Artemistempelet i Efesos skal ha vore heilt spesielt stort og flott. Det blei rekna for å vera eitt av sju underverk i verda i oldtida. I dag er tempelet borte. Men omrisset av plassen der det stod, er tydeleg som ei senking i terrenget (sjå biletet), og arkeologane har reist ei av søylene frå tempelet for å markera kor det ein gong stod.
Artemis-tempelet
30/10/2005På basar i Tyrkia
28/10/2005 Ei reise i Tyrkia består sjølvsagt ikkje bare av besøk på historiske stadar, sjølv om artiklane eg skriv her på bloggen kanskje gir inntrykk av det. Like utanfor portane til dei arkeologiske utgravingane i Efesos er det livlig handel. Her kunne eg blant anna kjøpa desse klokkene til ein god pris!
I dei fleste tyrkiske byane med ei viss historie er det ein basar, eit overbygd handelsområde med mange små butikkar. Det andre biletet her er frå The Grand Bazaar i sentrum av Istanbul. Denne basaren skal vera den største i verda, med fleire tusen butikkar i ein labyrint av overbygde gater. Og dette er ikkje eit moderne handlesenter, men ein stad med skikkeleg historisk sus! The Grand Bazaar har røter tilbake til slutten av 1400-talet.
Byen Bursa, som i dag er ein storby med ca 1,5 millionar innbyggjarar, er spesielt kjent for handel med silke. Denne handelen har hatt betydning for byen heilt sidan bysantisk tid. Bursa er siste stopp på den gamle silkevegen frå Kina. Biletet er frå silkebasaren som blei oppført i 1490. Her blir det framleis solgt silkevarer.
Sidan kona mi, Inger, arbeider mykje med silke, hadde me avtalt at eg skulle sjå om eg fann noko som kunne vera av interesse for henne der. Og det gjorde eg! Eg kjøpte silke-brodertråd, som ho faktisk har problem med å få tak i heime i Norge og som ho brukar når ho broderer symbol på kyrkjetekstilar.
Efesos
28/10/2005 Efesos var ein av dei store og viktige byane i Romarriket. Den hadde truleg ca 250.000 innbyggjarar og var hovudstad for ein av dei romerske provinsane. Byen låg på vestkysten av Lilleasia, i dagens Tyrkia.
Dei arkeologiske utgravingane i denne byen er blant dei mest interessante frå Romarriket. Her er det grave fram så mykje at me kan danna oss eit godt bilete av koss byen har sett ut.
Eg syns det er spennande å gå rundt i utgravingsområdet. Det er så mykje å sjå! Det er først og fremst mange flotte bygningsrestar frå imponerande offentlege bygg. Mellom desse bygga kan me gå på breie og steinlagde hovudgater frå hellenistisk og romersk tid. Me kan også sjå restar etter store kristne kyrkjer som blei bygd nokre hundre år seinare.
Det første biletet viser litt av Hadrians tempel frå det 2. hundreår e. Kr. På det andre biletet står eg og ser utover det store torget (agora) som var den sentrale markedsplassen i antikken. Her har nok bibelske personar som Paulus, Johannes og Timoteus (som alle budde ein del av livet i Efesos) vore og gjort sine daglege innkjøp!
Paulus var den første som forkynte det kristne budskapet i byen. Dette var tidleg på 50-talet, altså bare ca 20 år etter Jesu død og oppstode i Jerusalem. Etter kvart blei byen ein svært viktig by i første kristne kyrkja. Store delar av Det nye testamentet er faktisk enten skrive i Efesos eller skrive til dei kristne som budde i byen!
Relaterte artiklar:
Patmos
25/10/2005 "Velkomen til den nest heilagste staden i verda etter Jerusalem", sa guiden til gruppa vår då me gjekk i land på den greske øya Patmos. Eg er ikkje sikker på om eg er med på å setja opp ei slik liste. Viss eg skulle gjera det, trur eg at eg ville setja både Betlehem og Jerusalem framfor Patmos.
Uansett: Patmos er ein viktig stad i bibelsk perspektiv. Her var det Johannes fekk sine openberringar då han ca år 95 var forvist til øya på grunn av trua på Jesus. Desse openberringane er det me i dag kan lesa i den siste boka i NT.
På biletet ser du ein del av Patmos, med hamnebyen Skala.
Personleg eller privat?
20/10/2005I dag var det eit oppslag i nyhetene om at folk kunne ha problem når dei søkte jobb fordi dei, ein eller annan gong, hadde lagt ut privat informasjon om seg sjølv på nettet. Dette var då sjølvsagt informasjon som ikkje akkurat talte til deira fordel, f eks "morsomme" tekstar eller bilete frå ein fest. Det viser seg at mange arbeidsgjevarar søkjer på nettet for å finna ut meir om dei som dei er i ferd med å tilsetja. Det blei sagt at mange unge har for få sperrar mot å leggja ut privat info på nettet. Kanskje er det ikkje like morsomt å visa dette fram for ein aktuell arbeidsgjevar 10 år seinare?
Dette fekk meg til å tenkja på det eg har lært om forskjellen på å vera personleg og privat. Det kan vera viktig å tenkja gjennom grensa mellom det personlege og det private i mange samanhengar i livet.
Sjølv tenkjer eg ofte på dette når eg skriv noko her på bloggen. Eg ønskjer å vera personleg i formen. Men eg har likevel ikkje noko ønskje om å utlevera verken meg sjølv eller andre i det eg skriv eller i dei bileta eg tar med.
Dette er også noko eg av og til tenkjer på når eg les andre sine bloggar. Var det eigentleg lurt av dei å skriva dette? Eller å ta med dette biletet? Tenkjer dei over at kven som helst kan lesa dette både nå og sidan? Det er jo eigentleg mykje som kan fungera godt som god humor internt saman med vener, men som får ein heilt annan funksjon når det kjem fram skriftleg i ein offentleg samanheng.
Eigentleg er dette ikkje anna enn ein indre diskusjon eg ofte må ta med meg sjølv sidan eg er prest og forkynnar. Eg ønskjer òg i denne samanhengen å vera bevisst på grensa mellom det personlege og det private. Når eg forkynner det kristne budskapet vil eg gjerne vera personleg. Det har blant anna noko å gjera med å vera nær og ekte i møte med dei som høyrer på. Men eg ønskjer likevel ikkje å vera privat. Eg har f eks ikkje behov for å bretta ut følelsene mine i ein offentleg samanheng. Eg har heller ikkje behov for å utlevera mine næraste ved å fortelja om episodar frå familieliv osv.
Så mi utfordring i kveld går altså på dette: Ver bevisst på grensa mellom det personlege og det private! Denne grensa er viktig for oss alle. Den er kanskje spesielt viktig for oss bloggarar?
Tilbake frå Tyrkia
17/10/2005I går kom eg tilbake frå ei veke i Tyrkia. Eg har saman med Leiv Roald Thu vore leiar for ei gruppe som har vore på tematur med vekt på stadar av kyrkjehistorisk og bibelhistorisk interesse. Eg syns me har opplevd utruleg mykje på desse dagane! Kanskje litt for mykje? Det blei i alle høve lange dagar og mange inntrykk! Heldigvis var deltakarane på turen fornøgde, og då er eg som reiseleiar fornøgd!
Reiserute har vore Istanbul (Konstantinopel) – Iznik (Nikea) – Bursa (Prusa) – Akhisar (Tyatira) – Sardes – Alasehir (Filadelfia) – Pamukkale (Hierapolis) – Laodikea – Kolossæ – Selcuk (Efesos). Dessutan hadde me ein dagstur til den greske øya Patmos. Namna i parantes er dei historiske namna på stadane.
Biletet er frå Istanbul. Det viser utsyn over den historiske bydelen med ein av dei mange store moskéane. I bakgrunnen skimtar du så vidt konturane av høghus i den moderne bydelen.
Frans av Assisi
04/10/2005
I dag er det Frans av Assisi sin dag (4. oktober). Det kunne vore utgangspunkt for ein lang artikkel. Det har eg ikkje tid til å skriva i kveld. Men nokre tankar og linkar knytta til Frans vil eg likevel ha med på bloggen i dag.
Frans er ein spennande person frå kyrkjehistoria. Trass i at han levde for 800 år sidan, er han ein person som framleis inspirerer kristne over heile verda med sitt budskap:
- arbeid for fred
- kjærleik til naturen
- ideal om frivillig fattigdom
Her er ei par linkar til meir stoff om Frans:
- Den katolske kyrkja i Norge sin omtale av Frans
- NRK sitt portrett om “den ydmyke munken”
Eg var i Assisi hausten 2001 på ein studietur for prestar i Stavanger bispedøme. Det var ein spesiell by å besøkja. Ikkje minst den store katedralen som blei bygd over Frans si grav kort tid etter hans død i 1226, gjorde sterkt inntrykk. På veggene og i taket er det malt flott kunst med scener frå Frans sitt liv. Men Assisi var framleis prega av eit jordskjelv som dessverre øydela mykje i 1997.
Her i Norge er han kanskje mest kjent for bøna som me kallar Frans av Assisis bøn. Så vidt eg har høyrt, går nok ikkje denne bøna tilbake til Frans sjølv. Men den er i alle høve ei bøn inspirert av hans liv og teneste. Eg tar derfor med bøna her, i omsetjinga eg har i Bøneboka mi.
Herre, gjer meg til ein reiskap for din fred. Hjelp meg å spreia kjærleik der hatet herskar, tru der tvil råder, håp der det er angst og naud. Hjelp meg å få koma med tilgjeving der det er gjort urett, å skapa forsoning der det er strid, å spreia lys der det er mørke, å gje glede der sorg tyngjer.
Meister, hjelp meg å søkja ikkje så mykje å bli trøysta som å trøysta, ikkje så mykje å bli forstått som å forstå, ikkje så mykje å bli elska som å elska.
For det er ved å gje at vi får, ved å tilgje at vi blir tilgjevne, ved å missa vårt liv at vi finn det. Det er ved å døy at vi står opp til æveleg liv.
Bibelsk arkeologi, historie og geografi
01/10/2005 Det er lenge sidan eg har skrive artiklar på bloggen innanfor kategorien Bibelsk arkeologi, historie og geografi sjølv om dette er eit tema eg liker veldig godt å arbeida med. Men eg har stoff til mange nye innlegg som nok vil koma i tida framover! Den siste tida har eg lese ein heil del om historia til den første kristne kyrkja i Lilleasia, knytt til apostlane Paulus og Johannes. Om ei veke reiser eg til Tyrkia med ei gruppe som bl a skal besøkje aktuelle stadar i den samanhengen.
Biletet viser ein døypefont som er funnen i utgravingane i byen Sardes. Dei kristne i denne byen var blant dei som mottok budskapet som me finn i Johannes Openberring i Det nye testamentet.
Det er mange av lesarane som finn fram til tidlegare artiklar under denne kategorien. Det kan eg sjå av statistikken som eg har tilgang på. Men det er vel ikkje alle som er klar over det stoffet som ligg arkivert i bloggen. Eg har tidlegare skrive artiklar knytt til bibelske stadar i Israel og Hellas, og til spesielle tema som Jesu lidingshistorie og Paulus si misjonsverksemd. Dette stoffet finn du ved å gå inn på kategorien Bibelsk arkeologi, historie og geografi og så gå langt nedover på sida.
Posta av Arne Berge 


