Den treeine Gud

Det er Treeiningssøndag (bokmål: treenighetssøndag) i dag. Eg markerer dette, også dette året, med å gjengje den nikenske truvedkjenninga, ein svært viktig tekst med tanke på den felles kristne trua på den treeine Gud: Far, Son og Heilagande.

Vi trur på éin Gud, den allmektige Far, som har skapt himmel og jord, alt synleg og usynleg.

Vi trur på éin Herre, Jesus Kristus, Guds einborne Son, fødd av Faderen før alle tider, Gud av Gud, ljos av ljos, sann Gud av sann Gud, fødd, ikkje skapt, av same vesen som Faderen. Ved han er alt skapt. For oss menneske og til vår frelse steig han ned frå himmelen, og ved Den Heilage Ande og av Maria møy vart han menneske av kjøt og blod. Han vart krossfest for oss under Pontius Pilatus, Leid og vart gravlagd, stod opp tredje dagen etter Skriftene og fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Faderen, skal koma att i herlegdom og døma levande og døde, og hans rike skal vera utan ende.

Vi trur på Den Heilage Ande, som er Herre og gjer levande, som går ut frå Faderen og Sonen, som vert tilbeden og æra saman med Faderen og Sonen, og som har tala gjennomprofetane. Vi trur på éi heilag, allmenn og apostolisk kyrkje. Vi vedkjennest éin dåp til forlating for syndene og ser fram til oppstoda av dei døde og eit liv i den komande verda.

Det er mange tekstar frå Bibelen som har det trinitariske perspektivet med. Eg syns den paulinske velsigninga er flott:

Herren Jesu Kristi nåde, Guds kjærleik og Den heilage andens samfunn vere med dykk alle! (2. Kor 13,13)

Legg att eit svar