Kleive og Reiersrud

28/05/2006

To musikalske trollmenn var på besøk i Bryne kyrkje i går kveld. Det var inntrykket eg sat igjen med etter konserten med Iver Kleive (kyrkjeorgel) og Knut Reiersrud (diverse gitarar). Konserten var ein del av Jærnåttå (tidlegare Jæren Musikkfestival), og forventningane var på topp. Det tyder det også på at dei var i festivalleiinga. Eg saksar litt frå omtalen i Jærnåttå sitt program:

"Kirkekonserten under årets festival blir en høytidsstund av de sjeldne. Da inviterer Iver Kleive og Knut Reiersrud på en reise i deres musikalske univers. Kleive/Reiersrud har stått frem med et særdeles spesielt musikalsk uttrykk som ikke lett kan plasseres i musikalske båser. Klassisk orgel, blues, folkemusikk, verdensmusikk veves sammen i nye høyere enheter av to fremragende musikere …."

Det blei ei oppleving av dei sjeldne. Kleive og Reiersrud er svært dyktige musikarar på sine instrument. Reiersrud er dessutan ein meister til å få underlege lydar ut av gitaren. Eg lurer litt på om han har eit stort forbruk av gitarar eller om instrumenta faktisk toler behandlinga han gir dei.

Eg er spesielt svak for deira tolking av gamle salmetonar. Dei gav for nokre år sidan ut to CD-ar med slik musikk: Blå Koral og Himmelskip, og me fekk heldigvis høyra ein del av dette stoffet. Trur eg syns Overmåte full av nåde var den aller beste! Elles spelte Reiersrud ein del spennande folkemusikk på sin spesielle måte og Kleive hadde blant anna ein flott (sjølvskriven) Toccata.

Som de forstår, var konserten ei stor musikalsk oppleving. Det einaste svake punktet var då Reiersrud i ei avdeling med musikk frå Statane, sette i gang å syngja She’s got the whole world in her hand. For meg er det misforstått modernisme å tru at me i iver etter å vera in, kan eller bør gjera Gud, vår himmelske Far, til ei kvinne (eller ei gudinne?).


The Second Temple Model

26/05/2006

Denne interessante modellen er nå flytta til Israel Museum i Jerusalem. Modellen er i målestokk 1:50 og viser koss ein tenkjer seg at Jerusalem såg ut før byen blei øydelagt av romarane i år 70. Det vil også seia at modellen dekkjer den tidsperioden som Det nye testamentet skildrar, og den er derfor av stor interesse for dei som reiser til Jerusalem bl a for å læra meir om Jesu liv.

Les resten av dette innlegget »


Kristi Himmelfartsdag

25/05/2006

Kristi Himmelfartsdag er ein kristen heilagdag til minne om at Jesus blei tatt opp til himmelen førti dagar etter at han stod opp frå dei døde. Dagen blir derfor alltid markert den torsdagen som kjem førti dagar etter påskedag.

Det er mange som knapt nok kjenner bakgrunnen for at denne torsdagen er ein fridag, og for svært mange er dette først og fremst ein god mulighet til å ha ei ekstra lang helg på ei fin tid av året. Det er sjølvsagt heilt i orden at folk utnyttar fridagane sine. Det har eg ingenting imot. Men eg ønskjer likevel å peika på Himmelfartsdagen sitt innhald. Det er det viktig å halda fast på når me lever i ein kristen samanheng.

Lukas fortel om Jesus og disiplane: “Så førte han dei ut av byen (Jerusalem) mot Betania. Han lyfte hendene og velsigna dei. Medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen. Då fall dei på kne og tilbad han. Så gjekk dei tilbake til Jerusalem i stor glede.” (Luk 24,50-52)

Men kva kan det bety at han blei tatt opp til himmelen?

Les resten av dette innlegget »


2000 år gamalt frø frå Masada

20/05/2006

På ein kibbutz i Israel veks det i dag ein levedyktig daddelpalme som har spirt fram frå eit 2000 år gamalt frø. Frøet blei funne i arkeologiske utgravingar i Herodes den store sitt palass på Masada ved Dødehavet.

Med dette som utgangspunkt, skriv Maureen Gilmer ein artikkel om den judeiske daddelpalmen der ho også kjem med informasjon om floraen i området i bibelsk tid. Ho skriv blant anna at det skal ha vore store skogar av desse palmane i Judea.

“The Judean palms described in Roman writings and shown on their coins are endemic to the Holy Land. Enormous forests of these palms once covered this now barren landscape, the value of its date harvest invaluable to the economic viability of Judea. But these groves disappeared after the Romans left. Twentieth century palm groves planted in Israel are not Judean, but imported from the date groves of California. Botanists are keen on discovering how the ancient date palm differs from our contemporary agricultural plants.” Les heile Maureen Gilmers artikkel her. Eg fann den via omtale på PaleoJudaica.

Som ein kuriositet kan det nemnast at palmen i kibbutzen har fått kallenamnet Metusjalah. Den bibelske personen Metusjalah, som er omtalt i 1. Mos 5,21-27, skal i følgje urhistoria ha blitt heile 969 år. Namnet hans har, i den eldre formen Metusalem, kome inn i norsk språk som ord for ein eldgamal person.

Men tilbake til utgangspunktet på Masada. Dette er ein fascinerande stad. Eg vil seia at staden bør vera eit opplagt “must” på lista over framtidige reisemål for den som ikkje har vore der. Eg har tidlegare skrive om staden i artikkelen Dagstur til Dødehavet.


Rosseland

14/05/2006

I dag har eg hatt familiegudsteneste i gymsalen på Rosseland skule. Bryne er i sterk vekst for tida, og soknerådet har starta eit kyrkjelydsbyggjande arbeid på Rosseland, den austre delen av Bryne.

Les meir om bakgrunnen for dette arbeidet her i ein artikkel eg har skrive på kyrkjelyden sin heimeside.

Les også det meir omfattande dokumentet Menighetsutvikling i Stavanger bispedømme.


Disputas

13/05/2006

Eg har hatt ein interessant dag. Hans Austnaberg, prestekollega her i Time, har i nokre år arbeidd med eit doktorgradsprosjekt. I går hadde han prøveforelesingar og i dag har han forsvart avhandlinga si i faget misjonsteologi på ein disputas på Misjonshøgskolen i Stavanger.

Hans har studert ei spesiell vekkjingsrørsle innan den lutherske kyrkja på Madagaskar. Denne rørsla praktiserer eksorsisme, altså demonutdriving, og Hans har undersøkt koss leiarane i denne rørsla sjølve tenkjer omkring dette og koss dei praktiserer det. Dette har resultert i avhandlinga Shepherds and Demons. A study of exorcism as practised and understood by shepherds in the Malagasy Lutheran Church.

Les Hans Austnaberg sitt eige samandrag av doktoravhandlinga her.


Eidavatn

10/05/2006

Mor på Eidavatn

Det nærmar seg sommaren, og då flyg tankane mine lett opp mot Ryfylkeheiane. Dette biletet tok eg ein sommarkveld for nokre år sidan. Eg var på ein fleire dagars fjelltur saman med Inger (biletet), Eirik og Pål. Eirik har i dag funne fram biletet og lagt det ut på sida si på flickr.

Biletet er tatt rett utanfor turisthytta ved Eidavatn, 1080 m.o.h. Ein fantastisk stad! Og som du ser, når sola går ned over vatnet kan himmelen spela opp med ei utruleg fargeprakt.

Eg har tidlegare skrive om fjellturar i dette området i artikkelen Til fjells i Ryfylkeheiane. Sjå òg Stavanger Turistforening sine nettsider.


Komf

06/05/2006

Img_4384_2 I morgon er det konfirmasjon (eller "komf" som mange seier) i Bryne kyrkje. Og eg som er prest, gleder meg til å vera med på ein slik festdag enda ein gong!

Det er 41 ungdomar som avsluttar konfirmanttida nå, og i tillegg er det ein del frå årskullet deira som er sommarkonfirmantar og som derfor ikkje er med i morgon. (Biletet er frå konfirmasjonsdagen i september i fjor).

For eitt år sidan skreiv eg på bloggen om konfirmasjonen, blant anna litt om koss eg tenkjer omkring denne kyrkjelege tradisjonen.

Hovudsaka i gudstenesta i morgon er forbøna for konfirmantane. Men temaet for preika er også ei viktig side ved ei slik gudsteneste. I tillegg til å seia noko om det spesielle ved dagen og å koma med ei personleg helsing til konfirmantane, er det naturleg at eg seier noko om dagens preiketekst.

Teksten for 3. søndag etter påske er i år nokre kjente vers frå Joh 14, der Jesus blant anna seier

  • I huset til Far min er det mange rom … (vers 2)
  • Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg. (vers 6)

Dette er ein tekst som passar godt på ein konfirmasjonsdag, og det var nok derfor me valte å nytta den på konfirmasjonen i september i fjor, sjølv om det då eigentleg ikkje var preiketekst. I morgon vil eg leggja vekt på kva det vil seia at Jesus er vegen til "huset" der det er mange, opne og trygge rom for oss. Ja, eg vil leggja vekt på at vegen er open, huset er ope og at den ekte historia om Jesus er tilgjengeleg for alle. Ingen skjulte kodar eller hemmelege evangelier her, nei! (Den som er nysgjerrig på alternative Jesus-historier, vil eg gjerne visa vidare til www.davincikoden.info)

Relaterte artiklar frå sist det var konfirmasjon i Bryne kyrkje:


QuarryScapes

05/05/2006

Det er nok dei som meiner at arkeologisk interesserte menneske er steingalne! Og på ein måte er jo dette eit dekkjande uttrykk. Den som er interessert i arkeologi, ser i alle høve viktig kulturhistorie i det som mange andre bare vil kalla "gamle steinar".

Nå har eg nettopp lese om eit prosjekt som rett og slett tar for seg steinbrota der steinen blei tatt ut til dei mange store byggjeprosjekta i oldtida. Den norske nettsida QuarryScapes dokumenterer "conservation of ancient stone quarry landscapes in the Eastern Mediterranean".

"Oldtidens steingåter blir digitalisert. Et stort EU-prosjekt på steinbruddenes skjulte historie i det østlige Middelhavet har fått sitt eget nettsted; QuarryScapes. – Vi er godt i gang med feltarbeid i Egypt, hvor vi har fått gode resultater, og har samtidig påbegynt aktiviteten i Jordan og Tyrkia, forteller forsker Tom Heldal ved Norges geologiske undersøkelse (NGU)." (frå artikkelen Oldtidens steinbrudd på nett)

Prosjektet presenterer seg slik: "The spectacular monuments and cities of the ancient Near East are testament to an industrial past where large-scale stone procurement remains unsurpassed. Yet, stone quarries are forgotten as key archaeological sites, rich in material remains of crucial significance if we are to understand the social and technological practices of an age when stone was quarried and transported par excellence. Largely invisible, undocumented and unprotected, these ancient quarry landscapes are being destroyed from actions such as modern development and quarrying."

Sjølv om ikkje nettsida omtalar steinbrot i det sentrale bibelske landskapet, er likevel område av stor interesse for den bibelske historia med i dette prosjektet som har fokus på funn i Egypt, Jordan og Tyrkia. Eg omtalar derfor nettsida her på bloggen under kategorien Bibelsk arkeologi, historie og geografi.

Og for å trekkja ein parallell som går rett inn i sentrum av den bibelske historia: Arkeologar fortel at Golgata og Jesu grav kan lokaliserast i eit (allereie på den tid gamalt) steinbrot utanfor bymuren i Jerusalem.


Josef fortel

01/05/2006

Mytekalenderen i NRK P2 hadde Josef som tema idag. Terje Nordby kunne fortelja at 1. mai i Den katolske kyrkja er Josef sin minnedag. Så vidt eg forstod av programmet, har ikkje denne koplinga nokon lang historisk tradisjon. Men kyrkja har nok gjort eit poeng av å knyta handverkaren Josef til den internasjonale arbeidarrørsla sin dag.

Josef er jo ein interessant kjenning frå bibelhistoria og eg har ingenting imot å minnast han nå i kveld. Eg har derfor funne fram ein tekst eg tidlegare har nytta som preike i jula, og lar på denne måten Josef sjølv få koma til orde her på bloggen:

"Hei, så kjekt å sjå deg! Du òg er her i Betlehem, ja. Me kom i går, på grunn av det der manntalet til Augustus. Nå er eg bare ute for å gjera någen ærend. Eg skal kjøpa litt lampeolje og någe å drikka. Kan tru eg har opplevd møje sidan me kom i går! Det er bare heilt utruleg!

Ja, du visste vel at Maria har vore gravid? Og kan du tenkja deg… Akkurat nå når me var ute og reiste, kom tida då hu skulle føda. Det kunne jo ikkje ha passa dårlegare.

Les resten av dette innlegget »


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 205 other followers