Eg kom seint i går kveld tilbake frå ein tolv dagars rundreise i Israel og dei palestinske områda. Inger og eg var reiseleiarar for ei flott gruppe av nye og gamle venner. Hovudet er fullt av inntrykk og gode minne, og eg har stoff for mange innlegg på bloggen i tida framover. Akkurat nå er det likevel andre og meir presserande oppgåver som ventar. Kvardagen kallar, for å seia det slik, så blogginga får venta.
Men eg kan jo i denne omgangen dela med dykk litt av den flotte utsikten mot Gamlebyen i Jerusalem, sett frå Oljeberget.




