Kan me eigentleg vita at Jesus og disiplane er historiske personar som har levd? Dei fleste kristne tenkjer at dette er heilt opplagt. Mange kritikarar av kristendomen vil seia at det kan me ikkje vita noko om. Teologar og historikarar vil seia at me får undersøkja dei kjeldene me har tilgjengelege, med vanleg vitskapleg teori og metode.
I Illustrert Vitenskap nr 1/2006 uttaler redaksjonen seg om desse spørsmåla. Dette gjer dei med utgangspunkt i ein kommentar dei har fått på ein artikkel i eit tidlegare nummer. Eg syns det er interessant å sjå kva Illustrert Vitenskap meiner om dette, og tar med kommentaren og redaksjonen sitt svar her:
Jesus er en historisk person
I nr 15/2005 har dere en artikkel om paven. I den forbindelse kan det være verd å bemerke at verken Jesus eller apostlene hans, f. eks. Peter, er historisk verifiserte personer. De tilhører alle kategorien vedtatte sannheter, ikke reelle. Kent Backman.
Illustrert Vitenskap sitt svar:
Det stemmer at Peter og de andre apostlene ikke kan regnes som historiske personer, for det finnes ikke noen ikke-kristne kilder om dem. Men Jesus blir nevnt i flere antikke kilder, f. eks. hos Josefus, en jødisk historieskriver. I boken Antiquitates Judaicae (95 e.Kr.) omtaler han Jesus som en vis mann som ble korsfestet av Pilatus. Og Tacitus, romersk historieskriver, skriver i verket Annales om Jesu død under keiser Tiberius. Tacitus var ikke samtidig med Jesus, han døde omkring 120 e.Kr., men han regnes for en ganske pålitelig kilde. Red.
Vidare refleksjon
Det er sjølvsagt interessant at det populærvitskaplege tidsskriftet slår fast at Jesus er ein historisk person. Eg er likevel ikkje ferdig med svaret deira og eg har gått nokre dagar og fundert etter at eg fekk sist nummer ned i postkassa (ja, nr 1/2006 kom faktisk før årsskiftet, så her kan ingen klaga dei for ikkje å vera i forkant av utviklinga!). Og i dag har eg sendt eit oppfølgingsspørsmål til redaksjonen. Eg ser sjølvsagt fram til å få svar frå dei, anten direkte eller i eit komande nummer. Men eg tar også med spørsmålet her på bloggen, og opnar dermed for kommentarar til saka også her.
Spørsmål til Illustrert Vitenskap
I nr 1/2006 svarer red. på ein kommentar frå Kent Backman der han hevdar at verken Jesus eller apostlane er historisk verifiserte personar. Red svarar med å visa til historiske kjelder (utanom Det nye testamentet) som nemner Jesus og påviser med dette at Jesus er ein historisk person. Samtidig seier red. at me ikkje kan rekna apostlane som historiske personar fordi det ikkje finst nokon ikkje-kristne kjelder om dei.
Eg er einig i at det er viktig at det finst jødiske og romerske skrift som nemner Jesus, og det hadde sjølvsagt vore svært interessant om Jesu disiplar også hadde vore nemnt med namn i slike skrift. Svaret dykkar har likevel skapt ein del refleksjon hos meg omkring vurderinga av skriftene i Det nye testamentet som historiske skrifter.
Desse skriftene er, så langt forskinga i dag har oversikt over, skrivne i perioden 50-120 e.Kr av ein rekke ulike forfattarar. Nokre forskarar vil hevda at 2. Peters brev er det yngste av desse skriftene, og at det er skrive så seint som 150 e. Kr. Seinare er dei samla under namnet Det nye testamentet og har fått status som heilage skrifter av den kristne kyrkja. Det er vel urimeleg at dette faktum gjer dei mindre interessante som historiske skrifter enn om dei ikkje av ettertida blei rekna som heilage skrifter?
Det er så vidt eg har forstått, ikkje mange ”nøytrale” skrifter frå oldtida. Kor går då grensa for kva tid eit skrift kan vera med og dokumentera ein persons historisitet? Bør me f. eks. la vera å sjå på Platon som kjelde til kunnskap om Sokrates sidan han var ein disippel av Sokrates?
På denne bakgrunnen er mitt spørsmål til redaksjonen: Korleis vurderer Illustrert Vitenskap verdien av skriftene i Det nye testamentet som historiske skrifter?