Født i Betlehem eller i …?

Denne jula (2006) har det vore ei rekke medieoppslag om kvar Jesus «eigentleg» blei født. Det viser seg å vera godt stoff. Men det er viktig å vera merksam på at me finn heile spekteret frå fagleg interessante artiklar til det eg vågar å kalla useriøs vidareformidling (kvitvasking?) av heller tvilsame teoriar.

Denne jula (2006) har det vore ei rekke medieoppslag om kvar Jesus «eigentleg» blei født. Det viser seg å vera godt stoff. Men det er viktig å vera merksam på at me finn heile spekteret frå fagleg interessante artiklar til det eg vågar å kalla useriøs vidareformidling (kvitvasking?) av heller tvilsame teoriar.

Hald fram med å lese «Født i Betlehem eller i …?»

Mysterium

Eg trur det er rett å seia at ordet mysterium har vore eit relativt ubrukt ord i norsk, kyrkjeleg språkbruk. Eigentleg ganske merkeleg, for eg syns ordet dekkjer noko som er viktig for meg i møte med det eg ikkje kan forstå. Kanskje har mange, inntil for få år sidan, vore redde for å bruka … Hald fram med å lese «Mysterium»

Eg trur det er rett å seia at ordet mysterium har vore eit relativt ubrukt ord i norsk, kyrkjeleg språkbruk. Eigentleg ganske merkeleg, for eg syns ordet dekkjer noko som er viktig for meg i møte med det eg ikkje kan forstå. Kanskje har mange, inntil for få år sidan, vore redde for å bruka ordet i misforstått angst for alt som luktar "katolsk"?

Den forrige omsetjinga frå Bibelselskapet (NO 78/85) brukte bare ordet éin gong, i Ef 5,32. Den nye omsetjinga, NT05, har i større grad tatt ordet inn i bibelspråket, og les f eks Paulus sine ord i 1. kor 2,1 slik:

Då eg kom til dykk, sysken, var det ikkje med meisterskap i talekunst eller visdom eg forkynte Guds mysterium.

Ordforklaringane bak i NT05 knyter blant anna ordet til Guds frelsesplan:

Det greske ordet mystærion kan omsetjast med både "mysterium" og "løyndom". Omsetjinga "løyndom" legg mest vekt på at denne frelsesplanen har vore løynd, medan "mysterium" får sterkare fram det uutgrunnelege ved det. Det kristne mysteriet er ikkje ei løyndomsfull innsikt for særskilt innvigde, men ein offentleg, open løyndom. Dei kristne legg mysteriet ope fram og forkynner det med vanlege ord, ikkje med eit hemmeleg språk.

Eivind Skeie har nå i jula lagt ut julesalmen Mysterium på bloggen sin. Eit av versa begynner slik:

Mysterium! Jeg bøyer meg
for menneske og Gud,
og tilber gåten som er skjult
bak barnets tynne hud.

Eg syns det er flott at han knyter ordet mysterium til julebodskapen. Les heile salmen her!

Ignatius om Betlehemsstjerna

Forteljinga om "Betlehemsstjerna" har nok alltid fascinert menneske som har lese Matteusevangeliet. Den eldste kjente refleksjonen over stjerna finn me i Ignatius sitt brev til efesarane kap 19, skrive ca 110 e Kr.    Marias jomfrustand og hennes nedkomst var skjult for denne verdens fyrste, Herrens død likeså. Det er de tre hemmeligheter som roper … Hald fram med å lese «Ignatius om Betlehemsstjerna»

Forteljinga om "Betlehemsstjerna" har nok alltid fascinert menneske som har lese Matteusevangeliet. Den eldste kjente refleksjonen over stjerna finn me i Ignatius sitt brev til efesarane kap 19, skrive ca 110 e Kr.   

Marias jomfrustand og hennes nedkomst var skjult for denne verdens fyrste, Herrens død likeså. Det er de tre hemmeligheter som roper høyt og som ble satt i verk under Guds taushet. (19,1)

Hvordan ble de så åpenbart for verden? En stjerne på himmelen overstrålte alle stjernene, og dens lys var ubeskrivelig. Den var noe helt nytt som skapte undring. Og alle de andre stjerner sammen med sol og måne dannet et kor omkring denne stjernen, men selv overstrålte den alle med sitt lys. Det oppstod bestyrtelse: Dette nye, så ulikt dem selv, hvor kom det fra? (19,2)

Resultatet ble at alle svartekunster gikk i oppløsning, og alle ondskapens lenker ble tilintetgjort. Uvitenhet ble utryddet, og det gamle herreveldet ble tilintetgjort da Gud ble åpenbart i menneskelig skikkelse for å bringe det nye som gir evig liv. Og det som var gjort ferdig hos Gud fikk sin begynnelse. Fra da av kom alle ting i bevegelse fordi tilintetgjørelsen av døden nå ble iverksatt. (19,3)

Ignatius er ein av dei apostoliske fedrane, og hans sju brev er blant dei eldste kristne skriftene som ikkje står i NT. Ignatius var biskop i Antiokia, og breva hans blei skrivne då han blei ført som fange til Roma under keisar Trajan (98-117).

Den norske omsetjinga (ved Martin Synnes) finn me i De apostoliske fedre, redigert av Ernst Baasland og Reidar Hvalvik, Luther forlag 1984.

Kyrkjehistoriske tabellar

På NLA sine kyrkjehistoriske fagsider finst det bl a kyrkjehistoriske tabellar over ulike tidsperiodar og tema, f eks oversikt over oldkyrkja (30-500 e Kr)

På NLA sine kyrkjehistoriske fagsider finst det bl a kyrkjehistoriske tabellar over ulike tidsperiodar og tema, f eks oversikt over oldkyrkja (30-500 e Kr)

Gledeleg jul!

Det er juledags morgon, og eg nyttar høvet til å dela den gode og gamle helsinga gledeleg jul med deg! Eg gjer det med eit lite utdrag frå den gamaltestamentlege teksten for denne høgtidsdagen: For eit barn er oss født,ein son er oss gjeven.Herreveldet kviler på hans aksler,og han skal kallast:Underfull Rådgjevar, Veldig Gud,Evig Far, … Hald fram med å lese «Gledeleg jul!»

Det er juledags morgon, og eg nyttar høvet til å dela den gode og gamle helsinga gledeleg jul med deg! Eg gjer det med eit lite utdrag frå den gamaltestamentlege teksten for denne høgtidsdagen:

For eit barn er oss født,
ein son er oss gjeven.
Herreveldet kviler på hans aksler,
og han skal kallast:
Underfull Rådgjevar, Veldig Gud,
Evig Far, Fredsfyrste.
(Jes 9,6)

Krubba i juleevangeliet

Eg er heime etter å ha forretta ved tre gudstenester nå på julaftan (2006). Først to familiegudstenester med masse barn til stades, og så ei meir stille og «vaksen» gudsteneste til slutt. Det er flott å vera i kyrkja ein slik dag. Her kjem folk i alle aldrar og feirar Jesu fødsel. «Nå vandrer fra hver en verdenskrok, i ånden frem, i ånden frem, et uoverskuelig pilgrimstog mot Betlehem, mot Betlehem.»  Ca 1200 menneske har vore til gudsteneste i Bryne kyrkje i dag. Og i morgon er det høgtidsgudsteneste, der me også reknar med meir folk enn vanleg.

Kyrkja er pynta til fest, – nye folk har tatt ansvar og gjort det på sin flotte måte. Og nytt av året var også ein stor stall med krubbe og høy, som barna kunne koma fram og setja seg inn i.

Men først og fremst er julaftan feiringa av at Gud blei menneske, i eit lite barn i ei krubbe. Derfor tar eg med litt stoff om juleevangeliet her på bloggen i kveld. Det er mange interessante detaljar i denne bibelteksten, og utruleg mange trådar som kan trekkjast til andre bibeltekstar. I dag vil eg skriva litt om krubba som Jesus blei lagt i.

(Julemiddagen er snart klar, gjestene har kome og storfamilien på 12 skal snart gå igang med den meir private delen av feiringa. Heldigvis hadde eg skrive dei følgjande tankane tidlegare i dag.)

Juleevangeliet (Luk 2,1-20) kan delast i tre hovuddelar:

  1. Jesu fødsel (v 1-7)
  2. Bodskapen (v 8-14)
  3. Reaksjonen (v 15-20)

Sentrum i teksten er det som står i vers 11:

«I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.»

Lukas fortel at den nyfødde frelsaren blei lagt i ei krubbe. Det kan faktisk verka som om det var svært viktig for han å få fram kvar Jesus blei lagt. Krubba er med i alle dei tre hovuddelane av teksten (v. 6, 12 og 16). Og Lukas er nøye med skildringa; barnet blei sveipt og lagt i ei krubbe, fordi dei ikkje fann husrom nokon stad.

Me kan leggja merke til at Lukas verken nemner herberget eller stallen! Det mykje omtalte herberget, der det ikkje var ledig rom, har nå også forsvunne ut av den nyaste norske omsetjinga av Bibelen. Ordet som tradisjonelt har vore omsett med «herberge», er katalyma. Det brukest til vanleg om gjesterommet i eit privathus, eit rom som ofte låg i andre etasje over staden der dyra var. Og dyra var ikkje i ein norsk stall, men i eit rom i huset eller i ei grotte i tilknyting til huset.

Eg har høyrt mange forklaringar og utleggingar om korfor Maria og Josef ikkje fann husrom nokon stad. Men dette skriv faktisk ikkje Lukas noko om. Slike innleggingar i teksten skapar sjølvsagt liv i dei mange dramatiseringane av juleevangeliet (og dette er noko eg likar å vera med på!), men akkurat nå vil eg heller sjå på kva teksten faktisk seier og den bibelske bakgrunnen for dette.

I adventstida i år har eg arbeidd med The Birth of the Messiah av Raymond E. Brown. Dette er ein svær kommentar og eg har ikkje hatt tid til å lesa heile boka (eg kjøpte den på antikvariat i Tel Aviv i haustferien). Eg tar i det følgjande med nokre tankar som eg har funne hos Brown (s 418 ff).

Jesus født i fattigdom?

Han poengterer at krubba i juleevangeliet slett ikkje treng vera eit teikn på at Jesus var født i fattigdom i forhold til den tids levestandard, men at ho først og fremst er ei underleg og oppsiktsvekkjande plassering av eit nyfødt barn og derfor eit teikn for gjetarane.

Ei anna sak er at Jesus blei født «i fattigdom» då han, som Guds evige Son, lét seg føda inn i vår verd som eit vanleg menneske. Her er eit par bibelsitat som seier noko om dette:

Han var i Guds skapnad (…)
men han gav avkall på sitt eige,
tok ein tenars skapnad
og vart menneske lik.
(Fil 2,6-7)

De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle bli rike. (2. kor 8,9)

Bibelsk bakgrunn for krubba?

Jes 1,3 er ein viktig bakgrunn for krubba i juleevangeliet:

Ein okse kjenner sin eigarmann,
og eit esel krubba åt herren sin.
Men Israel kjenner ingen ting,
mitt folk er utan skjøn.

Lukas si forteljing opphevar denne domen over Israel, seier Brown. Gjetarane blir sendt til krubba for å finna Herren som er ei kjelde til glede for heile Israelsfolket. Dei finn barnet i krubba og dei byrjar å prisa Gud. Med andre ord; Guds folk har begynt å kjenna «krubba åt herren sin».

Eit barn som er sveipt

Kanskje det manglande husrommet (Luk 2,7) kan ha ein samanheng med orda i Jer 14,8, adressert til Israels herre og frelsar?

… kvifor er du som ein gjest i landet,
lik ein ferdamann som berre stoggar for ei natt?

Brown peiker på at Israels herre og frelsar nå ikkje kjem som ein framand som treng husrom/herberge for ei natt. Sveipinga kan vera eit teikn på at Israels Messias ikkje er eit utskot i folket, men tvert imot at barnet blir tatt i mot på ein omsorgsfull og passande måte.

I Visdommens bok 7,3 ff står desse orda, tillagt kong Salomo:  «Da jeg kom til verden, begynte jeg å puste den samme luft som alle andre. Jeg ble lagt på den samme jord, og som hos alle andre nyfødte var min første lyd et skrik. Jeg ble reivet og stelt med, for slik begynner også kongen livet. Inngangen til livet er ens for alle; utgangen likeså.» (Visdommens bok er ei av dei apokryfe bøkene som er med i nokre bibelutgåver. Dette er jødiske skrift frå tida mellom GT og NT. Du finn dei, dessverre bare på bokmål, på www.bibelen.no viss du merkar av feltet «inkl de deuterokanoniske bøker».)

Brown avsluttar omtalen av krubba med å visa til ein artikkel av Giblin der biletet blir samanfatta slik: Jesus er født i Davids by, ikkje i husrom/herberge som ein framand, men i ei krubbe der Gud stadfestar at folket er hans folk. Og sveipinga svarar til hans kongelege rolle.

Stoltenberg på heilag grunn

NTB melder i dag 21.12.2006 at statsminister Jens Stoltenberg har besøkt Fødselskyrkja i Betlehem. Det blir meldt at han ikkje har nokon kristen tru, men at han «blei rørt» då han tende lys på Jesu fødestad. Biletet av lys i Fødselskyrkja tok eg då eg var der i haustferien i år. Eg syns det er … Hald fram med å lese «Stoltenberg på heilag grunn»

Frå Fødselskyrkja, Betlehem. Foto: Arne Berge 2006

NTB melder i dag 21.12.2006 at statsminister Jens Stoltenberg har besøkt Fødselskyrkja i Betlehem. Det blir meldt at han ikkje har nokon kristen tru, men at han «blei rørt» då han tende lys på Jesu fødestad.

Biletet av lys i Fødselskyrkja tok eg då eg var der i haustferien i år. Eg syns det er sterkt å koma til denne staden, og interessant nok ser eg at det er det same ordet Stoltenberg grip til når han skal seia kva han tenkjer:

«Alle mennesker kjenner følelser når de er på et slikt sted. Uavhengig av hvilken tro man har, er det sterkt å være et sted som representerer så mye tro for så mange.» (Les meir)

Det er på ein måte som om han står utanfor og kommenterer juleevangeliet, der engelen forkynner at Jesu fødsel er «ei glede for heile folket» (Luk 2,10).

Oppdatering: Les om kyrkja på katolsk.no. Elles er Fødselskyrkja omtalt mange gonger her på bloggen. Sjå det som er lagra med kategorien Betlehem.

Veien til Betlehem

I kveld har eg vore og sett filmen Veien til Betlehem. Jesu barndomshistorie er ei veldig kjent og viktig forteljing, og eg syns det var spennande å sjå koss denne forteljinga var blitt behandla som film. Det er mykje bra å seia om filmen. Spesielt blei eg imponert over Josef, spelt av Oscar Isaac. Tolkninga … Hald fram med å lese «Veien til Betlehem»

I kveld har eg vore og sett filmen Veien til Betlehem. Jesu barndomshistorie er ei veldig kjent og viktig forteljing, og eg syns det var spennande å sjå koss denne forteljinga var blitt behandla som film.

Det er mykje bra å seia om filmen. Spesielt blei eg imponert over Josef, spelt av Oscar Isaac. Tolkninga av Josef fekk fram mange flotte trekk ved denne bibelske personen. Det var også fint å sjå koss livet i Nasaret var skildra. På mange måtar minna bygningane og miljøet meg om Nazareth Village som eg besøkte tidlegare i haust. Eg syns scenene med daglegliv frå Nasaret verka sannsynlege og ekte.

Filmen set også Jesu kome inn i ein større samanheng. Slik sett er det verkeleg ein film for adventstida. Det heile byrjar med eit sitat frå profeten Jeremia (23,5-6) der det står om dagar som skal koma då ein rettferdig spire skal veksa fram i Davidsætta. Det blir gjort klart at den messianske forventninga låg som eit bakteppe i Galilea i tida rundt Jesu fødsel. Samtidig kjem det fram kor annleis Jesu fødsel var i forhold til dei mange forventningane som fanst. Det var slett ikkje venta at Messias skulle koma som eit barn!

Eg syns den delen av filmen som handla om Betlehem, var den svakaste. Dessverre, må eg seia, for dette skulle jo vera høgdepunktet! Josef og Maria kom i følgje filmen fram om natta og han hadde det meir travelt enn eg har forestilt meg med å finna husly før fødselen sette igang. Det var ingen andre menneske ute då dei kom til Betlehem. Jo forresten, det var visst ein mann der, som lot dei få ta inn i grotta der dyra hans var. Men eg fekk heller ikkje seinare inntrykk av at det var levande liv i byen der Jesus blei født! Den nyfødte Jesus fekk besøk av gjetarar og vismenn (samtidig!) og Josef flykta med Maria og barnet til Egypt i siste liten. Alt dette skjedde i rask rekkefølgje, – eg fekk mest inntrykk av at det skjedde i løpet av ei natt …

Herrens engel som kom med viktige bodskap, var fint framstilt. Men kvar blei det av den store himmelhæren som song Gloria på markene utanfor Betlehem?

«Ære vere Gud i det høgste,
og fred på jord
blant menneske som Gud har glede i!»

Trass dette hadde eg alt i alt ei god oppleving i kinosalen. For meg fungerte det som ei annleis levandegjering av den store juleforteljinga. Og dette er jo bibelstoff eg sjølv arbeider mykje med  for tida, gjennom adventsgudstenester og andre samlingar, og gjennom førebuing til julehøgtida i kyrkja.

Oppdatering 15.12: Sjå også Peter T. Chattaways vurdering av filmen på Christianity Today Movies (via NT Gateway Weblog).

Kyrkjefedrane

Desember 2006: Kyrkjefedrane var viktige teologar frå den kristne kyrkja si første tid. Det er i dag ein aukande interesse for kyrkjefedrane i ulike kristne miljø. Eg er visst også ein del av den trenden. Då eg var teologistudent, var Teologins historia av Bengt Hägglund ein tungt fordøyeleg murstein som eg streva meg gjennom. Denne … Hald fram med å lese «Kyrkjefedrane»

Desember 2006:

Kyrkjefedrane var viktige teologar frå den kristne kyrkja si første tid. Det er i dag ein aukande interesse for kyrkjefedrane i ulike kristne miljø. Eg er visst også ein del av den trenden. Då eg var teologistudent, var Teologins historia av Bengt Hägglund ein tungt fordøyeleg murstein som eg streva meg gjennom. Denne hausten har eg tatt meg sjølv i å finna boka fram frå bokhylla (og lesa i den) bare fordi eg hadde lyst!

Denne delen av kyrkjehistoria blir kalla patristikk, dvs læra om kyrkjefedrane, deira liv, skrifter og lære. Nå kan interesserte få hjelp til å orientera seg i bloggar som tar opp patristiske tema gjennom Patristics Carnival. Førsteutgåva av Patristics Carnival, som nyleg er publisert på bloggen hyperekperisou, tar for seg bloggartiklar frå perioden september – november i år.

Hald fram med å lese «Kyrkjefedrane»

Advent

Hosianna! Eit nytt kyrkjeår har begynt i dag. Det er første søndag i advent, og nå har definitivt adventstida begynt. Her i heimen har Inger funne fram fram stjerne til vinduet, sjuarma lysestake, adventspynt og eit  passande utval av julepynten, f eks julekrubbe (ny av året, kjøpt i Betlehem) og englar. Og CD-ane med julesongar … Hald fram med å lese «Advent»

Hosianna! Eit nytt kyrkjeår har begynt i dag. Det er første søndag i advent, og nå har definitivt adventstida begynt.

Her i heimen har Inger funne fram fram stjerne til vinduet, sjuarma lysestake, adventspynt og eit  passande utval av julepynten, f eks julekrubbe (ny av året, kjøpt i Betlehem) og englar. Og CD-ane med julesongar er også framme igjen.

Elles har dagen i dag vore innhaldsrik både i kyrkja og heime, og det har vore lite tid til å gje bloggen særleg merksemd. Eg nøyer meg derfor med å visa til meir utfyllande stoff på bloggen frå starten av adventstida i fjor. Sjå innlegga advent og kyrkjeåret.

Hosianna, Davids son!
Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!
Hosianna i det høgste!
(Matt 21,9)