Nå reiser eg tilbake til Solgården, eller Hacienda del Sol, som det heiter på spansk.
Eg har mange gode sommarminne frå lange og varme somrar der for nokre år sidan (det er sju år sidan sist), og nå ser eg fram til å venda tilbake dit. Eg skal vera leiar for ein tur arrangert av Fokus Reiser.
Det blir denne gongen bare halve familien som reiser på ferie til Solgården. Resten av gjengen er igjen i Norge. Eirik og Pål blir med meg sørover, og vår gode venn Harald blir også med. Så eg skal på tur med tre tenåringsgutar, i tillegg til gamle og nye venner blant deltakarane på turen elles. Eg gleder meg!
Det er mange flotte reisemål i området, og eg reknar med å dela noko av dette her på bloggen etter kvart.





05/07/2005 ved 12:36 |
God tur. Eg er i Spania!
Her er det godt og varmt:)
08/07/2005 ved 22:40 |
Hei!
Håper været i Villajoyosa er like bra som i Oslo (30 grader idag)! Eg nyter fridagane her i Oslo med bading og soling. Har dei siste to dagane vore på Langøyene, nydeleg. Lykke til med opplegget på Solgården og ferien ellers, og hels til kjende.
10/07/2005 ved 23:47 |
Me har fått kjenna på sol og varme, ja! Men faktisk trur eg de har hatt betre ver i Norge akkurat dei siste dagane. Her har det vore overskya og litt regn. For mange som var solbrente etter det første møtet med sterk sol, var kanskje ikkje det så gale. Men nå ønskjer me sol frå skyfri himmel!
Elles har me det veldig bra!Det er herleg å vera tilbake til Solgården og Costa Blanca!