Personleg eller privat?

I dag var det eit oppslag i nyhetene om at folk kunne ha problem når dei søkte jobb fordi dei, ein eller annan gong, hadde lagt ut privat informasjon om seg sjølv på nettet. Dette var då sjølvsagt informasjon som ikkje akkurat talte til deira fordel, f eks "morsomme" tekstar eller bilete frå ein fest. Det viser seg at mange arbeidsgjevarar søkjer på nettet for å finna ut meir om dei som dei er i ferd med å tilsetja. Det blei sagt at mange unge har for få sperrar mot å leggja ut privat info på nettet. Kanskje er det ikkje like morsomt å visa dette fram for ein aktuell arbeidsgjevar 10 år seinare?

Dette fekk meg til å tenkja på det eg har lært om forskjellen på å vera personleg og privat. Det kan vera viktig å tenkja gjennom grensa mellom det personlege og det private i mange samanhengar i livet.

Sjølv tenkjer eg ofte på dette når eg skriv noko her på bloggen. Eg ønskjer å vera personleg i formen. Men eg har likevel ikkje noko ønskje om å utlevera verken meg sjølv eller andre i det eg skriv eller i dei bileta eg tar med.

Dette er også noko eg av og til tenkjer på når eg les andre sine bloggar. Var det eigentleg lurt av dei å skriva dette? Eller å ta med dette biletet? Tenkjer dei over at kven som helst kan lesa dette både nå og sidan? Det er jo eigentleg mykje som kan fungera godt som god humor internt saman med vener, men som får ein heilt annan funksjon når det kjem fram skriftleg i ein offentleg samanheng.

Eigentleg er dette ikkje anna enn ein indre diskusjon eg ofte må ta med meg sjølv sidan eg er prest og forkynnar. Eg ønskjer òg i denne samanhengen å vera bevisst på grensa mellom det personlege og det private. Når eg forkynner det kristne budskapet vil eg gjerne vera personleg. Det har blant anna noko å gjera med å vera nær og ekte i møte med dei som høyrer på. Men eg ønskjer likevel ikkje å vera privat. Eg har f eks ikkje behov for å bretta ut følelsene mine i ein offentleg samanheng. Eg har heller ikkje behov for å utlevera mine næraste ved å fortelja om episodar frå familieliv osv.

Så mi utfordring i kveld går altså på dette: Ver bevisst på grensa mellom det personlege og det private! Denne grensa er viktig for oss alle. Den er kanskje spesielt viktig for oss bloggarar?

About these ads

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 205 other followers

%d bloggers like this: