Jerusalems 10 pÃ¥ topp

Jerusalem må vera ein av dei mest spennande byane i verda! Byen som ligg oppe i fjella i Israel, 800 meter over havet, har ein heilt spesiell posisjon både religiøst, politisk og historisk. Den har ei 3000-årig historie. Det er ein fantastisk by å gå rundt i, det er alltid noko nytt å oppdaga. For meg er den delen av historia som er knytt til Bibelen og til kyrkjehistoria mest interessant.

Biblical Archaeology Society har laga eit lite hefte med The Glories of Jerusalem, The Top Ten Sites in the Holy City.

“10 pÃ¥ topp”-lista er sett opp av bibelforskaren Jerome Murphy-O’Connor. Eg vil i tida framover skriva om desse ti høgdepunkta i Jerusalem. Eg begynner med det han plasserer pÃ¥ 10. plass og arbeider meg oppover pÃ¥ lista til nr 1.

Murphy-O’connor har blant anna har skrive den store arkeologiske guiden eg ofte har hatt med meg rundt i Israel. DÃ¥ eg hadde studieopphald i Jerusalem og arbeidde med Jesu lidingshistorie, oppsøkte eg han pÃ¥ Eqole Biblique og fekk ein samtale om arkeologiske spørsmÃ¥l knytt til lidingshistoria. Han var lyttande til kva eg var interessert i og kom med tydelege synspunkt pÃ¥ problemstillingane mine. Elles gav han meg ein del tips om litteratur og fortalde ogsÃ¥ om institusjonen der han arbeider. Interessant!

Oppdatering: Eg har til nå skrive om

Leave a Reply