Kristi Himmelfartsdag

Kristi Himmelfartsdag er ein kristen heilagdag til minne om at Jesus blei tatt opp til himmelen førti dagar etter at han stod opp frå dei døde. Dagen blir derfor alltid markert den torsdagen som kjem førti dagar etter påskedag. Les meir om kyrkjeåret her.

Det er mange som knapt nok kjenner bakgrunnen for at denne torsdagen er ein fridag, og for svært mange er dette først og fremst ein god mulighet til Ã¥ ha ei ekstra lang helg pÃ¥ ei fin tid av Ã¥ret. Det er sjølvsagt heilt i orden at folk utnyttar fridagane sine. Det har eg ingenting imot. Men eg ønskjer likevel Ã¥ peika pÃ¥ Himmelfartsdagen sitt innhald. Det er det viktig Ã¥ halda fast pÃ¥ nÃ¥r me lever i ein kristen samanheng. 

Lukas fortel om Jesus og disiplane: "Så førte han dei ut av byen (Jerusalem) mot Betania. Han lyfte hendene og velsigna dei. Medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen. Då fall dei på kne og tilbad han. Så gjekk dei tilbake til Jerusalem i stor glede." (Luk 24,50-52)

Men kva kan det bety at han blei tatt opp til himmelen?

Først litt om kva det ikkje betyr: Eg trur ikkje dette har med at han forsvann ut i himmelrommet, bak skyene. Det er ikkje snakk om noko som kunne likna på ei romferd. For eg trur ikkje at himmelen i kristen språkbruk er det same som universet, slik at me skulle kunna lokalisera Gud ein eller annan stad i universet.

Ordet himmel betyr to ting. På engelsk har me forskjellen mellom sky og heaven. På norsk brukar me det same ordet i begge tydingane. Eg trur himmelen (heaven) er ei usynleg verd som er like verkeleg som den synlege verda. I den hendinga som me kallar Jesu himmelferd tok han det endelege steget tilbake frå den synlege verda til den usynlege verda, som me også kallar Guds rike.

Det var frå denne usynlege verda han kom då han blei født som eit lite barn i Betlehem. Og det var tilbake til denne verda han gjekk då han forlét disiplane på Kristi Himmelfartsdag. Vegen mellom himmel og jord er opna av Jesus. Han har gått den vegen i begge retningar. I jula seier me at himmel og jord møtest i barnet Jesus i Betlehem. På same måte fekk disiplane eit glimt av dette møtet, då Jesus blei tatt bort for auga deira.

I tida mellom Jesu oppstode på påskedagen og hans himmelferd gjekk han på ein måte ut og inn av den usynlege verda. Han viste seg fleire gonger for disiplane og for andre som trudde på han, men han var ikkje lenger saman med dei slik han hadde vore før korsfestinga (Matt 28, Mark 16, Luk 24, Joh 20-21 og 1. kor 15,3-7).

Apostelgjerningane fortel meir om det disiplane opplevde:

"Etter at han hadde lide døden, steig han levande fram for dei med mange klÃ¥re bevis pÃ¥ at han levde: I førti dagar synte han seg for dei og tala om det som høyrer Guds rike til. (…) Medan dei var samla, spurde dei han: «Herre, er tida komen dÃ¥ du vil reisa opp att riket for Israel?» Han svara: «Det er ikkje gjeve dykk Ã¥ kjenna tider og stunder som Far har fastsett av si eiga makt. Men de skal fÃ¥ kraft nÃ¥r Den heilage ande kjem over dykk, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og heilt til enden av verda.» DÃ¥ han hadde sagt dette, vart han lyft opp medan dei sÃ¥g pÃ¥, og ei sky tok han bort for auga deira. Som dei stod og stirde opp mot himmelen dÃ¥ han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei og sa: «Galilearar, kvifor stÃ¥r de og ser opp mot himmelen? Denne Jesus, som vart teken bort frÃ¥ dykk opp til himmelen, han skal koma att pÃ¥ same mÃ¥ten som de sÃ¥g han fara opp til himmelen.» DÃ¥ vende dei tilbake til Jerusalem frÃ¥ den høgda som heiter Oljeberget …" (Apg 1,3-12)

Skya er fleire stadar i Bibelen eit symbol på Guds spesielle nærvere. Og poenget med Jesu himmelferd er ikkje at han forsvinn bak skyene, men at han i og med skyen blir tatt opp i den himmelske, usynlege verda.

Kva kan så dette seia oss som trur på Jesus i dag? Eg tar med nokre korte punkt:

  • Jesus gir pÃ¥ himmelfartsdagen disiplane eit oppdrag om Ã¥ vitna om han, først i Jerusalem og landet omkring, og sÃ¥ vidare til alle folkeslag. Dette er utgangspunkt for den kristne misjonen.
  • Jesus gir pÃ¥ himmelfartsdagen eit løfte om at den som trur pÃ¥ han, skal bli utrusta med kraft frÃ¥ Guds Ã…nd.
  • Jesus inntar pÃ¥ himmelfartsdagen den plassen me treng han mest, den mektige plassen ved Guds side ("ved Guds høgre hand"). Der ber han for oss. FrÃ¥ denne staden skal han ein dag koma synleg tilbake.
  • Det at Jesus nÃ¥ er Herre i det usynlege Guds rike (= himmelen), gjer ogsÃ¥ at han kan oppfylla løftet om Ã¥ vera med oss "alle dagar sÃ¥ lenge verda stÃ¥r" (Matt 28,20). Han er nÃ¥ ikkje bunden av tid og rom, og kan derfor vera nær menneske alle stadar i verda samtidig.

Denne hendinga er ein så sentral del av det nytestamentlege vitnesbyrdet om Jesus at den er tatt med i den apostoliske truvedkjenninga:

Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre, som vart avla ved Den Heilage Ande, fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, skal koma att derifrå og døma levande og døde.

Les også Skapkatolikken sin artikkel om Kristi Himmelfartsdag.

Leave a Reply