Det felleskristne

Fr Arnfinn Haram har lagt ut eit interessant manus på bloggen sin. Tittelen er Kva er det felleskristne? Dette er manus frå eit foredrag han nyleg har halde på Blå Kors sin årskonferanse. Den katolske bror Arnfinn skriv som vanleg godt. Her er eit lite utdrag:

I eit protestantisk dominert miljø som det norske, har ’det felleskristne’ lett blir konsentrert –eller redusert – til nokre enkle parolar: -Bibelen! Jesus! Nåden!

JA til alt dette – men vi lever i ei tid der fornkla slagord/honnørord ikkje er nok. Dei kunne fungere så lenge den den overleverte, vanlege kristendomen og kristendomskunnskapen låg som eit grunn-nivå i landet/kulturen, innmura i sjølve det norske byggverket – av den historiske kyrkja både før og etter Reformasjonen.

Den tida er no forbi – både i samfunnet og i kyrkjelivet.
Vi treng tjukkare og djupare/lengre røter!

Når han skriv om tjukkare røter, skriv han om treeiningslæra og kristologien. Når han skriv om lengre røter, skriv han om tradisjonen positivt forstått som overlevering frå NT og oldkyrkja. Sjølv om noko av det han skriv her først og fremst vil bli applaudert av katolikkar, er det meste nettopp felleskristent!

Les heile foredraget her.

Legg att eit svar