Kristi Himmelfartsdag
Eg feirar Kristi Himmelfartsdag i dag. Dette er ein kristen heilagdag som blant anna handlar om samanhengen mellom den synlege og den usynlege verda. Det er ein dag som handlar om at den usynlege Jesus er nær. Eg tar med litt av det eg skreiv om denne dagen for eit par år sidan her på bloggen:
Men kva kan det bety at han blei tatt opp til himmelen?
Først litt om kva det ikkje betyr: Eg trur ikkje dette har med at han forsvann ut i himmelrommet, bak skyene. Det er ikkje snakk om noko som kunne likna på ei romferd. For eg trur ikkje at himmelen i kristen språkbruk er det same som universet, slik at me skulle kunna lokalisera Gud ein eller annan stad i universet.
Ordet himmel betyr to ting. På engelsk har me forskjellen mellom sky og heaven. På norsk brukar me det same ordet i begge tydingane. Eg trur himmelen (heaven) er ei usynleg verd som er like verkeleg som den synlege verda. I den hendinga som me kallar Jesu himmelferd tok han det endelege steget tilbake frå den synlege verda til den usynlege verda, som me også kallar Guds rike.
Det var frå denne usynlege verda han kom då han blei født som eit lite barn i Betlehem. Og det var tilbake til denne verda han gjekk då han forlét disiplane på Kristi Himmelfartsdag. Vegen mellom himmel og jord er opna av Jesus. Han har gått den vegen i begge retningar. I jula seier me at himmel og jord møtest i barnet Jesus i Betlehem. På same måte fekk disiplane eit glimt av dette møtet, då Jesus blei tatt bort for auga deira.
I tida mellom Jesu oppstode på påskedagen og hans himmelferd gjekk han på ein måte ut og inn av den usynlege verda. Han viste seg fleire gonger for disiplane og for andre som trudde på han, men han var ikkje lenger saman med dei slik han hadde vore før korsfestinga. (Les meir)
Her er ei bøn for dagen:
Jesus Kristus! Du er i din himmel bak tid og rom, og likevel så nær oss at vi kan høyra deg når du talar til oss. Send oss Anden din med liv og kraft, så vi får opna våre auga og sinn og får sprengt våre snevre grenser og band. Gjev oss glede og frimod til å vitna for alle folk på jorda om din siger og om livet i deg, til du sjølv kjem, synleg for alle, for å gjera fiendane til inkjes og overgje Riket og Makta til din Gud og Far. Han vere lov og pris frå æve til æve. (Bøneboka nr 333).


