I dag har eg vore vikarprest i Bryne kyrkje. Det var gildt. Eg har vore prest her i mange år og bur jo her framleis. Denne søndagen blir kalla hyrdesøndagen, etter som tema for dagen er hyrde/gjetarmotivet som me finn fleire stadar i Bibelen. Preiketekst i dag var Salme 23, ein av dei mest kjente tekstane frå Det gamle testamentet.
Ein Davids-salme.
Herren er min hyrding,
det vantar meg ingen ting.
Han lèt meg liggja i grøne enger;
han fører meg til vatn der eg finn kvile,
og gjev meg ny kraft.
Han leier meg på dei rette stigar
for sitt namn skuld.
Om eg så går i dødsskuggens dal,
ottast eg ikkje for noko vondt.
For du er med meg.
Din kjepp og din stav,
dei trøystar meg.
Du dukar bord åt meg
framfor augo på mine fiendar.
Du salvar mitt hovud med olje;
mitt staup fløder over.
Berre godleik og miskunn
skal fylgja meg alle mine dagar,
og eg skal bu i Herrens hus
i lange tider.
Her er ei litt forkorta utgåve av preika mi:
Bakgrunnen for denne teksten var at David var hardt pressa. Kong Saul var blitt fienden hans og David hadde måtta rømma ut i ørkenen nede ved Dødehavet. Han hadde fiendar som stod han etter livet, og likevel har han ein sterk tillit til Gud og trygghet gjennom trua si.
Denne teksten står i GT. Her er det Gud sjølv som er hyrdingen, eller gjetaren. I NT vidarefører Jesus dette bildet, og brukar det om seg sjølv: Eg er den gode gjetaren. Eg set livet til for sauene.
Koss tenkjer me når me høyrer slike uttrykk?
Eg trur mange umiddelbart vil tenkja i retning av omsorg og trygghet. Eg syns orda om å liggja i grøne enger, om å finna vatn der eg kan finna kvile og om å bli leia på dei rette stiane, er naturskildringar som talar sterkt til meg om gleda ved å stola på Gud. Davidssalmen brukar bilder som eg kjenner som lyse og gode, og for meg er gudstrua någe som først og fremst har med livsglede å gjera.
Likevel er det slik at me menneske også kjennar sterkt på kontrastane i livet, ikkje minst i møte med ein slik bibeltekst:
· På den eine sida har eg eit trygt og omsorgsfullt bilde til Gud.
· På den andre sida kjem tankar omkring alt det smertefulle som menneske opplever i ulike samanhengar. Vonde ting som har skjedd i livet. Dei mange ubesvarte spørsmåla som mange sit med.
Er det slik at salmen med det kjente uttrykket Herren er min hyrding først og fremst er blitt eit glansbilde? Og glansbilder har lett for å falma.
Det finst mange glansbilder av Gud og av Jesus, både i bokstavleg og i overført betydning. Og dermed er det nok mange menneske som først og fremst hadde eit glansbilde av Gud, som opplever at han ikkje er så viktig lenger, som opplever at forventningane om hjelp og styrke med åra er redusert, som kjenner seg bortkomne, i alle fall i forhold til Gud.
Til den som kjenner det slik, vil eg seia at bildet med Herren som hyrdingen/gjetaren slett ikkje er eit glansbilde. Det er eit spennande bilde som seier någe om nærver.
På den tida då teksten blei skriven, var gjetaryrket eit hardt yrke. Deira oppgåve var nødvendig nettopp fordi livet som sau ikkje var någen idyll. Det var tjuvar som var ute etter dyra, og det var rovdyr som ville ta dei. Midt i dette levde gjetarane.
I språket vårt har me eit uttrykk: ”i desse ulvetider”. Ordboka mi forklarer ordet slik:
Ulvetid – ei uttrygg, hard og brutal tid
Salme 23 blei skriven i ei ulvetid. Den som har auge å sjå med, ser at me òg lever i ei slik tid. Dagsrevy og andre nyhetssendingar sender dette rett inn i heimane våre. Og menneskesinnet viser seg igjen og igjen å kunna innehalda alt, frå det mest grusomme til det mest edle og sjølvoppofrande. Me treng ikkje gå til internasjonale nyheter for å finna ting som tyder på at me lever i ei ulvetid. Også i vår nærhet opplever folk mykje vondt. Det kan vera oppleving av at livet er utan meining. Det kan vera øydelagte familieforhold. Det kan vera alvorleg sjukdom og død.
Dette er våre liv. Dette er vår tid. Me lever i kontrastane sin samanheng. Verda er både god og vond. Og menneska oppfører seg både godt og vondt. Inn i denne samanhengen lyder orda til oss:
Herren er min hyrding,
det vantar meg ingen ting.
Han lèt meg liggja i grøne enger;
han fører meg til vatn der eg finn kvile,
og gjev meg ny kraft.
Teksten frå Salme 23 er ikkje er ei skildring av ein urealistisk idyll, men ei skildring av Guds nærhet og hans omsorg midt i livet, også når me møter det vonde. Trua på Gud er ikkje ei glansbildetru, men ein relasjon til han som er Skapar, Frelsar og Livgjevar, han som vil vera nær deg i ditt liv, han som vil vera din hyrding, midt i kvardagen.
Eg nemnte at Jesus tar fram bildet frå GT, og bruker gjetarbildet om seg sjølv.
Eg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene. Men leigekaren, som ikkje er gjetar og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømmer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. For han er leigekar og har ikkje omsorg for sauene. Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, slik som Far kjenner meg, og eg kjenner Far. (Joh 10,11 ff)
Når Jesus brukar uttrykket den gode gjetaren om seg sjølv, er det nettopp for å framheva at han er nær i alle ulvetider, også i vår tid. Han oppfyller orda frå GT. Og ikkje bare det at han er nær, han er frelsaren som er sterkare enn alle dødskreftene, han er den som skapar nytt liv og som vil føra menneske heilt fram til Guds nærhet.
Det er også eit bodskap som er aktuelt i forhold til dåpen og dåpsbarna. De som står dei to dåpsbarna aller nærast, har nok mange draumar og håp for dei. De tenkjer på framtida deira, kva slags liv skal dei få?
I den samanhengen er det viktig å halda fast på at Gud gjennom dåpen i dag har tatt dei inn i sitt rike. Dei har fått tilhørighet til Gud, han som er den store hyrdingen. Og dei er tatt inn i kyrkja, det store fellesskapet av Guds barn. Der skal dei få leva, der skal dei veksa opp, i tru på Jesus Kristus, han som har opna døra til Guds Rike for oss. Trua har dei fått i gåve i dag. Det er grunnleggjande viktig at dei får leva i denne trua på Jesus, og at dei gjennom dåpen og trua får den tryggheten som Gud vil dei skal leva i.
Men tryggheten som Gud vil me skal leva i, er ein trygghet som gjeld i alle livets forhold. Det er ein trygghet som gjeld like møje i smerte som i glede. Gud er ikkje eit glansbilde. Det kan me ta med oss, også i møte med barna. Det er viktig å snakka sant om livet og om trua med barna når dei veks opp. Og me kan vera trygge på at sanninga aldri fører bort frå Gud!
Dødsskuggens dal
Dette uttrykket seier at den som høyrer Herren til er trygg på grunn av Guds omsorg også i møte med det vonde og vanskelege. Ei anna og kanskje meir direkte omsetjing av den hebraiske teksten ville vera: ”i mørkaste dal”. Men uttrykket dødsskuggens dal har festa seg i norsk bibelspråk slik at ein har halde på det. Tida vil visa om den nye bibelomsetjinga heller skriv i mørkaste dal.
Som prest har eg møtt menneske i sorg i mange ulike samanhengar og situasjonar. Eg har erfart at denne teksten har evne til å tala inn i dei aller vanskelegaste stundane! Den fortel om at Herren Gud kjenner oss og veit koss me har det. Dette er ein tekst som har någe viktig å seia oss når me opplever smerte og savn, ja, heilt inn i den alvorlege sjukdom og i møtet med døden. Salmen talar om Guds vernande hand, om hans makt og om hans omsorg.
Det finst ein grunn som held, også når me er i vår mørkaste dal, når me kjenner at me ikkje maktar meir. Det er trua på Jesus Kristus. Han som sjølv gjekk inn i liding og død for vår skuld, og som gjennom oppstoda på påskedagen fullførte sitt frelsande verk. Han sa sjølv: ”Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy.”
I Herrens hus
Teksten sluttar med ein trygghetserklæring rett etter at han taler at han har fiendar rundt seg:
Berre godleik og miskunn
skal fylgja meg alle mine dagar,
og eg skal bu i Herrens hus
i lange tider.
Kva betyr ordet ”Herrens hus” her?
For oss er det kanskje naturleg først å tenkja på kyrkjebygget? Og at denne teksten handlar om å høyra heime her i kyrkja vår. Det er jo ein flott tanke. Og i GT-samanheng kunne me då tenkja oss at dette dreier seg om tempelet i Jerusalem og det å vera der alltid.
Men ordet hus betyr på hebraisk meir enn ein bygning. Det kan bety hus og det blei brukt om tempelet. Men det betyr også hushaldning, slekt og familie.
Denne breie betydninga av ordet hus er brukt i eit interessant og viktig ordspel i GT. David ønskte å byggja eit hus for Herren, altså eit tempel, men Gud seier til han at det skal skje i neste generasjon, av kong Salomo. Men så forkynner Gud gjennom profeten Natan at Herren sjølv vil byggja eit hus for David!
Og no forkynner Herren deg at han vil byggja eit hus åt deg. Når tida di er ute, og du kviler hjå fedrane dine, då vil eg etter deg reisa opp din eigen son og etterkomar, og eg vil grunnfesta kongedømet hans. Han skal byggja eit hus åt namnet mitt, og eg vil tryggja kongsstolen hans til evig tid. (…) Ditt hus og ditt kongedøme skal alltid stå fast for mitt åsyn, og din kongsstol skal stå støtt til evig tid. (2. Sam 7,11-13 + 16)
Etter at David har bede Gud om å få byggja eit hus for han, seier Gud at han skal byggja eit hus for David! Mens David tenkjer på ei bygning, talar Gud om ei slekt. Det som er interessant, er at dette sidan er tolka om Messias. David son Salomo bygde tempelet i Jerusalem. Men Jesus, som var av ”Davids hus og ætt” som det står i juleevangeliet, og som også blir kalla Davids son, han skulle byggja ferdig det egentlige Guds hus, nemleg Guds familie.
På denne bakgrunn kan me også lesa dette:
Berre godleik og miskunn
skal fylgja meg alle mine dagar,
og eg skal bu i Herrens hus
i lange tider.
Då vil eg igjen minna om det store som skjedde i dåpen i dag. Dåpsbarna blei i dag ein del av Herrens hus, av Guds familie. Det er vårt håp at dei gjennom heile livet skal få leva i den tilliten som er skildra i Salme 23.
Teksten handlar altså om å høyra til hos Gud! Alle me som er døypte er tatt inn i Guds hus og familie. Der skal me få leva våre liv i tillit, både i lyse og lette dagar og når livet kjennest tungt og vanskeleg. Me kan vera trygge fordi me uansett har den store hyrdingen/gjetaren, Jesus Kristus, tett ved sida vår i kvardagen.