Skartveit om bibelspråket

Andreas Skartveit har i dag ein kommentar i Stavanger Aftenblad der han skriv om den betydninga Bibelen har som grunnlag for språket. Som vanleg kjem han med interessante refleksjonar. Han har lese boka Svenskhetens Historia av Göran Hägg, som tydeleg har gjeve han ein del innspel frå svensk språkhistorie, vidare skriv han om Vulgata og om King James Version.

Når det gjeld King James, har eg aldri kome på at den skulle ha “kanskje det vakraste bibelspråket som er laga”. Kanskje det er eg som ikkje har auge å sjå med? Men han har fått med seg at denne bibelutgåva, som tekst, er svært mangelfull, då den ikkje byggjer på eit vitskapleg arbeid med å finna den best moglege grunnteksten.

Eg siterer frå avslutninga av kommentaren, der Skartveit også trekk inn nynorsken som bibelspråk:

Om bibelen har tapt posisjon i vår sekulære verd, så lever han vidare, i kunst, språk og historie, ofte på uventa vis. Det kan kanskje vere på sin plass å minne om det når vi akkurat har fått den første biografien om filologen, bibelomsetjaren og salmediktaren Elias Blix.

Vi og vårt bibelspråk har ei anna historie enn svenskane. Vårt bibelspråk var dansk då det svenske språket vart til. Hos oss hende det lite før Ivar Aasen. Så fekk vi vår målrørsle, som vi er åleine om i Norden. Og kanskje det var i kyrkja, med bibelspråket og salmane, at målrørsla henta dei største sigrane. Sjølv har eg site i ei Oslokyrkje 17. mai der vi song tre nynorsksongar. Slik skulle det vere, og eg trur kanskje eg var den einaste som la merke til det.

Då Bodø-Glimt spela cupfinale på Ullevål, song publikum unisont «Å eg veit meg eit land». Som på Wembley: «Abide with me». Elias Blix i fotballfinale på Oslo vestkant. Det er språkhistorie, bibelspråkhistorie og salmespråkhistore, for å vere nøyaktig. Kort sagt: Historie.

Eg sender samtidig ein gratulasjon til Anders på BlixBlog for enda ein positiv omtale av Blixbiografien.

Legg att eit svar