Haustferie i Israel

30/03/2006

Img_6312_soloppgang_ii

Nå er brosjyren akkurat blitt klar for ein Israelstur som eg har planlagt saman med Inger. Me skal vera reiseledarar for ein Shalomtur i perioden 4.-15. oktober. Du finn detaljert program for turen her.

Det vil bli nokre innhaldsrike dagar. Men sjølv om dei er innhaldsrike, ønskjer eg ikkje at dei skal bli travle! Det er også viktig å gje rom for refleksjon og bibellesing når me oppsøkjer stadar som er knytt til dei kjente historiene og personane frå Bibelen.

Det blir også mange flotte naturopplevingar på turen. Biletet viser ein soloppgang over Gennesaretsjøen, ein tidleg morgonstund i fjor.

Me skal bu det meste av tida i Jerusalem, og der legg me særleg vekt på stadane som er knytt til Jesu lidingshistorie. Men me skal også vera innom Haifa, Galilea, Golan, Dødehavsområdet og Tel Aviv. Og ein dag skal me inn på Vestbreidda og besøkja Jesu fødeby Betlehem.

Det vil dessutan vera ein viktig del av denne turen å besøkja Jesustruande jødar og palestinarar og å delta i deira gudsteneste-fellesskap.

Shalomtur er eit turkonsept som er utvikla i samarbeid mellom Fokus Reiser og Den Norske Israelsmisjon. Det er ein tur der me i tillegg til å sjå på viktige historiske stadar (med gamle steinar), også møter "dei levande steinane", dvs dei som trur på Jesus i dag. Uttrykket levande steinar er henta frå 1. Peters brev i NT, der det står: "Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men som er utvald og kosteleg for Gud. Ver de òg levande steinar. Bli oppbygde til eit åndeleg hus, til eit heilagt presteskap, og ber fram åndelege offer, som Gud tek imot med glede, ved Jesus Kristus." (1. Pet 2,4-5)

Fekk du lyst til å vera med? Ta gjerne kontakt med oss eller med Fokus Reiser. Påmelding skjer direkte til Fokus Reiser.


Ein kveld med Wyller

29/03/2006

Tankens Athen og troens Jerusalem var tittelen på foredraget som den over 80 år gamle professor Egil A. Wyller heldt i Stavanger i kveld. Den gamle mannen snakka så eg ikkje merka at tida gjekk, sjølv om han nok heldt på ein heil time! Han var fri frå manus og hadde mange interessante parentesar. Og etter kaffipausen var det rom for spørsmål og kommentarar. For ein interessant kveld!   

Wyller sin bakgrunn er spesiell. Han blei oppdratt i ein bevisst human-etisk familie og utdanna seg til filosof med vekt på klassisk gresk filosofi. Då han var 35 år gamal, fann han med filosofien som utgangspunkt "sin veg til Kristus". Human-etikken har han forlate, – nå står han fram som ein kristen humanist som har arbeidd grundig med møtet mellom tanke og tru.

Les resten av dette innlegget »


50 år

27/03/2006

I dag, 27. mars, har eg ein stor dag. Det er 50 år til eg fyller 100 år, som klokkaren uttrykte det under gudstenesta i går. Dagen i dag er altså av den kategorien bursdagar som sjølvsagt må markerast skikkeleg!

Faktisk har dagen ført til litt oppstuss allereie. Før helga var Jærbladet (papirutgåva) på banen med eit intervju og på familiegudstenesta i går song heile kyrkjelyden bursdagssong for meg!

I dag har eg ope hus heime på Bryne frå kl 15 og utover ettermiddagen og kvelden. Eg håper mange kjem innom!

Oppdatering kl 08.30:

Eg fekk meg ein god lått ved frukostbordet, då eg fann denne helsinga i Jærbladet:

"Kjære Arne Berge. Gratulerer – 50 år i dag! Ein middeladrande mann, men framleis:

  • med sjarmerande smilehol når du snakkar
  • ikkje heilt snau på toppen; langt mellom grå hår
  • utruleg mange jern i elden
  • aktiv fjellvandrar (sjå opp for tre!)

Men du

  • fungerer ikkje utan kaffi
  • har sviktande hukommelse
  • er sjeldan ferdig før i siste liten
  • har dårleg gangsyn (sjå opp for tre!)

Glad for å jobba med deg! Helsing alle unge, flotte jenter på kontoret."

Og eg er også glad for å jobba saman med ein gjeng som skapar mykje trivsel på kyrkjekontoret!

Oppdatering etter feiringa:

Eg har hatt ein flott dag! Her har det vore masse folk innom, mykje blomster og mange kjekke helsingar, gåver og meldingar på mobilen! Enda ein gong: Tusen takk!


Nasaret

23/03/2006

Img_6293_bebudelseskyrkja_eksterir Søndag 26. mars er det Maria Bodskapsdag. Dagen blir alltid markert den søndagen som er nærast ni månadar før jul. NT fortel at Maria fekk bodskapen om at ho skulle bli mor til Jesus i Nasaret, og at det var engelen Gabriel som kom til henne med den spesielle helsinga frå Gud: "Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud. Høyr! Du skal bli med barn og få ein son, og du skal gje han namnet Jesus." (Du kan lesa heile historia i Luk 1,26-38)

I dag står det ei stor og moderne kyrkje (biletet) i sentrum av Nasaret til minne om denne hendinga. Den opne plassen framfor kyrkja (bak gjerdet på biletet) har dessverre vore gjenstand for mykje strid dei seinare åra fordi muslimar i byen ville byggja ein stor moske her. Dette er, så vidt eg veit, nå blitt endeleg stoppa pga at plassen ligg like ved kyrkja. Bebudelseskyrkja blir rekna for den tredje viktigaste kristne kyrkja i Israel, etter Gravkyrkja i Jerusalem og Fødselskyrkja i Betlehem.

Den moderne byen Nasaret er i hovudsak ein arabisk by. Det er få jødar i denne byen, sjølv om den altså er ein israelsk by. Tradisjonelt har Nasaret vore befolka av kristne arabarar, men det blir sagt at dette biletet nå endrar seg, og at den muslimske befolkninga er i ferd med å bli i fleirtal.

Bebudelseskyrkja blei bygd på 1960-talet og er den største kyrkja i Midt-Austen. Kyrkja har kyrkjerom i to etasjar og er bygd slik at ho omsluttar og nærast beskytter dei arkeologiske utgravingane som er gjort på staden. I det nedre kyrkjerommet er det nedgang til ei grotte som etter tradisjonen skal vera staden der Maria fekk bodskapen frå Gud.

Eg syns det er flott å koma til Bebudelseskyrkja. Over hovudinngangen er det skrive eit sitat frå Johannesevangeliet som fortel om betydninga av Jesu kome: "Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss" (Joh 1,14). Kyrkja har elles ei stor og interessant samling bilete av Maria med barnet. Det er bilete frå heile verda, og Maria og barnet ser ut som dei kjem frå ulike verdsdelar og kulturar, avhengig av kor bileta kjem frå!

Les resten av dette innlegget »


Litt Ibsen

23/03/2006

Eg var i Sandnes i dag og nytta tida i bilen til å lytta på P2. Den eine vegen fekk eg med meg slutten av P2-akademiet som handla om trofaste kvinner og svikefulle menn i Kongs-Emnerne av Ibsen. Den andre vegen fekk eg med meg eit program om Farin Zahedi, ein iransk forskar som hadde studert Ibsen-dramatiseringar i Iran i perioden frå 1909 (første gong Ibsen blei spelt på eit iransk teater) og fram til revolusjonen i 1979. Det var faktisk interessant!

Og då kom eg jo til å tenkja på at eg slett ikkje har har nemnt her på bloggen at me er inne i eit Ibsen-år. Det vil eg gjera noko med, med ein gong:

Herved er det markert at det i år er 100 år sidan Henrik Ibsen døydde!

Det finst sjølvsagt mykje Ibsenstoff på nettet, – eg nyttar nå bare høvet til å peika ei samling av Henrik Ibsen sine skuespel, som eg fann fram til via JonbloGG. Denne sida har òg ein link til StøpeSkien, ei side med Ibsenformidling for barn og ungdom, og til Per-2-Peer.

Og så kan det jo nemnast at NRK Alltid Ibsen sender nonstop Ibsen-dramatiseringar nå i helga!


Krigsveteranar

23/03/2006

"Å hjelpa ungdom ut av krig og krise" er tema for Kirkens Nødhjelp sin aksjon nå i fastetida dette året. I går kveld hadde me samling med konfirmantane i kyrkja, der dette var ein del av fokuset. Nils, som er diakon i kyrkjelyden, fortalte at å vera diakon er det same som å vera medmenneske, og han utfordra ungdomane tydeleg både til å vera diakonar i kvardagen og til å delta på fasteaksjon for å samla inn pengar til Kirkens Nødhjelp. Me såg blant anna ein film som på ein sterk måte fekk fram at mange ungdomar i verda i dag har blitt krigsveteranar allereie mens dei er tenåringar!

Kirkens Nødhjelp skriv på heimesida si:

  • Tema for fasteaksjonen 2006 er "Ungdom ut av krig og krise". Barn og unge er de som oftest rammes hardest av en krig eller krise. La deg engasjere til å gjøre en innsats for unge som trenger en ny fremtid!
  • Hva kan vi gjøre for ungdom som vokser opp i en krigs- eller krisesituasjon for å gi dem et nytt håp – og en framtid i fred? Hvordan forstår man hva fred er når man bare har opplevd krig og uro? Kirkens Nødhjelp arbeider for å forbedre levekårene for barn og unge i krig og krise og sikre deres rettigheter og behov for beskyttelse.
  • Barn og ungdom blir hardest rammet av krig og krise. Flere millioner er flyktninger eller internt fordrevne, ofre for sykdom, underernæring, kidnapping, menneskehandel og seksuell vold. De må alle leve med de psykologiske konsekvensene som krig og krise fører med seg.
  • Merk deg aksjonsdagen: 4. april 2006!

Tvil

19/03/2006
  • Eg skulle så gjerne vore sikker på alt dette med Gud!
  • Eg tvilar på så mykje!
  • Kan eg vera kristen når eg tvilar?

Det er mange som gjerne vil tru, men som syns det er vanskeleg og som er usikre på si eiga tru. Eg vil skriva litt om tru og tvil, og håper det kan vera til hjelp for nokon!

Les resten av dette innlegget »


Euangelion

19/03/2006

Eg utvider for tida lista mi over lenker til interessante bibliobloggar. Har nettopp lagt til Euangelion som presenterer seg som "A Post-Postmodern Blog on New Testament Studies, Christian Origins, and Following Jesus." Bloggen er skriven av Michael F. Bird som underviser i NT på Highland Theological College i Dingwall i Skottland.

Artikkelen Fundamentalist versus Liberal er eit eksempel på kva du kan finna der. Her legg Michael fram mange grunnar for at han verken er fundamentalist eller liberal.

Les resten av dette innlegget »


Kana i Galilea

18/03/2006

National Geographic News melder om eit funn av underjordiske tunnelar i Kana i Galilea, og knyter funnet til det jødiske opprøret mot romarane i det første hundreåret:

"A series of underground chambers and tunnels recently found in Israel were likely used as refuges during the First Jewish Revolt, archaeologists with the Israel Antiquities Authority announced. Storage jars found in one pit were an apparent stockpile of foodstuffs for the uprising against Roman rule that began in A.D. 66. Archaeologist Yardenna Alexandre directed excavations at the Israeli Arab village of Kfar Kana—a Galilee-region site near the city of Nazareth in Israel."

Kana er for øvrig kjent frå NT. Det var staden der Jesus gjorde sitt første teikn (vatn til vin), skildra i Joh 2.

Men utgravingane i Kana viser også at byen har ei historie som går tilbake til Kong Salomos tid på 900-talet f. Kr.

Les resten av dette innlegget »


Higgaion

18/03/2006

Eg har nettopp lagt inn bloggen Higgaion i lista mi over Bibliobloggar. Bloggen inneheld "Meditations on biblical studies, church life, and any other topics I find to be of spiritual interest." Eg har lese bloggen for første gong i kveld (natt) og vågar ikkje gje nokon vurdering av den på sparket. Men eg merkar meg at den er kåra til månadens biblioblog av biblioblogs.com og den er skriven av GT-professor Christopher Heard. Du kan lesa intervju med han her.


Kristne korstog?

15/03/2006
Eg har truffe mange interessante menneske når eg har vore ute og reist, ikkje minst i Israel og dei palestinske områda. Ei kvinne som på mange måtar skil seg ut, er Søster Abraham, eller Kirsten Stoffregen Pedersen, som er hennar borgarlege namn.
Søster Abraham er dansk, men har sidan 1967 budd i Jerusalem. Der lever ho eit enkelt liv som nonne på Oljeberget, samtidig som ho er ein lærd forskar og foredragshaldar. For fem år sidan, faktisk på 45-års dagen min, høyrde eg henne ha foredrag om ikonmaling og om den etiopiske kyrkja på Tantur Ecumenical Institute i Jerusalem. I dag blei eg minna på dette interessante møtet med henne, då eg kom over eit svar ho hadde skrive på den danske sida Religion.dk om koss kristne har kunna forsvara korstoga med utgangspunkt i Bibelen.
Her er hennar svar:
KORSTOG: Kirsten Stoffregen Pedersen forklarer, hvordan kristne har kunnet bruge Bibelen til at forsvare korstog. Det er svært at finde hjemmel i bibelen for korstog, siger søster Abraham.
Kære Martin Terkildsen! Man har bedt mig om at besvare dit spørgsmål om synet på anvendelsen af vold i Islam og i Kristendommen. Du vil gerne vide, hvor man har kunnet finde hjemmel i Bibelen for korstogene.

Ja, det er sandelig ikke let! Naturligvis findes der tale om krig til forsvar for Israel (det jødiske folk) i Gamle Testamente. Da Amalekitterne forbyder Israel at passere gennem deres land, fører det til krig mod Amalek fra generation til generation (2.Mosebog 17:16).

Men Jesus var modstander af krig og vold. På et sted, hvor Han forudsiger sin nært forestående lidelse og død, viser disciplene ham to sværd: "Herre, se her er to sværd. " Men Han sagde til dem: "Det er nok"”.(Lukas.22:38)

Da det kommer til stykket, og en af disciplene trækker sit sværd for at forsvare sin mester mod dem, der er ved at arrestere ham, og hugger ypperstepræstens tjeners øre af, så siger Jesus: "Stik dit sværd i skeden. For alle de som griber til sværdet, skal omkomme ved sværdet" (Mat.26:52).

Da Pilatus undrer sig over, at ingen kommer og forsvarer ham, når han nu selv har erklæret, at han er en konge, svarer Jesus: "Mit rige er ikke af denne verden."

Nej, det er meget svært i det Nye Testamente at finde forsvar for Korstogene.

Selv om Jesus også siger: "I skal ikke mene, at jeg er komet for at bringe fred på jorden. Jeg er ikke kommet for at bringe fred, men sværd." (Matth.10:34).

Det viser sig dog straks, at den krig, der her er tale om, er den, der foregår i disciplenes eget liv, nemlig at de ikke må foretrække nogen eller noget frem for Gud. Hvad, der gav stødet til Korstogene. var frem for alt den spændte og urolige tilstand i det Mellemste Østen og det Hellige Land fra slutningen af 900-tallet og op gennem 1000-tallet.

Den fatimidiske hersker i området, El-Hakim, som regerede fra Ægypten, havde i 1008 ladet de kristnes hovedkirke, den hellige Gravs Kirke i Jerusalem brænde ned til grunden og ødelagt en mængde andre kirker. De vestlige kristne magter rejste sig – og så rullede bolden videre.

Det var ikke den gang let at se, hvad man burde gøre. Men der var allerede den gang folk, som ikke gik ind for korstogene. Da man sagde til den hellige Birgitta af Sverige (1303-1373), at det måtte være en ukristelig gerning at slå hedninger ihjel, mente hun dog, at det var bedre for en hedning at dø ung, end at han kom til at leve længe og begå mange synder!

Men det var langt fra alle hendes trosfæller, som var enige med hende i dette, og i dag er det heldigvis svært at finde kristne med en sådan indstilling.

Dr. Kirsten Stoffregen Pedersen

Søster Abraham
forsker og forelæser, Jerusalem


Det vonde

15/03/2006

"Men eg trur ikkje vondskap eksisterer — ikkje i seg sjølv. Vondskapen er rett og slett fråværet av det gode. Akkurat som mørke og kulde — bilete på vondskap som går gjennom heile Bibelen — er vondskap rett og slett fråværet av det gode, som er skapt av Gud. Det kan vere rart, vondskapen er jo reell. Men det same gjeld jo for både kulde og mørke — dei er begge reelle for oss. Men dei eksisterer ikkje i seg sjølv."

Skapkatolikken er Kjetil Kringlebotten sin interessante blogg. I sitt siste innlegg Har Gud skapt det vonde? tar han opp det såkalla teodiséproblemet, problemet om Gud og det vonde.

Eg syns han ser på det (uløyselege?) problemet frå ein interessant synsvinkel: sjølv om me menneske kan erfara det vonde som noko reelt, eksisterer ikkje vondskapen "i seg sjølv", men bare som fråvere av det gode! Skapkatolkken viser til at dette synet er støtta både av kyrkjefedrane (spesielt ørkenfedrane) og av den meir moderne forfattaren Tolkien. Blei du nysgjerrig på dette? Les gjerne heile artikkelen her.


Nattverd

11/03/2006

Dnbknf14 Nattverden er eit sakrament, det vil seia ei heilag handling. Å forretta nattverd i gudstenesta er noko av det største eg gjer som prest. Å gje menneske brød og vin, og å vita at Jesus er til stades i denne handlinga, gjer sterkt inntrykk. Når eg registrerer menneske som ikkje er vant med å koma og delta ved nattverdbordet, gjer det meg ekstra glad og takknemleg.

Nattverden betyr mykje for mange menneske. Av og til kjem det fram tankar om dette i avisintervju med ulike folk. Her er eit eksempel eg nyleg såg i eit stort intervju med forfattaren Edvard Hoem om hans kristne tru. Hoem vaks opp i ein kristen heim, men forlét kristen tru som tenåring og blei politisk revolusjonær. Sidan blei han ein av dei store forfattarane i nyare norsk litteratur. Dei siste åra har han funne tilbake til ei kristen tru og han har mange tankar om dette. Men tilbake til nattverden. Her er eit lite utdrag frå intervjuet:

"Forfattaren brukar å gå i kyrkja fleire gongar i månaden. Det er ei markant endring frå kyrkjeløysa for tretti år sidan.
– Men viss nokon seier til meg at eg har gjort «kuvending», blir eg sint. Dette har vore ein årelang prosess.
Og for nokre år sidan byrja Edvard Hoem å gå til nattverd igjen.
– Det er kanskje det nærmaste eg kjem ei omvending. Men det handlar ikkje om å leggje seg langflat og gje opp alt ein står for. Ein må tre inn i rekka og søke samfunn med det heilage, seier han.
Hoem har stor tru på det fellesskapet av truande som kallast kyrkja.
– Når vi ikkje klarer å tru, klarer kyrkja å tru for oss. Tru er meir enn kva vi sjølv til ei kvar tid kan stå inne for. Det evige håpet lever i Guds kyrkje på jorda.
– Kva skjer etter døden?
– Då kjem vi til himmelen."

Illustrasjonen er henta frå Konfirmantbibelen.


TV2 på besøk i Bryne kyrkje

11/03/2006

Søndag 12. mars kl 18.00 blir det innslag i TV2 frå Egil Svartdahl sitt besøk i Bryne kyrkje tidlegare i vinter. Han hadde foredrag om samliv på eit arrangement me kallar Romantisk aften, og det er opptak frå dette som blir vist i 12. episode av programmet TV-pastoren. I programmet vil me truleg få med oss noko av Egil Svartdahl sitt foredrag. Dessutan blir paret Åslaug og Asbjørn Lindland frå Vigrestad intervjua om samlivsspørsmål.

TV2 skriv på nettsidene til TV-pastoren:

Det er lagt opp til en romantisk aften på Jæren og rundt 150 par er samlet for å få samlivsråd av Egil Svartdahl. TV-pastoren velger å la det bli en inkluderende aften der folk i salen får stille spørsmål. Etter å ha gitt kommunikasjonsråd til over 300 forventningsfulle tråkker han selv i salaten når dagen er over. Han ringer kona fra Jæren for å fortelle hvordan det hele gikk. Kona derimot sitter hjemme og lurer på hvor det blir av ham – har samlivseksperten glemt at han skulle komme hjem i kveld?


Bare få veker igjen til påske

10/03/2006

Det er bare nokre få veker igjen til påske. Nå i fastetida er det naturleg å fokusera på pasjonshistoria i Det nye testamentet. Historia om koss Jesus frivillig møtte liding og død i påsken i Jerusalem. Eller sagt med andre ord: historia om koss Jesus frivillig gjekk inn i motstandarane sin leir, blei arrestert og torturert og til sist avretta på ein makaber måte.

Men historia som er knytt til påsken, sluttar ikkje der. Det er òg ei historie om ein grunnleggjande seier over døden. For historia i Det nye testamentet går vidare og fortel om at Jesus etter tre dagar blei levande igjen i ei nyskapande oppstode, og at han nå lever evig. Det er grunnen til at den kristne trua framleis gir menneske håp om evig liv. Eg håper lesarane av bloggen nyttar tida fram mot påske, og ikkje minst sjølve høgtida, til å fokusera på dette. Her finst det mykje spennande stoff for den som er interessert!

Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja, til evig tid! (Hebr 13,8)


Fastetida

01/03/2006

I dag begynner fastetida. Det er ei 40 dagars førebuingstid før påske, og fastetida startar i dag på Askeonsdag. Vil du sjekka dette ut og telja dagane som er igjen til påske, må du vera klar over to detaljar for å få dette til å stemma: For det første tel ikkje søndagane! Dei er ikkje fastedagar. For det andre dreier det seg ikkje om antal dagar til påskeferien, men til Første Påskedag, då den eigentlege påskefesten begynner.

Ein del kristne praktiserer faste i den forstand at dei (i ein periode) avstår frå mat eller andre goder. Eg har ikkje erfaring med dette. For meg er heller fastetida ei tid då eg har spesielt fokus på Jesu lidingshistorie, og på den måten er dette for meg ei viktig førebuingstid fram mot feiringa av påskehøgtida.

I tillegg til fokuset på pasjonshistoria (lidingshistoria), handlar også fastetida om tema som kamp og seier i kristenlivet og om vårt ansvar for å skapa rettferd i verda (derfor har Kirkens Nødhjelp sin årlege fasteaksjon Brød for verda).

Les meir om kyrkjeåret her.


Forsking på Jesu samtid

01/03/2006

“Tverrfaglig forskning gir et tydeligere bilde av Jesus som jøde, og sier oss mer om samtiden hans. Det kan åpne for dypere forståelse av så vel det han sa som det han gjorde.”

Fartein Valen-Sendstad får for tida (2006) mykje medieomtale omkring si bok om Palestina på Jesu tid. Måndag hadde Vårt Land eit stort intervju med han om kva ei tverrfagleg Jesus-forsking kan seia oss. Eg tar her med nokre utdrag frå artikkelen.

Om Herodes den store, som får stor plass i boka:

Han har fått så stor plass fordi han er stor i historien, og var viktig for å skape det samfunnet Jesus ble født inn i, så vel sosialt og økonomisk som politisk og ikke minst arkitektonisk, med tempelområdet som hans kanskje viktigste bidrag. Dessuten finnes ikke like mange holdbare kilder eller arkeologiske funn i og om Galilea.

Valen-Sendstad har, særlig når det gjelder Herodes den store, bygget mye på Josefus, som lenge var omstridt som kilde til denne tiden. Imidlertid mener forfatteren at til tross for en del kritiske innvendinger som fremdeles står fast, har arkeologene gjennom sine funn bekreftet overraskende mange av Josefus´påstander, noe som nå har gitt denne kilden høyere troverdighet.

Om kva samtidshistorie kan seia oss (ut over det evangelia fortel oss om Jesus):

Et bredere overblikk over tiden og landet Jesus levde i kan få oss til å reflektere mer over vante forestillinger og presisere nye bilder av Jesus. Nyere forskning, som i motsetning til i tidligere tider nå i større grad foregår tverrfaglig, har arbeidet frem ny erkjennelse av den materielle kulturen, og dermed ser vi mer av bakteppet, av kulissene der Jesu liv utspilte seg. Jeg syntes selv det er mer spennende å lese historier om hvordan Jesus møtte mennesker når jeg kjenner byen, bygda og gårdsrommet, pluss livsstilen på den tiden.

Han tror ikke dette revolusjonerer våre forestillinger og fortellinger om Jesus. Men denne nye kunnskapen kan supplere, og gi en dypere forståelse av Jesu møte med ulike grupper og enkeltpersoner, og av det han sa og gjorde. Den nye tverrfagligheten har selvsagt også sine forutsetninger og kan være utfordrende, medgir han.

Om Jesu oppvekstmiljø i Galilea:

Så langt jeg kan se, tyder mye på at vi må forlate tanken om et tverrkulturelt og multikulturelt Galilea, som lenge var ansett som en kulturell smeltedigel, siden den nye kunnskapen vi har peker i retning av at Jesus vokste opp i et langt mer enhetlig jødisk samfunn.

Om kva Jesus-forskinga har hatt å seia for hans eiga tru på Jesus:

Den har så avgjort betydd mye. Arbeidet med Galilea på Jesu tid har utvidet, beriket og invitert meg inn til nye rom i troen. Særlig viktig har forholdet og kontrasten mellom gårdsrommet i Kapernaum, der Jesus møtte mennesker, og palasset i Tiberias eller villaen i Sepphoris, blitt.

Han drøfter i boken ulike argumenter for å tolke dette gårdsrommet som «hellenistisk», «israelittisk», «fattig eller velstående», «revolusjonært» eller som et «jødisk» rom. Hans konklusjon er at «gårdsrommet og livet der hadde klare kjente jødiske kjennetegn».
– På samme tid skjedde det noe der inne som snudde opp og ned på vanlige verdier og roller nedfelt overalt fra palasser og villaer til gårdsrom og huler. Jesus åpnet dørene for mennesker som var stengt ute, og inkluderte dem i et nytt og annerledes fellesskap, skriver han.
– Jesus kom for å tjene alle slags mennesker, og ikke for å bli oppvartet av tjenere, liggende på sjeselongen i villaen eller palasset, som datidens herrer. Til Jesus i gårdsrommet i Kapernaum kom derfor alle typer mennesker, fattige og rike, utskudd og elite, og ble møtt med en kjærlighet som tilgir og utruster, og som også er blitt utrustende og frigjørende for meg.
Denne grensesprengende kjærligheten formidler noe alle trenger, enten man tror på det ene eller det andre, eller er her eller der i livet, sier Fartein Valen-Sendstad til slutt.

Les heile intervjuet med Fartein Valen-Sendstad her.


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 205 other followers