong er hardt pressa:

MIDYAT, Turkey (Reuters) – In a remote village near the Turkish-Syrian border, a land dispute with neighboring villages is threatening the future of one of the world’s oldest functioning Christian monasteries.

Critics say the dispute, which has become a rallying cry for Christian church groups across Europe, is a new chapter in the long history of religious persecution of the small Christian community by the Turkish state.

Tucked amid rugged hills where minarets rise in the distance, a small group of monks chants in Aramaic, the language of Jesus Christ, inside the fifth-century Mor Gabriel monastery. It is a relic of an era when hundreds of thousands of Syriac Christians lived and worshipped in Turkey.

“This is our land. We have been here for more than 1,600 years,” said Kuryakos Ergun, head of the Mor Gabriel Foundation, surveying the barren land and villages from the monastery’s rooftop. “We have our maps and our records to prove it. This is not about land. It’s about the monastery.” (les meir)

(via PaleoJudaica)

Relaterte notat:


Kristne israelsvenner

26/01/2009

Eg har tidlegare skrive ein del om engasjementet mitt i Israelsmisjonen. Dette er ein av store organisasjonane som vil definera seg som Israels venner i Norge. Men det er også mange andre Israelsvennlege organisasjonar, og dei ulike organisasjonane legg til dels svært ulikt innhald i korleis vennskapet blir definert. Dessutan er det store forskjellar i synet på misjon blant jødar og på profetiane i GT.

Vårt Land hadde i går eit stort oppslag om ein del av dei viktigaste av desse organisasjonane. Her kan du lesa om Israelsmisjonen, Ordet og Israel, Med Israel for fred og Den Internasjonale Kristne Ambassade Jerusalem:

Den Norske Israelsmisjon

Generalsekretær Rolf Gunnar Heitmann svarer:

– Vil din organisasjon kalle seg israelsvenner?

– Ja, uten tvil. Vi regner oss som venner av Israel og det jødiske folk, men det er alltid vanskelig å erklære seg selv som venn, fordi vennskap bygger på tillit og hvem som er deres venner er noe som først og fremst jødene selv må avgjøre.

– Hvorfor er dere venner av Israel?

– For det første har vi en forpliktelse som kristne til å vise solidaritet og vennskap med alle mennesker, men jødene spesielt. Det er på bakgrunn av den betydning de har hatt for vår kultur og tro. Vår støtte og kjærlighet til det jødiske folk er ikke betinget av staten Israels opprettelse, samtidig som vi vet staten betyr mye for det jødiske folks sikkerhet og identitet.

– Hvordan ble dere venner av Israel?

– Vi er vel alle israelsorganisasjoners mor i Norge. Vår virksomhet startet opp på et tidspunkt da jøder var utestengt i Norge. Det er nokså eksepsjonelt. Motivasjonen lå i en forståelse av at jødene var Guds utvalgte folk som Gud hadde en plan med. Det er en forståelse vi fortsatt deler. (les meir)


Jødefiendtlege haldningar

22/01/2009

Vårt Land gjengjev nå hovudpunkta i ein resolusjon til støtte for norske jødar, som nå opplever jødefiendtlege haldningar i samfunnet vårt. Eg var med og vedtok resolusjonen på Rådsmøtet i Israelsmisjonen sist helg:

Israelsmisjonen oppfordrer til kamp mot rasistiske og jødefiendtlige uttrykksformer, og til å vise etniske minoriteter omsorg. (les  meir)

Oppdatering: Les heile resolusjonen Støtt norske jøder her.


Israelsmisjonen

19/01/2009

dni-logoEg møter mange slags spørsmål frå folk som høyrer at eg er engasjert i Israelsmisjonen. Kva driv me eigentleg med? Kva haldningar står me for i konflikten mellom Israel og Palestina? Kva slags organisasjon er dette?

I helga var eg på Gran på Hadeland, på Rådsmøte i Israelsmisjonen. Nærare førti tillitsvalde og tilsette medarbeidarar var samla til ei helg med drøftingar omkring arbeidet i organisasjonen. Det blei ei flott og inspirerande helg!

Eg opplever at Israelsmisjonen er ein organisasjon med stor takhøgde for ulike synspunkt og meiningar. Ungdomane har sitt eige nettverk i return2sender og dei er med på å prega tenkninga i organisasjonen. Det gir håp for framtida! Hovudfokuset vårt er at det jødiske folket skal få møta evangeliet om Jesus og sjå at han er den Messias som GT handlar om. Derfor driv me med misjon, diakoni og freds- og forsoningsarbeid, i samarbeid med messianske jødar. Hovuddelen av dette arbeidet skjer i Israel, men me har faktisk engasjement i sju land!

Viss du er interessert i å finna ut meir om dette, er det mykje stoff på nettet, og nettsida er under stadig utvikling. Eg vil f eks foreslå å lesa om Hege Wendel Høyland, som er sendt ut som medarbeidar i Jerusalem. Ho arbeider i ein diakonal organisasjon som hjelper valdsutsette familiar.

Neste veke har Israelsmisjonen besøk av ein kristen palestinar som me samarbeider med, Salim Munayer. Han er leiar av Musalaha, ein organisasjon som arbeider for forsoning, først og fremst mellom messianske jødar og palestinske kristne. Eg har truffe han nokre gonger i Israel, men får dessverre ikkje høve til å delta på nokre av arrangementa denne gongen. Sjå meir om besøket her.

I forhold til landet Israel, er eg opptatt av at det jødiske folket skal ha ein trygg stad å bu i Midt-Austen. Eg ønskjer å vera ein venn av Israel. Men det betyr ikkje at eg er einig med den israelske politikken til ei kvar tid. Ekte venner må ha lov å vera ueinige! Israel er eit demokrati, ikkje eit teokrati. Gud styrer ikkje gjennom den israelske regjeringa på annan måte enn gjennom den norske regjeringa. Eg tenkjer at det er nødvendig at israelarane kjem fram til politiske løysningar som fører til ein fredeleg sameksistens med det palestinske folket, som også høyrer heime i dette området.

Når det gjeld den aktuelle konflikten i Gaza og dei store demonstrasjonane i Oslo, har generalsekretæren uttalt seg på vegne av organisasjonen, sjå Midtøstenkonflikt på norsk. På Rådsmøtet i helga blei det dessutan vedtatt ein resolusjon om støtte til norske jødar som opplever å bli møtt med fiendtlege haldningar i mange samanhengar i samfunnet vårt. Eg kjem tilbake til teksten på denne resolusjonen, når den blir tilgjengeleg på nettet.

Til slutt: Eg syns at eg har lært utruleg mykje interessant om den kristne trua sin jødiske røter gjennom Israelsmisjonen. Den som er opptatt av slike spørsmål, kan sjå på artikkeloversikta under overskrifta teologi.


Den heilage salven

11/01/2009

Eg har tidlegare skrive om den heilage familie si flukt til Egypt. I kveld oppdaga eg ein artikkel av Eyvind Skeie på Norsk Misjon i Øst si nettside. Her skriv han om ein av dei mange legendene som blir fortalt om denne flukta:

Fortellingen om hvordan den hellige familie flykter til Egypt er helt grunnleggende for de kristne i Egypt. Det er ikke bare fordi Egypt var Jesu barndomsland, men også fordi flukten er et så viktig motiv for de egyptiske kristne. Flukt, farer og forfølgelse har vært deres daglige brød i mange hundre år.

Det finnes en rik tradisjon av fortellinger om hvordan Gud bevarer sine under flukten, slik Gud også gjorde med den hellige familie. En av disse fortellingene skal jeg arbeide med i løpet av neste år, i nært samarbeid med Mamma Maggie og hennes stab. Ung Kirkesang i Norge er også med.

Det handler om de to landeveisrøverne Dismas og Gestas, som … (les meir)


Paulus om Kristi preeksistens

10/01/2009

logo_anno_paolinoPaulus skriv fleire stadar om Kristi preeksistens, det at  Jesus Kristus, som Guds Son, var hos Gud før han blei menneske. Som Guds evige Son, var han også delaktig ved skapinga av verda.

Me er inne i eit Paulusår, og eg markerer det her på bloggen med eit kjent sitat kvar månad, eitt frå kvart av dei tretten Paulusbreva i NT.

Desembersitatet, som skulle vera frå Kolossarbrevet, forsvann dessverre i  julefeiringa mi. Til gjengjeld hadde eg rett ved juletider eit notat om det eg kalla Paulus sitt juleevangelium i Galatarbrevet.

Nå kjem det forsinka desembersitatet frå Kol 1,15-17. Dette er truleg ein del av ein hymne som blei brukt i urkyrkja og som Paulus siterer i dette brevet. Kolossarbrevet blei skrive ca år 60 til den kristne forsamlinga i Kolossæ i nærleiken av Efesos i Lilleasia.

Paulus skriv:

Han er biletet av den usynlege Gud,
den førstefødde før alt det skapte.

For i han vart alt skapt,
i himmelen og på jorda,
det synlege og det usynlege,
troner og herredøme,
makter og åndskrefter –
ved han og til han er alt skapt
.

Han er før alt,
og i han blir alt halde saman.

I fleire av Paulus sine brev finn me tekstar som handlar om Kristi preeksistens. Elles finn me tekstar om dette i Hebrearbrevet og ikkje minst i prologen til Johannesevangeliet.

Den kristne læra om Kristi preeksistens er formulert på ein flott måte i den nikenske truvedkjenninga:

Vi trur på éin Herre, Jesus Kristus, Guds einborne Son, fødd av Faderen før alle tider, Gud av Gud, ljos av ljos, sann Gud av sann Gud, fødd, ikkje skapt, av same vesen som Faderen. Ved han er alt skapt.

Trass i at dette er ein viktig nytestamentleg tanke, er det ikkje ofte me høyrer forkynning om dette temaet. Eyvind Skeie utfordra kyrkja i foredraget sitt på Kyrkjemøtet 2008 til å leggja meir vekt på denne sida av trua.

Eg tar også med ein liten kommentar frå Håndbok til Det nye testamentet (s 374):

Om Kristus sies det videre: Han er det bildet vi har av den usynlige Gud. Det vil si at bare i Kristus er det mulig å erkjenne Gud, vite hvordan Gud er. Og som Guds førstefødte er Kristus hevet over “alt det skapte”.

Kristus er hele tilværelsens opphav. Alt som er skapt, skyldes ham, enten det befinner seg i himmelen eller på jorden, enten vi kan iaktta det med våre sanser, eller det ligger utenfor det vi kan sanse, “det synlige og det usynlige”. Alt er i sin opprinnelse skapt “i” Kristus, “ved” Kristus og “til” Kristus. Det vil si at hele skaperverket dreier seg om Kristus alene.

Tidlegare sitat:

(notatet er oppdatert 11.01.2009)


Våpenkvile nå!

08/01/2009

Det finst ingen enkle løysningar på konflikten mellom dei stridande partane i Israel og dei palestinske områda. Ei politisk løysning er det einaste som kan skapa varig tryggleik og fred, sjølv om det vil vera aldri så vanskeleg å få det til. Her må begge sider i konflikten ta ansvar!

På kort sikt er det viktig at kamphandlingane i Gaza tar slutt. Nå har biskopane i Den norske kyrkja uttalt seg i samband med det stadig sterkare ropet om våpenkvile, sjå her.


Samling på Jesu dåpsstad

08/01/2009

Eg har tidlegare skrive om Betania på andre sida av Jordan.  Nå i helga er det ei stor samling av kristne på staden, for å markera Epifania eller Kristi Openberringsdag.

Dette er ein stad som blir knytt til tekstane om Jesu dåp. Nå står det ikkje direkte i NT at Jesu dåp fann stad her. Men Johannesevangeliet formulerer seg på ein måte som gjer det sannsynleg at evangelisten plasserer dåpen her utan å nemna det direkte (Joh 1,26-29).

Dette er elles eit eksempel på koss kyrkjeåret bind saman kristne i ulike kulturar og kyrkjesamfunn. Denne helga er teksten om Jesu dåp (Matt 3,13-17) preiketekst også i Den norske kyrkja!

PR-inside.com skriv:

Thousands of Christian pilgrims are expected to congregate at the Baptism Site at the Jordan River to mark Epiphany and pilgrimage day.

Religious ceremonies will be held at the holy site (also known as Bethany Beyond the Jordan) in two events marking the occasion according to the western calendar on Friday the 9th of January, and the Eastern calendar on Friday the 16th.

(…)

The Site, where John the Baptist lived and Jesus Christ was baptized, is considered as one of the most significant religious discoveries in biblical archaeology. Excavations have already uncovered more than 20 churches, caves and baptismal pools dating from the Roman and Byzantine periods.

The site has undergone a series of renovation works by Jordan’s Baptism Site Commission to provide visitors with easy and secure access. It has drawn 280,000 tourists (mostly European) in 2008, which represents a rise of 86% over 2007. (les meir)


Trettande dag

06/01/2009

Det er den trettande dag (6. januar) i julehøgtida; dei heilage tre kongars dag eller epifania. I delar av den ortodokse kyrkja er det nå dei feirar jul, mens mange her heime alt har avslutta julefeiringa si. Heime hos meg pleier me ha julepynten framme ei veke til (altså omtrent til 20. dag i jula).

– Vi må helt tilbake til 1700-tallet for å finne Hellig tre kongers dag som helligdag i Norge. Den gangen var det i pietismens og opplysningstidens ånd en gjennomgang av antallet høytidsdager. Man mente at det var for mange festdager. Da forsvant blant annet alle 3. dagene, og Hellig tre kongersdagen, forteller førsteamanuensis Jan Schumacher ved Menighetsfakultetet. (les meir)

Oppdatering 7. januar: Eg nemnte i går at dei ortodokse feirar jul nå. Eg tenkte ikkje då på at dette også gjeld dei kristne i Egypt. Det blei eg minna på då eg kom på jobb i dag, og møtte min egyptiske kollega som ønskte meg God jul! Han fortel at det først og fremst er i dag, altså juledagen, dei feirar i heimlandet hans. Det som overraska meg med dette, er at det ikkje bare er dei koptiske kristne i Egypt som har julehøgtid nå, – han er nemleg protestantisk kristen.

Oppdatering 11. januar: I dag fekk eg spurt min egyptiske kollega om koss det kunne ha seg at han feira jul etter koptisk kalender. Det viser seg at alle protestantiske kristne i Egypt feirar jul 6.-7. januar. Dei protestantiske kyrkjene har røter tilbake til misjon på 1800-talet, og protestantane førte vidare julefeiringa frå den koptiske kyrkja som dei kom frå.


Oddbjørn Evenhaugs blogg

03/01/2009

Eg har nyleg oppdaga ein interessant blogg eg ikkje har vore klar over: Oddbjørn Evenshaugs blogg. Bloggen har som undertittel kommentarer og meninger om aktuelle spørsmål i kirke og samfunn. Herved er bloggen anbefalt!


Bibelarkeologi 2008

02/01/2009

BiblePlaces Blog har sett saman ei liste over dei mest interessante arkeologiske funna relatert til Bibelen: Top 8 of 2008: Archaeological Discoveries Related to the Bible.

Og kva blir rangert som nr 1?

På toppen av lista ligg funnet av ein by frå kong David si tid (ca år 1000 f. Kr.) i Khirbet Qeiyafa i området som er omtalt som Terebintedalen i forteljinga om David og Goliat i 1. Sam 17,2-3.

Todd Bolen, som skriv BiblePlaces Blog, gir følgjande grunnar for å rangera dette funnet på topp:

1) The site was occupied for only a limited time during the reign of King David. 2) The site is located near the battle location of David and Goliath. 3) A strongly fortified site is indicative of a strong central government, at a time when scholars question the existence of such.  4) A early Hebrew inscription discovered this summer points to the site’s owners (Judeans) and the state of literacy in this period.  5) These discoveries will certainly shed light on what is currently the most debated issue in biblical archaeology: the nature of Israel/Judah during the 10th century.

Dei første meldingane om dette funnet fokuserte på tekstfragmentet med ein svært gamal hebraisk innskrift. Nyheita om funnet nådde i månadsskiftet oktober/november heilt fram til NTB. Eg skreiv litt om saka her. Nå vil eg heller anbefala å lesa BiblePlaces Blog sin informative innføringsartikkel som legg vekt på funnet av byen her.


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 205 other followers