The Holyland Model

26/02/2006

The Holyland Model er ein stor modell (målestokk 1:50) som viser koss ein tenkjer seg at Jerusalem såg ut før byen blei øydelagt av romarane i år 70. Det vil også seia at modellen dekkjer den tidsperioden som Det nye testamentet skildrar, og den er derfor interessant for alle som reiser til Jerusalem for å læra meir om Jesu liv. Du finn ein 3D-presentasjon av modellen her og meir stoff om den blant anna her.

Modellen ligg ved Holyland Hotel i utkanten av Jerusalem. Nå blir det meldt at modellen skal flyttast til området ved The Shrine of the Book på Israel Museum. Eg tar dette førebels som ei ubekrefta melding. Eg har saka frå eit oppslag på Porten til Midt-Østen som igjen byggjer på ein artikkel i den israelske avisa Haaretz. På modellen si nettside er flyttinga ikkje nemnt.

Dersom dette er korrekt, vil det vera ein positiv nyhet for historisk interesserte tilreisande. Det vil gjera modellen lettare tilgjengeleg og eit besøk der vil kunne kombinerast med alt det andre Israel Museum har å by på. Og det er ikkje lite!


Om å lesa seg opp

23/02/2006

"Du lærer ikke noe av å se på gamle ruiner om du ikke har lest deg opp på forhånd. Du skal helst vite før du kommer og ha med deg en som kan fortelle og rekonstruere hus, veier og mer som du kanskje ser små biter av." Det er Fartein Valen-Sendstad som seier dette i eit intervju i Stavanger Aftenblad (papirutgåva) i dag. Han blir intervjua i samband med at han har gjeve ut bok om Palestina på Jesu tid, ei bok eg tidlegare har omtalt på her på bloggen.

Dette er eit godt poeng. Det er mange nok som har gått på eiga hand og sett på flotte og interessante arkeologiske ruinar utan å få noko ut av det. Dei veit rett og slett ikkje kva dei har sett. Er det merkeleg om dei etterpå sit igjen med inntrykket av at dette var kjedelege greier?

Fartein kjem med to råd i den samanhengen. Det eine rådet er å lesa seg opp før du reiser til ein stad. Det andre er å reisa saman med ein guide som kan fortelja og undervisa på staden.

Å lesa seg opp betyr i denne samanhengen å lesa på førehand om kva du vil sjå og om den historiske og kulturelle bakgrunnen for dette. Kva du les, vil vera avhengig av kor interessert du er og kor mykje tid du vil eller kan bruka. Gode guidebøker er eit flott utgangspunkt for dei fleste, men sjølvsagt vil den som har ein fagleg interesse for stoffet i tillegg lesa noko som går djupare inn i stoffet.

Eg har gode erfaringar med dette. Når eg planlegg reiser, les eg mykje. Og når det gjeld reiser i det bibelske landskapet, som eg har ein spesiell interesse for, er eg ikkje minst interessert i den bibelske historia knytt til dei ulike stadane og til den generelle kulturhistoria i området.

Samtidig er eg slik at eg les enda meir om slike ting etter at eg har vore ein stad for første gong! Då ser eg for meg staden på ein annan måte, og får meir ut av det eg les. Det fører også til at eg oppdagar kva eg ikkje såg då eg var der. Dermed fører det også ofte til planar om nye turar!

Når det gjeld bruk av guide, er det argument både for og mot. Eg syns det er interessant når ein kunnskapsrik person fortel om staden eg er på, men eg likar òg utruleg godt å gå på eiga hand og finna ut av ting sjølv. Likevel: Når det gjeld turar der kunnskap og kultur er det viktigaste, og ikkje sol og avslapning, skal du ha ein del bakgrunnskunnskap for å kunna læra på eiga hand. Og då dreier det seg ikkje minst om dette med å ha lese seg opp på førehand!

Fartein har mykje å fara med på dette området. Han er både faglitterær forfattar og ein svært erfaren reiseleiar bl a i Israel og dei palestinske områda. Om eg ikkje er på same nivå, syns eg det er meiningsfullt å visa andre noko av det interessante stoffet eg sjølv har funne fram til. Derfor skriv eg om bibelsk arkeologi, historie og geografi her på bloggen, og derfor likar eg å formidla gjennom å vera reiseleiar på turar som legg vekt på slike tema.


Nettmøte om nytt NT

17/02/2006

Dagbladet har oppdaga at Bibelen, og spesielt Det nye testamentet, sel godt for tida. Denne veka har dei arrangert nettmøte om den nye omsetjinga av NT. Eg syns representantane frå Bibelselskapet svarar godt på dei mange ulike spørsmåla.

Eg tar med eit utdrag under "Continue reading".

Les resten av dette innlegget »


Skapinga

17/02/2006

Morbus Norvegicus er ein interessant blogg for den som vil tenkja sjølvstendig omkring kristen tru og etikk. Eg las nettopp ein artikkel der om evolusjon og kreasjonisme. Morten Magelssen argumenterer i artikkelen for at kristen skapartru passar betre saman med tanken om evolusjon enn med ein kreasjonistisk tankegang. Evolusjon betyr utvikling og det dreier seg her altså om koss me forheld oss til Darwin si utviklingslære, eller rettare sagt til dagens naturvitskap som i stor grad byggjer på Darwin si forsking. Kreasjonisme betyr ei tenking der ein meiner at Bibelen sine skapingsberetningar skal forstås bokstavleg, også slik at ein trur Gud skapte verda på seks dagar.

Eg kom då til å tenkja på ein kommentar eg skreiv til ein diskusjon på Påls blogg for omlag eit halvt år sidan. Kommentaren kan stå for seg sjølv, og eg tar den derfor med her som eit innlegg til drøftinga av 1. Mosebok 1-2:

Eg opplever ikkje at det er ein grunnleggjande konflikt mellom naturvitskap og kristen tru. Eg vil heller seia at ei drøfting av forholdet er bra for den som vil vera eit tenkjande og samtidig truande menneske!

Når det gjeld skapingsberetningane i Bibelen, er dei ein del av Urhistoria (1. Mosebok 1,1-11,26). Dette er ein del av Bibelen som verken kan plasserast i tid eller stad. Etter dette kjem Fedrehistoria (frå kap 11,27). Då kjem Abraham og hans ætt på banen og den bibelske historia kan lettare koplast saman med det me elles veit om historia i Midt-Austen.

Når det gjeld rekkefølgja i skapinga, syns eg det seier ein del at Bibelen uproblematisk lar to ulike forteljingar stå ved sidan av kvarandre (1. Mos 1,1-2,4a og 2,4b-25). I den første blir menneska skapte etter plantar og dyr, i den andre blir mennesket/mannen skapt før plantar og dyr!

Eg ser på Urhistoria som forkynnande forteljingar. Hovudbudskapet i skapingsberetningane er at Gud skapte, ikkje koss han gjorde det. Dette siste trur eg derimot naturvitskapen kan seia oss mykje om. Husk at Gud skapte oss med ein hjerne som han gjerne vil at me skal bruka. Men me bør likevel vera bevisste på ikkje å ta alt naturvitskapen hevdar for endeleg sanning. Dette siste ville vel vera uttrykk for intellektuelt hovmod? Vitskap er jo blant anna at nye teoriar får prøva seg mot gamle og etablerte sanningar!


Nikea

13/02/2006

Originalversjonen av denne artikkelen stod i papirutgåva av Jærbladet 23. desember 2005. Etter avtale med avisa publiserer eg ei bearbeidd utgåve her på bloggen. Eg har bl a endra innleiing og avslutning, slik at artikkelen ikkje lenger er knytt spesielt til julehøgtida.

Img_4555_1Biskopane som kom saman i Nikea på forsommaren 325, hadde nok mykje å snakka om! For ei kjensle av fridom dei må ha kjent på! For første gong kunne leiarane for dei kristne kyrkjelydane rundt i Romarriket samlast ope, og det til og med på invitasjon frå keisaren!

Kristendomen var på dette tidspunktet nyleg blitt lovleg religion i den austre delen av det romerske riket. Det var keisar Konstantin som hadde skapt dei grunnleggjande endringane og som nå kalla saman alle biskopane til konsil i Nikea. Forskarane fortel at det var om lag 250-300 biskopar som deltok på møtet. Dei fleste kom frå det austlege middelhavsområdet. Det var nok ei ganske spesiell forsamling. Mange av dei var prega, både med indre og ytre sår, etter tida med forfylging og undertrykking.

Img_4536Denne artikkelen vil ta deg med til den tyrkiske byen Iznik, byen som tidlegare heitte Nikea. Her blei det første økumeniske konsilet, eller kyrkjemøtet, halde i 325. Og dette møtet blei svært viktig for utviklinga av den kristne kyrkja. Den truvedkjenninga som me kallar ”den nikenske”, fekk rett nok ikkje sin ferdige form på dette møtet. Men grunnlaget blei lagt her og vedkjenninga blei endeleg vedtatt på det neste store konsilet, i Konstantinopel i 381.

Det første biletet viser stranda ved Izniksjøen. Her låg senatpalasset der kyrkjemøtet blei halde i 325. Det andre biletet viser ruinen etter kyrkja Hagia Sofia, der eit seinare konsil var samla i 787.

Les resten av dette innlegget »


Muslimsk-kristen delegasjon

12/02/2006

Vårt Land melder at ein muslimsk-kristen delegasjon i dag reiser til Midt-Austen for å roa ned stemninga etter publiseringa av Muhammed-teikningane. Dei vil informera og gje eit riktig bilete av situasjonen i Norge, og dei vil også vidareformidla orsakinga frå Magazinets redaktør.

Ja, nå treng me menneske som er villige til å gå i dialog! Eg ønskjer dei lukke til med turen, og håper dei oppnår å få gode kontaktar og å nå fram med balansert informasjon.

Relaterte innlegg:


Jesu morsmål

12/02/2006

Dei fleste er klar over at NT eigentleg var skrive på gresk (dvs koinégresk). Gresk var på den tida det internasjonale språket i Romarriket. Posisjonen som dette språket hadde, kan kanskje best samanliknast med engelsk sin posisjon i vårt samfunn. Men kva språk snakka eigentleg Jesus?

Jesu morsmål var arameisk. Nokre få stadar i NT er direkte utsegn av Jesus bevart på dette språket. Sjå desse eksempla frå Evangeliet etter Markus:

  • Så tok han henne i handa og sa: «Talita kumi!» Det tyder: «Vesle jente, eg seier deg: Stå opp!» (5,41)
  • Så såg han opp mot himmelen, sukka og sa til han: «Effata!» – det tyder: «Lat deg opp!» (7,34)
  • Ved den niande timen ropa Jesus med høg røyst: « Eloï, Eloï, lemá sabaktáni?» Det tyder: « Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg (15,34)

Me kan også merka oss at Markus er nøye med å omsetja dei arameiske orda han nyttar. Evangeliet etter Markus er nemleg skrive med tanke på ein ikkje-jødisk lesarkrets.

Les meir om koss du kan læra litt arameisk ved å sjå etter detaljar i NT i artikkelen Learn (a little) aramaic from your New Testament av Edward Cook, mannen bak bloggen Ralph the Sacred River.

Det arameiske språket blir framleis nytta i enkelte samfunn i Midt-Austen, jfr kvinna eg ein gong møtte i den syrisk-ortodokse Markuskyrkja i Gamlebyen i Jerusalem.


Såmannssøndagen 2006

11/02/2006

Informasjon frå Det Norske Bibelselskap:

“På Bibeldagen 2006 vender vi blikket mot dei to gamle misjonslanda Etiopia og Kamerun. Begge desse landa har eit stort tal språkgrupper og vesentlege delar av befolkningane kan ikkje lese og skrive. Behovet for omsetjingar av Bibelen og bibeldelar til nye språk er stort. Dette viktige og langsiktige arbeidet vil Bibelselskapet utfordre kyrkjelydar og enkeltpersonar i Noreg til å ta del i!

Bibelomsetjingsprosjekta har mange og gode konsekvensar: Bibelen kan lesast på stadig fleire språk. Program for leseopplæring gjer det muleg for stadig fleire menneske å kunne få lese Bibelen. Eit skriftspråk betyr mykje for sjølvkjensla til små språkgrupper. Gud talar sitt ord til dei på deira eige språk.

Etiopia og Kamerun er hardt ramma av hiv/aids. I desse og fleire andre afrikanske land har kyrkjelydane, i samarbeid med bibelselskapa, starta prosjektet “Kvar er den miskunnsame samaritanen i dag?” Med utgangspunkt i bibelforteljinga om den miskunnsame samaritanen blir dei kyrkjelege nettverka nytta i kampen mot denne epidemien. Gjennom informasjon, dramatisering av bibelforteljing og samtale tek dei på alvor Jesu oppfordring om å gå ut og vere samaritanar i ein situasjon der heile generasjonar er ramma av den drepande sjukdomen.

På Bibeldagen 2006 vil vi gi gje vidare ei direkte oppfordring frå leiaren i Bibelselskapet i Etiopia til norske bibelvener: “Be for oss!” Vi utfordrar samstudens kvarandre til å vere med og støtte bibelmisjonen i Kamerun og Etiopia, så Guds ord kan høyrast i folk sin kvardag på eit språk dei kan forstå.”

I tillegg til denne informasjonen frå Bibelselskapet, kan eg jo ta med ei lita oppdatering på kyrkjeåret: Søndag 12. februar er Såmannssøndagen, eit namn som har samanheng med dei tekstane frå NT som blir lesne i kyrkjene denne søndagen. I økumenisk samanheng blir dagen enkelt og greitt kalla Bibeldagen. Dei fleste kyrkjene i Norge samlar seg denne dagen om prosjekta som Bibelselskapet legg fram for markeringa av dagen.

Evangeliet for Såmannssøndagen er i år henta frå Markus 4,26-32. Teksten inneheld to små likningar av Jesus, ei om såkornet og ei om sennepsfrøet:

Han sa: «Med Guds rike er det slik: Det er som når ein mann har sådd kornet i jorda. Han søv og står opp, det blir natt, og det blir dag, og kornet gror og veks; han veit ikkje korleis det går til. Av seg sjølv ber jorda grøde, først strå, så aks, så fulle korn i akset. Så snart grøda er mogen, svingar han sigden, for hausten er komen.» Og han sa: «Kva skal vi samanlikna Guds rike med? Kva likning skal vi bruka? Det er som sennepsfrøet. Når det blir sådd, er det mindre enn noko anna frø på jorda. Men når det er sådd, skyt det opp og blir større enn alle hagevokstrar og får så store greiner at fuglane under himmelen kan byggja reir i skuggen av det.»


Biblioblogging

10/02/2006

I samband med den årlege Bibeldagen som i år fell på søndag 12. februar, vil eg nytta høvet til å peika på den store mengda med bibliobloggar som finst på nettet. Ein biblioblogg er ein blogg som handlar om bibelske studiar og relaterte emne. Du finn ein oversikt over mange slike bloggar på biblioblogs.com. Eg har ikkje sjekka ut alle desse, men PaleoJudaica er eg ofte innom!

Det er min gamle studie- og speidarkamerat Anders Aschim som har gjort meg merksam på dette stoffet gjennom det han har skrive om biblioblogging her (og her) på sin norskspråklege blogg om Dødehavsrullane, qumran.no

Når det gjeld Bibeldagen, har Bibelselskapet mykje stoff på sine sider. Elles vil eg sjølvsagt også peika på Bibelen, som jo er boka over alle bøker!


Palestina på Jesu tid

08/02/2006

Ei ny bok vekkjer interesse hos meg. Fartein Valen-Sendstad har nyleg gjeve ut boka Palestina på Jesu tid. Spennende, skremmende, fascinerende. Boka er gjeve ut på Høyskoleforlaget.

Les resten av dette innlegget »


Mållaget i hundre!

08/02/2006

Då eg var i 17-årsalderen, tok eg eit bevisst val om at nynorsk var mitt språk. Det har eg aldri angra på. Trass i at eg ikkje har vore medlem i Noregs Mållag, vil eg gjerne vera med og gratulera nå ved 100-årsmarkeringa deira.

Det var Olaug Nilssen, forfattar og student, som heldt festtale ved jubileet. Sjølv vil eg gjerne krydra bloggen min med eit lite utdrag av den framifrå talen hennar:

"Eg har vore på mållagstilstellingar der somme har vore på gråten fordi dei var så fortvila over at det er lov å skrive setninga ”nokre vener slæst” på tjuefire ulike måtar på nynorsk. Eg har vore på mållagstilstellingar der det har gått eit oppkava gisp gjennom salen når føredragshaldaren viser ei liste over bokmålske setningar av typen ”noen venner slåss”, som det er lov å skrive på nynorsk. Eg har høyrt om nynorskskrivande journalistar som får mengder av e-postar, brev og telefonar kvar gong dei har skrive eit anbehetelse-ord eller noko anna tilsynelatande stygt. Så det er sant. Det er sant at målfolk kranglar. Det er i alle fall sant at dei diskuterer.

Men det er ikkje sant at språkspørsmåla målfolka diskuterer er noko flisespikkeri som ingen andre bryr seg om. Når alt kjem til alt, så handlar engasjementet til Noregs mållag om ein overveldande kjærleik til det nynorske språket, ein kjærleik som ikkje er heilt ulik det engasjementet språkmedvitne bokmålsfolk legg for dagen når dei klagar over frammarsjen til ord delings feil i norsk presse, eller fortvilar over at skrivemåten til pub og service blir fornorska med pinlege ø-ar og doble konsonantar.

Språk engasjerer! Det er mindre viktig om det nynorske språkengasjementet kjem av at ein er overtydd om at nynorsk er best fordi det er det mest norske, om kjærleiken kjem av medkjensle for eit språk som blir mobba eller om han kjem fordi ein kjenner at nynorsken er ein viktig del av den ein er. Sjølv elskar eg nynorsk så høgt at eg føler eg er nynorsk."

Du kan lesa heile festtalen her.

PS: Er du klar over at du kan ha nynorsk startside på nettet? Bruk www.startsida.no


Teikningane

06/02/2006

Nei, eg har ingen planar om å publisera teikningane av Muhammed her på bloggen! Eg er er altså heilt usamd med VamPus, "Norges beste blogger", sjølv om ho både skriv godt og argumenterer godt. Eg vil heller støtta den muslimsk-kristne fellesuttalen frå religiøse leiarar her i Norge, som tar avstand både frå publiseringa av karikaturteikningane og frå dei valdelege reaksjonane som har kome i ettertid. Uttalen blei gjeven fredag, og har ikkje blitt mindre aktuell i ettertid!

Eg meiner at me klara å skilja mellom to ulike saker, slik fleire kommentatorar har sagt det dei siste dagane:

  • For det første er det ei sak som gjeld ytringsfridomen sine grenser. Her meiner eg at respekt og dialog er nødvendig. Det er ikkje slik at alt treng bli sagt, sjølv om me har rett til å seia alt.
  • For det andre er det ei sak som gjeld kva me skal tåla av valdelege handlingar. Her meiner eg at me klart og tydeleg skal seia nei til bruk av vald og brann som politiske ytringar.

Altså: Me har ytringsfridom. Heldigvis. Men det betyr ikkje at me må eller bør gjera respektlause handlingar som å krenka det som er heilagt for andre menneske.

Oppdatering 8. februar: Stavanger bispedøme har har gjeve ein felles uttale saman med Muslimsk Fellesråd i Rogaland. Det er bra! Les heile uttalen her. Den støtter ytringsfridomen og seier samtidig noko om korleis me bør oppføra oss mot kvarandre i samfunnet vårt.


Positiv vurdering av internett

06/02/2006

Ei amerikansk undersøking har konkludert med at aktivt bruk av internett styrkjer, og ikkje svekkjer, dei sosiale banda me har elles i livet. Ikkje verst! Kven har ikkje høyrt folk snakka om kor forferdeleg usosialt det er å sitja framfor skjermen? Men husk: statistikk kan lyga. Poenget er jo nettopp at du ikkje svekkjer den direkte kontakten med andre, men i tillegg til nettbruken byggjer gode sosiale nettverk. Eit både/og er utan tvil det beste her!

Det er forskning.no som skriv om den amerikanske undersøkinga. Og eg fann fram til den via psykologibloggen tenke.no.


Samefolket sin dag

06/02/2006

Samefolket_sitt_flagg Gratulerer med dagen! I dag (06.02.2006) er det samefolket sin dag. Dette er ein felles nasjonaldag for samane over heile Nordkalotten. Dagen har vore markert sidan 1993, og har sidan 2004 vore offisiell flaggdag i Norge.

Her er sametingspresident Aili Keskitalo si helsing på dagen:

Dette fellesskapet er en trygghet vi skal bygge framtida på. Det som skiller oss er også en styrke ved det samiske samfunnet. Det vitner om en levende kultur i vekst og i endring.

Det har skjedd store endringer siden det første samiske landsmøtet i Trondheim, 6. februar 1917. Utviklingen for det samiske folk går i riktig retning, selv om mange av sakene våre forfedre drøftet da fortsatt er aktuelle – og uløste.

Jeg håper nasjonaldagen preges av samhørighet og at feiringen skjer i solidaritet med andre folk. Vi er alle likeverdige som mennesker, og trenger å styrke grunnleggende verdier som toleranse og medmenneskelighet. Derfor setter vi pris på at også andre enn samer deltar i feiringen av vår nasjonaldag.

Våre barn og unge er framtidens bærere av samisk kultur. Vår viktigste oppgave er å sikre at de har en framtid å forvalte og tilhørighet til et samisk fellskap. Vi må fokusere på dette både i politikken og i hverdagen, og vi må tørre å ta opp kampen når våre grunnleggende rettigheter blir truet. Det er viktig at også ungdom får innflytelse på utviklingen av egne levekår.

Med disse ordene vil jeg gratulere samefolket med dagen, og ønske lykke til med feiringen. Jeg håper dere får en fin nasjonaldag, hvor dere alle finner noe å glede dere over og kanskje en god historie å le av.

Aili Keskitalo
sametingspresident


Muslimsk-kristen fellesuttale

04/02/2006

Heldigvis! Kristne og muslimar kan stå saman og ta avstand frå både publiseringa av karikaturteikningar av Muhammed og frå dei valdelege reaksjonane som publiseringa har utløyst. I går blei det vedtatt ein felles uttale frå Den norske kyrkja, Norges Kristne Råd og Islamsk råd i Norge.

For meg finst det noko som er heilagt, og eg ønskjer ikkje at andre skal tulle med det som er heilagt. Då er det også naturleg å respektera andre sine grenser for kva som er heilagt.

Les resten av dette innlegget »


Dietrich Bonhoeffer

04/02/2006

I dag (04.02.2006) ville den tyske teologen, presten og motstandsmannen Dietrich Bonhoeffer fyllt 100 år. Han blei hengt i tysk fengsel 9. april 1945, 39 år gamal, bare nokre dagar før den andre verdskrigen var slutt. Bonhoeffer har betydd mykje i europeisk kyrkjeliv etter krigen, han blir rekna som ein av dei store teologane i det 20. hundreåret. Han var opptatt av at kyrkja måtte følgja Kristus og av at det å vera kristen er å vera Jesu disippel.

 

Les resten av dette innlegget »


Økumenikk

03/02/2006

Kristenbrynelogo Eg syns det er viktig å arbeida for ei økumenisk haldning mellom kristne som tilhøyrer ulike kyrkjesamfunn. Jesus bad for alle som ville koma til å tru på han: "… at dei alle må vera eitt, slik du, Far, er i meg og eg i deg." (Johannesevangeliet 17,21)

Økumenikk er det kyrkjelege namnet på samarbeid mellom kristne frå ulike kyrkjesamfunn. Her kan du lesa om Den norske kyrkja sitt økumeniske engasjement og finna linker til dei ulike samarbeidsprosjekta.

Økumenikk er både det som skjer på lokalt og det som skjer mellom kyrkjesamfunn nasjonalt eller internasjonalt. Norges Kristne Råd er eit eksempel på økumenisk arbeid på nasjonalt plan. Porvoo-avtalen mellom dei lutherske folkekyrkjene i Norden og Baltikum og Den anglikanske kyrkja i Storbritannia er eit eksempel på internasjonalt samarbeid mellom kyrkjesamfunn.

Denne helga er det felleskristen "storhelg" her på Bryne. Det er eit eksempel på lokalt økumenisk samarbeid. Dei ulike kyrkjesamfunna og kristne organisasjonane her i byen har etablert eit felles organ som me kallar KristenBryne. Nå i helga har me felles møteaksjon med Ole-Magnus Olafsrud  som talar og inspirator. Han kjem frå organisasjonen Navigatørene. Det blir ulike samlingar i ulike forsamlingar gjennom heile helga, og søndag føremiddag skal han tala på gudstenesta i Bryne kyrkje der eg er prest. Tema for helga er "Langs samme vei".

Les resten av dette innlegget »


Ragnar på Haukeliseter

02/02/2006

Ragnar Fjeld er nå godt igang med sin tur "Norge på langs" som eg tidlegare har omtalt her på bloggen. Tidleg denne veka hadde han eit kviledøgn på Haukeliseter. Der hadde han tid til å skriva eit reisebrev som eg gjerne vil anbefala. Han har nå tatt turen gjennom det fjellområdet eg er mest kjent i (men då om sommaren!). Me i Berge-familien har gått mykje i Sirdalsheiane og Ryfylkeheiane på fjellturane våre, og det var derfor ekstra kjekt å lesa om Ragnar sin imponerande skitur i dette området, frå Håhellervatnet (ved Suleskarvegen) og nordover til Haukeliseter.   


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 205 other followers