Notat til dagens tekst: Joh 9,1-7 og 35b-38

Så sa han: «Gå og vask deg i Siloadammen.» Siloa tyder utsend. Mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom att, kunne han sjå.
(Joh 9,7)
Delar av Siloadammen frå nytestamentleg tid er i dag graven fram og gjort tilgjengeleg i Davidsbyen i Jerusalem. Eg tok dette biletet på staden i oktober 2007.
På Jesu tid låg denne dammen innanfor bymurene og dette var kanskje den einaste staden med friskt og rennande vatn. Vatnet blei ført fram til dammen gjennom Hiskias tunnel frå Gihonkjelda i Kedrondalen.
“Den vanlege oppfatninga er at Siloadammen hadde ein viktig funksjon som reinsingsbad (miqveh) for folk som skulle opp til tempelet, ikkje minst når det i dei tre jødiske høgtidene kom tusenar av pilegrimar til byen.” (Les meir)
Bibelteksten i Joh 9 handlar om ein mann som var født blind og som fekk synet igjen ved eit møte med han som er lyset i verda (Joh 8,12). Mannen møtte mykje motgang og vanskar fordi helbredinga hadde skjedd på ein sabbat. Forteljinga sluttar med at han møter Jesus igjen og blir ein disippel av han. På den måten blir bibelteksten eit møte med ein mann som ser lyset i dobbelt forstand.
Det er 20. søndag etter pinse i dag, og teksten er ei forkorta utgåve av forteljinga frå Johannesevangeliet. Ein bør helst lesa heile kapittelet for å få med seg alle poenga i teksten. I forslaget til ny tekstbok for Den norske kyrkja er denne teksten flytta til 4. søndag i openberringstida (2. rekkje).
Posta av Arne Berge 




