Denne veka har eg hatt gleda av å treffa Owe Wikström og å høyra to foredrag av han. Eg nemnte tidlegare at eg i forkant av dette fann fram boka Leve langsomheten, for å sjå om igjen på noko av det han har skrive. Dermed har denne veka blitt mykje prega av hans tankegang.
Torsdag kveld hadde eg ansvar for eit arrangement i domkyrkja der Wikström hadde foredrag, nettopp med temaet Leve langsomheten. Han henta fram stoff frå boka ut frå disposisjonen rastløshetens anatomi, ikkje arbeidsrelatert stress og kyrkja som motkultur. Du kan lesa meir om innhaldet og om inntrykk frå kvelden på nettsida til Stavanger bispedømme og på bloggen til Bjørnar. Eg bør kanskje også ta med at tittelen Leve langsomheten først og fremst er ein hyllest til langsomheten. Originaltittelen er Långsamhetens lov, altså lovprising!
Dagen etter hadde Wikström foredrag for alle prostane og biskopane i landet, på ein nasjonal prostekonferanse som har vore arrangert denne veka i Stavanger. Temaet hans var Innsikt og dømmekraft, og han snakka om å vera leiar i ein kyrkjeleg samanheng. Det var eit innhaldsrikt foredrag og eg har heldigvis gjort meg nokre notat som eg kan ta vare på. Eg skal ikkje gå i detalj her, men bare ta med dette:
Presterollen har mange dimensjonar. Wikström trakk fram desse fem: den handverksmessige, den institusjonelle, den personlege, den teologiske og den trusmessige. I forhold til dei to siste dimensjonane, peika han på kor viktig det er, nettopp for ein prest, å bearbeida forholdet mellom teologi og tru. Betydninga av den åndelege samtale om trua sitt innhald er eit underkommunisert perspektiv i vår tid. Det er viktig å finna gode samtalepartnarar og å skapa mentale rom der ein kan setja ord på trua. “Eg veit ikkje kva eg trur før eg har sagt det!”




