I gudstenesta i dag preika eg over søndagens tekst frå Johannesevangeliet, forteljinga om bryllupet i Kana der Jesus gjorde vatn til vin. Som ein del av førebuinga mi, fann eg for nokre dagar sidan fram ein del litteratur om denne bibelteksten. Eg las blant anna den danske diktarpresten Kaj Munk (1898-1944) sin versjon av historia og blei så fascinert at eg ville la kyrkjelyden få del i den. Eg lét derfor første halvdelen av preika i dag vera eit utdrag frå hans preike og gjekk deretter sjølv nærere inn på nokre ord og uttrykk i teksten for så å forkynna evangeliet ut frå dette.
Preiketeksten for i dag (2. søndag etter Kristi Openberringsdag) står skrive hos evangelisten Johannes:
Tredje dagen var det eit bryllaup i Kana i Galilea. Mor til Jesus var der. Også Jesus og disiplane hans var bedne. Då det var slutt på vinen, sa Jesu mor til han: «Dei har ikkje meir vin.» «Kva vil du meg, kvinne?» svara Jesus. «Min time er enno ikkje komen.» Då sa mor hans til tenarane: «Det han seier dykk, skal de gjera.» No stod det seks vasskar av stein der, slike som blir nytta i reinsingsskikkane til jødane. Kvart av dei tok to eller tre anker. «Fyll kara med vatn,» sa Jesus. Og tenarane fylte dei til randa. Så sa han til dei: «Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren.» Det gjorde dei. Kjøkemeisteren smaka på vatnet, som hadde vorte til vin. Han visste ikkje kvar vinen kom frå, men tenarane som hadde aust opp vatnet, visste det. Då ropa han på brudgomen og sa: «Alle set først fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den som er dårlegare. Du har gøymt den gode vinen til no.» Dette var det første teiknet Jesus gjorde; det var i Kana i Galilea. Han openberra sin herlegdom, og disiplane hans trudde på han. (2,1-11)
Eg vil i dag dela med dykk eit utdrag frå preikesamlinga Med ordets sverd. Her finn me den danske diktarpresten Kaj Munk si 65 år gamle preike frå 1942 over denne teksten.
Kaj Munk skriv at Jesus har glimt i auga i forteljinga om bryllupet i Kana. Det kan nok absolutt vera sant, men eg vil seia at eg syns dette fine uttrykket for god humor òg er passande for preikeformen til diktarpresten sjølv! Han maler teksten med eit glimt i auga, så historia stig levande fram for oss.
Posta av Arne Berge 




