Byporten var ein viktig møtestad i det samfunnet som me møter i Det gamle testamentet. Biletet viser utgravingane etter byporten i Beer Sheva sør i Israel (Foto: Holy Land Photos).
KPK publiserte tidlegare denne veka ein notis som handla om byportane i det gamle Israel. Notisen byggjer på ein artikkel i det israelske bladet Eretz som fortel at arkeologiske utgravingar dei siste åra har gjeve ny og viktig kunnskap om temaet.
Porten inn til israelske byer var ein viktig sted for vedtak, rettsavgjerder og handel så vel som bustad for fattige.
(…) Fleire har meint at steinstøtter og murar som er funne utanfor portane, bare var teikn på at det her var hestestallar. Men nye undersøkingar peiker på at det ved byportane var eit heilt samfunn.
Utgravingane støttar dermed den oppfatning at når det står i Bibelen at dei ” sat i porten”, tydde det truleg at dei var med i leiargruppa i byen for ikkje å seie bystyret.
Her blei kommunale vedtak gjort, dei avsa dommar og her handla folk. Det hebraiske ordet for port, sha’ar, betyr også vekslingskurs. Og ikkje minst peikar undersøkingar på at fattige hadde sine bustader ved porten, der så mange menneske kom framom.
Utgravingar ved ei rekkje byar, mellom andre Beer Sheva, har vore med og stadfesta oppfatninga av byporten som ein viktig samlingsstad.
Dette er interessant informasjon om den tids bysamfunn. Men eg skulle gjerne visst meir om kva som eigentleg er den nye kunnskapen som har kome fram gjennom utgravingane dei siste åra.
I staden for å fundera meir på dette, vil eg gjerne dela med dykk ein tekst der byporten spelar ei rolle. Teksten er henta frå Ruts bok i Det gamle testamentet. Me er tilbake i Betlehem i domartida, dvs ca 1200-1000 f.Kr. Ruts bok er ei vakker kjærleikshistorie som "fortel om ein truskap som trassar alle hindringar" (frå Bibelvegvisaren bak i Konfirmantbibelen). I dette avsnittet får me høyra koss Rut og Boas blei ektepar. Historia vidare fortel at dei blei oldeforeldra til kong David.
Imedan hadde Boas gått opp til byporten og sett seg der. Då høvde det så at den løysingsmannen som Boas hadde tala om, gjekk framom, og Boas sa: «Kom hit og set deg!» Då kom han og sette seg. No kalla Boas til seg ti menn av dei eldste i byen og sa: «Set dykk her!» Og dei sette seg. Så sa han til løysingsmannen: «No’omi, som er komen heim att frå Moab, vil selja det jordstykket som Elimelek, slektningen vår, åtte. Eg tenkte at eg ville varsla deg om dette og seia: Kjøp det du medan dei er til stades, dei som sit her, medan dei eldste i folket mitt er til stades! Vil du løysa det, så gjer det! Vil du ikkje løysa det, så sei frå, så eg får vita det! For ingen annan har løysingsretten enn du, og nest etter deg er det eg sjølv.» Han svara: «Eg vil løysa det.» Då sa Boas: «Men når du kjøper jordstykket av No’omi, må du òg ta moabittkvinna Rut, enkja, så den avlidne kan få ein arving til arvelut.» Løysingsmannen svara: «Så kan eg ikkje nytta løysingsretten min, for då kom eg til å gjera arven åt mine eigne born mindre. Løys du det eg skulle ha løyst, for eg kan ikkje.»
Det var gamal sed i Israel at ein mann, når han skulle stadfesta ei innløysing eller ein bytehandel, drog av seg sandalen og gav han til den andre parten. Såleis vart ei sak vitnefast i Israel. Difor sa løysingsmannen til Boas: «Kjøp det du!» Og så drog han av seg sandalen. Då sa Boas til dei eldste og til alt folket: «De er i dag vitne på at eg kjøper av No’omi alt det som Elimelek har ått, og alt det som Kiljon og Maklon har ått. Og eg tek moabittkvinna Rut, enkja etter Maklon, til kone, så den avlidne kan få ein arving til arvelut, så namnet hans ikkje skal verta utsletta or ætta og gløymt i porten på heimstaden hans. Det er de vitne på i dag.» Alt folket som var i byporten, og dei eldste svara: «Ja, det er vi vitne på. Gjev Herren må la den kvinna som no kjem i huset ditt, verta som Rakel og Lea, dei to som bygde Israels hus! Gjev du må koma til velmakt i Efrata og vinna deg eit namn i Betlehem! Gjev dei etterkomarar som Herren lèt deg få med denne unge kvinna, må gje deg ei ætt som ætta åt Peres, han som Tamar fekk åt Juda!»
Så tok Boas Rut heim til seg, og ho vart kona hans. Då han kom saman med henne, laga Herren det så at ho vart med barn, og ho fekk ein son.
(Rut 4,1-13)