Eg trur aldri eg har sett Månafossen så stor som i dag! Det var bare heilt utrulege mengder med vatn som kasta seg utfor det 90 meter høge fossefallet.
Det tar 30-40 minutt å gå inn til Friluftsgarden Mån frå parkeringsplassen, og undervegs passerer me den flotte fossen. Me tok ein ettermiddagstur dit etter gudstenesta i dag, saman med gode turvenner. Veret var grått, men betre enn vermeldinga skulle tilseia.
Eg trivst godt på Mån, og det var kjekt å ta denne turen i dag. Det var faktisk over eit år sidan eg var der sist.



