Dødehavet blir mindre og mindre. Det kjem dessverre for lite vatn inn i innsjøen, i forhold til fordampinga. Noko avløp finst sjølvsagt ikkje, for Dødehavet ligg på det lågaste punktet på jorda.
Denne veka har IsraelNationalNews kome med oppdaterte fakta. Dødehavet sank 16 cm i oktober, og har hittil i år sunke 1,32 meter. Vatnet ligg nå 421,66 meter under havet.
Biletet er tatt frå Qumran, der Dødehavsrullane blei funne. Fjella på andre sida ligg i Jordan.



